Julekalender #24 Fotball er ikkje underhaldning

Denne teksten er skriven med eit enkelt siktemål, nemleg å oppklare den største av alle misforståingar, avlive den mest mystiske av alle myter, rettførestelle den vrangaste av alle vrangførestellingar, nemleg vrangførestellinga om at fotball er «underhaldning». 

Tekst Nils Henrik Smith

Gi bort Josimar i julegave! Her kan du gi bort årets lissepasning til en fotballvenn. Ett års abonnement (8 utgaver inkl. VM- og Premier League-bibel) for 699,- I tillegg får man med siste utgave i 2017 gratis som man kan legge under juletreet. Bestill her!

Problemet med å gje seg sjølv ei slik oppgåve, er ikkje at ho er så vanskeleg, men tvert i mot at ho på sett og vis er altfor enkel. Sanninga er nemleg så sjølvinnlysande at viss du skjønar det, er det bortimot umogleg å fatte at det er mogleg å ikkje skjøne det, og viss du ikkje skjønar det, er det, av før nemnte grunn, veldig krevjande for oss som skjønar det, å gjere greie for det, iallfall viss vi ynskjar å unngå å verke veldig nedlatande.

Eg skal ikkje leggje skjul på at eg meiner at vrangførestellinga om at fotball er underhaldning – og dei som trur (eller latar som dei trur) på henne – er eit alvorleg problem, ja faktisk eit eksistensielt trugsmål mot fotballen. Fotball er ikkje underhaldning, men det kan ein dag verte det, og då er det vakre spelet vi alle (?) elskar, øydelagt for alltid. Underhaldningsindustriens dramaturgiske krav står nemleg i direkte motstrid til fotballens suverene logikk, og aldri kan dei to sameinast.

Når eg møter folk som trur, eller ynskjar å tru, at fotball er underhaldning, freistar eg å sjå på dei med forståing, for eg veit at dei vert manipulert av mektige krefter. Men lett er det ikkje. Eg kan nemleg ikkje nekte for at det gjer meg brennande harm å tenkje på at dette opplagt feilaktige og uhyre skadelege synspunktet har fått så stor gjennomslagskraft, og mot dei ansvarlege kjenner eg noko som i mine svartaste stunder kan minne om hat. Å hate ynskjar eg ikkje, difor må eg kontinuerleg minne meg sjølv på at (dei fleste av) mine meiningsmotstandarar og eg (trass alt) er sameinte i kjærleiken til spelet (sjølv om mine meiningsmotstandarar, diverre, elskar det på feil grunnlag).

Eit vanleg synspunkt mellom dei som trur at fotball er underhaldning, ser ut til å vere at fotball er underhaldning fordi det er (eller kan vere) underhaldande å sjå på (noko eg skal vere den siste til å nekte for). Dette synspunktet kan verke logisk, men er det på ingen måte. Det er nemleg slik at menneskeleg aktivitet som oftast har eit føremål, og eventuelle utilsikta bivirkningar av aktiviteten (som fotballens (tidvise) underhaldningsverdi), bør ikkje få lov til å skugge for dette føremålet. Og, same kva FIFA, Sky Sports eller andre aktørar på «marknaden» kor fotball vert feilaktig framstilt som noko så fornærmande simpelt som eit «produkt» måtte fortelje deg: Føremålet med fotball er på ingen måte at DU skal verte underhaldt.

Som Jonathan Wilson, min medskribent i Josimar og kanskje den fremste fotballjournalisten i den engelskspråklege verda, så klokt og korrekt har påpeikt: Då fotballen oppstod, var den ikkje meint som nokon publikumsaktivitet. Den oppstod som eit (særs vellukka) forsøk på å skape ein situasjon kor to lag kunne måle seg i kamp, i konkurranse. (Meir indirekte oppstod fotballen fordi ein i det viktorianske England bekymra seg for moralsk forfall. Særleg frykta ein den grufulle onanien og dens konsekvensar, som ein meinte var galskap, død og evig fortaping. Ein meinte difor det var klokt å engasjere ungdomen i fysisk kappestrid, slik at dei fekk brukt opp all sin energi og ikkje fall i syndige tankar. Med andre ord: Fotballen oppstod fordi ein gjeng svartkledde moralistar på den engelske landsbygda ville hindre unge gutar i å runke, og viss dét ikkje er eit sært opphav for eit «underhaldning»-fenomen, veit ikkje eg!) Etter kvart kom stadig fleire lag til, og ein byrja å organisere turneringsspel av ymse slag. Det viste seg imidlertid at mange var interesserte i å få vere augevitne til kappestriden, og at dei til og med var viljuge til å betale for dette privilegiet. Men sjølv då (og dette er viktig) var interessa ved kampen først og fremst begrunna i spenning ved resultatet, ikkje det eventuelle estetiske behag ein kunne oppleve ved å bivåne kamphandlingane. Kort sagt: Fotball er ikkje underhaldning. Det er ein sport.

No er det rett nok mange definisjonar av underhaldningsomgrepet som inkluderer sport i det, men slike definisjonar baserer seg på ein elementær logisk brist. Trass i at ein kan oppleve mange av dei same kjenslene (glede, spenning, sågar frykt) både på sportsarenaen og i underhaldningsarenaen, er sport og underhaldning likevel tufta på diametralt motsette prinsipp. I omgrepet «underhaldning» ligg nemleg visse implisitte sjangerforventningar, som publikum (til ein viss grad) har krav på å få oppfylt. Ein Die Hard-film kan ikkje ende med at Bruce Willis vert knust av ein trailer. Justin Bieber kan ikkje halde ein konsert kor han kun framfører Bob Dylan-låtar. Publikum vil gjerne sjå at tryllekunstnaren «sagar kvinna i to», men viss han faktisk sagar henne i to, er det problematisk, og dét ikkje berre av juridiske grunnar. I all underhaldning finst ein uskriven kontrakt mellom aktør og publikum. Vi kjem for å få det vi ventar å få, og aktøren pliktar å gje oss det. (Rett nok finst underhaldningsaktørar som medvite provoserer sitt publikum, men sjølv då er dette som oftast kjent på førehand, og underhaldninga vert i slike tilfelle som oftast kalla «kunst».)

Vrangførestillingar
I sport er det, som dei fleste vil innsjå viss dei tenkjer seg om, nøyaktig motsett. Sportens verdi som publikumsarrangement består i at ingen på førehand kan vite kva som vil skje. «Underhaldinga» (i den grad den finst) er underordna konkurransen. Utøvaren har inga anna plikt enn å freiste å sikre sigeren (eller, som ofte er tilfelle i fotball, uavgjortresultatet) for seg sjølv eller sitt lag. Tilskodaren har ingen annan rett enn å få vere vitne til korleis resultatet vart skapt. Eit fotballag har ein ubestrideleg rett til å nytte alle ifølgje reglane tillatne midlar for å oppnå det ynskja resultat, utan å ta noko omsyn til kva publikum måtte meine. Den som går på fotballkamp, eller ser fotball formidla via skjerm, kan sjølvsagt håpe på «underhaldning» – kva ein no måtte leggje i dette – men har på ingen måte rett til å verken krevje eller forvente det.

Som lesaren no (vonleg) har skjøna: Fotball (og sport generelt) skil seg frå «underhaldning» på så vesentlege punkt at det ikkje kan kallast underhaldning. Likevel er det ubestrideleg (som eg alt har vedgått) at fotball kan ha underhaldningsverdi, og vi kan trygt gå ut frå at mange følgjer med på fotball først og fremst i von om underhaldning. Men, spør lesaren seg kanskje: Kvifor er dette eit problem? Kvifor kan ikkje dei som lever i den opplagt feilaktige trua på at fotball er underhaldning få ha vrangførestellingane sine i fred? Svaret på det er at eit for sterkt fokus på fotballens potensial som imaginært underhaldningsfenomen vil true dens sportslege integritet. Det finst klare faresignal allereie, og det er all grunn til å frykte at dei vert sterkare i åra som kjem. Kva meiner eg så med dette?

Vel, for det første: Eit for sterkt fokus på fotball som underhaldning vil uunngåeleg føre til at dei som har økonomisk interesse av å framstille fotballen som eit «produkt» – rettigheitshavande media og fotballens eigarorganisasjonar – vil freiste å hausse opp kvaliteten på «produktet». Dette er alt eit relativt stort problem, som kjem tydelegast til syne under fotballens største enkeltarrangement, VM, og aller tydelegast i framstillinga av VMs mestvinnande nasjon, Brasil. Kvart VM-år vert vi fortalt at Brasil spelar frapperande artistisk, gladhjarta draumefotball «som alle elsker å se»! Problemet med denne påstanden er at den ganske enkelt er usann. Det er heva over tvil at det brasilianske landslaget på sitt beste har spelt noko av den mest sjåverdige offensive fotballen verda har sett, men sist dei var på noko som kunne minne om sitt beste, var (viss ein er velviljug) i 2002. Dei tre siste meisterskapa har spelet til Brasil vore både kynisk og uinspirert, likevel held media fram med å gjenta og forsterke myten. Til og med Nils Johan Semb – ein mann som elles ikkje er kjent for å vektleggje fotballens underhaldningsaspekt særskilt tungt – hylla det grufulle Brasil-laget frå 2010 for å spele såkalla «sambafotball». Ein skulle kanskje tru at etter det audmjukande 1-7-nederlaget Brasil (og deira gjennomført usympatiske overklassepublikum) vart påført på heimebane i 2014, har FIFA og media lært: Men sann mine ord! Neste år er det meiningslause mytemaskineriet i gong igjen. Ein kan sjå noko liknande (om enn langt mindre alvorleg) i omtalen av Cristiano Ronaldo. Sjølvsagt er han ein fantastisk spelar, og, i motsetning til Brasil, like god no som før – men kommentatorar og studioekspertar heldt fram med å kalle han «driblekunstnar» i mange år etter at han hadde slutta å drible. Denne tendensen til å framstille fenomen som noko anna (og betre) enn kva dei er, er ein djupt problematisk konsekvens av idéen om fotball som ein del av underhaldningsindustrien. Fotball er, trass alt, noko som finn stad i den verkelege verda, og det bør ikkje vere for stor avstand mellom kva folk faktisk ser og kva dei vert fortalt at dei skal sjå.

Lov å være kynisk
For det andre: Å vurdere fotball som underhaldning er i seg sjølv problematisk, men det synest meg óg at dei rådande førestellingar om kva «underhaldande» fotball er, lét til å vere altfor snevre. Når spørsmålet vert brakt på bane, tek ein som regel for gitt at dét alle ynskjar seg, er offensiv, ballbesitjande fotball med mange kortpasningskombinasjonar og individuelt artisteri, altså ein spelestil omtrent som den Barcelona har vore dei fremste eksponentane for det siste tiåret. Men det er slett ikkje verken sjølvsagt eller sant at Pep Guardiola-stilen er den som synest alle fotballelskarar fagrast – somme føretrekk faktisk iherdig kampfotball à la Diego Simeone eller Antonio Conte sine taktiske røverstrekar – og det er altfor lett, når ein ser fotball i eit underhaldningsperspektiv, at den viktigaste grunnen til at Barça vann slik popularitet med sin stil, var at den var ekstremt suksessrik. Likeeins er det liten grunn til å tru at Chelsea-fans i utgongspunktet er meir disponerte for å like fans av slu kontringsfotball enn fans av andre lag, men når José Mourinho sikra klubben sin første ligatittel på femti år med ein slik spelestil, var klagesong sjeldan å høyre på Stamford Bridge. Vår alles kjære husgud Drillo sa ein gong at resultatet er det einaste attraktive i fotballen. Dét er ikkje sant – noko som kanskje best lét seg bevise ved Drillo sin eigen openbare frustrasjon og avsky når han kommenterer lag med ein spelestil han sjølv mislikar – men resultatet har forrang, og fans som ville prioritere ein «underhaldande» spelestil framfor suksess, er sjeldne. (Det finst dog ein del som hevdar at dei ville gjort det, og desse er påfallande ofte fans av ekstremt suksessrike lag.)

For det tredje: Viss vi likevel godtek, for diskusjonens skuld, at det finst ein spelestil som, frå eit underhaldningsperspektiv, er overlegen alle andre, følgjer det tilsynelatande logisk at alle lag burde gå inn for denne stilen (eventuelt verte tvingja til det viss dei ikkje gjorde det friviljug). Men dette er heller ikkje sant. Med mindre ein kunne ordne det slik at alle lag hadde nøyaktig like talentfull spelartropp, ville det tvert imot gjere fotballen svært føreseieleg og keisam. Rett nok ville ein (kanskje) få fleire fartsfylte, underhaldande kampar mellom middels gode lag, men dei små ville ikkje lenger ha den ringjaste sjanse til å slå dei store. Og det er nettopp det at dei har dét, som er grunnlaget for fotballens umåtelege popularitet. Viss alle lag måtte spele som Barcelona når dei spelte mot Barcelona, ville Barcelona, takka vere sine overlegne evner, vinne dei fleste kampar 15-0. Sjølv Barca-fans ville truleg finne dét ganske traurig i lengda. Nei, lat oss prise Herren for at vi har defensiv fotball, at det er lov å vere kynisk, kalkulerande og slu, og slik hindre at dei mektige som ynskjar at underhaldninga skal triumfere over fotballen, i å nå sitt onde forsett!

Underholdningsprodukt
For det fjerde: Frå eit underhaldningsperspektiv er det logisk å gje det store fleirtalet det dei ynskjar. Sidan somme lag er meir populære enn andre, burde ein difor sørgje for at desse laga – som vanlegvis er populære fordi dei alt har hatt suksess over tid – har størst mogleg sjanse til å vinne. Dette vert alt i stor grad gjort, gjennom seeding, TV-avtalar basert på marknadsandel etcetera, og det er neppe ynskjeleg at utviklinga går særskilt mykje lenger. Framleis er det heldigvis slik at laga, ut frå eigne føresetnader, stiller likt før kampen tek til, og får den same belønninga (tre poeng, ein plass i cupfinalen) for å vinne. Det er ingen ekstra poeng å hente for verken popularitet eller underhaldningsverdi. Dette er avgjerande for fotballens legitimitet som sport. Vurderer ein spelet som underhaldning – kor føremålet er å gje folk (flest) det dei vil (eller trur dei vil) ha – er ikkje dette like opplagt. For augneblinken er det neppe aktuelt, men i framtida kan ein godt sjå føre seg at spelets herskarar (som, diverre, i realiteten er slavar under fotballens fascisme, underhaldningsideologien) kan finne på å forstyrre den sportslege balansen ytterlegare gjennom ulike system som belønner lag for underhaldningsverdi vurdert etter ymse diffuse kriteria (scoringsfrekvens, ballinnehav, antal overstegsfinter og tunnelar). Eller kvifor ikkje gå heile vegen og gje populære lag ekstrapoeng ganske enkelt for å vere populære? Då vil den sportslege legitimiteten forvitre, verte til inkje.

For det femte og truleg aller viktigaste: Når ein vurderer fotball som reint underhaldningsprodukt, vert det fort klart at fotball er eit ekstremt dårleg underhaldningsprodukt! Den som vender seg til fotballen for underhaldning, vert skuffa heile tida: Den store stjernespelaren vert skada, kampen er sjansefattig og tam, siger vert vendt til nederlag i siste speleminutt og laget ditt rykkar ned. Fotball er påfallande ofte ei kjelde til djup frustrasjon. På den tida han slo gjennom i Start, overraska det unge keepertalentet Espen Johnsen mange med å fortelje at han sjølv sjeldan såg på fotball: «Hvorfor skulle eg gidde å bruke 90 minutter på en kamp som kanskje ender 0-0?» Nasjonens fotballentusiastar undra seg over at Johnsen underminerte verdien av legitimiteten til ein aktivitet han sjølv sysla med, men utsegna oppsummerer på ein sjeldant perfekt måte problemet med fotball som underhaldningsprodukt. Trass i dette er fotball altså umåteleg populært. Sporten er verdas største folkelege fascinasjon. Posisjonen er ikkje ein gong truga. Eg antydar med andre ord at sjølv dei som hevdar å først og fremst sjå på fotball for underhaldninga si skuld, i røynda er på jakt etter noko anna. Kva dette måtte vere, er eit så stort spørsmål at det fortener å verte behandla i eit eige essay – Følg med! Følg med! – men her og no er sirkelen slutta og eg kan konkludere med at fotball ikkje er underhaldning, ikkje ein gong for dei som trur at det er det!

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.