Blåvitt! Miraklet som gjentok seg

Det verkar heilt utenkeleg at det kan ha hendt. Men det hende. Første gong det hende, var i 1982. I 1987 hende det igjen. To gonger i løpet av fem år vann ein kameratgjeng frå svenske forstader, skjærgårdsøyer, grøne skogar og djupe dalar UEFA-cupen.

Tekst Nils Henrik Smith

Støtt kritisk og gravende fotballjournalistikk. Bli abonnement på  Josimar her.

IFK Göteborg vart grunnlagt i 1904 og var den trettiniande klubben som slutta seg til «Idrottsföreningen Kamratarna», ei rørsle som spelte ei sentral rolle i den organiserte idrettens utvikling i Sverige og Finland kring førre hundreårsskifte, og som i moderne tid har fostra storstjerner som olympiameistrane Karolina Klüft (sjukamp) og Charlotte Kalla (langrenn). Her skal det imidlertid handle om fotball, ein idrett kor IFK Göteborg raskt utvikla seg til ein av det svenske kongerikets mest populære og framgongsrike klubbar: Dei vart svenske meistrar for første gong i 1908, og har sidan aldri gått gjennom eit tiår utan å vinne (minst) eitt trofé. Totalt har klubben vore svensk meister 18 gonger (inkludert 13 titlar etter at Allsvenskan vart grunnlagt i 1924), dei har 7 svenske cuptitlar og 11 sigrar i Kamratmästerskapen, ei turnering som var open kun for klubbar innan Idrottsföreningen Kamratarna og som vart spelt i periodane 1901-24 og 1940-45. Dette er dei grunnleggjande kjensgjerningar. Bak dei ligg tallause fascinerande forteljingar om legendariske lag, klassiske kampar, triumf og tragedie etc. Her er det dog ikkje tid eller rom til å gå inn på alt dette. I staden byrjar denne forteljinga våren 1977, då IFK Göteborg returnerte til Allsvenskan etter sju års uforklarleg fråver, og to brør frå Galliväre i Norrbottens län kom til klubben. Dei var unge, atten og tjue år, dei var oppvaksne i den vesle bygda Paluhuornas med knapt 150 innbyggjarar, og viss dei kjende ein viss engstelse i møte med storbyen, er vel dét til å forstå. Men Tord og Tommy Holmgren hadde kvarandre, og dei hadde kjærleiken til spelet. Dei visste det enno ikkje, men dei skulle begge kome til å spele sentrale roller gjennom heile Blåvitts gullalder.

Nokså nøyaktig førti år seinare står Josimars audmjuke utsending på ein parkeringsplass på eit industriområde i Västra Frölunda, eit ingenmannsland eit kvarters taxitur utanfor Göteborg sentrum. Eg står her under ein grå, regntung himmel og stirar mot ei like grå bygning i betong, kor logoen til VVS-grossisten AB Rörpojkarna dominerer fasaden. For den som er van med den moderne toppfotballverda, med sine fancy bilar, pretensiøse tatoveringar, trofékoner og i overkant ekspressive hårfrisyrar, verkar kanskje ikkje dette som nokon særskilt sannsynleg stad å skulle møte ein lys levande legende, men det er ikkje desto mindre nettopp difor eg er komen hit. For medan veslebror Tommy for lengst har flytta attende til Lappland, kor han i dag er brannmann og tilbringjer fritida i pakt med naturen, bur Tord Holmgren framleis i Göteborg og arbeider som säljare hjå Rörpojkarna, og har grunna ein travel kvardag bede Josimar møte han på arbeidsplassen. Og viss det verkeleg var slik det vert hevda, at Blåvitt var Folkhemmet i fotballdrakt, ei lekamleggjering av den svenske modellen, det sosialdemokratiske samfunnsidealet, kan vel denne forteljinga knapt starte nokon betre stad enn her, i dette grå, inkjeseiande betonglandskapet befolka av medel-Svenssons iført overalls og med tunge verktøybelte kring livet.

Samhald og schlägere

Blikket er venleg, handtrykket fast. Tord Holmgren ynskjar velkomen og byd på kaffi, lungn på beste svenske vis. Han viser veg inn på eit møterom. Ein fotballkalender på ein vegg. Ei lettkledd jente på ein annan. Kontormøbler frå IKEA. Nøkternt. Vi set oss, og Tords forteljing kan ta til. Norrlänningar er kjent for å vere særs fåmælte, men etter fire tiår blant frittalande göteborgare er eldstebror Holmgren på ingen måte skóren for tungeband. Brørne var begge rekna som store talent, spelte på aldersbestemte landslag og var jakta av fleire allsvenske klubbar, men ei hending hausten 1976 vart avgjerande for klubbvalet. Etter at opprykket til Allsvenskan var sikra, spelte Blåvitt ein venskapskamp mot sjølvaste Bayern München, og brørne Holmgren vart invitert ned for å bivåne kampen på Ullevi. «Det var 25-30 000 tilskodarar på läkteren, fantastisk stemning», fortel Tord. «Tommy og eg såg på kvarandre og begge skjøna at det var her vi skulle vere.» Trass i at han ikkje seier det rett ut, går det klart fram at det aldri var aktuelt for brørne å gå til ulike klubbar. Samhaldet var grunnleggjande. Slik sett var Tord og Tommy nærast paradigmatiske signeringar for IFK, som under den visjonære, men kontroversielle klubbdirektøren Anders Bernmar ope knyta band til den sosialdemokratiske rørsla. Frå byens verft og fabrikkar strøyma arbeidarar i hopetal til Ullevi. Sågar smeknamnet Blåvitt – som rett nok har sitt opphav i klubbfargane – gjev jo assosiasjonar i retning Det Kooperativa Förbundets tradisjonsrike varemerke for daglegvarer, og uttrykkjer såleis eit sosialdemokratisk ethos. Blant spelarane fanst det, sjølvsagt, ulike politiske synspunkt, og verken Tord eller andre eg seinare pratar med vil utan vidare gje si tilslutting til påstanden om at fotballen laget spelte i seg sjølv var sosialdemokratisk, men at ein viss samanheng fanst, er ubestrideleg. TV-dokumentaren Fotbollens sista proletärer opnar, symptomatisk nok, ikkje med visdomsord frå ein spelar, trenar eller kommentator, men med eit utdrag frå ein tale av statsminister Olof Palme (1927-86), kor han gjer greie for den svenske samfunnsmodellens første føresetnad, som, ifølgje Palme, er ei utvikling i retning sosial utjamning og rettferd. I tråd med dette egalitære grunnsynet, fortel Tord, hadde alle spelarane same sigersbonus, anten dei spelte, sat på benken eller var henvist til tribuneplass. Dette meiner han bidrog til å styrke lagmoralen og fellesskapskjensla og var såleis ein avgjerande faktor for klubbens suksess. «Samhaldet var særs godt. Sjølv om det fanst store stjerner som Ralf Edström i garderoben, var det ingen i Blåvitt som hadde noko form for primadonnanykkar, og Tommy og eg vart akseptert med ein gong.» Spelarane hadde alle vanlege jobbar i tillegg til fotballen – Tord var røyrleggjar, Glenn Hysén elektrikar, Torbjörn Nilsson dreiv med førebyggjande helsearbeid og vart seinare kokk i eigen restaurant – og dette, hevdar alle eg pratar med, styrka banda mellom laget og dets beundrande publik. Men Anders Bernmar var ein slu rev som instinktivt skjøna at folket ville ha både brød og sirkus, og parallelt med dette nærast rørande likskapsidealet som, slik vi har sett, kom til uttrykk både på og utanfor banen, vart IFK ein føregangsklubb i Sverige kva gjaldt fotballens kommersialisering og inntog i den såk. underhaldningsindustrien. På kampdagar på Ullevi framførte dansband og andre populærmusikalske artistar samtidas store schlägerar, medan betydelege pengesummar vart investert på spelarsida. Ettersom det her var tale om pengar klubben ikkje naudvendigvis hadde, måtte klubbdirektørane på eitt tidspunkt setje sine eigne bustader i pant for å sikre vidare drift, noko som medførte at klubben opplevde ei økonomisk-administrativ krise samstundes som den gjekk mot sin (til då) største sportslege triumf. Men framleis ligg desse dramatiske hendingane nokre år fram i tid.

Det engelske evangeliet

I sine to første sesongar etter comebacket i toppdivisjonen vart Blåvitt nr. 6 og nr. 3, den seinare noregsvenen Reine Almqvist vart allsvensk toppscorar og klubben hadde landets utan samanlikning høgaste tilskodarsnitt. Den såkalla champagnefotballen laget spelte tilfredstilte publikum og gav gode resultat, men ambisiøse Anders Bernmar var likevel ikkje heilt nøgd. Kvifor nøye seg med å vere god, tenkte han, viss ein kan verte best? Han tenkte så det knakte, men kunne ikkje kome på nokon god grunn til å nøye seg med dét. Målet var altså å verte best. Men korleis vert ein best? Dét var spørsmålet. Svaret skulle kome til å overraske alle. Men før vi kjem så langt, er det naudsynt å fortelje om ein bitter, ideologisk strid som på 1970-talet splitta svensk fotball heilt til dens inste kjerne.

Medan den svenske samfunnsmodellen var basert på eit forvitneleg klart system beståande av fagorganisering, klassesamarbeid, blåkvite varer frå Samvirkelaget og tannpuss for alle morgon og kveld, var svensk fotballs organisering tilsvarande diffus. Nasjonen hadde gjennom heile etterkrigstida produsert enkeltspelarar av framifrå kvalitet – frå Gre-No-Li, Nacka Skoglund og Kurre Hamrin til Ralf Edström og Ronnie Hellström – men taktisk var Sverige (som med sine skandinaviske naboar) eit fotballens U-land, kor strategi og system i stor grad var framandord. Trenarutdanning fanst knapt, og lagleiaren sine oppgåver var såleis i stor grad avgrensa til å ta ut dei presumptivt beste spelarane og mane dei til dåd. Under slike føresetnader ville ein kvar trenar med ein klar slagplan kunne gjere suksess, ja kanskje sågar gjennomføre ein revolusjon. Den inntrefte i 1974, då Malmö FF tilsette ein ung engelskmann ved namn Bob Houghton. Houghton var ein disippel av det engelske fotballforbundets trenarguru Allen Wade, som forkynte evangeliet om 4-4-2, soneforsvar, aggressiv offsidefelle, hurtige overgangar og press over heile banen. Ved hjelp av desse enkle – men i svensk samanheng tidlegare heilt ukjente – grunnprinsippa vann Houghtons Malmö både Allsvenskan og den svenske cupen tre gonger, og kom dessutan til finalen i Serievinnarcupen 1979, kor dei knepent tapte mot Brian Cloughs Nottingham Forest. Samstundes hadde Houghtons nære ven og taktiske forbundsfelle Roy Hodgson tatt over vesle Halmstad, og leia ein klubb viss tidlegare framgongar var få til to allsvenske titlar i løpet av fire sesongar. Den engelske modellens effektivitet var såleis udiskutabel. Likevel møtte modellen innbiten motstand frå tradisjonalistar som meinte at det sterke kollektive fokuset frårøva fotballen all dens individualitet, romantikk og sjarm, og at den såleis representerte eit trugsmål mot spelets status som folkets store lidenskap. Forbundskapteinane Georg Ericson og seinare Lars «Laban» Arnesson tok begge eksplisitt avstand frå den nye stilen, og det svenske fotballforbundet hadde sågar protokollført at landslaget ikkje skulle nytte den engelske modellen. Frontane i den svenske systemstriden var med andre ord harde. I Göteborg hadde imidlertid Anders Bernmar sett ljoset: Trass i sin kjærleik til Blåvitts champagnefotball innsåg han at den engelske modellen var framtida, at disiplin og kollektiv innsats var nøkkelen til suksess. Men kven skulle innføre desse prinsippa på Ullevi? Svaret, til den svenske fotballnasjonens kollektive overrasking, synte seg å vere ein stillfaren ung mann frå dei varmländske skogar, ein mann som aldri hadde spelt på det høgaste nivået og viss einaste trenarerfaring var frå vesle Degerfors. Før sesongstart 1979 tok Sven-Göran Eriksson over som hovudtrenar for IFK Göteborg, og det som utan tvil må kunne kallast eit moderne folkeeventyr, tok til. «Alt frå början var det ein slags glorie kring Svennis», seier Tord Holmgren i dag. Blåvitt nytta aldri ei like ekstrem offsidefelle som Malmö og Halmstad under Houghton og Hodgson, men Eriksson tok dei øvrige prinsippa frå den engelske modellen og vidareforedla dei, og slik oppstod den svengelske modellen: «Press og understöd, press og understöd. Alle visste nøyaktig kor dei skulle springe, og når. Mot slutten av tida under Svennis var vi sjølvspelande», seier Tord. «Det viktigaste under Svennis var at han alltid henta spelarar som hadde fotballklokskap, det var det første prinsippet.» Spelarar som forstod korleis vi Alt frå början var det ein slags glorie kring Svennisune og styrerom. Ifølgje både Tord og Glenn Hysén tilbaud Svennis på dette tidspunktet å trekkje seg: «Han sa at viss vi følte at dette ikkje funka, var han viljug til å reise heim til Värmland. Det var ikkje noko problem, sa han. Men då sa vi: Legg av! Alle var einige om at vi skulle halde fram, og etter kvart byrja spelet å setje seg.» I tillegg til å innføre eit heilt nytt spelsystem, var Svennis særs oppteken av å integrere fleire av klubbens lovande unggutar i førstelaget: Stoggaren Hysén, midtbaneelegantiaren Glenn Strömberg og måltjuven Dan Corneliusson etablerte seg alle som sentrale spelarar i løpet av kort tid. I tillegg til brørne Holmgren fanst óg eit anna brødrepar, tvillingane Conny og Jerry Carlsson, på laget. Grunnlaget for suksess var lagt. Men uansett kven ein spør, vil alle som var involvert i Blåvitts gullalder seie at den i særklasse viktigaste enkeltspelaren var Torbjörn Nilsson frå Jonsered. Nilsson var 1,90 og bygd som ein klassisk tanksenter, men skinnet bedrog: Dei fremste styrkane hans var steget, ballbehandlinga, kreativiteten og avsluttareigenskapane. Tord er oppteken av å understreke at angriparens unike individuelle eigenskapar var avgjerande for den kollektive sjølvtilliten, ettersom dei visste at sjølv om laget spelte under pari, kunne angrepsesset deira sikre resultatet gjennom ein augneblinks magi. Glenn Hysén hevdar at Torbjörn Nilsson kunne gjere «kva som helst» med ballen. Norske Per Edmund Mordt, som spelte i lag med Nilsson under sistnemnte sin siste, bittersøte sesong i Blåvitt, meiner at kun Zlatan er større i moderne, svensk fotballhistorie. Og Svennis sjølv sa i eit VG-intervju i 2013 at Torbjörn Nilsson på sitt beste var den beste spissen i Europa. Sidan 1950-talet hadde IFK vore kjende under smeknamnet Änglarna. Ved inngangen til dei glade 80-åra gjekk Blåvitt-fansen endå lenger: Dei kalla Torbjörn Nilsson «Gud». Han vart skyttekung i Allsvenskan, UEFA-cupen og Serievinnarcupen (to gonger) og scora totalt 332 mål for Blåvitt. På høgda av si makt var han bortimot ustoppeleg. Men vegen hans til toppen var lang og kronglete. Han var kjent frå ung alder som eit supertalent, gjekk til IFK som nittenåring, slo igjennom i den dåverande andredivisjonsklubben umiddelbart og fekk både landslagsdebut og proffkontrakt med PSV Eindhoven utan å ha spelt eit einaste minutt allsvensk fotball. Opphaldet i Nederland vart imidlertid ein fiasko, den heimekjære unge mannen makta ikkje prestere i ny og uvane omgjevnader, og sjølvtilliten vart etter kvart så låg at han etter eiga utsegn føretrekte å sitje på benken framfor å spele. Han returnerte til Göteborg etter ein halv sesong og imponerte tilstrekkjeleg til å verte teken ut i den svenske troppen til VM i Argentina 1978, dog utan å få speletid. Han seier sjølv at han føler at karriera hans først tok til på alvor året etter, då han alt var 25 og Svennis kom til klubben. Mannen frå Degerfors var betatt av det nærast uavgrensa potensialet han såg i sin nye nr. 9, men endå viktigare var det at han skjøna at Torbjörn var ein spesiell person som trong særskilt oppfølgjing utanfor banen for å kunne yte sitt beste. Den tryggleiken som var fundamentet for at han skulle kunne briljere, hadde for ofte vore fråverande i karriera hans til no, men Eriksson fann ei løysing. Løysinga var ein norsk idrettspsykolog. «Svennis sende meg til Oslo for å møte ein mann som heitte Willy Railo», fortel Torbjörn. «Willy var oppteken av mental trening og hadde utvikla teknikkar som hjelpte meg å prestere optimalt.» Glenn Hysén fortel at når dei kjørte i lag til trening og kampar tidleg på 80-talet, brukte Torbjörn å lytte til kassettopptak kor Railo skildra hypotetiske kampsituasjonar i detalj: «Du mottek ballen. Du er åleine med målvakten. Du rundar målvakten. Du set ballen i mål.» Hypotetisk konkretisering kan verke som eit paradoksalt fenomen, men det funka for Torbjörn, og når han var på sitt beste, spelte han etter eiga utsegn «som i transe». Lagkameratane sin respekt og beundring for Torbjörn Nilsson er, som vi har sett, nærast grenselaus, og det er såleis med ein viss ærefrykt Josimar møter mannen, myten og målmaskinen. Men Torbjörn smiler sitt skeive, sjenerte, sjarmerande smil og verkar nærast vantru når han minnest kor god han ein gong var. «Eg var ein kreativ spelar», seier han, «men eg mangla sjølvtillit». Interessant nok fann den kreative individualisten sjølvtilliten h
an trong innføre eit strengt taktisk system med fokus på kollektiv disiplin: «Systemet til Svennis frigjorde meg. Eg fann fridom innføre systemet.» Tord Holmgren er inne på noko av det same når han betonar at Blåvitt hadde sin store styrke i at kvar einskild spelar hadde kvalitetar som utfylte dei øvrige. Han og Tommy sto kvarandre svært nær, men var like fullt ulike på banen: Medan veslebroren var ein lirare med offensive kvalitetar og känslig venstrefot, var Tord midtbaneslitaren som aldri slutta å springje og symptomatisk nok fekk smeknamnet «Turbo-Tord». «Eg var ikkje ein spelar som syntest så mykje ute på banen, og fekk ikkje så mykje merksemd frå publikum eller journalistar. Men eg visste at eg var sterk innad i gruppa. Jobben eg gjorde var viktig. Garderoben respekterte meg.» Her er vi ved kjernepunktet: I spennet mellom Torbjörn Nilssons individuelle briljans og Tord Holmgrens nøkterne arbeidsetikk finst svaret på korleis Sven-Göran Erikssons IFK etter kvart vart ein blåkvit sigersmaskin.

Annus mirabilis

I Svennis’ første sesong vart laget nr. 2 i Allsvenskan og vann for første gong den svenske cupen. Året etter kom dei til kvartfinalen i Cupvinnarcupen, kor Arsenal var motstandar. På bortebane i London gjekk det unge IFK-mannskapet respektlaust til verks og tok leiinga 1-0, og slik han hugsar det no, var den unge midtstoggaren Glenn Hysén nærast skuffa over at motstandaren tilsynelatande ikkje var betre: «Vi hadde sett på engelsk fotball og europeiske cupkampar sidan tidenes morgon og hadde ein voldsom respekt (for Arsenal), men då vi gjekk opp til 1-0 på Highbury tenkte eg ‘var dette alt?’» Vel, det var ikkje dét. Etter pause scora Arsenal fem gonger og Blåvitts første Europa-eventyr var over. «Vi lærte noko av det óg», seier Hysén med ein flir. Dét dei kanskje først og fremst lærte, var kor viktig det er med stabilitet: I løpet av det tiåret som følgte etter at Svennis gjorde sitt inntog i klubben, vart IFK aldri dårlegare enn nr. 3 i Allsvenskan. Trass i at dei ikkje vann nokon tittel i 1980, medførte den allsvenske andreplassen at laget kvalifiserte seg til UEFA-cupen sesongen 1981/82, og no skulle den nyerverva europeiske erfarenheten kome godt med. Alle eg pratar med i Göteborg, er imidlertid klare på at ingen i klubben forventa at dei skulle kunne kjempe om tittelen då dei gjekk inn i turneringa. «Självfötroandet kom etter kvart som vi oppnådde gode resultat», seier Tord Holmgren, som meiner den viktigaste grunnen til Blåvitts kontinentale framgongar under Svennis var at laget heldt seg til dei same stilmessige grunnprinsippa uavhengig av motstandarlagets taktikk, speleforhold eller andre ytre faktorar: «Vi spelte vårt spel, uansett!» I våre dagars toppfotball kan ein forvente nokon lunde same standard kva gjeld stadionfasilitetar, hotellkomfort etc over stort sett heile Europa, men for 35 år sidan var det betydelege skilnader på nord, sør, aust og vest. Torbjörn Nilsson minnest med gru eit måltid før bortemøtet med Dinamo Bucuresti: «Vi hadde alle bestilt potatis og biff, men det vi fekk servert, var inte potatis og biff! Legen vår kasta eitt blikk på maten, og beordra alle ut av matsalen!» Ifølgje kontemporære ernæringsfysiologiske teoriar er kanskje ikkje potatis og biff nokon idéell rett å innta før kamp uansett, men denne typen sjikaneri er berre eitt av mange eksempel på kva utanomsportslege utfordringar ein måtte handtere anno dazumal. Når ein i tillegg tek i betraktning at UEFA-cupen på denne tida godt kan tenkjast å ha vore ei meir krevjande turnering enn den meir prestisjetunge Serievinnarcupen, ettersom fleire lag frå dei sterkaste ligaane i Europa deltok, vert den blåkvite prestasjonen endå meir imponerande. På veg mot finalen måtte IFK til Finland (FC Haka), Austerrike (Sturm Graz), Romania (Dinamo Bucuresti), Spania (Valencia) og Vest-Tyskland (Kaiserslautern), og dei unngjekk bortetap alle stader, noko som var svært uvanleg i europeisk klubbfotball på denne tida. Tord, Torbjörn og Glenn Hysén meiner alle at Svennis’ grenselause tiltru til eigne taktiske grunnprinsipp var den viktigaste årsaka til denne bemerkelsesverdige prestasjonen.

1982 var Blåvitts annus mirabilis. Dei vann alle turneringar dei stilte opp i. Allsvenskan. Svenska cupen. UEFA-cupen. Uendeleg takksame tilskodarar hylla laget med lovsong kvar kampdag på Ullevi. Samstundes ulma det under overflata. Tunge investeringar i spelarar som Tomas Wernersson, Håkan Sandberg og Stig Fredriksson hadde ført til økonomisk krise, og strategisk og personleg usemje mellom Anders Bernmar og den øvrige klubbleiinga eksploderte i bitter, uforsonleg strid i sjølvsame augneblink som klubben steig til vérs sportsleg. Bernmar var mannen som hadde henta Svennis til IFK og halde si vernande hand over han då laget sleit i byrjinga av 1979-sesongen, spelarane heldt heldt han difor i den største age og var, ifølgje Glenn Hysén, alvorleg bekymra for at han skulle verte pressa ut av klubben. Det som i staden hende, var at heile resten av styret trekte seg straks før bortemøtet med Valencia i kvartfinalen! Det var med andre ord ein klubb i kaos som reiste nedover til den spanske middelhavskysten. Ettersom Bernmar ikkje godt kunne stille i fasjonable gallamiddagar med Valencia-leiinga heilt åleine, vart – besynderleg nok! – den lokale radiopersonlegdomen og seinare BingoLotto-generalen Leif «Loket» Olsson invitert med som stand-in: «Det var fan inte klokt!», seier den karakteristisk frittalande Hysén.

Briegel og Beckenbauer

Men under den milde, ungdomsskulelæraraktige Eriksson var Blåvitt meistrar i å skyve utanomsportslege distraksjonar til side, overvinne eigne begrensingar, kjempe for kvarandre og for klubben. På veldige Mestalla vart samtlege fire mål scora i løpet av kampens tjue første minutt, og alle målscorarane var skandinavar! Frank Arnesen, dansk midtbanemaestro og Mick Jagger-lookalike, noterte seg for to for vertane, men den venstreradikale høgrebacken og fritidsklubbleiaren «Røde»-Ruben Svensson kvitterte med ein sjeldan fulltreffar, før ingen ringjare enn «Gud» sikra uavgjortresultatet. Heime på Ullevi gjorde dei, som dei no hadde fått for vane, kort prosess: Eit mål i kvar omgang ved Tommy Holmgren og Stig Fredriksson sikra avansementet til semifinalen. Det var, vedgår Hysén, ikkje naudvendigvis champagnefotboll, til gjengjeld var det ein defensiv maktdemonstrasjon. «Valencia hadde fan inte en jävla målsjans i løpet av 90 minutt!» Både Tord Holmgren og Torbjörn Nilsson hevdar med ettertrykk at det først var etter denne kampen dei våga tru på at Blåvitt skulle kunne vinne heile turneringa. Før dei kunne løfte det forjetta troféet, måtte dei imidlertid overvinne to vest-tyske lag. Vest-Tyskland var regjerande europameistrar, ein av dei store favorittane til å vinne sommarens føreståande VM, og Bundesligaens beste lag var frykta over heile kontinentet for si påstått uforliknelege kraft og disiplin. Men Svennis’ utvalde hadde no erverva ei så sterk tru på seg sjølv og eige spelesystem at dei ikkje lenger frykta nokon motstandar. I semifinalen venta Kaiserslautern, med mellom andre jernmannen Hans-Peter Briegel – som hadde vore ein av Vest-Tysklands mest lovande tikjemparar før han byrja med fotball – og ein ung Andy Brehme på laget. I kvartfinalen hadde dei slått sjølvaste Real Madrid 5-0 heime på Fritz-Walter-Stadion – rett nok godt hjelpt av det faktum at heile tre av Vicente del Bosque sine lagkameratar fann det føremålstenleg å pådra seg raude kort. Men i Blåvitt var det sjølvsagt ingen som hadde til hensikt verken å late seg utvise eller å tape. «Guds» spissmakker, den energiske entusiasten Dan Corneliusson, sikra 1-1 på bortebane, og då det same vart resultatet etter nitti minutt på Ullevi, gjekk kampen til ekstraomgangar. For andre heimekamp på rad scora forsvarsspelar Fredriksson, og sikra finaleplassen i det 102. speleminutt. Motstandar var ingen ringjare enn Hamburger Sportsverein, som denne våren var på veg mot sitt andre vest-tyske Meisterschaale på tre sesongar, som tolv månader seinare skulle vinne Serievinnarcupen etter finalesiger over Juventus, og som hadde stjerner som høgrebacken Mannfred Kaltz – kjent for sine livsfarlege Bananenflanken – playmakeren Felix Magath og den hovudsterke EM-toppscoraren Horst Hrubesch på laget. Ein aldrande Franz Beckenbauer hadde sågar slutta seg til klubben etter å ha avslutta sitt amerikanske eventyr i New York Cosmos, men stallen den austerrikske demontrenaren Ernst Happel disponerte var så sterk at der Kaiser måtte nøye seg med ein plass på benken. Men HSV var ikkje berre eit kanonlag, dei var óg eit tidleg eksempel på den ekstreme politiseringa som skulle kome til å dominere vest-tysk samfunnsliv på 1980-talet. Tribunane på Volksparkstadion var kjent som ein yngleplass for høgreekstremistar, og på kampdag stilte dei hardaste i den harde kjernen gjerne iført hjelmar etter modell frå Wehrmacht under andre verdskrigen. Ein meir ideologisk korrekt motstandar for det sosialdemokratiske Blåvitt kunne ein vanskeleg tenkje seg.

Innelåst på toalettet

I finalen spelte dei heime først. Göteborgs kollektive sentralnervesystem var spent til brestepunktet i forventing. 42 000 tilskodarar tok plass, skulder mot skulder, på läktaren på eit regntungt Ullevi. Tord Holmgren minnest at dei på førehand frykta Kaltz sine crossballar mot Hrubesch’ gigantiske pannebrask, men Svennis løyste problemet ved å beordre laget til å setje Kaltz under tidleg press og såleis ta han ut av kampen. I dag verkar dette som eit nokså elementært taktisk grep, men for Tord er det nok eit eksempel på mannen frå Värmlands ekstraordinære evne til å gjere justeringar på detaljnivå utan å rokke ved dei grunnleggjande prinsippa i spelestilen. Uansett, det funka, men frykten for å sleppe inn eit potensielt dødbringjande bortemål gjorde kampen til ein nervøs affære som lenge såg ut til å ende mållaust. Men tre minutt før slutt var han der, mannen som kanskje framfor nokon symboliserte kollektivet Blåvitt, arbeidshelten frå Paluhuornas: Han scora ikkje ofte, men få, om nokon har scora eit viktigare mål for IFK: Turbo-Tord Holmgren sette inn kampens einaste mål og sikra laget eit framifrå utgongspunkt før returoppgjeret ved Elbens breidder. Trass i nederlag og manglande bortemål var Hamburg likevel svært sigerssikre. Så sigerssikre, faktisk, at dei før kampen på Volksparkstadion lét trykkje vimplar med påskrifta «Hamburger Sportsverein – UEFA-cup-meister 1981/82»! Dét skulle dei ikkje ha gjort. Einkvan i Göteborg-leiren fekk tak i ein slik vimpel og tok den med inn i bortegarderoben. Viss Svennis hadde vore bekymra for korleis han skulle motivere spelarane til dyst, trong han ikkje lenger bekymre seg no. «Det var jo berre å halde opp den jævla vimpelen», seier Glenn Hysén. Når ein intervjuar tidlegare fotballspelarar om gamle bragder, har dei fleste for vane å omtale motstandarar frå svunnen tid med respekt og nostalgisk beundring, men ingen av dei blåkvite heltane eg pratar med, har særskilt mykje vent å seie om Hamburg-laget anno 1982. «Dom va nårra arroganta jävlar!» utbryt Glenn Hysén. Sågar den milde og saktmodige Torbjörn Nilsson tyr til eit omgrep frå zoologien for å skildre dei: «Grisar!» Den kollektive vest-tyske arrogansen kombinert med generelt antipatiske kjensler på personleg plan gjorde at Blåvitt entra graset på Volksparkstadion innstilt på å lære sine vertar ei lekse dei seint ville gløyme. Men ein av reservane brukte uvanleg lang tid på å finne plassen sin på benken. Glenn Schiller (eldre bror av den i Noreg meir kjende Dennis) var ein av fire Glenn i troppen (Hysén, Strömberg, Holm), noko som gav opphav til den på svenske tribunar populære påstanden om at «alla heter Glenn i Göteborg»: Rett før kampstart presterte han å verte innelåst på toalettet! «Ingen la merke til at han ikkje var der!» seier namnebror Hysén. «Det tok eit kvarter før han kom ut!» Dette var kritisk og kunne vorte katastrofalt, for Hysén himself måtte ut med skade etter nitten minutt, og reserve-Glenn hadde ikkje fått varma opp på forskriftsmessig vis! Men ingenting skulle kunne stanse Blåvitts triumfferd denne kvelden. Seks minutt seinare trekte Torbjörn Nilsson djupt i banen og slo ein fenomenal pasning til Tommy Holmgren på venstre kant. Den seinare brannmannen og naturelskaren presterte ein cross som gjekk forbi alt og alle i feltet heilt til den nådde fram til Dan Corneliusson, som hadde ei enkel oppgåve i å setje ballen i det opne buret. Hamburg måtte no ha tre mål, og vart såleis nøydde til å ta stadig større risiko framover i banen. Dette passa jo Svennis og hans idéar om kontringsfotball som hand i hanske, men det var ikkje før etter ein times spel IFK fekk yttarlegare utteljing. Hamburg freista å byggje opp eit angrep gjennom den sentrale midtbanen, men Jerry Karlsson føretok ei krigersk takling som samtidig var ei snedig gjennombrotspasning, og Torbjörn Nilsson sprang frå alt og alle og plasserte ballen sikkert ned i hjørnet. Ein frustrert og bister Ernst Happel kjederøyka på Hamburg-benken. Innbytar-Beckenbauer stira utover grasmatta i sjokk og vantru. Audmjukinga var total. Men det skulle verte endå verre, sett frå eit vest-tysk synspunkt. Tre minutt etter scoringa krona Nilsson ei meisterleg førestelling ved å storme inn i feltet frå høgre kant. Han vart lagt i bakken og fekk straffe. Stig Fredriksson hamra ballen i mål som om den hadde fornærma han på det grovaste. IFK Göteborg, dei glade halvamatørane frå Kamratgården, hadde triumfert i den kanskje hardaste europeiske turneringa av dei alle. Då sluttsignalet gjekk, vart talrike spelarar frå begge lag ståande som forsteina og stire opp mot lystavla som forkynte det tilsynelatande umoglege, men like fullt faktiske resultatet: Hamburg 0 Göteborg 3. Glenn Strömberg sprang ikring på indre bane med sine fagre, blonde lokkar flagrande i vinden og likna ei popstjerne. Svennis var roleg og fatta, som alltid, men augo hans tindra i det kapteinen Conny Karlsson løfta troféet i sine sterke armar. Dagen etter, på flyet heimover, spurte ein journalist Glenn Hysén om kva han følte no, og den unge midtstoggarbautaen klarte faktisk noko så uvanleg som å gje eit meiningsfylt svar på dette i overkant ofte stilte spørsmålet: «Det er fantastisk», sa han. «Jag känner mig som en fågel.»

Gunder-metoden

Blåvitt anno 1982 vann UEFA-cupen, Allsvenskan og Svenska cupen. Dan Corneliusson vart allsvensk skyttekung og Torbjörn Nilsson, som med åtte mål óg var UEFA-cupens toppscorar, mottok Guldbollen som kongerikets fremste fotballspelar. Det einaste dei gjekk glipp av, var Bragdguldet, som årleg vert delt ut av Svenska Dagbladet for årets fremste idrettsbragd, og som gjekk til Mats Wilander for sigeren i French Open. I eit subtilt ironisk gratulasjonstelegram til vinnaren kommenterte klubben avgjerda slik: «Vi slog för många bollar i nät. Medaljen är din. Tack för en god match och grattis!» I løpet av seks år hadde Blåvitt gått frå å vere ein svensk andredivisjonsklubb til å inneha ein posisjon mellom den absolutte europeiske eliten. Det var eit mirakel. Men kva no? Kunne suksessen vedvare? Og ville dei sentrale aktørane halde fram i klubben? Svaret var todelt. I løpet av triumfsesongen i Europa hadde rikare og mektigare klubbar på kontinentet sjølvsagt fått auga opp for talrike av spelarane, og ikkje minst for meisterhjernen som styrte det heile frå benken. Svennis var den første som gjekk, til Benfica, og Tord Holmgren meiner det kunne vore mogleg å halde den opphavlege suksessgenerasjonen saman lenger viss sjefen hadde vorte verande. Svennis ville ha med seg Torbjörn Nilsson til Lisboa, og meiner ifølgje intervjuet med Trond Johannessen i VG at «Gud» gjorde ein stor feil då han takka nei til tilbodet: «Han ville blitt den hvite Eusebio, han ville snudd opp og ned på hele Portugals fotball.» Torbjörn sjølv hugsar imidlertid dette annleis. Han hevdar at han fekk tilbodet om å gå til Benfica då han var på veg vekk frå Kaiserslautern – kor han hadde to gode sesongar frå 1982-84 – men at han takka nei fordi Svennis sjølv då var på veg til Roma, og fordi han lengta heim til Göteborg. Glenn Strömberg vart med trenaren til Benfica, men treivst ikkje i Portugal og reiste vidare etter kun ein sesong, til Atalanta og kultheltststus i Serie A. Glenn Hysén gjekk til PSV, kor han vart lagkamerat med ein ung Ruud Gullit og vår eigen Hallvar Thoresen, som på den tida var lagkaptein. Dan Corneliusson – som hadde avtent verneplikta parallelt med Blåvitts avansement gjennom UEFA-cup-rundane og var tilbake på brakka to dagar etter triumfen i Hamburg(!) – fór til Stuttgart kor han vart Bundesligameister i sin første og einaste sesong, før han slutta seg til Strömberg i Serie A, kor han spelte fem sesongar for Como. Dei øvrige nøkkelspelarane vart imidlertid verande, og under Björn Westerberg vann dei ein ny nasjonal Double i 1983, etterfølgt av klubbens tredje strake allsvenske tittel året etter. Det skulle dog gå fleire år før dei makta å gjenskape suksessen i Europa. I Serievinnarcupen 83/84 tapte dei i første runde mot den seinare finalisten Roma. Sesongen etter kom dei til kvartfinalen og var nær ved å slå ut Panathinaikos på bortemål, men ei sein scoring av ballvirtuosen Dimitris Saravakos spolerte festen. Men våren 1985 returnerte Gunder Bengtsson – som hadde hatt ein kort periode som hovudtrenar etter Svennis’ avgang hausten 1982 – frå Noreg, kor han hadde leia Vålerenga til til to strake seriegull, medan Glenn Hysén og Torbjörn Nilsson hadde returnert frå sine respektive proffeventyr i Nederland og Vest-Tyskland. Frå Oslo hadde Bengtsson teke med seg det unge stortalentet Per Edmund Mordt, og i tillegg stod unge spelarar som den energiske høgrebacken Roland Nilsson, den framtidige Noregsvenen Magnus Johansson og det krøllhåra hurtigtoget Johnny Ekström klare til å slå gjennom. Klubben hadde óg verva kvalitetsspelarar som midtstoggaren Peter Larsson og den pålitelege målskyttaren Stefan Pettersson – som seinare óg skulle spele i lag for Ajax – samstundes som rutinerte karar som brørne Holmgren, Stig Fredriksson og Tomas Wernersson framleis var å finne i startellevaren. Det var med andre ord eit lag med stort potensial Bengtsson overtok, men kor stort det potensialet var, visste verken han eller nokon andre enno.

Iltre skottar

Torbjörn Nilsson hadde vore delt toppscorar (med Michel Platini) i Serievinnarcupen 84/85, men det må nemnast at seks av dei sju måla kom mot stakkars vesle Avenir Beggen frå Luxembourg, som Blåvitt smadra 17-0(!) samanlagt i første runde. No skulle han få briljere mot lag av eit heilt anna kaliber. Laget tok seg greitt forbi bulgarske Botev Plovdiv, imponerte med å slå Fenerbahce 4-0 på Ullevi etter eit hat-trick av «Gud», og sjølv om dei tapte returkampen i Istanbul, kom begge dei tyrkiske måla etter at Peter Larsson hadde sendt Blåvitt i føringa, og avansementet var såleis i realiteten aldri truga. I kvartfinalen venta Aberdeen. Skottane hadde i 1983 stått for ein prestasjon som ikkje sto mykje tilbake for Blåvitts året før, då dei slo sjølvaste Real Madrid i Cupvinnarcupfinalen (som faktisk vart spelt på Ullevi, men for langt færre tilskodarar enn kva IFK trekte til ein vanleg allsvensk seriekamp på denne tida). Sjølv om dei sidan hadde mista midtbanedynamoen Gordon Strachan til Manchester United, var laget framleis fullt av skotske landslagsspelarar – og her må ein hugse at å vere skotsk landslagsspelar på denne tida faktisk tyda at du var god i fotball – som Alex McLeish, Willie Miller, Stewart McKimmie og Jim Bett. Og på benken sat den iltraste av alle iltre skottar, ein tidlegare hamnearbeidar frå the mean streets of Glasgow som framleis ikkje hadde noka aning om at han ein dag skulle verte adla av hennar majestet Dronning Elizabeth II: den fryktinngytande Alex Ferguson! På Pittodrie tok heimelaget leiinga to gonger, men Blåvitt utlikna begge gongene, først rett før pause ved Tommy Holmgren, deretter fem minutt før slutt ved snusmisbrukaren Johnny Ekström. Laget viste såleis betydeleg mental og moralsk styrke, og sikra avansementet med eit mållaust uavgjortresultat i returkampen. Ferguson har seinare sagt at han er overbevist om at Aberdeen ville vunne Serievinnarcupen det året viss dei ikkje hadde vore så uheldige å møte IFK. Om dét stemmer, får vi jo aldri vite, men det er eit talande eksempel på den age fotball-Europa hadde for laget på denne tida.

Det må her påpeikast at ingen fotballkampar vert spelte i eit vakuum. Dei har alle sin bestemte historiske kontekst, og konteksten til Blåvitts serievinnarcupkampar våren 1986 var meir dramatisk enn dei fleste: Seint på kvelden den 28. februar, seks dagar før den første kvartfinalen mot Aberdeen, vart Sveriges statsminister Olof Palme skoten og drepen på open gate då han spaserte heimover i lag med kona si etter eit kinobesøk. Drapsmannen vart aldri teken, og motivet bak ugjerninga er med andre ord framleis ikkje kjent. Sikkert er det at Palme-drapet er det største nasjonale traumet Sverige har opplevd i fredstid. Palme var frykta for si skarpe tunge, men elska for sitt vidd og sin inkluderande sosialpolitikk. Han var ein aktiv og medviten forvaltar av arven etter landsfaderen Tage Erlander (som, tilfeldigvis, óg var ein fjern slektning av Sven-Göran Eriksson). I Göteborg, som liksom mange andre europeiske hamnebyar på denne tida var truga av omfattande industridød innan den tradisjonelle verftsindustrien, stod Palme sitt sosialdemokratiske bodskap sterkt. Ein skal ikkje overdrive koplinga mellom fotball og politikk, men ingen i Sverige var upåverka av drapet på Palme, og mellom både spelarar og fans av IFK Göteborg – klubben som framfor alle andre hadde målbóre Folkhemmets ethos i svensk fotball – må det ha vore mange som kjente slaget ekstra hardt. Og viss ein fotballkamp kan vere eit monument, går det godt an å argumentere for at Blåvitt, den 2. april 1986 på Ullevi, reiste det perfekte monumentet over den livslange Djurgårdaren Olof Palme, i det ein utan å kunne overdrive må kunne karakterisere som den beste klubbkampen som er spelt på skandinavisk jord. Barcelona, med den solbrune sjarmøren Terry Venables på benken og spelarar som «den blonde engelen» Bernd Schuster og klubblegendane Migueli og Victor Muñoz på banen, vart utspelt etter alle kunstens reglar. Torbjörn Nilsson leverte den truleg aller mest formidable prestasjonen i si uforliknelege karriere, leika seg med Barca-forsvaret og scora to praktfulle mål. Tommy Holmgren gjorde det siste etter at Johnny Ekström hadde skapt sjansen med tempo, vågemot og gjennombrotskraft. 3-0! Resultatet var oppsiktsvekkjande i seg sjølv, men bar ikkje adekvat bód om Blåvitts dominans.

Damer med drinkar

«Vi kunne, ja burde kanskje scora fem eller seks, dei hadde ingen sjanse, det var heilt utruleg», seier Glenn Hysén i dag. Ein skulle jo i utgongspunktet tru at tre var meir enn nok, ettersom ein av IFKs store styrkar var at dei sjeldan tapte og praktisk tala aldri gjekk av banen mållause på bortebane i europeisk cupspel. Dessutan hadde dei jo demonstrert gjennom praksis at dei var betre enn Barca! Kvifor skulle dei tape med tre mål på Camp Nou? Kanskje var det vanskeleg å finne den rette inngangen til kampen, når alt dei måtte gjere, var å unngå total kollaps, men ingen av spelarane Josimar har prata med – som inkluderer Stefan Pettersson og Per Edmund Mordt i tillegg til dei tre her hyppigast siterte – meiner det var noko i vegen med førebuingane. Derimot oppsto utanomsportslege problem som ingen hadde kunna forutsjå. Viss Glenn Hysén hadde hatt vit til å få dei klassiske barnesjukdomane som barn, kunne moderne svensk fotballhistorie sett heilt annleis ut, men den gong ei! «Glenn fekk vasskoppar!», fortel Tord Holmgren og himlar med augo. «Han vart smitta av pojken til brorsan!» Andletet til Glenn fortrekk seg i smerte: «Eg vakna dagen før avreise med førti i feber, klødde over heile kroppen, det var fan inte roligt!» Han smiler eit bleikt smil: «Eg minnar fortfarande Daniel (Tommy Holmgren jr., journ. anm.) på det kvar gong eg treff han!» Forsvarssjefen var ute, og måtte erstattast. Tord fortel: «Ruben Svensson hadde trappa ned i Västra Frölunda, men hadde framleis løyve til å spele i europeiske kampar for IFK, så han vart henta inn igjen.» Svensson var ein fotballklok spelar med erfaring, men at ein måtte erstatte ein midtstoggar av internasjonal toppklasse med ein halvpensjonert høgreback som gjorde comeback på kortast mogleg varsel var ikkje noko godt omen for Blåvitt. Då dei omsider kom til Barcelona, vart dei utsett for eit skammeleg triks: Ein eller annan slabbedask med Barca-tilknyting freista å sende damer med drinkar opp på spelarane sine hotellrom kvelden før kampen! Denne hendinga er innhylla i mystikk: Alle spelarane Josimar pratar med, vedgår å ha høyrt at dette hende med andre, men ingen kan (typisk nok) hugse å ha opplevd det sjølv. I så fall kunne ein kanskje ynskje at fleire av dei hadde opplevd å få dame på rommet, for då hadde dei kanskje opptrått litt meir avslappa og ikkje så forknytt som dei gjorde? Ifølgje Glenn Hysén var sågar grasmatta på Camp Nou i seg sjølv eit problem: «Den var mykje større enn vi var vane med, så vi kunne ikkje spele vårt vanlege spel!» Dette kan verke som eit eksentrisk klagemål, men ettersom hovudføremålet med press og understöd, sjølve grunnpilaren i Blåvitts taktiske byggverk, var (og er) å gjere banen så liten som mogleg når motstandar har ballen, må ein medgje at han truleg har eit poeng. Uansett, Pichi Alonso var aldri nokon særskilt sentral spelar for Barca, og ville truleg ikkje starta kampen viss Venables’ skotske prestisjesignering Steve Archibald hadde vore skadefri, men denne kvelden på Camp Nou stemte alt for han. Alonso scora tre mål mot eit vaklande IFK-forsvar og sikra ekstraomgangar, og ettersom det ikkje lukkast korkje vertar eller gjester å score i ekstraomgangane, var det klart for straffekonkurranse. Denne straffekonkurransen er innhylla i fleire myter, rykte og dunkle «forklaringar» enn noko anna hending i klubbens historie. Dei kalde fakta er at lagets to yngstemenn – Roland Nilsson og Per Edmund Mordt – bomma på sine straffar, og Blåvitt tapte, men bak desse enkle kjensgjerningar ligg talrike ubesvarte spørsmål. Det viktigaste, som har vore stilt uavlateleg i tretti år, er: Kvifor tok ikkje Torbjörn Nilsson, lagets store stjerne og fremste målskyttar, nokon straffe. Torbjörn har ingenting imot å svare, men svaret er ikkje særskilt opplysande: «Jag skulle inte ta någon straff», seier han. Tord Holmgren, som vart boren av banen med ein lyskeskade kort tid før slutt, minnest at han låg i garderoben og kjempa mot smertene då Torbjörn kom inn og vrengte av seg drakta. «’Kva gjer du?’ spurte eg. Han sa at han ikkje skulle ta noko straffespark. Eg sa ‘Tenk viss det er 10-10 og alle andre har skote. Då må du skyte!’ Då tok han på seg drakta og gjekk ut igjen.» Torbjörn seier ikkje at han nekta å ta straffe, men han vedgår at han ikkje meldte seg friviljug. «Det er dét eg angrar mest på i karriera mi», seier han. Når Josimar påpeikar at Per Edmund Mordt sikkert er lei av å verte spurt om kvifor han bomma på den avgjerande straffa, smiler han sitt mest melankolske smil og seier: «Du kan helse han og seie at det er betre enn å stadig verte spurt om kvifor du ikkje tok straffe!»

Bragd nummer to

Barca kom til finalen, men tapte, ironisk nok, straffekonkurransen mot Steaua Bucuresti etter at det rumenske keeperfantomet Helmut Duckadam redda fire av fire moglege straffespark. Torbjörn Nilsson vart toppscorar i Serievinnarcupen for andre år på rad, og mange meiner at han aldri hadde vore betre, men han ga seg med fotball den sommaren. «Eg hadde opna min eigen restaurant, og ville konsentrere meg om den.» Eit visst behov for å verne om eige omdøme spelte óg inn. «Eg ville ikkje springe rundt på banen og høyre folk seie frå läkteren: ‘han var betre før’.» Ein æra syntest å vere over. Men, bemerkelsesverdig nok: Denne «Guds»-tenesta har eit vakkert postludium. Blåvitt vann ingenting i det store nesten-året 1986, men sesongen etter var dei atter på plass i UEFA-cupen, for første gong sidan triumftoget i 1982, og atter gjekk dei heilt til topps! Denne triumfen er langt mindre sagnomsust, truleg iallfall delvis fordi dei i dei tre første rundane slo relativt anonyme lag som Sigma Olomouc, Stahl Brandenburg og Gent. Men i kvartfinalen sikra eit seint bortemål av Stefan Pettersson ein imponerande siger over Inter, med legendar som Walter Zenga, Giuseppe Bergomi, Daniel Passarella og Alessandro Altobelli på laget, og etter å ha slått austerrikske Swarowski Tirol heime og borte var dei klare for finale mot Dundee United. I dag verka rein europacupfinale mellom eit svensk og eit skotsk lag som den reine utopi, men på 80-talet var klubbfotballen i begge nasjonar sterk, og Dundee United hadde etablert seg som eit kraftsentrum under den borderline-psykotiske Jim McLean: Dei vann ligaen i 82/83, noterte seg for to ligacuptriumfar, kom til Serievinnarcupens semifinale i 83/84, og på veg mot finalen i 1987 hadde dei makta å gjere det Blåvitt aldri gjorde: Dei slo ut Barcelona etter siger både heime og borte. I den første finalekampen på Ullevi triumferte IFK etter ei scoring av Stefan Pettersson, og då Lennart Nilsson gav dei leiinga på Tannadice, syntest finalen avgjort. John Clark reduserte, men ettersom Blåvitt hadde eit bortemål å gå på, var triumfen aldri eigentleg truga, og Glenn Hysén, som hadde tatt over som kaptein, kunne triumferande løfte troféet. Det umoglege hadde synt seg mogleg. Miraklet hadde gjentatt seg.

Gjenforeininga

Etter dette gjekk laget på sett og vis i oppløysing. Johnny Ekström var alt borte. Glenn Hysén fór til Fiorentina og seinare til Liverpool, kor han som første svenske vart ligameister i England og til og med hadde ein periode som kaptein, inntil Graeme Souness forviste han til benk og tribune. («Det var nog fan den dummaste jäveln jag har truffit», seier Glenn.) Peter Larsson og Stefan Pettersson gjekk til Ajax, kor sistnemnte vann UEFA-cupen i 1992 og såleis vart den einaste av dei blåkvite heltane som repeterte suksessen i ein annan klubb. Tord Holmgren trappa ned med ein sesong i Fredrikstad, kor den gamle IFK-legenden Reine Almqvist då var trenar. Som alle legendariske lag vart óg Blåvitt spreidd for alle vindar. Men tretti år etter den andre UEFA-cup-triumfen er dei atter samla på arenaen kor dei skapte magi. Det er serieopning i Allsvenskan, IFK møter regjerande seriemeister Malmö FF og klubben har invitert alle spelarane frå meisterlaga anno 82 og 87 attende til gjensyn og fest. Somme er, diverre, fråverande: Glenn Hysén har, til sin betydelege irritasjon, måtta reise til England som guide for ei gruppe svenske Liverpool-fans under Merseyside-derbyet, medan namnebror Strömberg óg har måtta prioritere ekspertkommentator-oppdrag i Premier League framføre denne gjenforeininga. Men dei fleste er her, eldre no, grånande, men framleis uendeleg stolte og takksame over det dei oppnådde den gongen for lenge sidan. Før kampen vert dei presentert på indre bane. Eg ser Torbjörn, Tord og alle dei andre løfte sine hender mot ein beundrande publik, og kjem i hug det slitaren frå Paluhuornas sa då eg spurte om det er mogleg at det Blåvitt gjorde, kan gjerast igjen av eit svensk lag. «Nej, jag tror nog inte det», sa han. «Vi var eit bra lag, og vi spelte for kvarandre. Det var tidsanden, heilt enkelt.»

Eg trur han har rett, og at det difor er klokast å avslutte her. Alt som her er skildra, er lenge sidan no. Samfunnet har endra seg, fotballen har endra seg og ingenting vert nokon gong det same. Men viss vi ikkje tek vare på det som er viktig, går det tapt. Og difor har eg skrive alt dette.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.