I ballbingen på barneskulen Motland på Nærbø i Rogaland, kunne me som var der sjå at Elisabeth Terland var eit fotballtalent for seg sjølv. Me visste allereie då at ho kom til å nå lengre enn nokon av oss andre.
I dag har ho 10 mål på 39 kampar for det norske kvinnelandslaget og speler til dagleg for ein av verdas største klubbar; Manchester United.
Tekst: Karina Fløysvik Hæåk
Elisabeth og eg var ofte dei to einaste jentene som spelte fotball i friminutta då me gjekk på barneskulen saman, ho to år under meg. Eg fekk gleda av å spele nokre kampar saman med ho i både Nærbø IL og Bryne FK, og eg har seinare følgd med på karrieren hennar då ho tok steget opp til Toppserien, med spel for Klepp og Sandviken/Brann. I 2022 tok ho eit ytterlegare steg då ho signerte for Brighton, eitt av laga i den engelske toppdivisjonen, og i forkant av årets sesong signerte Terland ein toårskontrakt med Manchester United, klubben ho sjølv heia på i barndommen. Terland trekker fram at ho som liten blei påverka av storebroren som var stor United-fan, og at ho frå tidleg alder uttrykte ein draum om å bli fotballproff. Ho fortel at ho har fått ein del spørsmål om augenblinket då ho entra Old Trafford for første gong for Manchester United:
– Kvar gong eg får det spørsmålet så tar det meg tilbake til den følelsen. Det er ein av dei beste følelsane eg har hatt i heile mitt liv. Eg trur ikkje ein heilt kan skjønne det før ein faktisk går utpå der og kjenner på det. Og det var min første kamp for United. På Old Trafford. Ja.. Eg kjem til å hugse den dagen sikkert resten av livet.
FA-cupfinale på Wembley
Eg møter Terland dagen etter at ho og lagvenninnene på Manchester United har slått byrival Manchester City 2-1 i s...