Draumar og dribleraid

Den beste utdanninga eg har fått som person, har føregått i garderoben, på treningsfeltet, på kampar, på reise og i rutinane som følgjer med fotballen i kvardagen. Me speler fordi me elskar fotballen.

Tekst: Karina Fløysvik Hæåk
Foto: Privat og Vegard Hanssen

3. mai i fjor var ein merkedag for meg. Laget mitt, Bryne FK i 2.divisjon, spelte cupkamp mot IK Start på Sør Arena i Kristiansand. Det kan verke rart at dette var ein stor dag for meg, då me presterte å tape 3–0 mot eit lag i ein divisjon under oss. Akkurat det var faktisk utruleg flaut, og på den tre timar lange bussturen heim, var det like stille som i grava.  

Men for meg var det faktisk ein merkedag i karrieren min som fotballspelar. Som liten vaks eg nemleg opp som Start-supporter. Og eg hadde éin draum: å bli trenar for Start. Som 7-åring kunne eg namna på alle i troppen på rams og eg strikka min første og til no einaste genser i livet som 8-åring, sjølvsagt ein i gult og svart. Eg perla òg heile troppen til Start, der både hår- auge- og hudfarge stemde med utsjånaden til kvar enkelt spelar.

Med bursdag på «fotballens nasjonaldag», 16.mai, var lenge utfallet av Start sin kamp den viktigaste faktoren til om eg synest eg hadde hatt ein fin bursdag eller ikkje. Eitt år sveltestreika eg ut dagen då nedrykk frå Eliteserien var eit faktum. Eg grein òg utrøsteleg då eg i eit friminutt i 3. klasse på barneskulen blei fortald at favorittspelaren min, Kristoffer Hæstad, gjekk på lån til Wigan. Eg var med andre ord lidenskapeleg opptatt av favorittlaget mitt. Eg såg alt, las alt og kunne alt om Start.

Du må være abonnent for å lese saken

Josimar er helt avhengig av våre abonnenter for å fortelle historiene fra fotballen som betyr noe. Bli abonnent i dag!

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.