For en gjeng med bønder!

Bryne. Der ingen skulle tru at nokon kunne spela fotball.

Tekst: Nils Henrik Smith
Foto: Vegard Hanssen, Bryne FK

Eg kjem heim til Bryne med toget, som seg hør og bør. Jæren, slik me kjenner han i dag, vart skapt av jernbanen. Gjennom lange hundreår låg landet mørkt; eit forblåst landskap av lynghei, torvmyr og vasstrukken jord ut mot det nådelause storhavet. Tida gjekk. Ingenting hende. Folk grov seg gjennom livet med gruvling og slit, putla med jordi og granska skrifti, pinte korn av aur’en og von av sine draumar, trudde på skillingen og trøysta seg til Gud, som Arne Garborg, som i dag står på sokkel på Bryne torg, med ryggen mot vegen som går frå Shell-stasjonen vest for sentrum til 1900-krysset i aust, og som har fått namnet Arne Garborgs veg, så ikonisk formulerte det i Fred (1892). Garborg var skeptisk til tog, som han rekna som eit transportmiddel først og fremst eigna for byasar og kvinnfolk som ikkje hadde mage til å tóle den farefylte ferda med båt rundt Jærens rev, men sjølv den gamle grinebitaren oppi Knudaheiå erkjente at jernbanen innevarsla ei ny tid for heimtraktene.

Før 1878 var det ingenting på Bryne, det var ein uvesentleg, myrlendt gard blant mange, knapt nok verd ei fotnote i Time gards- og ættesoge, men så opna Jærbanen, med brask og ikkje minst bram, og alt vart annleis. I løpet av nokre korte, hektiske tiår spirte eit heilt samfunn fram kring det som då heitte Thime Station. Skule! Bedehus! Meieri! Mølle! Uldvarefabrik! Postaabneri! Hotell! Kaféar! Festivitet! Forbrugsforening! Mekanisk verkstad! Urmakar! Apotek! Fleirfaldige slakteri! Lækjar og tannlækjar! Cinematograf! Samt, sjølvsagt, strengt nødvendige offentlege funksjonar som lensmannskontor, brannstasjon og ikkje minst bygningskommune. (Ein merknad om jærbuens mentalitet: Jærbuen vil aldri ha fleire offentlege funksjonar enn dei som er strengt nød...

Du må være abonnent for å lese saken

Josimar er helt avhengig av våre abonnenter for å fortelle historiene fra fotballen som betyr noe. Bli abonnent i dag!

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.