Surmuling på midtbanen

Skal det liksom vere slik no, at ein kan hemne seg på midtbanespelaren fordi spissen er ivrig i ryggen. Det kokar. Ro deg ned, det er berre old girls, seier eg til meg sjølv.

Tekst: Maren Bø
Foto: Ingrid Maria Moe

– Du må tole at eg ramlar over deg, det er jo ditt lag sin feil.

Ein motspelar veltar over meg etter ei takling. Eg blir stoppa i løpet og ber ho halde seg på føtene. 

Like etterpå er det hjørnespark, eit av dei tidspunkta ein truleg kjenner på mest fysisk kontakt i løpet av ein kamp. Å komme seg på rett side av motspelaren kan vere ei mare, å dekke opp ein sur målvakt som veiftar med dei store keeperhanskane – det finst knapt ei meir utakknemleg oppgåve. 

Maren Bø, skrivande og spelande trenar for Rennesøy old girls. 

Tidlegare klubbar: Rennesøy, Mastra, Randaberg, Djerv, Donn, Øystre Slidre, Grüner og Lyn.

Sjølv om stillinga er langt i frå jamn, er det likevel ikkje rart at det skjer noko mentalt i slike situasjonar. Det er menneskeleg å la seg irritere av folk som hindrar deg i å gjere det du vil. Det er faktisk få andre situasjonar i livet der ein blir halden tilbake fysisk, skubba og tråkka på, utan at ein har gjort noko som helst gale. Dess lengre det er sidan sist spelte kamp, dess meir invaderande og plagsamt kan det kjennast ut.

Am ungen min
Mi største utskjellingsfadese hadde eg for om lag ti år sidan. Det var futsalkamp mot Vålerenga. Eg hadde ein unge som ikkje sov, og var utsliten før dommaren bles i gang. Midt i ein hissig andreomgang smalt det i leggen. Sidan det var innandørs, kunne ein også høyre smellet i veggane.

Eg reiste meg opp, men seig i saman igjen. Foten fungerte ikkje, og eg starta difor utskjellinga av motspelaren som stod og såg ned på meg. Eg spurde kva ho tenkte på, og ikkje minst kva ho tenkte med.

– No får du kome heim og amme ungen min, avslutta eg, mens eg såg ho djupt inn i augo.

– Eg var ikkje i deg, parerte ho.

Kjelder kunne seinare fortelje at ho hadde rett, ho var faktisk ikkje var nær meg. Eg hadde klart å ryke akillessen heilt på eiga hand.

Godt vondt
Krangling på banen er godt vondt. Ein eller annan stad inni deg veit du at det ikkje er heilt på alvor. Det stikk ikkje djupare enn at det er gløymt ein time seinare. Viss du ikkje er ein slik som ligg og grublar om natta då. 

Det er òg kort veg frå surmuling til latter. Viss dommaren tabbar seg ut, til dømes. Då kan du plutseleg flire saman med motspelaren, du hata for to minutt sidan – så lenge tabben ikkje gjev det eine laget for store fordelar, vel å merke.

Felles oppsummering etter kampen, helst på McDonald’s, gjev også kampens feidar ein ekstra dimensjon. 

Stemninga er sjeldan betre enn når ein midt i Big mac ‘en finn ut at bitcha ikkje berre har tråkka på deg, ho har òg teke for seg hos dei andre på laget.

– Ja, kva var problemet hennar eigentleg?!

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.