Ein liten roman om fotball: Mysterier

Høgmo-01

Romanen var ikkje død likevel. Her er den forunderlege fortelijinga om det norske landslagets reise til og gjennom VM i Brasil.

Tekst Nils Henrik Smith
Illustrasjon Esben S. Titland

Estádio Nacional Mané Garrincha, Brasília, 05.07.2014, ca. kl. 15:15 lokal tid: Lionel Messi stormar mot det norske målet. Vi befinn oss i kvartfinalens andre ekstraomgangs nest siste speleminutt, stillinga er 1-1, og pasninga frå Ángel di María er perfekt. Det norske forsvaret er utmanøvrert, og Ørjan Håskjold Nyland har ikkje anna val enn å rykke ut. Håskjold Nyland har hatt eit praktfullt VM, og befinn seg for augneblinken i søkjeljoset til talrike europeiske storklubbar, inkludert klubben til mannen som, kvar augneblink no, vil freiste å overliste han. Viss han hadde hatt tid, ville burvaktaren frå Volda utan tvil reflektert over den beiske ironien i dette, men dette er ikkje tida for introspektiv tankeverksemd. Det einaste Håskjold Nyland veit, er at Noreg aldri har tapt for Argentina, at det ikkje får lov til å skje no heller, og at han er den einaste som kan hindre det. Messi, illusjonskunstnaren, skapar med blikk og torso eit inntrykk av at han er på veg mot høgre, medan ballen og beina på uforklarleg vis likevel held fram mot venstre, medan han ladar kanonen.

Ørjan Håskjold Nyland feiar Lionel Messi i bakken med eit brak.

Det er heilt stille på stadion. Håskjold Nyland reiser seg. Han veit ikkje kor ballen er. Ved føtene hans ligg ei argentinsk superstjerne, held seg til kneet og vrir seg i smerte. Dommaren, Nawraf Shukralla frå Bahrain, har vore på etterskot slik han har vore det i heile kampen – ikkje minst i det 66. minutt då han av uforståelege årsaker annullerte ei heilt mønstergyldig norsk kontringsscoring av Valon Berisha – men no kjem han springjande. Han peikar på straffemerket. Han syner Håskjold Nyland det raude kortet. Fortvilt gestikulerar Noregs landslagsmålvakt mot dommaren med dei lange armane sine, slik han gjennom heile oppveksten har sett andre målvaktar gjere det på TV, men det nyttar ikkje. Shukralla ignorerer han. Med myndige faktar gjev han teikn til fjerdedommaren, og straks entrar fire representantar for den brasilianske Raudekrossen grasmatta, og bér den forulukka Lionel Messi bort på båre. Lamslått vert Håskjold Nyland ståande, ute av stand til å forlate banen slik Shukralla har beordra han til. Lagkapteinen Brede Hangeland – som sensasjonelt gav Noreg leiinga på ei heading etter ein corner i det tolvte minutt, og deretter på fullstendig feilfritt vis organiserte mannskapane i heroisk forsvarskamp mot overmakta, inntil Tore Reginiussen lét seg overliste av Gonzalo Higuaín som utlikna ein time seinare – kjem bort til Håskjold Nyland og legg ei hand på aksla hans. Omsider set keeperen den lange lekamen sin i rørsle, og bevegar seg uendeleg langsamt mot sidelinja, kor landslagssjef Per-Mathias Høgmo riv seg i det håret han diverre ikkje lenger har. Han veit at han for lengst har nytta dei tre innbytarane regelverket tillét han, og at det såleis ikkje er mogleg å sende innpå noko annan keeper for å forsvare det norske målet mot straffesparket Sergio Agüero straks skal ta. Agüero står alt klar, med ballen i hendene og eit morskt oppsyn i andletet. Han har fire mål i VM til no, like mange som Higuain og den sørgjeleg skadelidne Messi. Argentina har vore briljante. I tur og orden har dei utspelt Bosnia-Herzegovina, Iran, Nigeria og Ecuador, men her i kvartfinalen mot Noreg, eit parodisk lite polarland Agüero og lagkameratane hans knapt har høyrt om, og som kvalifiserte seg til VM på mest mogleg marginale vis, har dei møtt veggen. Dei har stanga og stanga, utan å lukkast, men no, eit minutt før full tid, har den forhenverande Maradona-svigersonen sjansen til å skyte La Albiceleste til semifinalen for første gong sidan 1990 og verte folkehelt i heimlandet. Men Per-Mathias Høgmo vil det annleis. Han reisar seg og ropar eit eller anna til Hangeland, som ropar eit eller anna til Tarik Elyounoussi, som bevegar seg mot den norske benken. Der vert han iført den altfor lange drakta og dei altfor store hanskane til den forbitra keeperreserven Jarstein, og gjeve ordre om å ta plass mellom stengene. Det finst ikkje eit einaste menneske på stadion som ikkje undrar seg. Viss straffesparket går i mål, er Noreg ute av VM, og Høgmo veljer å late sin forviste meistermålvakt erstatte av lagets minstemann. Kva tenkjer landslagssjefen i denne for nasjonen akk så skjebnesvangre augneblink? Er det eit djevelsk finurleg forsøk på å bringje Agüero ut av fatning gjennom bruk av omvendt psykologi, eller har det ganske enkelt klikka for mannen frå Gratangen? Ingen veit, men alle tenkjer sitt. Mellom stengene står Elyounoussi, det norske lagets faste straffeskyttar, og skal freiste å redde eit straffespark for første gong i sitt liv. Han veit at å score på straffe er enkelt. Du berre går fram og klinkar til ballen, og ballen går i mål. Det spelar inga rolle om keeperen heiter Gianluigi Buffon, Manuel Neuer, Thibaut Courtois, Ørjan Håskjold Nyland eller Tarik Elyounoussi. Å score på straffe er enkelt og vert berre vanskeleg viss den som skal skyte byrjar tenkje over kva han skal gjere. Følgjeleg må han få Agüero til å tenkje. Men korleis? Dét er spørsmålet. Han har sett Jerzy Dudek og Bruce Grobbelaar psyke ut sine motstandarar ved å utføre lealause dansetrinn på målstreken, men Elyounoussi er ein mann med ei viss stilkjensle, og synst ikkje han kan gjere seg til lått for all verda gjennom idiotisk dans. I staden står han heilt stille, med armane hengjande rett ned, og ventar på at dommaren skal blåse, og Agüero setje fart mot ballen.

Ferieflørten
Og medan vesle Tarik står stille og ventar, og håpar på eit mirakel, er det på sin plass for oss å ta ein kollektiv time-out og reflektere over eit anna mirakel, som alt har funne stad. For korleis i all vide verda kan det ha seg at det norske landslaget befinn seg her, i Brasilia, på ein arena oppkalla etter den legendariske lynvingen Garrincha, under ein kvartfinale i VM 2014? Korleis vert det umoglege mogleg? er spørsmålet vi stillar oss i dag. For ti månader sidan, etter tapet mot Sveits på Ullevål, var Noreg daude og gravlagte. Det var den svakaste kampen i manns minne og i pressa vart landslagssjef Egil Olsen gjort til gjenstand for krass kritikk. Olsen, som alltid klippefast i trua på at ingen andre i Noreg enn han hadde peiling på fotball i det heile, vart sur og stakk til fjells. Då han kom ned frå fjellet, vart han innkalt til eit møte på kontoret til forbundspresident Yngve Hallén, som forklarte at han hadde bestemt at Olsen skulle trekkje seg frå stillinga som landslagssjef friviljug.

– Og kva skjer viss eg nektar? spurte Olsen.

Frå ei skuff fann Hallén fram ein konvolutt, skauv konvolutten over skrivebordsplata, og venta ordlaust medan landslagssjefen opna konvolutten. Egil Olsen hadde ikkje sett fotografiet han no heldt mellom hendene sidan 1960-talet, men kjende likevel straks att både seg sjølv som ung mann – med sine karakteristiske mørke krøller og lure, innsmigrande smil – og ikkje minst den noko eldre kvinna i senga ved sida av han. Slett ikkje hadde han venta at dette fatale utslaget av ungdomeleg dårskap skulle heimsøkje han no. Han kjende seg dyster til sinns. Kva ville Siggen seie? Korleis kunne han ha vore så dum? Det hadde til og med vore hans eigen idé å ta dette uhellssvangre fotografiet, med sjølvutløysaren til kameraet han hadde kjøpt i forkant av pakketuren til Tenerife, kor til han hadde reist utan tanke på andre former for fysisk aktivitet enn å gå i fjellet. Ho hadde fortalt han at ho var frå Rotherham, fråskild og mor til to, og at ho hadde reist til Tenerife i ytste einsemd for å «hente seg inn igjen» medan borna var på feriekoloni, og han hadde ikkje sett nokon grunn til å tvile på denne historia. Nøgd med sitt vesle eventyr med ei engelsk åleinemor med kraftige leggar, stålblått blikk og sans for røff elskov, hadde han reist heim og signert for Vålerengens Idrettsforening, trygg i trua på at ingen i gamlelandet visste kor han hadde vore eller kva han hadde gjort der. I årevis hadde han ana fred og ingen fare, heilt til… Han orka ikkje tenkje på det. For sitt indre øyre høyrte han den ekstatiske røysta til salige Bjørge Lillelien: «Maggie Thatcher, can you hear me? Maggie Thatcher, can you hear me? Your boys took one hell of a beating! Your boys took one hell of a beating!» eksklamerte Bjørge om og om og om og om igjen. Egil Olsen stirte på Yngve Hallén. Han skjøna at alt var forbi. Det var ikkje mogleg for han å leve med at dette kom fram i ljoset. Viss det vart kjent for all verda at han, Egil Olsen, Englands banemann frå kvalifiseringa til USA-VM, på 1960-talet hadde hatt ein ferieflørt med nyliberalismens framtidige keiserinne – sjølvaste jernladyen in spe – under ein pakketur til eit ferieparadis i eit fascist-diktatur, ville heile imaget hans som sofaradikal fjellvandrar verte øydelagt som ved eit trylleslag, og Egil Olsen var ein mann som var meir oppteken av image enn han likte å vedkjenne seg. Han hadde såleis ikkje anna val enn å gjere som denne vulgære vestlendingen ville, og tanken på dette plaga han.

Han sa:
– Korleis fekk de tak i dette?
– Vi har våre kontaktar, sa Hallén.
Ein augneblink vart det stille. Fotballpresidenten smilte lik ein hai i eit barnebasseng.
– Forstår vi kvarandre? spurte han omsider.
– Det gjer vi, sa tidlegare landslagssjef Egil Olsen.

Han reiste seg brått og forlét kontoret. Hallén la det kompromitterande fotografiet forsiktig attende i konvolutten, og la deretter konvolutten likeså forsiktig attende i skrivebordsskuffa, som han låste med ein dertil eigna nøkkel før han skjenka seg ein durabeleg drink frå ein karaffel som stod på skrivebordet, og sank bakover i den svært komfortable kontorstolen han hadde kosta på seg på forbundets rekning med eit sukk fylt av velbehag. Den tidlegare landslagssjefen gjekk ut, og ved trikkestoppet utanfor Ullevål fekk han auge på sin gamle elev Erik Mykland, og frå den sistnemnte bomma han sitt livs første sigarett, og dei sto der og røykte i tystnad medan dei venta på trikken, som kom, og Erik Mykland steig på, medan Egil Olsen vart ståande og løfta ei hand til avskjed i det trikken sette seg i rørsle og forsvann i oktobermørkret, og sidan gjekk både vinter og vår utan at nokon høyrte noko som helst om lagnaden til Egil Olsen.

Grandtante Gurine
Per-Mathias Høgmo tok over som landslagssjef, og gjorde seg populær i media ved å bable om Hitler og ein «kjempesvart neger» på sin første pressekonferanse. Det verken Høgmo eller journalistane tilsynelatande merka seg, var at analogien ikkje var heilt perfekt, ettersom grunnen til at Jesse Owens kunne vinne OL-gull i Berlin i 1936, var at han faktisk var raskare enn alle dei ariske atletane, medan grunnen til at Noreg ikkje kunne vinne fotballkampar, var at dei var heilt elendige. I den første kampen under Høgmo, mot Slovenia i Maribor, vart Noreg gjort til lått etter alle kunstens reglar av den geniale Kevin Kampl, men Rune Almenning Jarstein sto som ein levande vegg, og laget vann på magisk vis 1-0 etter at ein retur etter eit svakt slått frispark frå den bortkomne sonen Per Ciljan Skjelbred trefte ein desorientert Daniel Braathen i baken, og gjekk inn. I den andre kampen under Høgmo, heime på Ullevål mot Island (som, i parentes nemnt, hadde rota vekk ein tilsynelatande sikker heimesiger mot Kypros etter at Branns Birkir Már Sævarsson scora eit håplaust sjølvmål i siste speleminutt) vart Noreg gjort til lått etter alle kunstens reglar av den geniale Kolbein Sigthorsson, men Rune Almenning Jarstein sto som ein levande vegg, og laget vann på magisk vis 1-0 etter at Birkir Bjarnason, Sampdoria-strategen frå Figgjo, hadde forvilla seg ned i eige straffefelt og kollidert med Valon Berisha. Tarik Elyounoussi sette straffesparket sikkert i mål. Noreg var klare for play-off! I den tredje kampen under Høgmo, mot Kroatia i Split, vart Noreg gjort til lått etter alle kunstens reglar av den geniale Ivan Rakitić, men Rune Almenning Jarstein sto som ein levande vegg… eller, det vil seie: det gjorde han slett ikkje. Tvert imot. Eg beklagar. Etter åtte minutt leia Kroatia 2-0. Luka Modrić hadde spela gjennom Mario Mandžukić med ein snedig stikkball, og Mandžukić hadde chippa ballen over ein utrusande Jarstein med ein snedig lobb, medan Rakitić på snedig vis hadde skrudd eit frispark over muren. «Noreg synk raskare enn Blücher», tvitra den profesjonelle tvitraren Jan-Åge Fjørtoft på Twitter. Men, utruleg nok, dei gjorde ikkje det. Det vart ikkje fleire scoringar før pause, og etter at Kroatia hadde innleia andre omgang med eit stormlaup mot det norske målet, hende det som ingen hadde kunna tru at ville hende viss dei ikkje hadde sett det med eigne auge, og som mange av dei som såg det med eigne auge, framleis ikkje kunne tru at hadde hendt. Vegard Forren, den langsame mannen frå Kyrksæterøra, hadde synt grov taktisk aktløyse ved begge dei kroatiske scoringane. Ingen visste dette betre enn Forren sjølv, og han ville gjerne gjere opp for seg. Men korleis? Det var spørsmålet. Og svaret var som følgjer: I det femtiande minutt fekk Noreg eit innkast på høgre side, omtrent ved midtstreken. Midtstopparen frå Molde avanserte, og mottok ballen frå Morten Gamst Pedersen (som uventa hadde gjort comeback i denne kampen etter å ha imponert Høgmo på trening). Han dempa ballen med venstre fot, stålsette seg for taklinga han visste at ville kome, og la Ivan Perišić i bakken med ei skulder som kanskje var ein alboge. Han akselererte (!) forbi Ognjen Vukojević, og i det Gordon Schildenfeld nærma seg for å avskjære han, fyrte han av ein kanon frå trettifem meters hald. Ballen fauk opp i vinkelen bak ein vantru Stipe Pletikosa. På lagleiarbenken utstøytte Høgmo eit gutturalt jubelbrøl, og skremte vitet av målscorarens klubbkamerat Mats Møller Dæhli, som hadde kome med i troppen etter ei matchvinnande førestelling i cupfinalen mot Rosenborg. Etter reduseringa heldt kampen fram som før. Kroatia angreip. Noreg forsvarte seg. Men laget var i betre balanse no, samstundes som kroatane, under presset frå eit kravstort heimepublikum, verka stadig meir nervøse. Ti minutt før full tid vart Gamst Pedersen spelt fri ute på venstrekanten, han presterte eit sleivspark av ei anna verd, og ballen hamna på nettaket: hadde den gått under tverrliggjaren, ville Pletikosa vore sjanselaus. Noreg tapte 2-1, men Høgmo sa etter kampen at han var viljug til å vedde «ho grandtante Gurine» på at laget kom til å triumfere i returoppgjeret på Ullevål.

Han fekk rett. Hærføraren Modrić måtte melde forfall grunna ein muskelstrekk, og då Josip Šimunić, føreseieleg nok, vart utvist etter fjorten minutt som konsekvens av ei hårreisande valdshandling mot stakkars vesle Magnus Wolff Eikrem, kollapsa Kroatia. Rett nok lukkast det Noreg i løpet av ein time og eit kvarters overtalsspel kun å score ei einaste gong – debutant Ola Kamara styrte ballen inn ved første stolpe etter eit fint raid langs høgrekanten av Omar Elabdellaoui – men takka vere Forrens fantastiske bortemål var dette tilstrekkjeleg. Noreg, eit lag som kun to månader tidlegare beviseleg ikkje hadde kunna spele fotball i det heile tatt, var klare for VM, og frå kongetribuna mottok fotballpresident Yngve Hallén folkets ekstatiske og takksame jubel. Rett nok var det ikkje han dei jubla for, men for laget og den guddomelege flaksen dei brått og høgst uventa hadde vorte velsigna med, men slike trivielle detaljar interesserte Hallén svært lite. Han var tilfreds. Alt var gått slik han hadde føresett. Posisjonen hans som president var urokkeleg. Det einaste som plaga han litt, var at ingen visste kor Egil Olsen hadde gjort av seg. Eigentleg var det jo berre ein fordel at den tidlegare landslagssjefen no var sporlaust borte, men Hallén likte ikkje tanken på at ein mann han hadde pressa til å trekkje seg med dei nedrigaste middel som tilgjengelege var, no var utanfor hans kontroll. Men det var ingenting han kunne gjere for å lokalisere Egil Olsen, og difor bestemte han seg for å tenkje på noko anna. Han opna laptopen, starta ei inkognito-økt og gjekk inn på ei av sine yndlingsnettsider. Det gleda han å sjå at blomsten av søraust-asiatisk ungdom heldt seg i så god fysisk form. (Så slanke dei er! tenkte han. Så energiske! Så… fleksible!) Utan tvil har vi velfødde vesterlendingar mykje å lære her, konkluderte fotballpresidenten, før han sovna med eit salig smil om munnen.

VM-troppen
Noreg vart trekt i VM-gruppe med Tyskland, USA og Ghana. Ein diplomatisk Høgmo sa at det var ei svært vanskeleg gruppe, men påpeikte samstundes at ingen grupper er enkle i VM-sluttspel, og at Noreg dessutan hadde slått Tyskland i viktige kampar før. Ulikt sin forgjengar var landslagssjefen optimist både av instinkt og prinsipp, men utover vinteren og våren fekk han og den positive haldninga hans ikkje desto mindre stadig større problem å stri med, ettersom eit fleirtal av dei aktuelle spelarane anten var skada, ute av form, involvert i ein desperat kamp mot nedrykk, eller rett og slett sleit benken i sine respektive klubblag, og Noreg vann følgjeleg ikkje ein einaste treningskamp. I djupet av sitt stille sinn kunne ikkje Høgmo anna enn å tenkje at det såg relativt mørkt ut, samstundes som det, av opplagte årsaker, ikkje var mogleg for han å gje ope uttrykk for dette ukarakteristiske svartsynet. Dette paradokset sleit på han, og i dagane og vekene før VM-troppen skulle kunngjerast, fekk han problem med både næringsinntak og svevn, noko som medførte ein brå og relativt dramatisk vektnedgong. Då ein uventa slank landslagssjef stilte til pressekonferanse på Ullevål for å avsløre namna til dei 23 heldige utvalde, syntest dei tilstadeverande journalistane at han såg svært godt ut. Sjefen var fit for fight, tenkte dei, og dette var sjølvsagt grunn god som nokon til å skru opp forventingane yttarlegare. For trass i kva nordmennene likte å tru om seg sjølv, var dei ikkje noko særskilt nøkternt eller realistisk folkeferd. Tvert imot. Rett nok hadde dei kvalifisert seg under ekstraordinære omstende og med eit naudskrik, og rett nok hadde dei ikkje vunne ein einaste kamp sidan VM-billetten vart booka, og rett nok var det år og dag sidan sist dei hadde deltatt i eit sluttspel, og rett nok var dei hamna i ei særs vanskeleg gruppe, men når landslagssjefen var fit for fight, var det ingen grunn til å tru at ikkje laget skulle vere det same, tenkte journalistane, og formidla desse tankane til folket, som, følgjeleg, tenkte det dei hadde fått beskjed om å tenkje: Noreg hadde alle tiders sjanse til å skape sensasjon i VM.

Troppen Høgmo tok ut, var som følgjer: Ørjan Håskjold Nyland, Rune Almenning Jarstein, Sten Grytebust; Tom Høgli, Omar Elabdellaoui, Martin Linnes, Jonathan Parr, Brede Hangeland, Vegard Forren, Fredrik Semb Berge, Tore Reginiussen; Håvard Nordtveit, Per Ciljan Skjelbred, Magnus Wolff Eikrem, Stefan Johansen, Markus Henriksen, Mats Møller Dæhli; Valon Berisha, Jo Inge Berget, Tarik Elyounoussi, Ola Kamara, Håvard Nielsen, Yann-Erik de Lanlay. Som alle VM-troppar i historia, vakte også denne debatt. Det var ein særs ung tropp, faktisk den yngste i turneringa – kun åtte av tjuetre spelarar var eldre enn tjuefem år – og somme hevda at denne mangelen på erfaring ville kunne syne seg å verte lagets akilleshæl i VM. Mot dette kunne ein innvende at erfaring – i fotballen som i livet – er ein noko oppskrytt kvalitet, at ungdomeleg entusiasme og evne til hurtig restitusjon er viktigare eigenskapar i ei fysisk krevjande og (vonleg) lang turnering, og at aktuelle spelarar med VM-erfaring uansett ikkje fanst. Landslagssjefen sa ingenting av dette, men tenkte likevel sitt: viss erfaring var det viktigaste, burde han vel tatt ut Rune Bratseth, Hallvar Thoresen, Erik Thorstvedt, Tom Lund? Eller kva med Per Bredesen, Thorbjørn Svenssen, Arne Brustad, Reidar Kvammen, Asbjørn Halvorsen og Jørgen Juve? Endå meir irritert vart han av påstanden om at Noreg ville mangle offensiv slagkraft fordi det, mellom dei seks angriparane han hadde tatt ut, kun befann seg ein (Ola Kamara) som utan vidare kunne kategoriserast som midtspiss. Kven var desse nådelause målmaskinane han liksom skulle ha ignorert? Joshua King, Moa Abdellaoue og Mushaga Bakenga var alle skada, som vanleg. Marcus Pedersen hadde hatt ein middels sesong for eit middels engelsk andredivisjonslag. Alexander Søderlund var ganske enkelt ikkje særskilt god i fotball. John Carew hadde lagt opp. Viss Zlatan eller Falcao eller Diego Costa eller Romelu Lukaku hadde vore norske statsborgarar, ville han truleg gjeve dei ein sjanse til å bevise kva dei var gode for, men no var dei no ein gong ikkje det, då, og landslagssjefen syntest såleis det var meir meiningsfylt å satse på anvendelege spelarar som kunne gje laget den elastisiteten i angrepsspelet som (meinte han) var ein føresetnad for suksess i moderne fotball. Noreg var kanskje sjanselause, men Høgmo var fast bestemt på å spele høgt og risikere tre strake, audmjukande nederlag, viss nederlag var det lagnaden hadde planlagt for laget. Og med denne innstillinga i bakhovudet sette troppen kurs for Brasil.

Müller-time
Arena Fonte Nova i Salvador var fylt til siste sete foran storoppgjeret mellom Noreg og Tyskland, eller rettare sagt: Tyskland og Noreg. Temperaturen i skuggen var 34 grader. 10 000 nordmenn i bar overkropp skapte så mykje stemning dei orka. Ølet her til lands var ikkje på langt nær så gratis som dei hadde venta, men dei var, trass alt, nordmenn – dei hadde ikkje reist heilt til Brasil for å gå på vatnvogna. På ærestribuna sat ein strålande opplagt Yngve Hallén i all si omfangsrike prakt. Til venstre for han befann seg generalsekretær Ketil Siem, travelt oppteken med å greie ut for alle som ville og ikkje ville høyre om Handshake For Peace, dette geniale, eigenutklekte «konseptet» som han var heilagt overbevist om at ville kome til å innbringje NFF Nobelprisen i nær framtid. Før kampen hadde dei helst på Zico og Paul Breitner, som var til stades i eigenskap av hhv VM-ambassadør og ekspertkommentator for tysk TV. Hallén hadde ikkje visst kven dei var, men Siem hadde forklart at dei var berømte fotballspelarar frå før i tida, og deretter sagt eit eller anna på eit språk presidenten meinte kanskje kunne vere engelsk, og som alle som høyrte det lo høgt av. Han skulle no alltid brese seg, tenkte Hallén irritert. No, ja. Den latterlege godfjotten hadde iallfall utan vidare godteke forklaringa hans om at Egil Olsen (som, i parentes nemnt, framleis var som sunken i jorda) hadde trekt seg som landslagssjef av eigen frie vilje og av omsyn til lagets beste. Han er kanskje idiot, men han er min idiot, konkluderte presidenten og kosta på seg eit lur smil, i det kampen tok til.

Høgmo-02

Etter at Noreg hadde tapt 4-0 – (Müller, Müller, Götze, Müller) – var han ikkje lenger like blid. Han storma ned i garderoben for å krevje ei forklaring på tapet (landslagssjefen hadde trass alt sagt at dei hadde til hensikt å vinne), men på veg inn vart han stoppa av ein atletisk mannsperson iført ei slags uniform.

– Eg er presidenten, brølte presidenten og veifta med akkrediteringskortet. Mannspersonen kikte nyfiken på det, men lét han ikkje passere. Døra til garderoben gjekk opp, og assistenttrenar Jarl Torske stakk hovudet ut.
– Yngve, sa han. Er det deg?
– Ikkje «Yngve» meg! freste Hallén. De tapte!
Fleire spelarar i tillegg til landslagssjef Høgmo var no kome til syne i døropninga bak Torske. Dei stirte slukøyra på fotballpresidenten. Landslagssjefen tråtte fram. Han la ei hand på aksla til Hallén.
– Yngve, Yngve, Yngve, sa han.
– Ja, kva faen er det?
– Det hjelper ikkje å vere sint.
– Å ikkje vere sint, hjelper heller ikkje. De var patetiske!
– Dette var ingen god kamp av oss, vedgjekk landslagssjefen. Men hugs: vi vinn som eit lag og tapar som eit lag, og vi spelte trass alt mot ein av meisterskapsfavorittane.
– Vi vinn som eit lag! Vi vinn! De tapar åleine! Du har sparken!
– Du kan ikkje gje meg sparken, sa Høgmo roleg. Det var jo du sjølv som tilsette meg. Og dessutan, kven skulle overta, no midt under VM?
– Alex Ferguson! vrælte Hallén, ikkje fordi han hadde nokon grunn til å tru at den pensjonerte skotten skulle vere interessert i å gjere comeback for å trene det norske landslaget, men fordi Ferguson var den einaste trenaren han kunne kome på namnet til. Den ubenytta reserven Fredrik Semb Berge kikte på lagkaptein Hangeland.
– Brede? sa han.
– Ja?
– Får eg lov til å gje han juling?

Hangeland trekte med seg Semb Berge og landslagssjefen attende inn i garderoben og lét att døra framfor nasen på Hallén.

Per-Mathias Høgmo fekk ikkje sparken, men Fifa ila Noreg 100 000 sveitsarfranc i bot fordi presidenten gjennom å blokkere døra i over ein time hadde hindra Tom Høgli og Stefan Johansen i å møte opp til dopingkontrollen som dei var trekte ut til. På hotellet, om kvelden, var stemninga svært anspent. Kommunikasjonsdirektør Svein Graff og toppfotballsjef Nils Johan Semb måtte gå vakt i korridorane natta gjennom for å sikre seg mot at Hallén kom i nærleiken av Høgmo, som han hadde sverga ved alt som var heilagt at han skulle «knuse trynet» til. Semb syntest situasjonen var svært ubehageleg. Han var glad i Egil Olsen og djupt bekymra for at den vesle mannen var forsvunnen. Han hadde vorte spelt ut over sidelinja på mest mogleg audmjukande vis då Hallén (av årsaker han enno ikkje skjøna og ved bruk av metodar han ikkje hadde avslørt) fekk Olsen til å trekkje seg og lét Høgmo ta over, og han likte det ikkje, men likevel: Han hadde medynk med landslagssjefen. Han visste, som ein av svært få, korleis han hadde det. Semb hugsa godt kor glad han hadde vore då han storma ut på banen i Arnhem etter den praktfulle 0-0-kampen mot Slovenia, sikker i trua på at Noreg hadde kvalifisert seg for kvartfinalen i Euro 2000, berre for augneblink seinare å motta den sjokkerande meldinga om at Spania hadde scora to mål på overtid mot Jugoslavia i Brügge og knust alle dei stolte draumane hans. Han kunne aldri gløyme korleis han hadde falle ned på alle fire i midtsirkelen, og vorte ståande slik, urørleg, som om han berre venta på at einkvan skulle kome og dra ned buksene hans og… ja, de skjønar kor eg vil hen. Noreg hadde ikkje kvalifisert seg for eit sluttspel av noko slag sidan, men no var dei her, og den ulukkelege Høgmo hadde fått ein forferdeleg start. Semb ville gjort noko med det viss han kunne, men han kunne ingenting gjere, og dette plaga han der han sto på sin post, uendeleg einsam i mørkret.

Små som Spania
Dagen etter, under pressekonferansen, måtte Graff repetere utsegna «ja, men frå no av svarar landslagssjefen kun på spørsmål som har med det sportslege å gjere» 28 gonger. Etterpå trekte Høgmo, Torske og keepertrenar Frode Grodås seg attende til suita til den førstnemnte, kor dei i løpet av eit tre timar langt møte beslutta seg for å leggje alt det vonde og vanskelege bak seg, og heller fokusere på å løfte laget «inn mot» den no heilt avgjerande kampen mot USA, som, til alt hell, hadde spela uavgjort (1-1) mot Ghana i sin første kamp. (Kvifor seier vi «inn mot» når vi eigentleg meiner «før»? undra Grodås, men våga ikkje spørje.) I løpet av dei neste dagane steig stemninga betrakteleg. Dei hadde treningsøkter med god kvalitet, og sett bort frå at Vegard Forren fekk seg ein lei smell i duell med Tore Reginiussen, var landslagssjefen brukbart nøgd. Han tok til å lure på om det å verte utklassa i opningskampen faktisk, når alt kom til alt, var det beste som kunne ha hendt. No måtte dei vinne, og følgjeleg hadde dei ikkje anna val enn å gå svært offensivt til verks. Det passa Høgmo utmerkt. Han vraka midtbaneankeret Håvard Nordtveit, som mot Tyskland hadde demonstrert så tydeleg som mogleg var at han var fullstendig ute av form, og overlét den sentrale plassen til stjerneskotet Mats Møller Dæhli, flankert av Per Ciljan Skjelbred og Stefan Johansen. No hadde Noreg ein midtbane som var nesten like kortvokst som den til Spania, og dette fylte landslagssjefen med optimisme. Rett nok hadde han blanda kjensler andsynes Møller Dæhli, ettersom far hans var den kanskje verste brønnpissaren i norsk pressehistorie, men han tenkte at han kanskje kunne stagge straumen av surt mig frå den kanten viss han let guten spele frå start.

Kampen mot USA fann stad i Manaus, i Amazonas’ grøne djup. Høgmo helste på Jürgen Klinsmann, som han hadde helst på fleire gonger før, seinast under trekninga av VM-gruppene i desember året før, men som likevel ikkje gjorde mine til å kjenne han att. Han likte ikkje Klinsmann, så ærleg måtte han vere. Det var eit eller anna med heile framtoninga – den litt for nystrokne skjorta, det litt for sjølvsikre smilet, den litt for solbrune huda og det litt for scientologaktige glimtet i auga – han berre ikkje kunne noko med. Klinsmann hadde sagt til pressa før kampen at «lag som Noreg» var lag dei måtte slå, viss dei skulle bevise at dei hadde noko i VM å gjere. «Kuk», mumla landslagssjefen stille i det dei tok kvarandre i handa. På den amerikanske benken fekk han auge på Mix Diskerud, som hadde takka nei til å spele for Noreg fordi han meinte norsk toppidrett var gjennomsyra av «kommunisme». Høgmo håpa Klinsmann ville late Diskerud kome på banen i løpet av kampen, slik at han kunne få seg ein velfortent trøkk seksten eller to. Dommaren bles, og USA gjekk direkte i angrep. Tore Reginiussen, som hadde erstatta Vegard Forren som han hadde skada, la Jozy Altidore resolutt i bakken ved hjørnet av sekstenmeteren. Amerikanarane lét nedsetje ein komité for å planleggje det påfølgjande frisparket, og etter lengre tids studiar og intens debatt avfyrte Landon Donovan eit skot som gjekk rett i muren. Langsamt vann Noreg kontrollen over midtbanen. Etter atten minutt røva Møller Dæhli ballen frå Michael Bradley, og slo ein perfekt pasning ut på venstrekanten til Yann-Erik de Lanlay, vårens formspelar i Tippeligaen, som hadde kome med i troppen på ein djupt fornærma Morten Gamst Pedersens bekostning, og til denne kampen hadde tatt plass i startellevaran etter at Jo Inge Berget hadde gjort seg sjølv uaktuell gjennom ei bleik førestelling mot Tyskland. De Lanlay, med sin spissmusaktige utsjånad og sitt festlege franske namn, framsto ikkje som nokon særskilt fryktinngytande fotballspelar, og Clarence Goodson, som hadde følgt han nedover mot dødlinja, lét til å vere trygg på at han hadde kontroll over situasjonen. Men i det den tidlegare Start-stoggaren skulle til å setje inn den avgjerande taklinga, føretok Viking-vingen ei uventa kroppsfinte, og sende Goodson opp på tribuna. De Lanlay chippa ballen inn i feltet, og Tarik Elyounoussi skar inn frå motsett flanke og kasta seg fram på kamikaze-vis. Tim Howard rekte ikkje ein gong å løfte dei lange armane sine før ballen låg i nettet bak han. Ei praktscoring! Høgmo, ståande på sidelinja, vart løfta til Grodås. Han hvinte av vantru lukke. «Ajajajajajajajajaj!» forkynte den alltid like veltalande Øyvind Alsaker frå sin kommentatorboks.

Høgmo-03

Då han var komen ned på jorda att, kikte Høgmo bort på Klinsmann, som på si side såg ut som ein mann som er hamna på feil klode. Noreg styrte kampen no. Dei vesle midtbanemusketerane leika seg med dei lekraste kombinasjonar. Når til og med venstreback Tom Høgli, kanskje den mest sympatiske av alle sympatiske menn, la ut på raid og fyrte av eit høgst oventa skot som trefte tverrliggjaren bak Howard og gjekk over, tok landslagssjefen til å kjenne seg relativt trygg. Og det gjorde han heilt rett i. Rett nok fall det laget urovekkjande tungt å omsette det etter kvart totale spelemessige overtaket i scoringar, men ti minutt før slutt spelte innbyttar Valon Berisha høgreback Omar Elabdellaoui gjennom med eit frekt hælspark, Elabdellaoui kom seg til dødlinja og slo ballen attende inn i feltet på nesten irriterande lærebokaktig vis, og der var sanneleg Elyounoussi igjen! Uanstrengt runda han ein utrusande Howard og plasserte ballen i det opne målet. Då dommaren bles for full tid, gjekk ein sur Jürgen Klinsmann rett i garderoben, noko som gleda Høgmo over all måte. Dagen etter, etter at Tyskland hadde slått Ghana 1-0 i ein kamp som mest av alt var bemerkelsesverdig fordi Kevin-Prince Boateng presterte å verte den første spelaren i VM-historia som pådrog seg raudt kort etter vald mot sin eigen bror (han trakka på ein liggjande Jerome i ei mølje etter ein corner), kjente han seg om mogleg endå gladare. Schalke-strategen hadde vore sitt lags beste spelar i kampen mot USA, men måtte no stå over oppgjeret mot Noreg i Brasília. Hallén, som av openberre årsaker ynskja å sole seg i glansen frå eit vinnarlag, bad om orsaking for åtferda si etter nederlaget mot Tyskland, og ein storsinna landslagssjef godtok orsakinga, men kunngjorde samstundes venleg, men bestemt at det nok var best om laget fekk førebu seg til oppgjeret mot Ghana i fred. Då kampdagen nærma seg, tok han ikkje desto mindre til å kjenne seg ein tanke bekymra. Før USA-kampen hadde spelarane vore så herleg avslappa, dei hadde visst at dei ingenting hadde å tape, og under slike omstende synte det seg at dei kunne spele praktfull fotball. Men no verka dei prega av alvoret i situasjonen. Han tenkte at han måtte finne på noko lurt, slik at dei kunne seinke skuldrane. Han hugsa at han hadde lese om Danmarks landslagssjef Richard Møller Nielsen, som lét spelarane spele minigolf og ete på Burger King før avgjerande kampar under triumftoget gjennom EM i 1992, og han visste at Brian Clough hadde tatt med seg heile Nottingham Forest-stallen til Mallorca for å gå på fylla før Europacupfinalen mot Malmö i 1979. Men det fanst ingen minigolf-anlegg i nærleiken av hotellet (han hadde sendt assistentane Torske og Grodås på oppdagingsferd for å sjekke), og å reise til Mallorca var det heilt enkelt ikkje tid til. Dagen før kamp, i Brasília, bestemte han seg for å la det stå til. Under middagen, kor ingen sa noko, og stemninga var påfallande lik ein tidleg Wam & Wennerød-film, reiste han seg brått og annonserte at viss nokon hadde behov for det, var det fritt fram for å ta seg ein tur ut i kveld.

– Ut? spurte ein undrande tredjekeeper Sten Grytebust.
– Ja. Ut på byen.
– Kva skal vi der å gjere?
– Kva brukar du å gjere når du går ut på byen, Sten?
Grytebust raudna og stirte ned i matfatet. Landslagssjefen slo ut med armane. Kva skulle han seie? Han sa:
– Gutar, vi er i Brasil. De er unge, ved god helse og fylt av von for framtida. Eit par av dykk har til og med ein utsjånad som ikkje er direkte ufordelaktig. Det ville vere meiningslaust, ja sadistisk av meg å late dykk vere her i vekevis utan ein einaste gong å få lov til å smake dei lekre fruktane dette landet har å by på. Med andre ord…
– Ja…? sa ein håpefull Valon Berisha.
– Stikk! Forsvinn frå mitt åsyn! Fyll natta med alt det hjarta måtte begjære! Dans! Drikk! Knull! ropte Høgmo, samstundes som han stille forbanna det faktum at han sjølv ikkje lenger var ung.

Høgmo-04

Det vart stille igjen. De Lanlay og Møller Dæhli, som aldri hadde gjort det siste landslagssjefen nemnte, stirte sjenert på kvarandre. Etter kvart gjekk dei, alle som ein, og Høgmo såg ikkje meir til dei før dei, tre timar før kampstart, i samla flokk snubla inn i bussen som skulle bringje dei til stadion, slitne, men lukkelege. Møller Dæhli sat åleine heilt bakarst med eit salig andletsuttrykk. Det lova godt, tenkte landslagssjefen, og ana ikkje kor rett han skulle få. Guten spela sitt livs kamp, ikkje ein ball mista han, og trass i at Strømsgodsets Adam Larsen Kwarasey varta opp med den eine feberredninga etter den andre, var det berre eit spørsmål om tid før det norske presset gav uttelling. Fem minutt før pause scora Stefan Johansen kampens einaste mål, då han mottok ei pasning frå Per Ciljan Skjelbred ved hjørnet av sekstenmeteren, dansa forbi den gigantiske Isaac Vorsah og sendte eit guddomeleg vakkert venstrefotsskot i nettet bak sin tidlegare klubbkamerat Kwarasey. Det einaste skåret i gleda var at Elyounoussi måtte gje seg tidleg i andre omgang etter ein kollisjon med Anthony Annan, men Berisha tok heldigvis vare på sjansen då han kom inn. Noreg vart nummer to i pulja, og var klar for åttedelsfinalen, kor dei skulle møte ingen ringjare enn Belgia, som hadde vunne tre kampar av tre, scora tolv mål og sleppt inn ingen, og avansert frå den lett audmjukande rolla som alle fotball-hipstarar sin føretrekte outsider, til reell tittelkandidat.

Klassikaren
Kampen vart ein klassikar, som inkje augevitne nokon gong vil gløyme. To nasjonar som kun unnataksvis har vore assosiert med festfotball, sette i scene ei førestelling av eit kaliber ein ikkje har sett maken til i VM-samanheng på fleire tiår, kanskje aldri. Romelu Lukaku heada Belgia i leiinga. Valon Berisha utlikna med eit saksespark frå skrå vinkel. Eden Hazard dribla fem mann og slo ballen mellom beina til Ørjan Håskjold Nyland. Ola Kamara utlikna med ein lur lobb etter genialt forarbeid frå Stefan Johansen. Steven Defour vrengte eit frispark opp i vinkelen på meisterleg vis. Mats Møller Dæhli utlikna med eit spektakulært volleyskot som slo i bakken framføre Thibaut Courtouis og spratt opp i nettaket. Og så, på overtid, etter at Noreg hadde stått i mot ein halvtimelang periode med vedvarande belgisk press, og Håskjold Nyland hadde tatt talrike skot som var utagbare per definisjon, vann lagkaptein Hangeland ballen frå Christian Benteke etter ein belgisk corner. Han sentra straks til Per Ciljan Skjelbred, som slo ein uendeleg vakker, uendeleg presis femtimeterspasning til den framovergallopperande Tom Høgli, som brått og uventa sto andlet til andlet med Vincent Kompany, som freista å takle han, men Høgli fall, og fallet vart på magisk vis til ei briljant finte, som utmanøvrerte den belgiske stoggargiganten, og mannen som hadde vore toppscorar for Samelandslaget under Viva World Cup 2006, var gjennom, og skar inn mot mål. Frå tolv meters hald fyrte han av, og ballen fór i ein perfekt boge forbi Courtois, trefte høgre stolpe og gjekk inn. Liggjande i graset vart venstrebacken overfalt av ekstatiske lagkameratar. Kampen var over. Tom Høgli, denne kommunefunksjonæren av ein forsvarsspelar, hadde avgjort ein av dei beste VM-kampane som nokon gong har vore spelt, til Noregs fordel. Toppfotballsjef Semb og landslagssjef Høgmo tok begge til tårene. «Vi er i kvartfinalen!» hylte Øyvind Alsaker igjen og igjen og igjen. «Jan Ceulemans! Enzo Scifo! Paul de Man! Hergé! Jacques Brel! Django Reinhardt! Helmut Lotti! Vi har slått dem alle sammen!»

Høgmo-05

Same kveld, medan nordmenn i hundretusental dansa i gatene i kvar by og bygd frå nord til sør, var hjartevenene Hallén og Høgmo gjestar i VM-studio. Der forklarte fotballpresidentent at sjølv om han skjøna at einskilde hadde stilt spørsmål ved Forbundets framgongsmåte då dei kvitta seg med Egil Olsen, hadde han og hans kjære kollega Ketil Siem heile tida vore sikre i trua på at dei visste kva dei gjorde, og at det dei gjorde var rett. Aldri eit sekund hadde dei tvilt på Høgmo, sa han. Landslagssjefen hadde utan skugge av tvil bevist at han tilhøyrte trenareliten i Europa. Ein smilande Høgmo takka for dei fagre orda, og unnlét klokeleg å nemne for nasjonens fjernsynspublikum at Hallén, veka i førevegen, hadde truga med å rydde han av vegen gjennom bruk av stump vald og late han erstatte av ein inkjeanande skotsk pensjonist. Deretter sa landslagssjefen at han på ingen måte såg vekk frå at Noreg kunne halde fram storspelet i kvartfinalen mot Argentina, og at han gleda seg. Korleis dét gjekk, veit vi. Etter 119 minutt med argentinsk dominans og heltemodig norsk motstand, var stillinga 1-1, då den hittil meisterlege Ørjan Håskjold Nyland felte og skada Lionel Messi, laga straffe og pådrog seg raudt kort, og no er vi atter attende i notida og den nyslåtte og målvakten Tarik Elyounoussi står urørleg andlet til andlet med Sergio Agüero, viss høgrefot om kun eit hundredels sekund oppnår kontakt med ballen.

Sergio Agüero sendar straffesparket himmelhøgt over!

Mine damer og herrar, eg veit ikkje kva eg skal seie: landsmenn på havet og i framande land: dette er ikkje til å tru! Sergio Agüero, den feterte superstjerna frå Manchester City, har misbrukt sjansen til å avgjere kvartfinalen for Argentina! Og det vert ikkje fleire sjansar, for tida er ute. Dommar Shukralla signaliserar utspark frå mål. Tarik Elyounoussi tek utsparket. Shukralla følgjer ballen med blikket. Og der, i det ballen når bakken, blés han. Kampen er over! Straffekonkurransen kan ta til. Vi foldar hendene og held pusten. Kva no? Kva no? Kva no?

Siste akt
Viss dette var ei fiksjonsforteljing, ville Noreg utan tvil triumfere. All fornuft tilseier norsk siger. Det argentinske laget har slite og strevd i to samfulle timar for å få has på dei gjenstridige nordmennene. Dei har mista sin talisman Lionel Messi og misbrukt straffesparket som følgde som ein konsekvens av den vesle mannens skade. Dei er, eller burde iallfall vere, utkøyrte, fysisk og mentalt. Men fotball er ikkje fornuft. Tvert om. Det vert påstått at fotball er eit enkelt spel, men dei som påstår det, anar ikkje kva dei talar om. Viss evna til å overvinne all logikk, til å på uforklarleg vis annullere det opplagte, sjølvsagte, uunngåelege – slik ikkje minst Noreg har gjort, gong på gong, på si ferd mot denne kvartfinalen – er fotball sannsynlegvis den mest komplekse av alle menneskelege aktivitetar. «Alt eg veit om moral, har eg lært frå fotballen», sa nobelprisvinnar og tidlegare målvakt for Algers universitetslag Albert Camus. Kva han kan ha meint med det, er gåtefylt, for sanninga er at i fotball finst ingen moral. Kun sanninga. Og sanninga er, i dette som så mange andre tilfelle, grusam, uendeleg brutal. For sjølv om Tarik Elyounoussi, framleis iført Rune Almenning Jarsteins keeperdrakt, scorar på det første norske straffesparket, er han ikkje i stand til å redde eit einaste eitt av dei fem påfølgjande argentinske skota, og då hjelper det ikkje at dei tre neste norske skyttarane óg lukkast i å score. Til sist er det vesle Mats Møller Dæhli, lagets Benjamin, som tapar den russiske rulletten. Skotet hans er hardt og lågt, og den argentinske målvakten Sergio Romero kastar seg feil veg, men ballen treff innsida av stolpen og sprett ut igjen, og Noreg, laget som, viss logikk hadde noka rolle å spele i fotball, aldri skulle ha vore her, er slått ut av VM med knappast mogleg margin. Vantru jublar argentinarane, klare for semifinale mot regjerande meister Spania, medan dei norske spelarane slukøyra vandrar mot sidelinja for å takke fansen for støtta. Vi ser at dei er stolte over prestasjonen, men samstundes uendeleg skuffa, meir skuffa enn dei nokon gong igjen skal kome til å oppleve å vere. Ja, Brede Hangeland, kaptein for både landslaget og for det nynedrykka Fulham; Tom Høgli, benkeslitar i belgiske Brügge; Yann-Erik de Lanlay, ung og talentfull, men ikkje desto mindre ein mann som i det daglege representerer eit bedriftslag frå provinsbyen Stavanger; alle står dei her, på eit stadion i Brasils hovudstad, og er skuffa fordi dei har mislukkast i å nå semifinalen i VM i fotball, i kamp mot Argentina. Eg bed lesarane konsentrere seg om dette synet, lagre det i minnet for alltid, for dei vil aldri få sjå noko liknande igjen så lenge dei enn lever. Per-Mathias Høgmo krossar speleflata med hovudet høgt heva, han løftar dei stutte armane mot himmelen og klappar i hendene. Vi veit ikkje kva han tenkjer, men det er ingen grunn til å tru anna enn godt om Høgmo i ein augneblink som denne, og eg velgjer difor å tru at det han tenkjer på er mor og far, og onkel Eskil og grandtante Gurine og alle dei andre heime i Gratangen som har støtta han på den lange vegen frå frostkalde grusbanar til VM i sjølvaste Brasil. Kanskje formar seg ei tåre i augekroken hans, der han går, uendeleg stille, over det kortklypte graset.

Hemnen
Timar seinare er det klart for avskilsbankett i festsalen på hotellet. Tilstades er spelarar, spelarfruar (lukkeleg uvitande om eskapadane i forkant av kampen mot Ghana), trenarar og øvrig støtteapparat, ein nær samla norsk sportsjournaliststand og sjølvsagt forbundsleiinga. Stemninga er avmålt, men ingen tillét seg å vere direkte nedtrykte. Noreg har trass alt i praksis oppnådd ein femteplass i VM, og kven veit kva dette laget er truande til å finne på i Frankrike om eit par år. Dette siste repeterer Yngve Hallén til alle som lånar han øyre. I djupet av sitt stille sinn er han lukkeleg fordi han ikkje våga gjere alvor av trugsmålet om å sparke landslagssjefen etter opningsbataljen mot Tyskland. Han får eit glas vin, og drikk vinen. Eit glas til. Og endå eitt. Han legg ikkje merke til den svartsmuska, aldrande, lett lutrygga kelnaren som serverer han glas etter glas. Men når banketten er over, forrett, hovudrett, dessert og talrike glas vin fortært, og fagre ord utdelt frå alle til alle, bevegar den svartsmuska lutryggen seg med list mot eit kontrollpanel bakarst i lokalet. Han trykkar på ein knapp, og med dukkar flimrande bilete opp på ein storskjerm på eine kortveggen.

Fotballpresidenten løftar blikket, noko forvirra, men i forventning om kanskje å få sjå ein video med høgdepunkt frå kampane til det norske laget. Men denne filmen inneheld høgdepunkt av eit heilt anna slag. Først ser vi berre eit tomt rom, og Hallén merkar seg med stigande undring at rommet minnar påfallande mykje om suita han hadde på Hilton i Bangkok under landslagets for lengst gløymte januarturné til Thailand og Malaysia. Deretter kjem ei ung, slank og svært mangelfullt påkledd kvinne av asiatisk utsjånad til syne. Og ei til. Og endå ei. Til sist ser vi fotballpresidenten. Mindre ung og betydeleg mindre slank, men like mangelfullt påkledd som dei tre kvinnene. Dei tilstadeverande ved banketten vendar blikket bort, ein etter ein. Berre Hallén stirar framleis stivt mot skjermen. Forurolegande lang tid går før han merkar at einkvan står bak han. Kven er det? Han høyrer ei kjent røyst, ei røyst som ikkje er til å ta feil av. Uendeleg langsamt vender han blikket mot den lutrygga kelneren.

– Hemnen er ein rett som smakar best kald, seier Egil Olsen og går ut i tropenatta.

Tre dagar seinare signerer Per-Mathias Høgmo kontrakten som gjer han til manager i Paris Saint-Germain. Han tek med seg De Lanlay, entusiastisk ved tanken om å kunne gjere suksess i sin fars heimland. Ørjan Håskjold Nyland går til Barcelona. Valon Berisha til Borussia Dortmund. Mats Møller Dæhli takkar høfleg nei til ein retur til Manchester United og signerer i staden for Liverpool, ettersom han helst vil spele for ein klubb som har ein sjanse til å kjempe om titlar. Talrike av dei andre er óg høgaktuelle for lukrative overgangar. Den nye fotballpresidenten, Karen Espelund, tilbyr den ledige jobben etter Høgmo til Ole Gunnar Solskjær, som avslår fordi han framleis ventar på eit tilbod frå Old Trafford som aldri kjem. Kven som vert ny landslagssjef er framleis ukjent når dette går i trykken. Kor vidt laget vil vere i stand til å halde fram suksessen frå den magiske sommaren 2014, kan ingen vite. Alt vi veit, er at kva som enn hender, vil vi alltid ha Brasília.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.