Naseplaster, tannlegestolar og mislukka muzak frå Manchester. Her er heile historia om Euro 96!
Tekst: Nils Henrik Smith
Steve Stone starta ingen av dei fem kampane vertsnasjonen England spelte under Euro 96. Han scora ingen mål og slo ingen målgjevande pasningar i løpet av dei tre innhoppa han fekk, og kom aldri på banen for landslaget igjen etter at sluttspelet var over. I alt spelte han ni kampar med dei tre løvene på brystet og scora to mål, begge i privatkampar hausten 1995. Steve Stone burde vere ei fotnote, ein obskur parentes gøymt djupt i den store gløymsla, ein fyr du slit med å hugse kvifor du kjenner att der han i dag sit tankefull og middelaldrande på Everton- benken som assistent for Sean Dyche som iltert bjeffar ordrar til eit strabasiøst kjempande Everton-lag i botnen av Premier League. Men i staden er han eit nittitalsikon, ein levande legende, eit namn og andlet alle fotballentusiastar av ein viss alder nikkar nostalgisk anerkjennande til. Ah, Steve Stone, ja. Tider. Korleis kan dette ha seg? Kva er greia?
Stone var ein iherdig midtbanespelar som fekk meir enn 200 kampar i den engelske toppdivisjonen for Nottingham Forest og Aston Villa og kom på årets lag sesongen 1995-96, men at han òg hadde klare avgrensingar på banen kjem kanskje tydelegast fram i det Jonathan Wilson skreiv i Inverting the Pyramid då han skulle forklare forskjellen på system og spelestil: «One 4-4-2 can be as different from another as Steve Stone from Ronaldinho.» Ein ærleg slitar, men inga stjerne, med andre ord. Likevel er nettopp Steve Stone den første engel- ske spelaren mange tenkjer på når dei tenkjer på Euro 96. Ikkje meisterkeeperen David Seaman, kapteinen og forsvarsbautaen Tony Adams, ballgeniet Paul Gascoigne eller...