Politikk, nasjonalisme – og fotball
Då Noreg kvalifiserte seg til fotball-VM i år, var det somme som meinte vi blei vel nasjonalistiske og feira som om vi skulle ha vunne sjølve meisterskapen.

No når VM i fotball nærmar seg, kan det vera på sin plass å sjå på nasjonalismen i denne idretten.
Nasjonalisme i den tydinga at ein legg vekt på og heidrar eige land, folk og kulturuttrykk, kjem til uttrykk i mange ulike innpakningar. Mange nyttar termen negativt som overdriven nasjonalisme eller sjåvinisme, ei understreking av at eigen nasjon og eige folk er overlegen andre. I historia har vi sett nasjonalisme nytta om fascistiske rørsler, og om nasjonale frigjeringsrørsler, til dømes i Afrika og Asia på 1950, -60 og 70-talet, som ikkje har noko med fascisme å gjere. Og så har vi mange fleire variantar imellom.
Noko av det originale i den nasjonale norske motstandskampen mot nazistisk okkupasjon under den 2. verdskrigen, var idrettsstreiken. Denne var faktisk unik i europeisk samanheng. Heilt frå sin spede start på slutten av 1800-talet var det her til lands viktig at ein gjennom sport utvikla dyktige fedrelandsforsvararar.
Det var òg lenge usikkert om ei fullstendig frigjersle frå Sverige ville medføra krig, Slik blei det ikkje, og etter at Noreg blei sjølvstendig i 1905 brygga det opp til polarisering og splitting mellom borgaridrett og arbeidaridrett. Mellom 1925 og 1936 var det ingen kontakt. Men det fascistiske trugsmålet og krigen førte til tilnærming, og i 1946 fekk vi éin idrettsorganisasjon, Norges Idrettsforbund (NIF).
Fascistisk fotball
Internasjonalt var det også totalt brot mellom arbeidaridrett og borgaridrett på 1930-talet. Mange stader gjekk det føre seg kampanjar for å boikotta OL i Berlin i 1936, som ein protest mot det tyske naziregimet. Dette blei det ingen ting av, derimot tok ein initiativ til å organisera ein alternativ olympiade i Barcelona i tida 19.‒26. juli. Den blei det heller ikkje noko av, for den spanske borgarkrigen braut ut dagen før arrangementet skulle starta. Berlin-olympiaden blei ei gigantisk propagandamarkering for Hitler og nazismen, sjølv om den svarte Jesse Owens stal mykje merksemd då han vann 100 meter, 200 meter, lengde og var med på laget i 4 x 100 meter stafett.

Koryfeane i idrett likar å framstilla seg som nøytrale, det gjorde dei òg i samband med Berlin-OL. Men dei gjer av og til unntak, I 1938 spelte Tyskland og England ein landskamp i fotball på Olympia-stadion i Berlin. England vann 6‒3, men det er ikkje resultatet ein først og fremst minnest. Då dei to laga stod oppstilte for å bli presenterte før kampen, gjorde begge laga nazi-helsing. I starten av sin periode som statsminister (1937‒1940) hella den engelske statsministeren Neville Chamberlain til ein politikk med fredsløysing andsynes Hitler.
I ettertid er det blitt hevda at den britiske ambassaden i Berlin meir eller mindre tvinga dei engelske spelarane til å gjera nazi-helsinga. Sidan gjorde ein det ein kunne for å leggja lokk over opptrinnet.
Same året, 1938, blei fotball-VM avvikla i Benito Mussolini sitt Italia, og her nytta Il Duce (Føraren) fotballen til siste trevl. Høyr berre journalisten Jacques de Ryswick sine ord då Italia slo Tsjekkoslovakia 2‒1 i finalen og såleis kunne erklæra seg som den andre verdsmeisteren i historia: «Mussolini sit der, i den purpurdraperte losjen sin.
Rundt Il Duce er tilskodarane i ekstase. I meir enn tre timar skrik dei ut sin glød for fedrelandet i ville, rytmiske rykk: ’I-ta-lia… Du-ce… Du-ce… I-ta-lia’. Det er ikkje lenger tilskodarar til ei sportshending vi har føre oss, det er ein armé med oppglødde politiske soldatar som har gjort det heile til ei statsakt… Finalesigeren til la squadra azzurra (det blå laget = Italia) blir ein triumf for det fascistiske Italia og skal lovprisast.»

Det «apolitiske» Fifa
Fifa-president Jules Rimet var også med på leiken og feiringa. Han gratulerte Italia for å visa «tappert mot» og for å «æra fedrelandet». «Det italienske fotballforbundet og det italienske landslaget har sett ein standard ved å organisera og vinna VM i 1934. Eg gratulerer og fagnar ei slik tru kapabel til å få fram desse dygdene.» Dette sa altså mannen som likte å stå fram som ein apolitisk sportsleiar.
Italia forsvarte VM-tittelen i 1938 med 4‒2 over Ungarn i finalen. Det året gjekk meisterskapen føre seg i Frankrike, i ein atmosfære proppfull av politisk symbolikk. Italia var framleis fascistisk, i Spania var Franco-troppane i ferd med å nedkjempa den lovleg valde Folkefrontregjeringa i ein blodig borgarkrig, og i Tyskland hadde Hitler sete med makta i eit halvt tiår. I mars 1938 hadde Tyskland okkupert Wien. På det tyske landslaget hadde ein i VM-troppen innlemma fem austerrikarar, medan jødane var blitt utelukka.
Fifa hadde ingen innvendingar mot ei slik ordning. I arrangørlandet Frankrike, der ei venstreorientert og antifascistisk Folkefrontregjering sat ved makta, hevda Jules Rimet at VM var «ein strålande metode for å overvinna antipatiar og manglande forståing mellom land».
Ikkje nok med det, han la til at «somme Fifa-leiarar nok er betre informerte enn opinionen for å forstå den eigentlege essensen til desse regima». Sett i samanheng med andre ytringar frå Rimet, var dette ei klar legitimering av den europeiske fascismen og nazismen, noko som står i sterk kontrast til det evinnelege pratet som representantar for offisiell sportsideologi kjem med. Dei har jo i alle år streka under kor viktig det er at sport skal vera upolitisk.
Fotball som pressmiddel
I 1998 erklærte den dåverande presidenten for Fifa, João Havelange, at han ville arrangera ein fotballkamp mellom Israel og Palestina i den mest brennbare konflikten i vår tid. «Fotball kan skapa forståing mellom folk som alt for lenge har stått med ryggen mot einannan», hevda Havelange, utan særleg politisk teft og realisme. Det gjekk ikkje betre då noverande Fifa-president Gianni Infantino nyleg prøvde seg på det same. Også no enda det med total fiasko, og det for open scene under organisasjonen sin kongress i Vancouver, Canada.

PLO hadde frå 1964 sendt landslag ut på turnear for å sikra støtte til den palestinske saka. Og i april i år møtte Vålerenga kvinner det palestinske kvinnelandslaget til vennskapskamp i Oslo. Inspirasjonen til PLO kom frå frigjeringsfronten FLN i Algerie, i den kampen som blei ført mot kolonimakta Frankrike på slutten av 1950-talet.
Fotball er blitt nytta som politisk pressmiddel, som då det jugoslaviske landslaget blei utelukka frå EM i 1992. Slik synte det internasjonale samfunnet at ein heldt regimet i Beograd ansvarleg for krigen mot Kroatia.
Sanksjonsmiddelet var svært effektivt Meir enn noko anna straff ‒ militær, politisk, økonomisk ‒ råka utelukkinga frå Euro 92 den serbiske folkesjela og fekk det til å kjenna seg isolert internasjonalt sett. Objektivt sett skulle det vera særs gode grunnar til å utelukka Israel frå liknande internasjonale hendingar i dag.
Då Argentina arrangerte fotball-VM i 1978, var det om å gjera for dei militære, som hadde rana til seg makta gjennom kupp to år tidlegare, å syna at landet, ut frå deira ståstad, var eit anna enn det som kom fram i internasjonal presse, der dei talrike og særs alvorlege brota på menneskerettane dominerte. Militærjuntaen ville presentera eit sameint land og utnytta dei argentinske sigrane for alt dei var verde, og vel så det. I tv-bileta som gjekk verda over, var det dei unisone ropa om «Ar-gen-ti-na, Ar-gen-ti-na» som gjalla, alt etter generalane sin smak.
Men mange tok òg til å ropa «Argentina campeón, Videla al paredón» (Argentina meister, Videla (leiaren for militærjuntaen) til rettarstaden), og dét var det ikkje alle journalistane som fekk med seg og rapporterte om. Slike rop kom ein med på stadion, der individet forsvinn i massane og det ikkje er så lett å identifisera og arrestera dei som står bak ropa.

Fotball som nasjonsbyggjar
Éin nasjonalstat ‒ eitt fotballandslag. Først på 1990-talet fekk Europa eit sant virvar av nasjonar og landslag då Estland, Litauen, Slovakia, Georgia, Slovenia, Kroatia og andre i den tidlegare austblokka mellom anna nytta fotballen som strategi for å førebu politisk lausriving og sjølvstende.
For fotballen kan signalisera misnøye i eit folk og såleis føregripa hendingar med store politiske konsekvensar. Følgde ein med på sovjetisk og jugoslavisk fotball før 1990, blei ein ikkje overraska over dei eksplosjonane av nasjonalistiske rørsler som manifesterte seg på 1990-talet. Det gjaldt til dømes når Spartak Moskva spelte mot Dynamo Tiblisi i Georgia ved Svartehavet, eller mot Dynamo Kyiv frå Ukraina litt lenger nordvest.
I Spania er fotballen sterkt politisert i somme regionar ‒ Baskarland og Catalonia i første rekkje ‒ i ein grad som kan minna om situasjonen i sovjetrepublikkane før Sovjetunionen gjekk i oppløysing på slutten av 1980-talet, eller slik det var i nyss omtala Jugoslavia før krigane der i 1990-åra. FC Barcelona sitt slagord «Barҫa, més que un club» (FC Barcelona, meir enn ein klubb) refererer til klubben som flaggskip for heile den katalanske regionen.
Både på det personlege og det kollektive planet har klubben, historisk sett, hatt mykje å seia som identitetsmarkerande faktor.
Då publikum på Barҫa sin heimebane Camp Nou i 2010 tok til å ropa Li-ber-tad, Li-ber-tad etter 17:14 minuttar i kvar omgang, symboliserte det at Catalonia i 1714 mista sin fridom og at fridomskampen mot det sentralistiske Bourbon-regimet då starta.
Under Franco-diktaturet blei Real Madrid, med fem europacupsigrar på slutten av 1950-talet nytta propagandamessig av det autoritære regimet. At det provoserte katalanarar og baskarar er mildt sagt, og då den politiske opposisjonen tok til å røra på seg, var det fotballklubbar som spelte nokre av hovudrollene: FC Barcelona i Catalonia og Athletic i Baskarland. Utan at den politiske fridomen kom.
Men ingen er som Uruguay, som blei nasjon takka vera fotballen. I dette landet er ein sterkt medviten om den funksjonen fotballen har spelt for den nasjonale identiteten.
På 1800-talet hadde dei intellektuelle spurt seg sjølve om landet var ein provins eller ein nasjon. Så vann landet det første fotball-VM, med 4‒2 over Argentina, og Brasil-VM i 1950, der dei slo Brasil 2‒1 i finalen. Dermed hadde dei sett på plass begge dei gigantiske naboane, som såg ned på «el paisito» ( det vesle landet) og hadde prøvd å innlemma Uruguay i sine respektive territorium på 1800-talet.

Boikott av autoritære regime
Dei første forsøka på idrettsleg boikott kom som følgje av framveksten av autoritære regime på 1930-talet. Politikk, i første rekkje klassekamp og ideologisk strid, var det som gjorde at mange boikotta nazi-OL i Berlin i 1936, og heller ville delta i eit Barcelona-OL som det ikkje blei noko av på grunn av borgarkrigen i Spania.
OL i Moskva 1980 blei boikotta av vestlege land på grunn av Sovjet sin invasjon i Afghanistan året før. Korfor ikkje då også boikotta fotball-VM når ein tenkjer på USA sine aggresjonar rundt om i verda.
Fifa kunna ha teke initiativ ‒ slik vi har sett organisasjonen gjera mange gonger før ‒ men er dei seinaste åra blitt gjennomsyra av korrupsjon, og står dessutan i ledtog med USA og president Donald Trump. Kan henda ein boikott-aksjon i mindre målestokk ville ha ein viss effekt? Det er tvilsamt så lenge ein har eigne interesser å forsvara, slik Noreg har i år med eit bra landslag som vil kunna gjera det godt i fotball-VM.
Vi må dessutan ikkje gløyma at fotballen er den idretten som har størst innverknad på folk og politikk rundt om i ei verd der meiningane er svært delte om både politikk og nasjonalitet.