Blogg: Ærlege engelskmenn og italienske juksepavar

Tekst Even Smith Wergeland

EM er langt meir enn ei fotballturnering; det er ein kulturell arena der førestillingar om nasjonal identitet brakar saman med aktuelle politiske og geografiske konfliktar. Dessverre blir denne dimensjonen ved EM ofte presentert i media i form av platte stereotypiar.

«Kvifor ser du på EM, du som ikkje er interessert i fotball til vanleg?» Spørsmålet mitt gjekk til ein kjenning av meg, som repliserte med at «Det er kjekt med dei ulike landa og prestisjen som står på spel når nasjonane som brakar saman.» Slik tenkjer nok mange under EM. Me likar å vere vitne til oppgjera mellom naboland og gamle rivalar. Klubbfotballen er ikkje det den ein gong var. Premier League kan neppe sjåast på som eit representativt bilete på engelsk fotball, eller for den del på England som nasjon. I eit Europa prega av globalisering, transnasjonalisering og utvisking av det særnasjonale, er det fint å drøyme seg tilbake til ideen om at det framleis finst genuine nasjonale identitetar. Media nører oppunder dette ved å utheva motsetnadene mellom laga. Eit døme er Nettavisen si utgreiing av forholdet mellom Nederland og Tyskland, skildra under tittelen «Derfor er Nederland og Tyskland bitre rivaler».

I motsetnad til den kløktige teksten som skjular seg under hyperlenka over, er det sjeldan slik at media nølar med å spy ut stereotypiske skildringar når dei kan. Er alle ukrainske og polske fotballfans valdelege rasistar? Dersom ein skal leggje ein frekvensanalyse i norsk media til grunn, blir svaret heilt klart ja. Kanskje er det slik at EM legg spesielt godt til rette for å dekkje eit behov me alle har i større eller mindre grad, nemleg å få stadfesta fordommane våre? Det er ei velkjend sak at idrett gjev oss høve til å distingvera mellom «oss» og «dei». At media profitterer på markante fiendebilete er duellen mellom USA og Sovjetunionen i tidlegare dagar eit godt bilete på. Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing – beklagar å måtte melda dette til alle der ute som framleis trur at unionen er intakt – opplevde amerikanske tv-kanalar ein dramatisk nedgang i sjåartal under vinter- og sommar-OL, som den britiske økonomen John F.L. Ross skriv om i boka Olympic Homecoming. Eit amerikansk OL-gull var ikkje like gjævt utan kampen mellom kommunisme og kapitalisme i bakgrunnen.

Liknande duellar blir konstruert i samband med EURO 2012, til dømes på denne bloggen. Men er det verkeleg rimeleg å seie at Hellas-Tyskland handlar om EU, som det blir foreslått her? Det same spørsmålet kan rettast mot TV2 sin forhandsomtale av kampen mellom Spania og Italia i Gruppe C. «Spania er dypt rammet av finanskrisen, mens italiensk fotball er rystet av nok en kampfiksingssak. Gigantene barker sammen i fotball-EM søndag, en kamp som ingen vil tape.» Slik blir politikk og jus kobla opp mot fotballen, for å tyne meir dramatikk ut av oppgjeret . Finanskrise mot kampfiksing har meir dramaturgisk snert enn det tørre faktum at elleve spanjolar skal møte elleve italienarar.

Sjølv om ein skal passa seg for å ikkje lesa for mykje inn i ein enkeltståande fotballkamp, er det unekteleg sant, som Josimar-bloggar Stian Skaar får fram i teksten om Hellas og Tyskland, at storpolitikk og andre utanfortståande faktorar spelar inn i synet på dei respektive landa sine landslag. Problemet opptrer når trangsynte og unyanserte oppfattingar får lov å vara ved, utan å at det blir teke eit oppgjer med det. Italia er eit av dei laga som blir utsett for dei verste skildringane, særleg i norsk samanheng. I forkant av EM i 2008, serverte den norske forfattaren Oddmund Vaagsholm følgjande karakteristikk:

«Italia er det ferdighetsmessig sterke Hellas. Italia er Hellas med doping, bestikkelser og overdrevent kroppsspråk, inkludert provoserende og lite elegante svalestup. Italia er det fotball-landslaget i verden som mest kynisk undertrykker flest tilløp til improvisasjon, kreativitet, lekenhet og ukontrollerte initiativ, nettopp fordi at disse mulighetene så åpenbart ligger der, godt til rette.»

Nettsida denne skildringa er henta frå handlar om den store frykta mange nordmenn har før ein internasjonal meisterskap – i alle fall dersom me skal tru dei som uttalar seg – nemleg at Italia og Tyskland skal møtast i finalen. Tyskland er nemleg eit anna land som gjerne kjem uheldig ut i norsk media. Dei blir til dømes aldri heilt kvitt maskinstempelet, same kor fin og leikande fotball dei speler. Ein innsiktsfull kritikk av tanken om Tyskland som eit maskinlag kan for øvrig lesast i Josimar sitt EM-nummer, ført i pennen av Arve Hjelseth. Når Tyskland er gode, blir dei oftare skildra som effektive enn som kreative; som om alt dei gjer er planlagt. Dette heng saman med biletet av Tyskland som ein veldriven politisk organisme og myten om at tyskarar er betre på logistikk og organisering enn folk med andre nasjonalitetar. Denne typen essensialisme, dvs. trua på at det finst ei rotfast kjerne av nasjonal identitet (at noko er «Norsk», til dømes), lever i beste velgåande under EM.

For ein del nordmenn er nok den komande kvartfinalen mellom Italia og England eit oppgjer mellom alt som er bra med fotballen og alt som er dårleg. England blir jamt over framstilt som eit lag som alltid jobbar hardt, som aldri tyr til filming og andre skitne triks, som spelar med framdrift og høgt tempo; dei er kort sagt eit ærleg, reint og ekte lag frå eit land me kulturelt sett likar å samanlikna oss med. Det er også ein myte som lever i England. Italia, derimot, blir som regel bombardert med negative ytringar. Deira våpen er korrupsjon, konspirasjonar og destruktiv taktikk. «For er det noe italienerne kan, så er det å spille kynisk og vente på sine sjanser uten å blottlegge seg bakover», blei det sagt om Italia på Oddsnet. Ein får ikkje inntrykk av at denne skildringa er positivt meint, sjølv om det handlar om kvalitet.

Under EURO 2012 har England blitt hylla fordi dei speler slik dei bør, blir det hevda i norsk media. Hodgson er smart som får ut potensialet i ein spelartropp som ikkje akkurat er det beste England har mønstra. Hadde det vore Italia som la seg bakpå i ein avgjerande kamp i gruppespelet, slik England gjorde mot Ukraina, hadde dei garantert fått kjeft. Å få fram det optimale i eit mannskap er bra for eitt land, og negativt for eit anna. Heldigvis finst det folk som evner å sjå bak stereotypiane. Ein av dei er Italias Daniele De Rossi, som i eit ferskt intervju med the Guardian kallar England ein refleksjon av Italia. Mange norske England-fans ville nok heller slutta å sjå fotball enn å innrømma den opplagte likskapen mellom England under Hodgson og det mytiske Italia dei elskar å mislike.

Det italienske landslaget slik det blir konstruert med norske briller er i stor grad ein fantasi som er i sving for å halda oppe trua på England og engelsk fotballkultur som noko fantastisk. Alle som har vilje til å sjå bakom slike myter, vil finna ut at italiensk fotball har ein rik kultur for offensiv taktikk, kjappe omstillingar og lyst til å eksperimentere. Dette høyrer me lite om i norsk media, fordi det krev meir kunnskap for å forstå og formidla det. Media fokuserer i stor grad på det dei trur folk vil høyre. Dette gjeld også utanom fotballkonteksten. Kor mange gonger har me ikkje høyrt om Italia som landet med vin, mafia, kulturskattar, politisk kaos og pizza? Italia er alt dette, men det er samstundes mykje meir. Det same gjeld fotballen deira. Ingen kan fornekta at italiensk fotball har mykje å stri med. Men kanskje er fotballen skandaløs fordi italiensk politi og styresmakter faktisk etterforskar alt snusket? Det er rart kva ein finn når ein først leitar, apropos det unormalt store fokuset på habilitetssaker i norsk politikk i vår. Har norsk politikarar plutseleg blitt meir korrupte? Eg tvilar. Er italiensk fotballkultur verre enn mange andre? Eg tvilar dessverre der og.

Framstillinga av Italia er likevel ikkje det verste me har sett til no i norsk media under EM. I forkant av Nederland-Portugal hadde NRK eit innslag i sitt EM-studio, som gjekk ut på at tre spelarar på det norske handballandslaget for kvinner skulle plukka ut den kjekkaste spelaren på det portugisiske landslaget. Kvifor valde dei ikkje Irland, kan ein jo spørje seg. Jo, fordi NRK ynskjer å dra sjåarar ved å spela på overvintra idear om kva Portugal, og i dette tilfellet portugisiske menn, representerer. NRK si eksotisering av Portugal var ikkje berre irriterande i kraft av sløsinga med tid, men djupt problematisk med tanke på spørsmål om kjønn og seriøsitet. Kva om det motsette hadde hendt? Viss det norske herrelandslaget i fotball hadde vald ut dei penaste spelarane på eit kvinneleg handballandslag, hadde det blitt oppstyr. Me får tru at både NRK og andre aktørar i norsk media får det betre til i siste fase av EM.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.