Pass på pulsårer

Finst det ein måte å spele old girls-fotball utan å bli skada?

Tekst og foto: Maren Bø

I følgje Fotballtreneren.no er 22 prosent av spelarane i Toppserien ute med skade kvar veke. Min fyrste tanke var at snittet i old girls-fotball må vere langt høgare, men dette var ikkje nødvendigvis rett. Sjølv om musklar og ledd heilt klart skrantar meir, er også den totale trening og kampbelastninga langt mindre, på godt og vondt. 

LES OGSÅ: MILFs i manesjen

Etter ein halv sesong med litt for høg kampbelastning – det vil seie kamp om lag kvar tysdag i ni veker – er Rennesøy Old Girls oppe i ein skadeprosent på 20 prosent. På rundt femten meir eller mindre aktive spelarar er resultatet ein knekt ankel, ein forstua ankel og eit øydelagt korsband. Om ein reknar med diverse anna smårusk i hofter og akillesar jamt og trutt, er skadeprosenten også her oppe og nikkar på 22.

Å gardere seg heilt mot skadar er umogleg. Du kan heller ikkje styre andre. Sjølv om det er sjeldan, finst det alltid idiotar der ute, som i kampens heite mistar alt dei har av fotballfornuft. Du kan heller ikkje gardere deg mot belastningsskadar, ikkje ein gong sjølv om du er eksepsjonell på styrketrening og konsekvent oppdatert på skadefri.no. 

Tvungen stilendring
Der det er mykje å hente, er i eigen spelestil. Ein treng til dømes å ikkje gjere duellspel til sin fremste kvalitet. 

Sjølv var eg ein av ei som ikkje klarte å halde igjen før eg måtte. I ein kamp på Dælenenga pådrog eg meg ein sjuk skade som verken eg, eller andre på Ullevål sjukehus, hadde høyrt at kunne skje på ein fotballbane. 

Ein knallhard ball trefte meg sidelengs rett på halsen. Eg vart slengt i bakken, men reiste meg ikkje lenge etter, gjorde nokre gode nakkerøyrsler og spelte vidare. Helga etter var eg på cup. Fleire kampar på rad gjorde meg litt svimmel. Lagveninnene mine meinte eg burde ete meir jern. 

Etter siste kamp fekk eg usannsynleg vondt i hovudet. Dagen etterpå mista eg kjensler i høgre litlefinger og starta å gløyme ord. Det var på tide å ringe legevakta.

MR av den visstnok påfallande lange halsen min, viste at fotballen hadde laga ein fem centimeter lang rift i hovudpulsåra, som etter all sannsyn hadde ført til fleire hjernedrypp. 

Utanom at eg måtte ligge på slagavdelinga i ti dagar, vere sjukemeldt i tre månadar og gå på blodfortynnande i eitt år, var det på høg tid å endre spelestil.

Hårfin balanse
Ein gjengangar på Rennesøy Old Girls, er også at spelarane ikkje klarer ikkje å halde tilbake, ein blir totalt riven med – eit godt konkurranseinstinkt er også noko av det som gjer livet verdt å leve.

Men det heile er ein hårfin balanse. Viss ein er for forsiktig går det ut over kvaliteten, og då er det ikkje lenger kjekt. Det beste å legge om spelestilen til minst mogleg duellar og mest mogleg finspel. Sjølv om me har vakse opp med Drillos, og ikkje Messi, er det mogleg å spele meir ball og dryle mindre. Om det ikkje blir tiki taka frå fyrste augneblink, byrjar det med all livserfaringa etterkvart å likne på noko. Kjekkare er det òg.

Slik kan ein også førebu seg til siste fase i fotballkarrieren, gå-fotball. Ja, det finst på ekte, og her er det i alle fall berre å gløyme lange løpeballar. 

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.