Kongens nei

Tom Lund er den mest myteomspunne spelaren i norsk fotballhistorie. Men kva var det eigentleg som gjorde han så spesiell?

Tekst: Nils Henrik Smith

Lillestrøm, du ha’kke mye å friste med

Ikke en eneste attraksjon

De eneste turistene har gått av på feil stasjon

Såleis kvad romeriksskalden Stein Ove Berg (1948-2002) i låten «Lillestrøm-calypso» frå albumet Egg (1980). Teksten er ein katalog over alle moglege måtar Lillestrøm kjem til kort mot byar som London, Paris, Rio, New York, Oslo og Bergen på, før han konkluderer med at det trass alt kunne vore verre for dei stakkars desorienterte turistane, dei kunne jo hamna på Strømmen! Kor vidt Lillestrøm for førti år sidan verkeleg var ein så grå og miserabel plass som Kløfta-guten Berg gjev inntrykk av i denne teksten skal eg ikkje uttale meg om, men det vi uansett kan slå fast er at visesongaren neppe var særleg oppteken av fotball. Viss han hadde vore det ville han nemleg ha visst at Lillestrøm på denne tida hadde ein lysande attraksjon som ikkje stod noko tilbake for kva dei storslagne metropolane han refererer til hadde å tilby. Lillestrøm hadde Tom Lund. Og lillestrømlingane ville ikkje byta Tom Lund mot alle attraksjonar i verda.

Tom Lund vart fødd på Lillestrøm 10. september 1950, for å verte ein legende i levande live. Mora, Eva, var handballspelar for Fjellhammer og dessutan ein habil friidrettsutøvar med mellom anna eit krinsmeisterskap i høgdehopp på merittlista. Faren, Kjell, spelte fotball for Lillestrøm/Fram i lag med broren Gunnar, før dei begge melde overgang til Lillestrøm Sportsklubb kor dei var med på opprykket til Hovedserien i 1952 og NM-finalen mot Viking året etter. Vesle Tommy vaks opp i eit hus med hage kor ni epletre stod på rad: Gutungen brukte dei som rundingsbøyer når han leika seg med ballen, åleine, i time etter time. Etter kvart skulle epletrea òg gjere nytte når han trente presisjon på dødball.

Som barn var Tommy liten og sped, men den to år eldre fetteren Jann – son til Gunnar – tok han likevel med seg på løkka på Furuskogen kor det gutar i hopetal samla seg for å spele fotball. Sonen til Eva og Kjell var yngre enn dei fleste og mindre enn alle, men utmerka seg likevel frå første stund. «Jeg husker han hadde en slik enorm viljestyrke», uttalte Leif Hansen i Jon Haaland si bok Tommy (1982): «Seiersviljen, det å alltid ville yte sitt aller beste, prega alt han gjorde. Vi kunne se på ham at han tok seg svært nær av å tape. Tårene kunne sprette fram av fortvilelse viss han hadde gjort en dårlig figur. Var han med på å vinne var han overlykkelig.» Leif vart seinare lagkamerat med Tommy på LSK, i likskap med fetter Jann og fleire av dei andre gutane frå løkka.

Multitalentet

På same måte som faren og onkelen gjorde også Tommy seg sine første erfaringar med organisert fotball i Fram. Han var sju år og teknisk sett langt frå gamal nok for lilleputtlaget, og drakta var så mange nummer for stor at mesteparten av nitalet på ryggen var skjult av shortsen. Likevel var talentet openbert for alle som ville sjå. Tom Arne Lund frå Birkebeinergata var fotballspelar. Men han var også mykje anna. Eit idrettstalent består jo av mange komponentar. Tommy trente opp dei fotballspesifikke ferdigheitene sine – ballkjensle, overblikk, fotballforståing – både heime i hagen, på løkka og i organisert trening og kamp med Fram og etter kvart LSK, men han var òg rikt velsigna med atletiske kvalitetar frå naturen si side: Tempo, spenst, balanse, koordinasjon. Følgjeleg var han god i alt. Han var rask på ski og skeiser, hevda seg godt i bandy, ishockey og handball, og utmerkte seg i dei fleste former for løp, hopp og sprang. 

No er det sjølvsagt vanleg at utøvarar som når toppen i éin idrett har anlegg for mange andre idrettar, men det som – iallfall sett frå dagens ståstad – er oppsiktsvekkjande med Tom Lund er at han heldt fram med å utøve fleire av desse andre idrettane parallelt med fotballkarriera, i vaksen alder. Så seint som i 1976 – då han var 26 år gamal, ålment anerkjent som den beste fotballspelaren i Noreg, etablert på landslaget og for første gong vart seriemeister med LSK – vurderte han tilsynelatande seriøst å prøve å kvalifisere seg til tikamptevlinga i OL i Montreal!

Men enno er det langt fram dit. Tom Lund vaks opp på ein plass kor idrett generelt og fotball spesielt stod sentralt i kvardagen og i det kollektive medvitet, ein plass kor det fanst kultur og tradisjon for leiken med det runde læret. Lillestrømlingen Alf «Kaka» Martinsen hadde vore senterløpar for Bronselaget og scora to mål i førsterundesigeren over Tyrkia på Mommsenstadion i Berlin. I etterkrigstida var han trenar for LSK då laget rykka opp til hovedserien og spelte seg fram til sin første cupfinale. Dermed var klubben etablert i norsk toppfotball, iallfall for ei stund. Lillestrøm kom til finalen på Ullevaal tre gonger i løpet av seks år (1953, 1955, 1958), men tapte den første for Viking og dei to neste for Skeid. 

I 1959 var det omsider duka for klubben sitt første nasjonale trofé. LSK vann si avdeling i Hovedserien og møtte Fredrikstad til finalekamp om serietittelen. Sjølvaste FFK, på det tidspunktet den mektigaste klubben i kongeriket, laget som hadde vunne serien fem av dei ti føregåande sesongane. Finalen endte uavgjort etter ekstraomgangar, men i omkampen banka Lillestrøm aristokratane frå Østfold 4-1! Ni år unge Tom Lund var sjølvsagt til stades under mottakinga for meisterlaget, men han var for liten til å få sjølv det minste glimt av idolet Oddvar Richardsen og dei andre spelarane. Alt han såg var faklar og ljos, men han høyrde jubelropa frå det takksame publikum og ein draum vart tend i han.

Etter berre éin sesong i Fram si altfor store drakt melde Tommy overgang til LSK og gjekk gradene i klubben samstundes som han og resten av kameratgjengene frå Furuskogen var særs ihuga supporterar av A-laget, både heime og borte. Dei reiste til bortekampane med både tog og ordinære rutebussar, men av og til, viss dei hadde flaks og det var ledig plass, fekk dei lov til å sitje på med spelarbussen. Men trass i støtta frå dei entusiastiske unggutane gjekk det gradvis nedover med laget. Dei vann si avdeling i Hovedserien igjen i 1960, men denne gongen var styrkeforholdet i finalen omvendt: Lillestrøm 2 – Fredrikstad 6, stod det på resultattavla til slutt. Året etter rykka LSK rett og slett ned. Dei første sesongane i 2. divisjon kiva dei om opprykk, men etter kvart byrja laget å søkkje nedover på tabellen. Heltane frå meisterlaget av 1959 vart eldre, dei gav seg med fotball og vart ikkje erstatta, for dei lovande ungdommane i klubben var framleis for unge, og enno var det ingen som hadde kome på den radikale idéen om å hente spelarar frå andre klubbar for å styrke laget.

«Bør kunne bli en god spiller»

I 1966 endte Lillestrøm Sportsklubb sist i 2. divisjon, avdeling A med fattige fem – 5 – poeng. Laget som sju år tidlegare hadde vunne sjølvaste Hovedserien skulle no spele på nivå tre i norsk fotball. Varen var levert, den heitte 3. divisjon, avdeling Østland/Nordre. Men samstundes som ting hender, hender også ofte andre ting, og det gjorde det òg i dette tilfellet. Same sesong som LSK sitt A-lag rykka ned i 3. divisjon, vann juniorlaget klubbens første NM-tittel etter finalesiger over Sandefjord-klubben Store Bergan. På det laget spelte talrike av kameratgjengen frå Furuskogen: Jann Lund, Leif Hansen, Jan Tore Eidholm. Men stjerna på laget var ein førsteårsjunior med lange, men syltynne bein – Tommy! Han scora mellom anna tre mål då LSK slo Vålerengen 10-0(!) i tredje runde og to mot Aalesund i semifinalen. 

Finalen gjekk på Åråsen. Då A-laget baud 2. divisjon far vel ved å late seg utklasse av Eik møtte berre 100 tilskodarar opp. No kom det 3000 for å sjå ein juniorkamp! Lillestrøm vann greitt, og sjølv om Tommy ikkje kom på scoringslista mottok han likevel rosande ord. «Publikum var med når guttespilleren i senter, Tommy Lund, sleivet og slentrende og med utsøkt teknikk, gled fram», skreiv Arbeiderbladet. Reporteren frå Dagbladet var noko meir avmålt. Han meinte at Tommy var «altfor glad i ballen og litt for lang i steget», men påpeikte samstundes at «av og til glimtet han til med glimrende teknikk. Han bør kunne bli en god spiller hvis han innordner seg lagspillets bærende idé.»

Den logiske konsekvensen av alt som hende i LSK i 1966 var sjølvsagt å køyre dei talentfulle unggutane inn på A-laget frå og med neste sesong. Dei fleste var jo no atten, nitten år gamle og snart ferdige med junioralderen uansett. Men Tommy var berre seksten og sjølv om det var klart for alle at han var eit ekstraordinært talent, var han framleis spinkel og fysisk sårbar. Det var opplagt ein viss fare for at han kunne verte alvorleg skada i kamp mot vaksne menn i 3. divisjon. Den sportslege leiinga i klubben kom difor fram til eit kompromiss som gjekk ut på at han vart teken opp i A-stallen, men at han skulle sparast frå det ein gjekk ut frå vart dei aller verste knokkelkampane, som oppgjera mot Hamarkameratane og ikkje minst derbyet mot Strømmen. Etter halvspelt serie låg LSK heilt sist i 3. divisjon Østland/Nordre, men etter kvart som juniorane vende seg til seniorfotball betra formen seg og laget redda plassen til slutt. Samstundes vart både Tommy og lagkameraten og venen Arild Martinsen tatt ut på juniorlandslaget til kampen mot Sverige. Begge scora i 3-2-sigeren på Råsunda – den første gongen Noreg nokon gong hadde slått Söta Bror i ein juniorkamp! (Mellom dei som kjende han er det semje om at Martinsen var eit stort talent som kunne nådd langt i fotball, men han døydde diverre i ei bilulukke i 1969, ein tragedie som skaka Tommy sterkt. Kvil i fred.)

Trass i visse problem med ryggsmerter var Tom Lund i stadig vekst som spelar gjennom dei neste sesongane. Etter ei juniorlandslagsturnering på Island kor han scora fire mål på tre kampar vart han utpeikt til «Nordens beste junior» av ekspertkorpset. Landslagstrenar Øyvind Johannesen – som seinare tok over A-landslaget – var full av lovord om den unge stjerna si, men avslørte samstundes at han hadde måtta be spelarane om å slutte å spele poker under opphaldet fordi «Tommy vant ubeskjedent mye og var i ferd med å blakke de andre». Sigersviljen Leif Hansen hadde lagt merke til allereie på løkka på Furuskogen var med andre ord intakt, både på banen og rundt pokerbordet. Denne viljen gav seg òg utslag i sportslege ambisjonar. «Hvis vi ikke klarer å rykke opp vil jeg sannsynligvis forsøke meg i ein klubb i ein høyere divisjon», uttalte han allereie hausten 1968. Men trass i at dei altså hadde både tradisjon og individuelt talent klarte ikkje Lillestrøm å kjempe seg ut av 3. divisjon, avdeling Østland/Nordre verken i 1968, 1969, 1970, 1971 eller 1972. Og Tommy var stadig på Åråsen, trass i at han for lengst hadde debutert for A-landslaget og trass i at toppklubbar over heile Europa på dette tidspunktet var viljuge til å gå langt for å sikre seg signaturen hans på ein proffkontrakt.

Johann og Tommy

Når ein skriv om dette nær femti år seinare er det vanskeleg å ta inn over seg at det i det heile kan ha vore tilfelle. 3. divisjonsspelarar kjem ikkje på landslaget, og dei får iallfall ikkje tilbod om å fylle fotballskoa til den beste spelaren i verda. Men det gjorde Tom Lund. I 1973 hadde Ajax vunne Serievinnarcupen tre sesongar på rad, men etter ein konflikt om kapteinsvervet i klubben endte dei opp med å selje superstjerna Johann Cruyff til Barcelona for ein verdsrekordsum. Mannen dei ynskja som Cruyff sin erstattar var ein sjenert og beskjeden tjuetreåring frå Lillestrøm. Eg skal tilstå at før eg byrja å skrive denne saka hadde eg alltid kjent på ein viss skepsis til kor reelt dette tilbodet eigentleg var. Det høyrtest for utruleg ut til å vere sant! Men det viser seg at det var høgst reelt og min skepsis er gjort til skamme. Ajax hadde sendt speidarar til Åråsen og desse hadde lagt merke til at Cruyff og Tommy hadde same løpesett og dessutan føretrekte å bevege seg i same rom – frå posisjonen som midtspiss og ut mot venstre. Barry Hulshoff, den røslege Ajax-midtstoggaren og hardrockentusiasten, hadde spelt mot Tommy då Noreg møtte Nederland på Ullevaal nokre veker tidlegare. Han vart spurt om si meining av klubbleiinga og forsikra at denne Lund frå Noreg var meir enn god nok.

Ajax bad han kome til Amsterdam og Tommy reiste nedover i lag med VG-journalisten Reidar Martinsen, som fungerte som ein slags mellommann. Dei forhandla med Ajax sin assistenttrenar, den legendariske Bobby Haarms, på eit hotellrom. Lillestrøm skulle få 500 000 kroner i overgangssum og Tommy det same i årsløn. I norsk fotballsamanheng var dette heilt absurde summar på denne tida. (LSK sitt samla budsjett for 1971 hadde vore på 75 000 kroner.) Streken i rekninga var at Ajax ynskja at han skulle skrive under for to og eit halvt år, medan Tommy sjølv berre ynskja ein eittårskontrakt. Han var ung, men allereie gift med Solveig og pappa til vesle Hanne. Han var etablert med eige salsagentur og i ferd med å byggje hus heime på Lillestrøm. Han var skeptisk til å skrive under på det han oppfatta som ein for lang kontrakt i tilfelle familien mistreivst eller det ikkje fungerte sportsleg. Nokre dagar etter forhandlingsmøtet med Ajax vitja Billedbladet NÅ fru Solveig medan Tommy var på landslagssamling. Ho understreka at det var han som tok den endelege avgjerda – «det er han som skal jobbe der nede» – men var samstundes open om kva ho sjølv tenkte: «Sier Tommy nei, så mener han det. Da nytter det ikke om Ajax dobler tilbudet sitt!»

Ivar Hoff hadde trått inn i vervet som oppmann i LSK i 1971 og skulle verte ein sentral person i den utviklinga som gjorde klubben til landets fremste i andre halvdel av 1970-åra. «Då Tommy kom heim frå Amsterdam, sat kona mi og eg oppe hjå han og Solveig til seint på natt», fortel han. «Då vi drog heim, hadde eg inntrykk av at han hadde bestemt seg for å takke ja, men han ombestemte seg.» Tommy var sterkt knytta til Lillestrøm og prioriterte tryggleik for familien, men, som Hoff seier: «Det skulle vore utruleg moro å sjå korleis han ville ha klart seg som erstattar for Johann Cruyff. Viss han hadde reist til Ajax den gongen trur eg at han etter kvart ville ha følgt i fotspora til Cruyff til ein toppklubb i Spania eller Italia. 

Tommy hadde ein utruleg hurtigheit og teknikk og var ein vinnarskalle. Han kan verke beskjeden utad, og det er han, men han er òg utruleg fokusert på å vinne.» Målet Hoff trekk fram for å skildre Tom Lund som spelar kom mot Mjøndalen i 1976. Det er eit av relativt få Lund-mål eg sjølv har sett, ettersom det var med i eit innslag som vart send i NRK-programmet Sport Jukeboks på tidleg 2000-tal. Eit kornete svart-kvitt-opptak av ein langbeint, ulenkeleg spelar som skjer inn frå høgre og fintar seg forbi den eine forsvarsspelaren etter den andre før han klinkar ballen i mål frå nærast død vinkel. «Tommy hadde eit steg som få andre», seier Hoff. «Det såg ikkje ut som om det gjekk så fort, men han sprang frå alle. Han var ein fantastisk tobeinsdriblar. Ein gaselle!»

Kongen og kongen.

Sjansen til å erstatte Johann Cruyff i Ajax er det mest kjende profftilbodet Tom Lund takka nei til, men på langt nær det einaste. Etter at Cruyff hadde reist til Barcelona tok Bayern München over trona som det beste klubblaget i Europa, og Bayern-trenar Dettmar Cramer kom personleg til Åråsen for å overtale Tommy til å flytte til Olympiastadion. Feyenoord og Real Madrid skal begge ha vore interesserte i signaturen til balleleganten frå Birkebeinergata. Etter at Noreg hadde spelt jamt mot Skottland – den gongen eit lag av høg europeisk klasse – i ein landskamp i 1974 uttalte kapteinen Billy Bremner at «Tom Lund ville glidd rett inn på laget hos oss i Leeds!» (Leeds hadde nettopp vunne det engelske ligameisterskapet.) Arne Scheie fortel at første gong han såg Tom Lund i aksjon var då han dømte ein lilleputtkamp med LSK på byrjinga av 1960-talet, på eit tidspunkt då ingen hadde den fjernaste aning om kva for ikonisk status dei begge etter kvart skulle få i norsk fotball. Eit drygt tiår seinare var Scheie tilsett i NRK-sporten og på tippekampoppdrag i England: «Eg kommenterte ein kamp mellom Middlesborough og Tottenham», fortel han. «Etterpå snakka eg med den engelske verdsmeisteren Jack Charlton, som var manager i Middlesborough då. Han fortalte at han ville gjort kva som helst for å få Tommy over.»

Men det hjelpte ikkje kva verken Charlton eller nokon andre var viljuge til å gjere. Tommy vart trufast mot Lillestrøm. Og han skulle få si løn. Hausten 1973, ikkje lenge etter at Tommy avviste Ajax, klarte LSK omsider å rive seg laus frå 3. divisjon, avdeling Østland/Nordre. Dei tapte berre ein av atten kampar det året og rykka opp med 32 poeng og målforskjellen 67-11. Året etter tapte dei i serieopninga med Lyn, men gjekk deretter gjennom sesongen utan nederlag og sikra sitt andre opprykk på rad. Etter sju sesongar på A-laget til Lillestrøm skulle Tom Lund omsider debutere i 1. divisjon! «Viss nokon vil vite kor viktig Tommy var for LSK, er det berre å sjå på den sesongen», seier Ivar Hoff. «Vi leia serien då han vart skada, og medan han var ute, vann vi knapt ein einaste kamp!» Tommy kom tilbake mot slutten av sesongen og LSK sigla etter kvart inn til trygg hamn midt på tabellen i comebacket i øvste divisjon.

«LSK-mafiaen»

Viking vann fire strake seriegull frå 1972 til 1975, men deretter skulle tyngdepunktet i norsk klubbfotball forflytte seg frå oljehovudstaden på Vestlandet til ein liten stasjonsby på Romerike. Det var resultatet av eit langsiktig arbeid som hadde byrja omtrent på den tida Ivar Hoff kom til klubben eit halvt tiår tidlegare. «Vi dreiv og rota rundt nede i 3. divisjon, og det første vi sette oss ned og diskuterte var korleis vi skulle verte betre enn Strømmen!», seier Hoff, som sjølv hadde Strømmen-bakgrunn som spelar. Det same hadde den eldre bror hans, Joar, som seinare skulle trene LSK både til opprykket til 1. divisjon i 1974 og til seriegullet to år seinare. Det «vi»-et Hoff viser til her var ein ung leiarkvartett beståande av han sjølv, Einar Krokan, Odd-Iver Pellfoch og Svein Skoglunn. Under mottoet «La spillerne spille, lederne lede!» skulle denne gjengen stå for det vi nærast må kalle eit paradigmeskifte når det gjeld klubbdrift i norsk fotball. Dei var unge, ambisiøse og kunne tidvis framstå som ein tanke breiale, og pådrog seg såleis etter kvart kallenamnet «LSK-mafiaen» i Oslo-pressa.

Eit viktig ledd i strategien for å nå toppen var å aktivt rekruttere spelarar frå andre klubbar, noko som framleis vart sett på som kontroversielt på 1970-talet. Spelarane var jo amatørar, dei hadde ikkje kontraktar og kunne såleis ikkje hindrast i å melde seg ut av ein klubb og inn i ein annan. Til gjengjeld måtte spelarar som melde overgang sone seks månaders karantene, og kunne i denne perioden ikkje spele A-kampar. Så lang som vinterpausen var på denne tida var dog ikkje dette nødvendigvis noko stort praktisk problem. Frå 1971 til 1978 rekrutterte LSK 31 spelarar frå andre klubbar, inkludert seks frå Strømmen, som naturleg nok vart behørig distansert. Historia om korleis dei henta Erik Karlsen – vingen som truleg er mest kjent for å ha scora det raskaste hat-tricket i norsk fotballhistorie (to minutt og tretti sekund mot Mjøndalen i 1977) er symptomatisk. «Jeg ble fiska opp av Ivar Hoff da jeg sto utenfor meieriet på Strømmen og venta på en buss. Da jeg ble sluppet av på Lørenskog var jeg innkalt til trening på Åråsen», fortalte Karlsen til LSK si nettside mange år seinare. Etter kvart som klubben tok steget opp i 1. divisjon trong dei ikkje lenger nøye seg med å hente lovande unggutar frå naboklubbane, men kunne etter kvart velje og vrake mellom spelarar i norsk toppklasse. Midtstoggaren Jan Birkelund, midtbanespelaren Tor Egil «Toro» Johansen (begge Skeid) og angriparen Arne Dokken (Strømsgodset) er døme på spelarar som lot seg lokke til Åråsen på denne tida.

«Det beste salsargumentet vårt var at viss du spelar for LSK, aukar det sjansen for at du kjem på landslaget», seier Ivar Hoff. «Kjem du hit, får du Tom Lund som lagkamerat, og det vil gjere deg til ein stadig betre spelar for kvar einaste trening som går.» I tillegg bar klubben si satsing etter kvart preg av ein gryande profesjonalisme, sjølv i amatørfotballens tidsalder. Alle spelarane disponerte kvar sin Honda Civic, og alle var kledd i like dressar frå Dressmann når dei reiste til og frå kamp. Klubben var tidleg ute med å profilere seg aktivt mot både næringsliv og media. Men viktigast var sjølvsagt det sportslege. «LSK var først ute i Noreg med mange ting», seier Hoff. «Vi skjøna at viss vi skulle verte betre var vi nødt til å kunne trene på dagtid, ikkje berre når spelarane var ferdige på jobb. Vi gjekk frå arbeidsgjevar til arbeidsgjevar og overtydde dei om å gje spelarane fri – med løn! – for å trene. Dessutan gjekk vi aktivt inn for internasjonal matching på høgt nivå. I sesongoppkøyringa var vi i Sverige og spelte mot Halmstad kor Roy Hodgson var trenar. Vi spelte fast mot IFK Göteborg i fleire år. Og i den norske fotballferien om sommaren deltok vi i Intertoto-cupen. Vi oppsøkte nivå vi aldri hadde vore på før for å verte stadig betre.»

Det funka. På byrjinga av 1970-talet spådde Tom Lund at Lillestrøm – som på dette tidspunktet framleis spelte i 3. divisjon, Østland/Nordre – ville vinne fem titlar i løpet av tiåret. Spådommen slo ikkje heilt til, men må likevel seiast å vere imponerande. LSK vann serien i 1976 og 1977, cupen i 1977, 1978 og 1981. Dei vart nummer to i serien i 1978 og nummer tre i 1980 og 1982, og var tapande cupfinalist i 1980. Då laget sikra seriemeisterskapet i 1976 med siger over Bryne på Åråsen i siste serierunde, vart måla scora av to spelarar som hadde vore med på heile reisa frå 3. divisjon – slitaren Per Berg og stjerna Tom Lund. Etter kvart vart stadig fleire av dei lojale, lokale slitarane fortrengt av meir etablerte spelarar utanfrå, men Tommy var viktigast og best gjennom heile gullalderen. «At Tom Lund vart fødd i Birkebeinergata er eit mirakel vi må takke Vårherre for», fastslår Ivar Hoff.

Men kva var det som gjorde han så god? Korleis kan ein forklare storheita hans for oss som er for unge til å hugse han som aktiv, som ikkje har sett anna enn korte glimt av karriera hans i gamle, ofte uskarpe opptak? «Han hadde ei vanvittig gjennombrotskraft», seier Arne Scheie. «Når motspelarane trudde at dei hadde takla han, hadde han alltid det vesle, ekstra steget; han hadde eit spesielt touch og ei utruleg framdrift. Ekstremt tempo. Viss du snakkar med folk som har følgt med på norsk fotball sidan 1960-talet trur eg få vil peike på nokon andre som har vore betre. Alle er like panegyriske når det gjeld Tommy. Han hadde ferdigheiter og eigenskaper som ville ha kome til nytte i dag òg. Tommy var veldig beskjeden når det gjaldt eigne prestasjonar. Han var heimekjær og veldig knytt til Lillestrøm og LSK. Ein veit jo aldri kva som kunne ha skjedd viss han hadde takka ja til eit profftilbod. Han kunne ha skada seg, hamna på kant med manageren eller liknande. Det er mange ukjende faktorar. Men at Tommy var god nok til å verte ei stjerne i Ajax er eg ikkje i tvil om.»

Fire år etter at Tom Lund takka nei til å erstatte Johann Cruyff i Amsterdam skulle LSK delta i Serievinnarcupen for første gong i historia, og trekte sjølvsagt Ajax i første runde. Det nederlandske storlaget var ikkje heilt kva det ein gong hadde vore, men kunne stadig skilte med veteranar som Ruud Krol og Wim Suurbier, danske dynamitdrænge in spe i form av Frank Arnesen og Søren Lerby, samt dei unge, offensive stjerneskota Tscheu La Ling og Simon Tahamata. Lillestrøm vann smått sensasjonelt 2-0 i den første kampen på Ullevaal. På bortebane, derimot, vart taka tøffare. Ajax-supporterane hadde på ingen måte verken gløymt eller tilgjeve avvisinga dei vart utsett for tilbake i 1973. «Då vi kom inn på stadion i Amsterdam var det første vi såg eit digert banner kor det stod ‘Tom Lund, go home!’», fortel Ivar Hoff. LSK tapte 0-4, men både trenar Joe Hooley og NÅ-reporter Lasse Klæboe meinte ikkje desto mindre at laget hadde spelt ein av sine beste kampar for året. Den einaste som fekk kritikk for å ha spelt under pari var ironisk nok lagets beste spelar. Forklaringa var enkel, meinte Klæboe. «En tyve timers togreise er vel ikke den beste oppladning foran klubbens viktigste kamp til dato.»

Tommy hadde altså tatt tog frå Oslo til Amsterdam fordi han var redd for å fly. Denne flyskrekken er eit sentralt element i mytologien kring Tom Lund, og ei hyppig brukt forklaring på kvifor han aldri våga (eller ynskja) å ta steget ut i profftilværet. Men det er noko uklart både korleis problemet oppstod og kor alvorleg det eigentleg var. Jon Haaland hevdar at angsten skreiv seg frå ein tur til Jugoslavia med landslaget i 1974, då flyet vart utsett for tórever på vegen nedover, og at det vart endå verre året etterpå, då dei reiste til ein treningskamp mot Eintracht Braunschweig i småfly med plass til seks passasjerar i kvar. «Uheldigvis skjedde det noe med akkurat det flyet Tommy satt i. Motorene stansa – helt plutselig!» Piloten fekk dei i gong igjen og landa trygt, men, som Haaland skriv: «Det var mer enn nok for Tommy. Han hadde fått sitt livs sjokk som flypassasjer!» Etter dette unngjekk han å fly så sant han kunne, og når han ikkje kunne unngå det måtte han ifølgje Haaland «ofte roe seg ned med et par halvlitere pils før turene tilbake til Lillestrøm». 

Det er dog ting som tydar på at han mislikte å fly allereie før begge desse episodane. I 1971 var han tatt ut på juniorlandslaget til ein kamp mot eit samansett nord-norsk lag. Kampen skulle spelast i Bodø, og Tommy valde å køyre nordover i lag med kameratane Per Wahl og Arne Scheie. (I løpet av turen oppdaga Arne ein stillingsannonse for eit vikariat i NRK-sporten, Tommy og Per oppmuntra han til å søke, og resten er fotball- og mediehistorie.) Problemet med flyskrekken var alvorleg nok til at han måtte gjere avtale med landslagsleiinga om at han skulle få stå over dei kampane han realistisk sett ikkje ville rekke å reise til og frå med tog eller bil, men i boka til Haaland snakkar han om det på ein nokså avslappa måte, og leflar sågar med tanken på å sjølv ta flysertifikat!

Ei kvar forteljing om Tom Lund vil handle mest om Lillestrøm og LSK, for det var dit han hadde sterkast tilknyting og der han opplevde ubestrideleg suksess. Å vere norsk landslagsspelar på 1970-talet var derimot ofte eit tungt slit, med mange bitre nederlag og få oppturar. «Eigentleg var det litt synd at Tommy spelte på landslaget i akkurat den epoken, for vi hadde ikkje særleg høg standing ute i Europa», seier Ivar Hoff. «Vi var amatørar og låg langt bak dei beste», seier Arne Scheie, «men hugs at i 1977 var vi faktisk ganske nær å kvalifisere oss for VM i Argentina». I september det året vann Noreg over Sverige på Ullevaal etter scoringar av Odd Iversen og Rune Ottesen, noko som tyda at laget ville kvalifisere seg til VM viss dei vann med eit visst antal mål i den siste kampen borte mot Sveits. Tenk viss Tom Lund hadde fått lov til å vise seg fram i eit VM-sluttspel, i selskap med stjerner som Mario Kempes, Rob Rensenbrink, Teofilo Cubillas og Zico! Det ville vore noko, det! Men i staden tapte dei typisk nok 0-1 mot eit lag som allereie var slått ut. Tommy skulle omsider få oppleve ein symboltung triumf med landslaget – sigeren over England på Ullevaal i 1981, kor han sjølv scora det første målet før han måtte ut med hjerneristing i andre omgang. Då Bjørge Lillelien brølte ut sigersmonologen som skulle gjere han verdsberømt, låg Tom Lund på ein massasjebenk i garderoben og visste ikkje verken kor han var eller kvifor han var der.

Han var heldigvis frisk og klar i hovudet i tide for neste storoppgjer på Ullevaal – cupfinalen mot Moss i oktober. LSK hadde fått bank av Vålerengen i finalen året før, og verken avtroppande trenar Kjell Schou Andreassen eller nokon andre på Lillestrøm var interessert i nokon repetisjon. Tommy minst av alle. Jon Haaland skildrar sinnstemninga hans i dagane før finalen på denne måten: «Ikke et menneske var å se utafor klubbhuset. Snart ville de aller første komme. Ikke spillerne og ikke ungene som ville se laget trene. Ikke lederne eller treneren. Men pensjonistene! De gamle kara som så trofast holdt seg til Åråsen. De vokta hver eneste trening. Guttedrømmer forsvinner ikke alltid med åra. Entusiasmen blir ikke borte sjøl om en passerer pensjonistalderen. Tommy forstod det, da han så de gamle medlemmene på Åråsen. De var ferdige med dagliglivets heseblesende innsats. 

Ferdig med førkrigsår og arbeidsledighet. Ferdig med de mørke krigsåra. Ferdig med innsatsen for å bygge samfunnet opp igjen. Nå hadde de klubben på Åråsen. Oldermannslauget en gang i måneden. Treningene, som starta med A-laget om ettermiddagen klokka 3. LSK betydde alt for dem nå. Hva ville ikke en finaleseier bety?» Denne passasjen er sterkt romantiserande, men likevel verd å sitere som eit uttrykk både for den tida Tom Lund var aktiv i og for kva det vil seie å vere den store helten i ein fotballklubb. Vel? Lillestrøm vann finalen 3-1, og både media og motspelarar var einige om at Tommy var kampens store spelar. «Det var håpløst å få bukt med ham», uttalte Moss-kapteinen Ole Jonny Henriksen. LSK hadde vunne sin femte tittel på fem år, i tråd med spådommen stjerna på laget hadde kome med då dei spelte i 3. divisjon, avdeling Østland/Nordre ti år tidlegare.

Tommy hadde eigentleg tenkt å gje seg med fotballen etter 1981-sesongen. Han var 31 år, som var ein vesentleg høgare alder for ein fotballspelar den gongen enn kva det er i dag. Han hadde spelt for LSK sitt A-lag i fjorten sesongar, og landslagsfotball like lenge. Han hadde slått tilbake med glimrande spel etter nokre tunge sesongar med mykje skadeplagar og på alle måtar sett eit verdig punktum for karriera. Han hadde lova familien å slutte og klubbleiinga hadde til og med lansert han som ein mogleg kandidat til å ta over som trenar for Schou Andreassen, som skulle tre av. Men samstundes måtte han vedgå for seg sjølv at han hadde lyst til å halde fram å spele. «Mamma! Vet du hva?», spurte Hanne Lund (11) dagen etter cupfinalen. «Pappa sa på TV i går kveld at han skulle snakke med oss om noe. Vi skal være med å bestemme om han skal fortsette å sparke fotball!» Det viste seg at det skulle han. Var det ei korrekt avgjerd? Det er eit vanskeleg spørsmål å svare kategorisk på. LSK vann ingen nye titlar i farvelsesongen hans. Dei vart nummer tre i 1. divisjon og rauk ut i fjerde runde av cupen. Stundom viste han ikkje desto mindre at han stadig hadde sine magiske evnar intakte. Den 10. oktober 1982 spelte han sin aller siste kamp som toppspelar, heime mot Moss på Åråsen. Det endte 2-2. Tom Lund la opp til det første målet og scora det andre på straffe etter at han sjølv vart felt. Ei unik karriere var over.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.