Skjermdump NRK nett-TV.
Skjermdump NRK nett-TV.

Det liknar på fotball, men er det ikkje

OMKAMPEN: Noreg-Brasil 0-3, Ullevaal stadion, 09.06.18.
Sankthansaftan 1998 slo Noreg regjerande verdsmeister Brasil 2-1 på Stade Velodrome i Marseille og avanserte i VM i fotball for første (og hittil siste) gong. Det vart, og vert framleis av mange, rekna som den aller største prestasjonen i norsk fotballhistorie, ja kanskje den største norske idrettsprestasjonen i det heile. På fjorten dagar nær tjue år seinare møttest talrike av dei same spelarane atter til dyst på Ullevaal, tjue år eldre, sjølvsagt, og i mange tilfelle eit tilsvarande kilo tyngre. «Omkampen» vart gjenstand for stor merksemd og trekte eit større publikum enn kva dagens landslag kan gjere seg realistiske ambisjonar om å spele framføre på heimebane. Sikkert triveleg for dei involverte, men den lett patetiske entusiasmen som omgav dette pseudo-nostalgiske jippoet gjev grunn til bekymring for Noregs framtid som fotballnasjon.

Tekst Nils Henrik Smith

«Historia gjentek seg alltid», skreiv Karl Marx: «Først som tragedie, så som farse». Gamle Karl hadde imidlertid, som kjent, ikkje alltid heilt rett, og i dette tilfellet er det freistande å påstå at Aftenposten, NRK og evenementets sponsorar har hoppa bukk over det tragiske aspektet og gått rett på farse-framsyninga. Den Gamle Tanta er alt dømt i Pressens Faglege Utval for brot på god presseskikk i samband med sin omtale av kampen, som dei altså sjølv stiller som arrangør av, då PFU fann at avisa har mislukkast i å skilje mellom marknadsaktivitet og redaksjonelt innhald. Samstundes viar Rikskringkastinga ei større sendeflate til denne kampen enn til nokon annan kamp som involverer eit norsk lag anno 2018, sett bort frå Cupfinalen. Ein må difor spørje: Kvifor? Ein må spørje seg: Kva er poenget? Og det einaste moglege svaret på dette spørsmålet er at det ikkje er noko poeng. Trass i at arrangørane hevdar at opp mot tjue tusen(!) billettar er selde, trass i relativt stive prisar, og trass i at ein ganske stor prosentandel av dei som har kjøpt billettar faktisk ser ut til å ha møtt opp (noko som jo ikkje alltid er tilfelle på fotballkampar i Noreg), er dette noko så sjeldant som ein meiningslaus fotballkamp, og ettersom noko av det som kjenneteiknar fotball, uansett nivå, er at alle kampar har meining ut frå sine eigne premiss, må vi kunne konkludere med at Noreg-Brasil anno 2018 strengt tatt ikkje er nokon fotballkamp i det heile.

Viss det verkeleg var slik at denne kampen vart spelt utelukkjande av nostalgiske grunnar, ville eg ikkje hatt nokon særskilte innvendingar. Eg er sjølv svært glad i nostalgi. Men sanninga er at viss det ein vil, er å utøve nostalgisk praksis med VM-kampen Noreg-Brasil som utgongspunkt, er denne omkampen heilt unaudvendig. Opptaket av den verkelege kampen frå 1998 er enkelt tilgjengeleg på Internett (og vart sågar sendt på nytt på NRK2 dagen før «Omkampen»), både dåverande NRK-ekspertkommentator Lars Tjærnås og Morgenbladet-journalist (og Josimar-med-grunnleggjar) Marius Lien har skrive bøker med utgongspunkt i nettopp denne kampen, ingen kamp i norsk fotballhistorie er meir omtalt og enklare å finne mimrestoff om. Det er såleis ingen grunn til å spele kampen om igjen, særleg ikkje når ein tek i betraktning at talrike av spelarane har gjennomgått eit så dramatisk fysisk forfall at kampens lengd anno 2018 må reduserast til 2 x 35 minutt, med umiddelbart påfølgjande straffekonkurranse i det ikkje heilt usannsynlege fall at ingen av laga mislukkast i å realisere fotballens ibuande potensial, gjennom å score. For dei norske spelarane sin del kan det, med ein viss velvilje, tenkjast at dei verkeleg synst det er genuint triveleg å møtast igjen etter tjue år og minnast denne store triumfen dei ein gong for lenge sidan oppnådde i lag. Kva gjeld brasilianarane, derimot, er det, trass i at dei gjer gode miner til slett spel og latar som om dei synest Ullevaal er eit fantastisk stadion og stemninga på stadion fantastisk, eitt hundre prosent utenkjeleg at dei ville gidda stille opp på dette fotballpornografiske reunion-showet av ein «kamp» viss det ikkje var for at dei har vorte lova ein bråte pengar både for å stille opp og for å med sine tredjerangs skodespelarkunstar gje inntrykk av at dei faktisk synst det er kjekt å stille opp. Viss nokon trur at eg har tenkt å kritisere dei brasilianske spelarane for dette, tek dei skammeleg feil, for eg sit sjølv framføre fjernsynsapparatet og ser denne kampen, noko eg aldri ville vurdert å gjere viss ikkje Josimar hadde lova å betale meg for å skrive om han. Pengar er eit moralsk adekvat motiv for å arbeide. Spørsmålet er om det arbeidet som vert utført på Ullevaal denne kvelden er verd å betale for?

Svaret er, etter mi meining, heilt ubestrideleg nei. Det vi ser, liknar på fotball, men er det ikkje, «kampen» har ingen fotballmessig verdi. Noreg startar med dei same elleve som starta kampen i 1998, for Brasil er seks av dei som starta i Marseille på plass, inkludert fleire av dei største profilane, som Rivaldo, Bebeto og Roberto Carlos. Den aller største stjerna, Ronaldo, slit imidlertid med ein «skade» og stillar såleis som lagleiar heller enn spelar denne heite ettermiddagen i Noregs hovudstad. Men medan kampen for tjue år sidan var ei fascinerande kontrastfylt førestelling mellom to svært ulike, men begge likevel ubestrideleg gode lag, er denne pinleg temposvake førestellinga først og fremst ei smertefull påminning om at spelarane ikkje lenger er spelarar, og at det snart er ein generasjon sidan dei utgjorde kvart sitt lagfellesskap. For ein nordmann av min generasjon er det rett nok heilt umogleg å ikkje verte litt glad over synet av Erik Mykland på ein fotballbane, men trass i at Myggen framleis ser grasiøs ut der han glir gjennom graset og handsamar ballen med andakt, er det ikkje lenger nokon presisjon eller framdrift over spelet hans, ikkje naudvendigvis fordi den vesle mannen frå Risør har gløymt korleis ein slår ein god gjennombrotspasning, men fordi «lag»-kameratane ikkje lenger hugsar korleis dei skal løpe, eller når. Likeeins liknar Tore Andre Flo framleis, reint fysisk, på det langbeinte fenomenet «Flonaldo» som terroriserte Brasil både i 1997 og 1998, men som fotball betrakta var samba-prestasjonane hans då han vann «Skal vi danse» for nokre år sidan truleg både meir meiningsfylte og effektive. Den einaste på banen i første omgang som i streng forstand liknar ein profesjonell fotballspelar, er den brasilianske 98-reserven Zé Roberto (44), som la opp så seint som i 2016.

Eg synst dette er fysisk vondt å sjå på. Spelarane er ikkje spelarar lenger, laga er ikkje lenger lag, fotballen er ikkje fotball, eg kjenner meg uendeleg trist til sinns. Fotball er ikkje underhaldning, men det som føregår på Ullevaals grøne grasmatte nett no, er utan tvil underhaldning, og det er heilt forferdeleg. Eg er ingen særskilt misantropisk person til dagleg, men dette fyllar meg med alvorleg bekymring på veigner av menneskeslekta generelt og norsk fotball og dei som styrar han generelt. Det gjer meg genuint vondt at alvorsfylte heidersmenn som «Drillo» og Arne Scheie har vorte bondefanga av arrangørane og må bidra til dette patetiske «showet». Det einaste eg er i stand til å gle meg over, er at dette før eller sidan vil ta slutt.

I andre omgang skjer det dog noko som, viss eg verkeleg gjer alt som står i mi makt for å finne noko positivt her, til ei viss grad og i ein viss forstand kan kategoriserast som «meiningsfylt»: Brasil utklassar Noreg. Først vert innbytaren Giovanni lagt i bakken av Ronny Johnsen og den verdskjente straffedømaren Esfandiar Baharmast dømar heilt korrekt (som vanleg) straffe, som bråkebøtta Edmundo (kjent for å skjenke sjimpansar fulle), set i mål. Deretter scorar Giovanni sjølv, før ein ukjent fyr som kallar seg Antonio avsluttar ballet med ein absurd kanon frå nær midtstreken. Ingenting av dette betyr noko som helst i seg sjølv, men det forklarar, paradoksalt nok, kvifor Noreg kunne slå Brasil i 1998. Fotball er individuell, teknisk briljans, men det er òg taktikk, strategi, system, fysikk og disiplin. I 1998 hadde begge lag sjølvsagt alt dette, men Noreg klarte å slå Brasil, trass i sine opplagte tekniske avgrensingar, fordi dei var betre på alt det andre, iallfall akkurat den heite kvelden i Marseille. No, derimot, når ingen av laga er lag lenger, er dei teknisk briljante brasilianarane sjølvsagt nordmennene overlegne. Slik kjem denne pinlege ikkje-fotballkampen uforvarande til å demonstrere eit relevant poeng kva gjeld fotball. Like fullt er det ubestrideleg at dette er ein «kamp» som aldri burde vore spelt, og at det er totalt meiningslaust at den vart det. Det gjorde vondt då kommentator Scheie ved full tid følte seg tvingja til å kunngjere at Noreg for første gong har tapt for Brasil, for det har dei jo på ingen måte, statistikken er framleis 2-2-0 i norsk favør, og vil vere det fram til den dagen Brasil eventuelt nedverdigar seg til å spele mot Noreg igjen. Men kvifor skulle dei no gjere det? Brasil er trass alt, ein fotballnasjon, medan Noreg ikkje har delteke i noko VM-sluttspel sidan vi slo Brasil for tjue år sidan. Vi er, når sanninga no ei gong skal fram, nobodies i moderne landslagsfotball, og «Omkampen» på Ullevaal demonstrerer diverre tydelegare enn nokon annan kamp eg kan minnast både kvifor det er slik og kvifor det, sannsynlegvis, vil halde fram med å vere slik i overskodeleg framtid.

 

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.