Eit djupdykk i ein vinnarskalle

På tre år har Tuva Hansen gått frå å vere i gullstriden i Toppserien med Klepp til å kjempe om ligagullet i Bundesliga for ein av dei største storklubbane i Europa, Bayern München.

Tekst: Karina Fløysvik Hæåk

Tuva Hansen er med på videolink i 15-tida ein tysdag etter at dagen på «campus», anlegget til Bayern München, er over. Bayern München førebur seg til ligainnspurten, der dei siste kampane vil avgjere om det er Wolfsburg eller Bayern München som stikk av med ligagullet.

– Det hadde vore dritkult å ta ligagullet. Me har vore med i tre turneringar, men har roke ut av både Champions League og cupen, så eg trur folk er veldig gira på å ta ligagullet.

Hansen er ein spelar som speler med kjenslene utanpå drakta og som er kjend for å vere ein vinnarskalle med eit enormt konkurranseinstinkt.

– Det spørs veldig korleis ein tapar og kor seigt tapet er. Det er drit å tape. I dag vann laget mitt i boksspel på trening og då er dagen min gjort. Då er eg glad resten av dagen.

Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at eit ligagull i første sesongen i tysk fotball ville smakt utruleg godt. Hansen, som forlenga kontrakten med Brann seinast hausten 2022, blei Bayern München-spelar desember same år. Forskjellane mellom norsk og tysk fotball er merkbare.

– Fysikken er annleis. Spelarane er større, raskare og smartare. Dei antatt svakaste laga ligg som regel veldig kompakt og er vanskeleg å trenge i gjennom. I Noreg er det ofte meir fokus på at dei svakaste laga ønskjer å utvikle seg og spele sitt spel.

Kvardagen er òg forandra, der auka profesjonalitet og intensitet på treningane er noko a...

Du må være abonnent for å lese saken

Josimar er helt avhengig av våre abonnenter for å fortelle historiene fra fotballen som betyr noe. Bli abonnent i dag!

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.