MILFs i manesjen

Det er mykje som skal stemme dersom planen er å få folk som har lagt opp ut på banen igjen. Møt Rennesøy MILFs.

Tekst og foto: Maren Bø

Nkkers, er det for 1995 eller? Kva med stillongs under shortsen då, er det eit alternativ?
Dette er berre ein av fleire viktige detaljar som må på plass, før ein våger seg tilbake på fotballbanen igjen, etter ein pause så lang at du var sikker på du aldri skulle ta på deg eit par Copa Mundial igjen. 

Viss fotball har vore ein stor del av livet ditt, uansett nivå, og du sluttar, er det eit vist sannsyn for at det finst eit stort sakn der. Ja, etter eit par år med pause frå ballen, kan faktisk skadar og sjølve grunnen til at du slutta, vere heilt gløymt. 

Eg var 38 år og hadde ikkje gløymt kvifor eg slutta. Eg hadde berre flytta til ei øy der det ikkje fanst noko lag. Eller det fanst eit A-lag, men tre treningar i veka der eldst spelar var 19 år vart for ambisiøst. 

Etter to år utan fotball vart freistinga for stor. To sesongar av den legendariske TV2-serien «Alt for Årdal» på skjermen hadde også gjort sitt. Eg måtte få i gang eit old girls-lag.

– Skal me spele kamp, eller?
Det er mykje som skal stemme dersom planen er å få folk som har lagt opp, ut på banen igjen. For det er vanskelegare å få dei som fyrst har teke valet om å slutte med fotball, til å begynne igjen, enn det er å halde på dei som har haldt det gåande jamt og trutt frå ungdomstida.

Mange har også sjølvsagt skaffa seg ei ny treningsgjeng: yoga, jogging og crossfit slikt. Men alle med eit ekte fotballhjarte veit at dette er ikkje det same. 

Det er annleis å spele på eit ekte lag, i ein klubb. Den store skilnaden ligg i ...

Du må være abonnent for å lese saken

Josimar er helt avhengig av våre abonnenter for å fortelle historiene fra fotballen som betyr noe. Bli abonnent i dag!

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.