«Folk trur at Bergen er ein sånn spesiell by»

Byen e Bergen og laget e Brann, og det er det ein heil del å seie om. Josimar inviterte seg sjølv til hansabyen for å diskutere klubb og supporterkultur med eit nøye handplukka ekspertpanel.

Tekst: Nils Henrik Smith

Det har vore ein strålande solskinsdag i byen som ikkje først og fremst er kjent for strålande solskinsdagar, men no senkar mørkret seg mellom sju fjell. Vi går opp ei trapp, inn ei dør og inn på Privaten Bar. Her i Vaskerelvsmauet – kan ein førestelle seg eit meir bergensk gatenamn? – er ølet kaldt og skinnmøblane mjuke og djupe. Frå høgtalarane strøymer eit utsøkt potpurri av dei beste låtane frå det lukkelege 1990-talets indierockskattkiste. Alt er såre vel. Panelet eg har vore så heldig å få med meg består av fem personar, her nemnt i vilkårleg, det vil seie alfabetisk, rekkefølgje:

Eivind Berge (65). Pensjonert ungomsskulelærar. Vaks opp like i nærleiken av Brann stadion og byrja å gå på kampar allereie i ung alder. Den første kampen Eivind kan hugse er Noreg sin klassiske triumf over Skottland i 1963, då den unge Kniksen køyrte karusell med dei skotske proffane, men han meiner at han må ha sett ein del Brann-kampar før det. Fast på heimekampane i alle år sidan, med unnatak for tida som småbarnsfar på 90-talet. Seinare byrja eldstesonen Atle å følgje Brann og fekk familien med seg. I feriane reiste dei ofte på bortekampar, noko Eivind har halde fram med etter at han vart pensjonist.

Gjert Moldestad (38). Teknikar på Fløibanen. Talsmann for Norsk Supporterallianse og styremedlem i Bataljonen. Har særskilt markert seg i kampen mot homofobi i fotballen. Gjert har halde med Brann sidan tenåra. Han kan ikkje hugse kven som var motstandar første gong han såg Brann spele, men fortel at han «øyeblikkelig» elska stemninga på Stadion, og kjærleiken har vedvart i all tid sidan.

Sean Røskeland (27). Student. Tidlegare styremedlem i Nordhordland Ballklubb, kor han òg har vore aktiv som breiddefotballspelar. Skribent i Brann-fanzina Den 12. mann. Fast på Stadion sidan 2006, regelmessig bortesupporter sidan OBOS-ligasesongen 2015. Ifølgje appen Futbology ligg Sean på eit snitt på nær 18,5 Brann-kampar per sesong.

Åshild Samnøy (59). Førstelektor i samfunnsfag ved NLA Høgskolen. Tidlegare redaktør av Den 12. mann. Styremedlem i SK Brann 2011-?

Martin Årseth (31). Journalist i Klassekampen. Tidlegare høgreback med kondis og utan teknikk. Menig medlem i Sportsklubben Brann og Nordhordland Ballklubb. Martin sin første Brann-kamp var «heilt sikkert ein 16. mai-kamp på midten av 90-talet.» Han vart først teken med på Stadion av far sin og hadde lenge «sjokkerande lang track record med å gå på kampar Brann ikkje vann.» Martin har ved minst eitt høve lese Beckett på bussen på veg til bortekamp.

Kvisviks hvite dress

Den sjette personen kring bordet på Privaten Bar er altså eg, den norske forfattaren og fotballskribenten Nils Henrik Smith. Samanlikna med dei fem andre er eg i denne samanhengen ingen særskilt viktig person, på den andre sida er eg ikkje heilt uviktig heller. 

Det vil seie: Fortida mi er ikkje heilt uviktig. I ti år budde eg nemleg i Bergen, og sjølv om det er lenge sidan no, er stadig svært mange av mine bergensnostalgiske minne knytt til nettopp Sportsklubben Brann og det kraftfeltet som omgjev han, og dette vil nødvendigvis påverke arbeidet med denne teksten. Eg flytta til Bergen for å studere ved Universitetet, og det første eg kan hugse frå mi tid i byen er at Azar Karadas var på framsida av Bergens Tidende og framstod som angrande syndar etter å ha leika Tarzan i byens selskapsliv. 

(At Karadas nitten år seinare nyleg skulle ha avslutta sitt tredje opphald som spelar i Brann og gått over til ei rolle som juniortrenar i klubben var på det dåverande tidspunkt mildt sagt vanskeleg å førestelle seg.) 

Eivind Berge (t.v.) og Martin Årseth på Store Stå

To sesongar på rad (2001 og 2002) vann min eigen klubb, den uendeleg vakre og mektige Bryne FK, mot Brann på Stadion. Den siste av desse storslagne triumfane kom sågar på sjølvaste 16. mai. Raymond Kvisvik hadde likevel mot til å stille i kvit dress i Prosesjonen dagen etterpå, og at han kom frå dette i live fortel vel det meste om kor høgakta kulthelten Kvisvik var i Bergen. I 2004 fekk Brann, med Bryne-legenden Ragnvald Soma som krumtapp i forsvaret, omsider gleda av å slå Bryne, 3-2 i kvartfinalen i cupen etter at vi hadde leia 2-0 til pause. Det sa seg sjølv at Brann etter dette var lagnadsbestemt til å verte noregsmeistrar denne sesongen, noko dei òg vart etter blitzkrig og 4-1 over Lyn på Ullevaal. 

Hausten tre år seinare regna det i hundre dagar på rad medan alle frå byens barnehagebarn til dei meste bornerte besteborgarar gjekk rundt og song at «Gullet ska hem», og dét, viste det seg, skulle det faktisk, for første gong på førtifire år. Eg hugsar ein frostkald kveld på Festplassen etter at serietittelen var eit faktum, kor publikum hylla sitt meisterlag og Ove Thue song ein hymne til vesle Erik Huseklepp. 

Eg hugsar dei spelarane som av ulike grunnar fann ein særskilt plass i Brann-supporterane sine hjarta i denne perioden, slike som Paul Scharner, ein av svært få sympatiske menn født i Austerrike, eller den tidvis både briljante og begersvingande skotske duoen Charlie Miller og Robbie Winters. 

Men eg hugsar òg dei obskure eksistensane, som Dylan MacAllister, den australske sjarmøren med surfarlooken som scora i debuten på Stadion og deretter let seg avbilde poserande i bar über i eit boblebad, for aldri å score igjen. 

Det albanske fyrtårnet Migen Memelli. Njogu Demba-Nyrén. Å ja, eg hugsar dykk alle og mange fleire. Trass i at eg ikkje på nokon måte var særskilt oppteken av Brann, vart Brann likevel ein del av meg gjennom ein slags kulturell osmose, ein i praksis uunngåeleg konsekvens av å vere fotballinteressert og bu i Bergen. 

Men det er mange år sidan eg flytta frå Bergen no. Den einaste i dagens Brann-stall som er igjen frå hine hårde dagar er veteranmålvakten Håkon Opdal. Elles heiter spelarane Taijo Teniste, Bismar Acosta, Daniel Pedersen, Kristoffer Barmen, Gilbert Koomson og Daouda Bamba, og sjølv om eg veit godt kven dei er, kjenner eg dei ikkje. Det er difor eg har tatt turen over fjellet. For å treffe folk som både har lang fartstid som supporterar og som òg har dagens Brann under huda.

Femmerbanden

«Folk trur at Bergen er ein sånn spesiell by», seier Martin Årseth indignert. «Ein fotballby. Ein kokande by. Men Bergen er ein heilt vanleg by, Bergen er ein by sånn som alle andre byar, og det bur heilt vanlege folk der, det er ingenting spesielt med bergensarar, det er berre ein haug med folk, sånn som alle andre plassar i heile Noreg og heile verda.» 

Denne breisida mot idéen om bergensk eksepsjonalisme haustar ålment bifall kring bordet. Det underliggjande poenget her er at svingingar i den jamne bergensar sin entusiasme for Brann generelt og oppmøtet på Stadion spesielt eigentleg ikkje har all verda å gjere med kva klubben sjølv finn på, men snarare er styrt av kva som skjer i norsk fotball som heilskap. 

I så måte er Gjert Moldestad optimist: «Eg trur denne sesongen kan verte skikkeleg bra. Det er gjort endringar som er positive, og det er viktig.» Moldestad siktar mellom anna til at Noregs Fotballforbund har opna for alkoholservering på stadion (gitt at klubbane får skjenkeløyve frå kommunen), men viktigare er truleg at seriekampar på måndagar, eit bortimot universelt upopulært fenomen mellom supporterar, utgår denne sesongen. 

«Det kan jo vere fleire parameter for kor vidt sesongen vert bra», supplerer Åshild Samnøy, og presiserer at sportsleg suksess kun er eitt av dei. 

«Det var jo kjempegode resultat for to sesongar sidan, men det kom jo lite folk på stadion heile våren. Så byrja folk å dra seg på kamp utover hausten, då det byrja gå dårleg for Brann. Så det er ikkje noko ein-til-ein-forhold mellom tilskodaroppmøte og resultat.» 

Sean Røskeland samtykkjer: «Resultata er jo det klart viktigaste, men korleis resultata kjem har òg mykje å seie. Det er mange som seier: ‘Vi gidd ikkje gå på kamp. Det er ikkje gøy. Det er kjedeleg’. Då er du ikkje interessert i klubben som heilskap. Då er du interessert i det som er rundt, i fyr og flamme og sirkus. Og det er greitt, men…»

Men Sean er, for å seie det svært mildt, ikkje ein sånn supporter. Tvert imot er han ein sånn supporter som tek nattbuss i tolv timar for å sjå Brann på Lerkendal. Det er difor han og han dei fire andre er samla kring det mørke bordet på Privaten Bar denne februarkvelden. 

Det er ikkje uvanleg at supporterar får kome til orde i reportasjar om fotballklubbar, men då Josimar-redaksjonen diskuterte vinkling på Brann-reportasjen til årets seriestart-spesialutgåve, bestemte vi oss etter kvart for å kun late supporterane kome til orde. 

Og då ville vi gjerne ha med oss eit representativt utval av dei mest engasjerte supporterane. Dei som, så godt det let seg gjere, legg opp tilværet etter terminlista. Dei som genuint gler seg til treningskampar i Vestlandshallen. Dei som vert brennande harme når dei oppdagar at NFF for ørtande gong har sett Brann opp borte mot Sarpsborg sundag kl. 20.00, noko som gjer det umogleg for ein vestlending å både få sett kampen frå tribuneplass og stille på jobb måndag morgon. 

Dei som har opplevd at ferja lettar og svevar over fjorden etter bortesiger mot Haugesund.

Underhaldning vs lidenskap

«Eg kan gjerne sitje foran TVen og sjå ein fotballkamp frå England», seier Eivind Berge. «Men lidenskapen er ikkje der.» 

«Det er underhaldning, og det er ikkje Brann. Det viktigaste for meg er at Brann vinn.» Panelet mumlar kollektivt samtykkjande og byrjar å mimre om den storslagne triumfen over Kristiansund heime på Stadion i april 2018, ifølgje Berge «ein skikkeleg dritkamp» kor KBK parkerte bussen og drøya tida på 0-0, men kor Bismar Acosta avgjorde for heimelaget åtte minutt på overtid. 

«Det var korrekt tillagt tid, altså», understreker Samnøy. «Heilt magisk!» Acosta hadde i dagane før kampen fått kraftig kritikk i media fordi han hadde nekta å stille opp til intervju – sjølvsagt var det han som scora vinnarmålet og storma mot eit ekstatisk store stå, samstundes som trenar Lars Arne Nilsen, med Årseth sine ord, «kasta seg på magen og sklei nedover det våte graset – det er då folk byr på seg sjølv, ikkje sant?». 

Underhaldningshungrige fotballkonsumentar ville sjølvsagt føretrekke finspel og 4-0, men for dei som verkeleg investerer tid og kjensler i klubben sin er det augneblinkar som dette som gjer det heile verd det.

«Eg har ikkje trua på at Brann kjem til å ta medalje denne sesongen», seier Moldestad. «Men det er heller ikkje det viktigaste for meg. Det eg har lyst til å sjå frå Brann i år er lidenskap og fandenivoldskheit på banen. Eg har lyst til å sjå at graset berre sprutar vekk og at det vert takla så det susar, og at vi har ein gjeng med spelarar som er i Brann fordi dei er stolte av å spele for Brann og blø for drakta. Og eg trur at viss Brann klarar å spele det kortet der, vil vi òg klare å tenne ei gneist i folk på tribunen.» 

«Kollektivet må kome foran enkeltspelarar», presiserer Samnøy. «Vi treng spelarar med svarte fotballsko», seier Røskeland. 

Då prestisjesigneringa Veton Berisha i vinter gjekk ut i media og sa at han ynskja seg «heim» til Viking, skapte det sterke reaksjonar. Berisha fekk til slutt viljen sin, men paradoksalt nok kan ein slik polariserande situasjon bidra til å auke samhaldet i eit lag, ein klubb og ein by. 

«Berisha gjer noko som er skikkeleg dårleg», seier Årseth, «folk vert skikkeleg sinte, og då er du nødt til å ha ein reaksjon på det.» «Det er eigentleg litt deilig», synst Moldestad, «for plutseleg er heile byen einig om at vi internt, vi har lov å slenge drit om Brann, vi har lov å vere ueinige, og vi har lov å meine mykje, men kom faen ikkje her frå Stavanger og fortel oss korleis Brann skal vere og sleng drit om Brann. Då kan du ryke og reise.»

Viss denne hypotesen stemmer, kan det fort vise seg at Viking-spelar Veton Berisha vert langt nyttigare for Brann enn Brann-spelar Veton Berisha nokon gong var.

Men ein fotballklubb kan sjølvsagt ikkje ernære seg kun på forakt for spelarar som har forlate klubben under ei sky av misnøye, ein treng – faktisk i endå større grad – dei spelarane som faktisk er der. 

«Det vi spør etter», seier Årseth, «er dei spelarane som ofrar seg for Brann, og vi har jo faktisk mange av dei spelarane, men det er ingen som gidd å setje pris på dei!» 

«Du får veldig fort ei sånn haldning i Bergen om at vi skal vere så mykje betre enn andre», meiner Samnøy. 

Lars Arne Nilsen, har han spelarane som ofrar seg for Brann?

«Men så vis det, då! Ikkje snakk så mykje.» «Her i Bergen», doserer Moldestad ironisk, «må Brann vinne serien, helst med god margin til neste lag. Alle spelarane må vere lokale og under 25 år. Brann må kvalifisere seg til gruppespelet i Europa League og gjere det godt der, og dei må selje dei beste spelarane dyrt til utlandet. Viss ikkje alt det er på plass, er det noko som ikkje funkar i Brann.» «Og så må dei spele underhaldande fotball», legg Årseth til.

Dei oppskrudde forventningars dillemma er eit problem i tallause fotballbyar verda over, men viss kravet er at Brann kvar sesong skal oppnå noko dei strengt tatt ikkje har oppnådd sidan 1963 verkar avstanden mellom teori og praksis i overkant stor.

Draumen om Europa

Derimot går det an å diskutere meir nøkterne og konkrete ambisjonar. Deltaking i europeisk turneringsspel er ein slik konkret ambisjon. «Målet», seier Årseth, «må jo vere å kvalifisere seg til Europa så ofte som mogleg.» 

«Eg vil ikkje setje pengar på at vi gjer det i år», skyt Samnøy inn. «Eg håpar det, men vil ikkje seie at eg trur det.» 

Årseth: «Nei, det vil ikkje eg heller, men det er målet.» 

Samnøy: «Og kvifor er det målet? Jo, fordi det kan gjere oss betre.» 

Årseth: «Ja, og fordi det er utruleg gøy! Det er jo dét det handlar om. Vi spelar jo fotball i Noreg for å vise at vi er så gode i Noreg at vi skal spele mot dei tilsvarande gode laga frå andre land i Europa. Det er mange ting som er viktig med å spele i Europa, men det aller viktigaste med å spele i Europa er faktisk å spele i Europa», slår han tautologisk fast. «Det har ein eigenverdi.»

Det er mangt som har eigenverdi i fotballen, men sett bort frå spelet i seg sjølv er det som mest opplagt har eigenverdi samhaldet mellom supporterane, den felles lidenskapen for klubben og laget.

«Vi er jo heldige», påpeiker Moldestad. «Det skjer alltid noko rundt Brann.» «Vi får jo nokre opplevingar», seier Berge og byrjar å attfortelje «eit vanvitig mål» frå treningskampen mot Djurgården nyleg. 

Ei scoring i ein treningskamp som ikkje vil tyde noko som helst når den norske seriesesongens alvor byrjar til våren, men som likevel gav augneblinksglede til dei Brann-supporterane som er engasjerte nok til å ha tatt turen til Stockholm. 

«Den som ikkje synst det er kjekt å vere supporter, gjer det feil», slår Årseth fast. «Eg går til kampar med glede. Eg gler meg til kampen og håpar på det beste. Så går det som det går.» 

«Det vert veldig deilig når vi kjem til april og kan byrje å kjenne litt på sommarfuglar igjen», seier Moldestad til ålment samtykkje. 

Fotballens sykliske natur kan vere ei kjelde til både frustrasjon og frigjering: Det kan kjennast tungt å ta turen til stadion igjen når førre kamp endte med braknederlag, men samstundes er det det faktum at fotballens krinslaup aldri stoppar opp som er den viktigaste grunnen til at vi tillet spelet å ha slik makt over oss, og til og med likar at det har det. «Sjølv om du vinn serien, må du forsvare tittelen neste sesong. Sjølv om du slår Rosenborg 10-0, må du likevel spele neste kamp. Sånn er det berre.»

Entusiasme og forventing

Neste morgon nyt eg ein kopp kaffi i frukostsalen på Grand Hotel Terminus medan eg lyttar til den loungeaktige jazzen dette velærverdige etablissementet føretrekk å servere sine gjester som musikalsk akkompagnement til dagens viktigaste måltid, då eit ungt, asiatisk utsjåande par gjer sin entré. 

Stemninga i frukostsalen vert sporenstreks svært klein. Etter at det asiatisk utsjåande paret har forsynt seg frå buffeten, går ingen andre til buffeten for å forsyne seg meir. Ein velkledd eldre herre stirar forarga på hovmeisteren, som om han ventar at han skal kaste ut det asiatisk utsjåande paret ganske enkelt for å vere eit asiatisk utsjåande par. 

Vi andre stirer i bordflata medan vi skammar oss over den kvardagsrasismen som gjev seg til kjenne i vårt indre fordi eit virus har oppstått ein stad i Asia, før vi går attende til romma våre og vaskar hendene ekstra grundig. 

Seinare, etter at eg har sjekka ut frå hotellet, vert eg augevitne til at det nærast kjem til handgemeng på apoteket på Bergen Storsenter mellom to særs fornemme fruer som begge meiner å ha hevd på den siste kingsize-flaska med antibac. 

På Bybanen ut til Flesland sit eg omgitt av ungdom med munnbind, og på sjølve flyplassen er det oppslag med info om koronaviruset på norsk, engelsk og mandarin. På dette tidspunktet er det berre nokre få stadfesta smittetilfelle i heile landet, men den rekalibreringa av det kollektive medvitet som finn stad under ein epidemi er allereie i gong. 

Når denne utgåva av Josimar går i trykken nokre veker seinare, er det i ferd med å verte nødvendig med restriksjonar på større menneskemengder, og publikumsarrangement som konsertar og idrettstevlingar vert avlyst, utsett eller spelt for tomme tribunar. 

Ingen veit i skrivande stund om supporterane kjem til å få vere til stades verken når Brann byrjar eliteseriesesongen 2020 borte mot Rosenborg på Lerkendal palmesundag eller når Stabæk vitjar Stadion til årets første heimekamp åtte dagar seinare. Innleiinga til årets norske sesong kan verte markant annleis enn kva nokon kunne sett føre seg for berre månader sidan, og heilt ulik alt fotballentusiastar her til lands har opplevd i manns minne. 

Tribunelivet – heime og ikkje minst borte – er supporteridentetens kjerne, og å måtte halde seg heime når laget i eins hjarta spelar kamp vil alltid vere tungt. 

Men alt går over. Eller rettare sagt: Alt går over i noko anna. Sjølv om vi ikkje veit nøyaktig kva som vil skje og iallfall ikkje når det skjer, vil publikum før eller sidan få vende attende til tribunane. Og det vil dei gjere med fornya entusiasme og forventing, anten Brann kjempar om medalje eller ei.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.