Gullgruve eller blylodd?

Stadion-01
West Ham United vann kampen om å få overta OL-stadion i London.

Men er dealen like gullkanta som klubben håpar på?

Tekst Even Smith-Wergeland

I mars 2013 vart det endeleg klart: West Ham United får overta OL-stadion i Stratford, London, etter lengre tids drakamp med Tottenham og Leyton Orient. Førstnemnde var ein seriøs utfordrar med tanke på behov og ressursar, men geografisk heilt malplassert. Orient, på si side, har ein reell geografisk relasjon til OL-området, men ikkje dei naudsynte ressursane. Dei meldte seg på i stadion-kampen primært for å vere sand i maskineriet, ettersom dei frykta at ein Premier League-klubb i nabolaget ville vere til hinder for å rekruttere unge fans. Slik sett var det ein kardinaltabbe av Orient å rykke ned og måtte spele i League 2 sesongen før West Ham flyttar inn på OL-stadion.

Den komande sesongen er nemleg den siste på Boleyn Ground, også kjend som Upton Park, der West Ham har halde hus sidan 1904. Frå og med sesongen 2016/17 er det OL-stadion som gjeld. Klubben held seg innanfor same bydel, Newham, og avstanden frå Boleyn Ground til OL-stadion er berre 5 kilometer i luftlinje. Slik sett er overgangen rimeleg mild for West Ham-fansen. Ser ein bort frå det geografiske, derimot, er det eit stort hamskifte. Å flytte frå eit historisk anlegg, der klubbidentiteten nærast er impregnert i veggane, til eit flunkande nytt anlegg kan vere ei kjelde til identitetsforvirring.

For Boleyn Ground har vore åstad for ei rekkje sjåverdige augeblikk: Dei susande taklingane til Julian Dicks, som gav han kallenamnet “the Terminator”. Hat-tricket til Trevor Brooking i 5-0-sigeren mot Newcastle i april 1968. Hat-tricket til Tony Cottee då West Ham slo Manchester City 3-0 i desember 1994. Premier League-debuten til Frank Lampard Jr. mot Coventry i januar 1996. Joe Cole sin a-lagsdebut i FA-cupen mot Swansea 2. januar 1999. Det elleville målet til Paolo Di Canio mot Wimbledon i mars 2000. Debuten til Carlos Tevez i september 2006, då Javier Mascherano sat på benken, fordi manager Alan Pardew heller ville ha Hayden Mullins og Nigel Reo-Coker sentralt på midtbanen…

Forventingsfulle fans
Kort sagt: minna er mange, og det vil ta langt tid før OL-stadion har akkumulert like mykje identitetsskapande hendingar. Dei andre Premier League-klubbane som har teke dette spranget i seinare tid – Man City, Arsenal, Leicester City – har opplevd utfordringar, blant anna knytt til namnet på stadion. Men godt tilrettelagte fasilitetar har ein tendens til å vege opp for mangelen på historisk sus. Ei undersøking gjort av West Ham i 2013 blant 14.000 fans, synte at heile 85% var positive til overtakinga av OL-stadion. Eller kanskje endå meir illustrerande: Facebook-sida «West Ham fans against the olympic stadium» har berre 850 likes.

For å finne ut meir om dette tok Josimar kontakt med den norske West Ham-supporteren Gjermund Holt, som følgjer klubben tettare enn dei fleste. Hans  kjennskap til prosessen samsvarer med vårt inntrykk.

– Det var veldig delt i starten, ein del var skeptiske, men no ser dei aller fleste positivt på flyttinga. Folk har innsett at dette er eit riktig steg for klubben. Ein vesentleg grunn til at fleire fans har skifta meining med tida, er at klubben har gjort mykje for å integrere dei i planlegginga. Klubben har vore flink til å selje inn prosjektet blant fansen. Dei har lytta til innspel, for eksempel om detaljar som kan bidra til å setje eit skikkeleg West Ham-preg på OL-stadion. Fleire element frå det gamle anlegget skal flyttast til det nye, deriblant Bobby Moore-statuen og The John Lyall gates.

For dei uinnvigde: Moore er ein legendarisk West Ham-spelar (1958-1974), og kaptein på det engelske landslaget som vann fotball-VM i 1966. John Lyall ein legendarisk West Ham-manager (1974-1989), som leia West Ham til finalen i den europeiske cupvinnarcupen i 1976. Den kampen tapte dei 4-2 mot Anderlecht, men i 1980 vann dei FA-cupen mot Arsenal. Det er den siste store tittelen til West Ham, og sist gong eit lag frå nivå 2 har vinne den engelske FA-cupen.

Éin ting mange lurar på, er kor vidt West Ham er populære nok til å fylle eit stadion med 54,000 seter. Sjølv om alle dei 35,016 setene på Boleyn Ground som regel er okkuperte når West Ham speler heime, er det dristig å auke kapasiteten såpass mykje som klubben no gjer. Fleire britiske fotballekspertar, deriblant tidlegare West Ham-keeper David James, har sådd tvil om publikumspotensialet. Holt, derimot, ser annleis på det.

– Eg trur at klubben kjem til å fylle stadion, i all vesentleg grad. Den ordinære fanbasen er i utgangspunktet stor, og eg trur at flyttinga kan bidra til å verve fleire. Meir plass vil gjere det muleg å tilby fleire rimelege billettar. I tillegg er stadion ein turistmagnet. Infrastrukturen er enormt god – det er mykje enklare å reise dit enn til det gamle stadionet.

Holt har heilt rett i at OL-stadion representerer eit sjumilssteg for West Ham med tanke på lokasjon og transport. Takka vere OL har Stratford gått frå å vere eit av dei minst tilgjengelege områda i London til eit av dei mest tilgjengelege. Ein kan enkelt kome seg dit frå alle delar av London, ved hjelp av godt etablerte transportmiddel som t-bane og tog, og to spenstige transportprosjekt frå nyare tid: lettbanesystemet Docklands Light Railway og forstadsbanesystemet London Overground. At det gamle West Ham-territoriet er kronglete, kan den tidlegare Bryne-spelaren Ragnvald Soma skrive under på. I januar 2001, då Soma var meint å skulle få sin Premier League-debut for West Ham borte mot Charlton, klarte han og faren å køyre seg vill like ved Boleyn Ground. Ein jærbu i storbyen hadde definitivt oddsa mot seg, men likevel.

I sum vil alle fordelane ved å flytte vege opp for eventuelle ulemper, meiner Holt. Han trur til dømes at det vil verte langt lettare å marknadsføre West Ham når klubben får fast tilhaldsstad i eit stadion som allereie er eit sterkt varemerke, og som attpåtil ligg i eit velkjend område. Marknadsavdelinga i West Ham prøver å gjere maksimalt ut av overgangen, blant anna ved å endre klubblogoen. I den nye versjonen vil det stå «London» i tillegg til West Ham United, for å understreke det som er opplagt for dei fleste, men ikkje alle: at West Ham er ein London-klubb.

The West Stand, Boleyn Ground, sett frå Green Street. Namnet på stadion kjem frå Anne Boleyn, den andre kona til Henrik VIII. Ho budde i Green Street House, også kjend som Boleyn Castle, i den sørlege enda av Green Street.
The West Stand, Boleyn Ground, sett frå Green Street. Namnet på stadion kjem frå Anne Boleyn, den andre kona til Henrik VIII. Ho budde i Green Street House, også kjend som Boleyn Castle, i den sørlege enda av Green Street.

Gullkanta avtale?    
Målsetnaden til West Ham er naturlegvis at flyttinga til nytt stadion skal medføre ny giv i klubben og sportsleg framgang. I europeisk fotball finst det fleire døme på at eit nytt stadion kan bidra positivt i så måte. Juventus stadion i Torino vert ofte nemnd som ein heilt grunnleggjande føresetnad for den enorme Juve-dominansen i Serie A. «Det nye stadionet er den beste signeringa Juventus gjer kvar sesong», uttalde Adriano Galliani, visepresident i Milan, i World Soccer sitt spesialnummer om 2014/15-sesongen. Eit anna stadion som bidrar til å konsolidere heimelaget i toppen av sin respektive liga er Volkswagen Arena, som sto ferdig i 2002. Anlegget rommar 10,000 fleire tilskodarar enn den gamle heimearenaen til Wolfsburg, VFL stadion, og har utvilsamt vore med på å gje klubben eit kraftig løft.

Vi ser konturane av noko tilsvarande i West Ham. I sommar har klubben vist musklar på overgangsmarknaden. Dimitri Payet, ein av dei beste spelarane i fransk fotball dei siste åra, vart henta frå Olympique Marseille. Den unge spanjolen Pedro Obiang kom frå Sampdoria, etter å ha spelt fast der i fire sesongar. Ikkje dei aller største namna, kanskje, men spelarar som fort kunne gått til større klubbar enn West Ham. «West Ham sine ambisjonar står perfekt i stil med mine ambisjonar», sa Payet då han signerte for klubben. Enner Valencia, som kom til klubben i 2014, hevdar at stadion var ein vesentleg grunn til at han valde West Ham. «Då eg høyrde nyheita om at West Ham skulle flytte til OL-stadion, vart eg begeistra. Det er eit strålande anlegg, eitt av dei beste i verda, og eg gler meg til å spele der i 2016.»

OL-stadion har altså vorte ein dynamo for West Ham allereie før dei har flytta inn. Viss det verkeleg stemmer, slik mange media har meldt om, at klubben har ordna seg ein svært gunstig økonomisk avtale i overtakinga av OL-stadion, kan framtida sjå lys ut. Det trur i alle fall klubbens viseformann, Karen Brady, som kallar overgangen ein «game changer» for klubben. Dei har signert ein leigekontrakt som strekk seg 99 år framover, og skal visstnok berre betale 2,5 millionar pund i året. Det er lommerusk å rekne, særleg med tanke på den ekstremt lukrative TV-avtalen som Premier League sikra seg for 2016/17 – Sky og BT Sport har bladd opp heile 5,1 milliardar pund for rettigheitene. Ein pen slump av desse pengane vil tikke inn på kontoen til West Ham.

Ein økonomisk joker i West Ham-ermet er det planlagde salet av Boleyn Ground, som skal rivast for å gjere plass til nye bustader. I følgje Gjermund Holt er intensjonen at desse bustadene skal få eit “West Ham-preg”. Kva det eventuelt måtte innebere er førebels uklart, men det er lite tvil om at salet av eigedommen vil generere gryn i klubbkassa. Spørsmålet er berre kor mykje. Då Arsenal selde Highbury i si tid, fekk klubben inn heile 157 millionar pund. Men det var i ein langt meir attraktiv del av London. West Ham har stipulert verdien av Boleyn Ground til 16 millionar pund. Det er kanskje vel defensivt, og det er uansett marknadskreftene som avgjer den endelege inntekta.

Men det er også fleire utgifter inne i biletet. I tillegg til den årlege leiga har West Ham betalt eit eingongsbeløp i samband med overtakinga av stadion og omgjeringa til ordinært fotball- og friidrettsanlegg. Fleire ulike summar har vorte nemnd, men 15 millionar pund går igjen i fleire av kjeldene. Det er eit betydeleg utlegg, men samstundes småpengar samanlikna med dei 650 millionar punda det kosta å bygge anlegget. Denne totalsummen vart nyleg oppdatert til 701 millionar pund på grunn av ekstrakostnader knytt til den pågåande ombygginga, som har vorte nesten dobbelt så dyr enn estimert. Budsjettsprekk er dessverre nokså vanleg når store idrettsanlegg skal byggast – vi treng ikkje sjå lenger enn til Holmenkollbakken i Oslo for å illustrere den kjensgjerninga.

Den kritikkverdige kostnadsauka ser førebels ikkje ut til å få direkte økonomiske konsekvensar for West Ham. Men med tanke på omdømmebygging, er budsjettsprekken svært uheldig. Det har allereie vore mykje misnøye rundt bruken av offentlege pengar i finansieringa av OL-stadion. 40 millionar av det opphavlege byggebeløpet kom frå skattebetalarane i bydelen Tower Hamlets i London, og store delar av totalbeløpet + tilleggsutgifter er finansiert med offentlege pengar. Newham Council har gått inn med rundt 40 millionar pund, og Departementet for kultur, media og sport har spytta inn i underkant av 39 millionar pund. Medan norske fotballklubbar stundom får økonomisk stønad på kommunalt nivå, har West Ham altså sugerøyr rett inn i statskassa.

Dette gjer det jo naturleg å stille visse etiske spørsmål. Er det rett at statlege pengar kjem ein profesjonell, kommersiell aktør som West Ham til gode? Det er svært delte meiningar om dette i engelsk media. Ein av dei mest kritiske debattantane er arkitekt Steve Lawrence, som var involvert i den tidlege planleggingsfasen av London-OL. Han var den første som klaga saka inn til EU, på bakgrunn av det han meiner er ei uheldig favorisering av éin bestemt klubb framfor andre. Lawrence peikte særleg på Charlton Athletic, ein klubb i same område som West Ham, som like gjerne kunne trengt eit oppdatert anlegg. Han viste også til den avtalen Ajax har med Amsterdam kommune, som går ut på at klubben betalar 9 millionar euro i årleg leige som kompensasjon for kommunal hjelp under bygginga av Amsterdam Arena. Kvifor, spurde Lawrence i 2011, skal ein engelsk klubb betale under halvparten så mykje for liknande type hjelp?

På andre sidan av debatten står blant anna West Ham sjølv og London Legacy Development Cooperation (LLDC), som begge hevdar at avtalen kjem til å tene inn dei statlege utlegga over tid. Utan ny eigar ville stadion vorte ei byrde, både for staten og lokalområdet, er mantraet deira. Det er eit godt poeng, men det har så langt ikkje klart å dempe den verste kritikken. Denne vart ikkje akkurat mildare etter at det kom for ein dag at stadiontransaksjonen ikkje har EU-godkjenning. Å overføre statlege pengar til ein privat aktør er ikkje normalt sett noko ein berre kan gjere, utan dei naudsynte formelle prosedyrane. I dette tilfellet betyr det at West Ham kan kome til å måtte betale meir for transaksjonen når saka er ferdigbehandla i EU. Manglande godkjenning gjer det dessutan muleg å klage avtalen inn når som helst i løpet av dei komande 10 åra. Per dags dato verkar det ikkje sannsynleg at nokon kjem til å gjere det, men trusselen ligg der, som eit varsko om at alt ikkje er heilt som det burde vere.

Stadionkuppet
At ein såpass stor avtale er inngått utan skikkeleg juridisk siktring, vitnar om ei kronglete ferd mot signerte kontraktar. Kampen om å få overta OL-stadion var då også direkte usportsleg til tider, med mykje dritslenging i media og usympatisk taktikkeri frå dei involverte. Det toppa seg i januar 2012, då Howard Hill, partner i revisjonsfirmaet PKF, vart arrestert, skulda for å ha spionert på West Ham for Tottenham. Hill sa seg skuldig i tiltalen, men nekta for å ha agert på oppdrag frå Tottenham, som klarte å hevde si uskuld. To andre revisorar, Richard Forrest og Lee Stewart, vart også dømde for same forhold. Dei tre mennene hadde blant anna overvaka bankkontoen og telefonen til Karen Brady og fleire andre West Ham-tilsette.

Det låg ikkje i korta at prosessen skulle verte såpass snuskete då første ledd av stadionkuppet vart lansert i mars 2010, då the Guardian avslørte at West Ham United samarbeidde med Newham Council om eit stadionprosjekt, der føremålet var å kombinere fotball med friidrett. Prosjektet vart promotert som eit idyllisk samarbeid med ein profesjonell fotballklubb og ein trengande bydel. Newham er blant dei fattigaste bydelane i heile London. Viss West Ham kunne hjelpe dei til å skaffe til veie eit nytt bydelsanlegg for idrett, av internasjonalt format, måtte det berre vere av det gode. West Ham, på si side, håpa på at det filantropiske aspektet skulle gje dei gjennomslag for det dei eigentleg ynskja seg: eit nytt, konkurransedyktig Premier League-stadion.

Dei lukkast ikkje i første omgang, men etablerte seg raskt som den føretrekte kandidaten. Det hjelpte lite at Tottenham kom på banen med den eine luftige planen etter den andre – blant anna om å gjere OL-stadion til eit reint fotballanlegg og, som kompensasjon, gjere Selhurst Park om til friidrettsarena – og at både Spurs og Orient gjekk til rettslege skritt for å hindre West Ham. Særleg sistnemnde klubb, med dåverande styreleiar Barry Hearn i spissen, prøvde seg med ei rekke triks, frå trugsel om søksmål til bøn om samarbeid. Men tanken på å dele stadion vart raskt avvist av West Ham, og Hearn bytte ut diplomati med raseri. Då tildelinga var eit faktum i mars 2013, kom han med følgjande tirade i The Evening Standard: «Vi har no kome til eit punkt der klubben som held til ein knapp kilometer unna OL-stadion vert misbrukt, ignorert og smadra med slegge av eit monster av ein storklubb.» Hearn var heller ikkje nøgd med innsatsen til LLDC. «Kva betyr ‘legacy’, eigentleg? Politikarane plaprar om det i eitt køyr, men eg trur ikkje dei er i stand til å stave ordet ein gong.»

Arkitektur på sparebluss
Hearn visste godt kva han snakka om. Heile London-OL var bygd på ideen om «legacy», altså arven etter OL. Dette kan innebere mykje forskjellig, men med tanke på anlegg er eitt moment særleg viktig: etterbruk. Det var nettopp på dette punktet at London 2012 skulle vere eit føregangsdøme. OL-stadion var blinka ut som sjølve ikonet for ei fornuftig OL-satsing allereie i søknadsprosessen. London skulle ikkje gå i same fella som Athen, som bygde mastodontiske anlegg heilt ute av proporsjon med reelle post-olympiske behov. Seinare i prosessen vart også Beijing 2008 brukt som døme på korleis ein ikkje skal planlegge etterbruk.

Utsyn frå the West Stand mot the Bobby Moore Stand, som sto ferdig i 1993.
Utsyn frå the West Stand mot the Bobby Moore Stand, som sto ferdig i 1993.

Sentralt i etterbruksstrategien for London 2012 var at heile 70% av anlegga anten skulle rivast, nedskalerast eller gjerast om til andre funksjonar etter OL. Med utgangspunkt i denne strategien vart OL-stadion planlagt med ei trinnvis utvikling i sikte. Publikumskapasitet på 80,000 under sjølve OL, nedskalering til 25,000 i etterkant. Arkitektane, dei globale stadionekspertane Populous, løyste dette på enkelt men finurleg vis: ein stadionstruktur beståande av fire ellipseforma publikumsseksjonar, kor av den lågaste er senka ned i bakken. Det var eigentleg berre denne som skulle bestå etter OL. Slik vart det ikkje.

Det er slett ikkje uvanleg at prosessen med å avhende eit OL-stadion er komplisert. OL er eit organisatorisk monster, med svært mange ledd og interessegrupper som skal ha sitt å seie om anlegg, gjennomføring og etterbruk. I tillegg kjem det politiske maktspelet. I London-samanheng var den kontroversielle ordføraren Boris Johnson sentral. Det var han som lanserte ideen om at stadion likevel ikkje skulle nedskalerast i tråd med den opphavlege planen, men i staden gjerast om til eit fotballstadion med kapasitet til 54,000 menneske. Denne ideen vart lansert i 2008. På det tidspunktet var stadion allereie under utbygging, og det var for seint å endre dei grunnleggande arkitektoniske og byggetekniske disposisjonane.

Denne strategiske heilomvendinga var ikkje berre problematisk på eit overordna, visjonært nivå. Faktum er at stadion vart bygd med differensiert materialkvalitet. Dei øvre ringane, som uansett skulle fjernast etter kort tid, består av billig betong og resirkulerbart stål. Det lette stålet i den øvre seksjonen medverkar til at stadion er 75% lettare enn Fugleredet i Beijing. Slike anti-kolossale detaljar var essensielle, meinte arkitektane, viss ein verkeleg skulle ta tidsperspektivet på alvor og unngå sløsing. «Vi var nøydde til å omfamne det midlertidige», sa sjefsarkitekt Rod Sheard i eit intervju med the Wall Street Journal i juli 2012. «I staden for å frykte det midlertidige og sjå på det som ei hindring, valde vi å utforske dei arkitektoniske mulegheitene det kan gi.»

Denne innstillinga gav grunnlag for eit designkonsept med spartansk økonomi som grunnprinsipp. Her skulle det sparast der det sparast kunne, i slåande kontrast til den overdådige pengebruken i samband med Athen 2004 og Beijing 2008. Omsynet til miljøvern var også viktig. Derfor er store delar av stadion bygd opp av resirkulert granitt og restar frå utgåtte oljerøyr, og det nedre nivået – det einaste som eigentleg skulle vare – er bygd med betong som inneheld 40% mindre nedfelt karbon enn det som er vanleg. Det kosta ekstra, men det var ikkje så farleg, all den tid ein kunne spare i resten av prosjektet.

Når rykta så begynte å røre på seg i 2008 om at desse tiltaka likevel ikkje skulle gjennomførast, let ikkje kritikken frå media vente på seg. Skulle London, stikk i strid med OL-visjonen, ende opp med ein kvit elefant? Kva hende med alt “legacy”-snakket, som til då hadde vore det store mantraet i marknadsføringa av London 2012? Ho var ikkje veldig høg i hatten, OL-minister Tessa Jowell, då ho vart konfrontert med desse spørsmåla av ei engelsk presse som lukta blod, i velkjend tabloid-stil, hausten 2009. Jowell var blant dei mange som hadde repetert legacy-snakket til frukost, lunsj og middag, men som plutseleg gjorde kuvending då dei mektige fotballaktørane melde si interesse. Økonomiske garantiar trumfa idealistiske visjonar, slik tilfellet ofte er i OL-samanheng.

Det mest presserande spørsmålet akkurat no, er kven som skal stå ansvarleg i framtida viss og når den billige delen av rammeverket må totalrenoverast – og kor fort ei slik oppussing vert naudsynt. At store idrettsanlegg er sårbare for forfall, er godt dokumentert. Alle som trur noko anna, bør ta seg ein studietur til OAKA – det greske olympiske idrettsområdet – i Athen, der forfallet etter OL i 2004 er så merkbart at ein skulle tru at anlegget var 50 år gammalt. Og OAKA vart faktisk bygd for å vare, i motsetnad til ein del av anlegga i London, deriblant OL-stadion. Det er derfor grunn til å anta at anlegget vil trenge vedlikehald på eit heilt anna kostnadsnivå enn stadionar som Emirates og Etihad. Begge desse var dyre, men over tid vil totalsummen virke mindre, viss anlegga held seg i god stand. For West Ham sin del kan det utvikle seg motsett: eit tilsynelatande billig stadion, som over tid kan verte ei økonomisk belastning.

Når alt dette er sagt, må det likevel leggjast til at det er alt for tidleg å trekke bastante konklusjonar i denne saka. For det første er det vanskeleg å fastsette den faktiske pengebruken til West Ham til no i prosessen, og for det andre er det vanskeleg å anslå korleis stadion vil fungere før klubben tek det i bruk. Dei overordna økonomiske rammene ser lovande ut – viss tala er korrekte – men ingen West Ham-fans kan sove heilt trygt. På papiret har dei ein stadiondraum i vente. Men at slike draumar fort kan utvikle seg til mareritt, treng ein ikkje seie meir enn «Telenor Arena» for å minne om.

TOPP TRE UPTON PARK-ØYEBLIKK

– Eg har sett West Ham meir enn hundre gonger heime på Boleyn Ground og det er alltid spesielt. Stemninga rundt Upton Park før, under og etter kamp er unik, som sikkert alle supporterar vil seie om sin stadion. Men Boleyn Ground er spesiell, men masse historie, nostalgi og kjensler. Eg har hatt sesongkort dei siste 10 åra, og eg er sjølvsagt når siste kamp vert spelt der i mai neste år. Eg gler meg ikkje.

Når Josimar ber Gjermund Holt om å ramse opp sine favorittaugeblikk på Boleyn Ground, nemner han desse:

West Ham – Tottenham 3-4, 4. mars 2007.
– Det høyrest sikkert merkeleg ut at eit tap for ein erkerival er med på ei liste med dei beste opplevingane. Men minutta etter kampen var heilt spesielle. Det var ein viktig kamp, West Ham var i elendig form under Alan Curbishley og på stø kurs mot nedrykk. Vi leia 3-2 og det så ut til at vi ville få første sigeren på 11 kamper og tre veldig viktige poeng. Men dei snudde og vann 4-3. Først herska det ei oppgittheit på tribunen og nedrykket så ut til å vere eit faktum. Unge Mark Noble kom mot The Bobby Moore stand der eg og nokre hundre stod igjen etter kampslutt. Han gråt, vi svarte med å synge høgt, veldig høgt. Publikum på veg ut snudde og plutseleg var tribunen nesten full igjen bak mål. Mark Noble var med og song høglydt på I’m Forever Blowing Bubbles, nokre andre spelarar kom etter, James Collins, Robert Green og Carlos Tevez, som ikkje skjøna mykje. Der og då var det som om spelarar og fans bestemte seg – vi skulle ikkje rykke ned. Alt snudde og to månader etter redda vi plassen ved å vinne 1-0 på Old Trafford i kampen kjend som The Great Escape. Alt snudde i det Mark Noble kom gråtande mot The Bobby Moore stand.

West Ham – Sunderland 6-0, 11. oktober 1992. 1. divisjon.
– Dette var den einaste gongen eg fekk sjansen til å stå på den gamle ståtribunen på The East Stand, på langsida, også kalla The Chicken Run. Dette var sesongen ein testa ut at berre scora mål telte, ikkje målforskjellen. Likevel kom dagens største jubel då Ludek Miklosko redda straffe på 6-0. Fantastisk stemning. Heile den veka var fantastisk. Det starta med 4-0-siger borte mot Bristol Rovers, 1-1 for Norge på Wembley (Rekdals kanon) og så denne sigeren.

West Ham – Liverpool 3-0, 10. mai 1995.
– Med to kamper igjen måtte vi vinne for å halde plassen. Kveldskamp under flomlyset. Liverpool vart rundspelt etter alle kunstens reglar og knust 3-0 til elektrisk stemning. Fire dagar etterpå kom Manchester United for å «sikre gullet» mot et West Ham som ikkje hadde noko å spele for. Men heroisk innsats sørgja for 1-1, slik at Blackburn snøyt Fergusons menn for gullet, igjen til enorm stemning på The Boleyn Ground.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.