Vil du få tilbake trua på fotballen? Ta ein tur på Ekebergsletta.
Tekst: Nils Henrik Smith
Foto Eivind Hauger
Eg fekk aldri vere med i Norway Cup. I løpet av alle dei åra eg spelte fotball i Bryne FK si barne- og ungdomsavdeling på 80- og 90-talet var aldri laget vårt mellom dei heldige utvalde som fekk bere den heilage raudkvite drakta i verdas største fotballturnering. Så vidt eg kan hugse fekk me heller aldri noka forklaring på kvifor, og dét kan jo vere forvirrande for barn, men eg har for lengst forstått det no: Me var for dårlege. På denne tida hadde Bryne nemleg eit sjølvbilete som passa stadig dårlegare etter kvart som åra gjekk: Klubben var Mønsterbruket på Jæren, ein institusjon som skulle vere med og forme norsk fotball fram mot og inn i det nye tusenåret. Kort sagt: Ein mektig toppklubb.
Det sa seg sjølv at ein sånn klubb ikkje kunne drive å sende sine unge håpefulle heilt til Oslo berre for at dei skulle få oppleve å vere del av noko større enn seg sjølv og skaffe seg minne for livet. Nei, viss ein skulle delta måtte det vere for å vinne heile driden. Og laget vårt kom ikkje til å vinne. Me var ikkje elendige akkurat. I seriespel og lokale cupar som Grønt Gras og Knudahei-turneringå vann me like ofte som me tapte mot lag som Nærbø, Varhaug, Ålgård, Orre, Brusand og Vigrestad, men me var ujamne, sårbare for tilsynelatande uforklarlege mentale kollapsar og ikkje minst uhyre suspekte på defensiv dødball. Nøyaktig som Bryne sitt A-lag, altså. Det sa seg sjølv at du ikkje kunne senda eit sånt lag til sjølvaste Norway Cup. Rett nok vann me alltid stort mot dei aller svakaste laga i distriktet, altså Lye og Figgjo, men på same måte som dei var sjanselause mot oss ville me vera sjanselause mot internasjonale superlag som Pequeninos do Jockey eller Åsane. Det var berre å gløyme.