Da me var dei beste i verda

Svensktoppar, krabbefeiring, flaum og gisseldrama stod på menyen då Noreg i suveren stil vann VM-gull hjå söta syster.

Tekst: Nils Henrik Smith

Måndag 19. juni 1995 var i mangt og mykje ein vanleg dag i Indre Akershus Blad. Dagens utgåve var dominert av saker om storflaumen som herja på Austlandet denne sommaren. Lensmannsbetjent Tore Kampen, som saman med kollegaen Svein Arne Hansen hadde hatt ansvaret for tryggleiken til 40.000 menneske denne helga, var bekymra for kapasiteten hjå ordensmakta. Knut og Eydis Hansen hadde vore evakuerte frå huset sitt i fleire veker, og sjølv om vatnet no var i ferd med å trekkje seg attende visste dei framleis ikkje kor tid dei kunne flytte heim igjen.

Elles dominerte det tradisjonelle lokalavisstoffet. Fetsokningen Ståle Kalvik hadde utstilling på Blaker Skanse med sine dekorative smijernsdyr. Elleve år gamle Tor Eirik Stalheim frå Hemnes hadde funne ei løvetann med tre hovud. Ein prestekjole frå 1700-talet var stolen frå Setskog kyrkje. Politiet etterlyste ein blå Ford Escort med gule skilt. Skatteinngangen i Rømskog var noko høgare enn budsjettert. Og så vidare. Business as usual.

Men på framsida var det bilde av verdens beste fotballspelar.

25 år gamle Hege Riise frå Momoen løfta VM-pokalen opp framfor seg medan ho kyssa han med attlatne augo.

Jenta te’n Odd og ‘a Britt hadde scora fem mål og slått like mange målgjevande pasningar i løpet av VM, og dominert turneringa frå byrjing til slutt. I den offensive rolla på den norske midtbanen hadde 1,64 høge Hege alt: Teknikk, kreativitet, speleforståing, arbeidskapasitet og vågemot. I VM scora ho til og med på heading! Prestasjonane hennar var oppsiktsvekkjande på meir enn...

Du må være abonnent for å lese saken

Josimar er helt avhengig av våre abonnenter for å fortelle historiene fra fotballen som betyr noe. Bli abonnent i dag!

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.