Matthäus, Jürgen Klinsmann og Andy Brehme, den vest-tyske trioen som leia Inter til Serie A-tittelen 1989.

Evangeliet etter Matthäus

Han var aldri særskilt talentfull. Heller ikkje var han særskilt smart. Likevel – eller nettopp difor! – høyrer Lothar Matthäus til blant dei aller største i tysk fotballhistorie.

Tekst Nils Henrik Smith

Støtt kritisk og gravende journalistikk. Send EDER til 2199 og gi 50,- til vårt arbeid. 
(Beløpet blir belastet din telefonregning)

 

Rotterdam, 20. juni 2000: Ute på graset på Feyenoord Stadion står ein forvirra, aldrande mann. Han spelar sin 150. landskamp i dag, og inst inne veit han at dét burde han aldri gjort. Frå liberoplass freistar han å dirigere og inspirere sine lagkameratar, oppildne dei til stordåd, men han veit det er fåfengt, jag etter vind. Han har ikkje lenger det som skal til, og lagkameratane er heller ikkje av det formatet han forventar av menn som får den æra det er å iføre seg den tyske landslagsdrakta. Ein gong i tida heitte dei Andy Brehme, Jürgen Klinsmann og Rudi Völler. No heiter dei Thomas Linke, Carsten Jancker og Paolo Roberto Rink. Forfallet er fatalt. Tysk fotball har falle djupare enn nokon kunne ha førestelt seg, og ingen fell frå større høgd og landar med større smerte enn Lothar Matthäus. Ein gong var han den mektige hærføraren som leia sine troppar til VM-gull, kommandanten på det tyske panserskipet. No er han ein latterleg, presenil olding som ikkje kunne innsjå si eiga begrensing, som tviheldt på rolla som Tysklands kaptein trass i at alle andre enn han sjølv (og landslagssjef Erich Ribbeck) for lengst hadde skjøna at leiken var over.

Jupp og jyplingen
Han skulle berre spele ei siste turnering, rette opp inntrykket etter eit skuffande VM i Frankrike 98. I staden er han i ferd med å øydeleggje sitt eige ettermæle. Han veit det, og det er ingenting han kan gjere med det. Makteslaus er han vitne til at Tyskland tapar 3-0 for B-laget til Portugal og ryk ut av Euro 2000. Sergio Conceicão scorar hat-trick og opplever sin største dag på fotballbanen, men for Lothar er alt berre svart. Og kanskje tenkjer han, i det dommar Dick Jol frå vertsnasjonen Nederland bles i fløyta si for siste gong og set punktum for den lengste av alle tyske landslagskarrierar, på den dagen for tjue år sidan då han sprang ut på Stadio San Paolo i Napoli til sin aller første landskamp, óg den i eit EM-sluttspel, med Nederland som motstandar. Den dagen hadde Klaus Allofs scora hat-trick alt før Lothar kom på banen, Vest-Tyskland hadde full kontroll, og landslagssjef Jupp Derwall tenkte at det no måtte vere trygt å late ungfolen frå Borussia Mönchengladbach få sjansen til å vise kva han kunne. Han tok feil. Jyplingen Lothar virra rundt på midtbanen utan mål og meining. Han forvilla seg inn i eiga forsvarssone og gav vekk eit meiningslaust straffespark som Johnny Rep straks sette i mål. Willy van der Kerkhof reduserte ein gong til, og det var med naud og neppe Vest-Tyskland klarte å hale i land ein siger som hadde syntest soleklår då troppens yngstemann kom på banen. Lothar Matthäus hadde gjort ein av dei mest katastrofale debutar i (vest-)tysk fotballhistorie. Lattermilde lagkameratar rista på hovudet og meinte at han framleis sleit med kvalpefeitt. Vest-Tyskland vann turneringa, men Lothar kom ikkje på banen fleire gonger i løpet av sluttspelet. Den to år eldre Bernd Schuster forlét EM som tysk fotballs nysalva frelsar og reiste vidare til superstjernestatus i sjølvaste Barcelona. Lothar fór heim til hybelen i Mönchengladbach i fred. Men medan Schuster straks fekk primadonna-nykkar, krangla med alle som kom i hans veg og spelte sin siste landskamp i ein alder av 24, skulle Matthäus i løpet av dei neste to tiåra spele ei viktigare rolle og oppnå ein høgare status i tysk fotball enn nokon, kanskje bortsett frå han sjølv, kunne tru var mogleg. No står han åleine ute på graset på mektige de Kuip, forakta og forlaten av alle, på den siste og sørgjelegaste dagen i si internasjonale fotballkarriere. Men Lothar Matthäus har reist seg før, og har lov til å drøyme om å gjere det igjen.

Mysteriet Matthäus
Kor god var Lothar Matthäus? Han høyrer heime i tysk fotballs Pantheon, utan tvil, men kor står han i samanlikning med andre tyske legendar som Fritz Walter, Uwe Seeler, Franz Beckenbauer, Wolfgang Overath, Günter Netzer, Oliver Kahn, Philipp Lahm og Bastian Schweinsteiger? Han er ein av dei store, men er han ein av dei aller største? Eit vanskeleg spørsmål å svare på, ikkje minst sidan Lothar gjennom si åtferd i det offentlege rommet i tida som har gått sidan den fryktelege dagen i Rotterdam har gjort sitt beste for å skugge for minnet om spelaren Matthäus. Fem koner har han hatt, og for kvart nye skilsmål og ekteskapsinngåing har han figurert i tysk tabloidpresse med stadig minkande verdigheit. (Den fjerde kona var ein 21-årig modell som han trefte på Oktoberfest og tok til ekte i Las Vegas. Way to go, Lothar!) Han har vore landslagssjef for Ungarn og Bulgaria, men det er truleg best å ikkje spørje ungarske og bulgarske fans kva dei meiner om Lothar Matthäus. Som klubbtrenar har han hatt opphald i Austerrike, Serbia og Israel, men vert først og fremst hugsa for sin «innsats» i brasilianske Atlético Paranaense, kor han etter kun sju (suksessrike) kampar returnerte til Europa for å handtere eit «personleg problem», lova å returnere i løpet av få dagar, gjorde det ikkje, sa opp via det hypermoderne kommunikasjonsmiddelet faks og etterlét seg ei telefonrekning på 6000 dollar (i tilfelle nokon skulle tvile på dette, la klubben ut rekninga på sine eigne nettsider). Han har ei lang og variert karriere bak seg som såkalla «ekspert» på fjernsyn, men er det beste beviset ein kan tenke seg for at ein ikkje automatisk vert ekspert på fotball av å vere fotballspelar. Medan tidlegare tyske spelarar ofte har vore verbalt sterke og analytisk anlagte, framstår Lothar som ein fåmælt dåsemikkel som sjeldan eller aldri har noko interessant å melde. Fotballverda elskar sine tragiske heltar – George Best, Paul Gascoigne – medan ingenting er verre enn å vere det Matthäus er i dag: Ein ufriviljug komisk figur. Talande er det at då ein av mine skribentkollegaer i Josimar fekk vite at eg skulle skrive eit Lothar-portrett, bad han meg undersøke «den negative korrelasjonen mellom mennesket og spillerens egenskaper». Ja, den påfallande mangelen på samsvar mellom form og funksjon er i sanning kjernen i mysteriet Matthäus.

Viljens triumf
Vi spør difor igjen: Kor god var han eigentleg? Og vi spør ikkje kven som helst, vi spør Diego Armando Maradona. Og el Diego svarar: Lothar Matthäus var den beste spelaren eg møtte i heile mi karriere. No er ikkje akkurat vår lubne argentinske ven ein ufeilbarleg fellar av kvalitetsdomar – vi talar, trass alt, om mannen som føretrekte Jonás Gutiérrez framføre Javier Zanetti som høgreback under VM i Sør-Afrika 2010 – men i akkurat dette tilfellet synst eg likevel vi bør lytte til kva den krøllhåra kokainentusiasten har å seie. For når Maradona seier at Matthäus var hans hardaste motstander i karriera, tyder det betre enn: Zico og Socrates, Baresi og Baggio, Gullit og van Basten, Hoddle og Francescoli, Dasajev og Dino Zoff. Viss dette er sant, var vesle Lothar frå Herzogenaurach ein av dei fremste fotballspelarane gjennom alle tider. Dét er i så fall oppsiktsvekkjande, for sanninga er at Lothar Matthäus hadde få, om nokon føresetnader for å nå toppen i verdas største idrett. Han var ikkje stor, sterk eller rask, og heller ikkje velsigna med noka særskilt teknisk nådegåve. Viss vi samanliknar med hans samtidige på det (vest-)tyske landslaget, var han ingen driblekunstnar som Pierre Littbarski, ingen frisparkfyrste som Thomas Hässler, ingen elegantiar som Andy Möller og ingen gjennombrotspasningens ypparsteprest som Uwe Bein. Likevel var han betre enn alle, og han vart best utan andre eigenskaper å støtte seg til enn jernvilje og eit brukbart langskot. Ein kan godt argumentere for at Matthäus, då han mottok Gullballen i 1990, var tidenes dårlegaste verdas beste fotballspelar, vurdert etter purt talent, noko som, paradoksalt nok, gjer prestasjonen endå større. Det var, for å seie det som Leni Riefenstahl, ein viljens triumf, slik alle Lothars talrike triumfar var det. Med andre ord må det finnast umåteleg psykisk styrke ein stad i djupet av sjela til denne tilsynelatande nokså uintelligente mannen, som ikkje kan uttale seg på fornuftig vis om ein aktivitet han har halde på med heile livet, som fell for alle kvinner som kjem i hans veg og som (utruleg nok) makta å mislukkast som landslagssjef for sjølvaste Bulgaria. Det er uforståeleg, men sant. Lothar vart best fordi han ville vere best, og med «vilje» meiner eg ikkje her at han ganske enkelt hadde lyst til å vere best, for det har alle fotballspelarar lyst til. Viljen i tilfellet Matthäus manifesterer seg snarare i form av eit fråver, nemleg fråveret av evna til å sjå sine eine begrensingar. Dette vart, som vi har sett, fatalt då karriera hans gjekk mot sin bitre, uunngåelege ende, men var samstundes den absolutt viktigaste grunnen til at han kunne spele så lenge på så høgt nivå som han gjorde. Hadde han vore litt smartare, litt betre i stand til å vurdere eigne og andre sine relative styrkar og veikskapar, ville Lothar Matthäus vore ein heilt vanleg fotballspelar, med ei brukbar, men ikkje særskilt minneverdig karriere bak seg. Men han var ikkje dét, han var akkurat passe lite smart, og difor er han, trass alt, ein av tysk fotballs største legendar. Slitvargen som vart best i verda.

Sommaren Lothar fylte femten
Lothar Matthäus kom til verda i 1961, to år før Vest-Tyskland, som den siste av dei store fotballnasjonane i Europa, innførte eit nasjonalt proffligasystem. Då Bundesliga vart grunnlagt, var to klubbar frå Fristaten Bayern med, nemleg 1. FC Nürnberg og 1860 München. For den moderne fotballentusiast kjem det kanskje som ei overrasking at tysk fotballs soleklart suksessrikaste klubb, Bayern München, ikkje fekk vere med i det gode selskap frå første stund, men dette hadde sine grunnar, og desse grunnane var geopolitiske: Apparatsjikane i den vest-tyske fotballadministrasjonen ville ugjerne ha med to klubbar frå same by, og ettersom det var generell semje om at 1860 var best i München (utruleg som det kan synast i dag), måtte Bayern ta til takke med ein plass på det regionale nivå to. Men Bayern ville ikkje vore Bayern viss dei ikkje reagerte på denne dødelege fornærminga med svært målretta raseri. Frå og med sesongen 65/66 var dei på plass i toppdivisjonen, med talentfulle unggutar som Sepp Maier, Franz Beckenbauer og Gerd Müller på laget, og trass i at 1860 var frekke nok til å vinne Bundesligatittelen i Bayerns debutsesong, var det på sikt ingen tvil om at hegemoniet var på veg over til den røde delen av München. I løpet av det neste tiåret etablerte dei seg ikkje berre som det beste laget i byen, heller ikkje berre som det beste laget i Vest-Tyskland, men som det beste laget i Europa. Den sommaren Lothar Matthäus fylte femten, vann Bayern München Europacupen for serievinnarar for tredje år på rad. På denne tida heldt han framleis hus heime i Herzogenaurach og spelte for den lokale klubben, som kreativt nok heitte FC Herzogenaurach og som var mest kjent for å spele heimekampane sine på Rudolf-Dassler-Sportfeld, oppkalla etter klubbens velgjerar Rudolf Dassler, grunnleggjar av Puma og bror av Adolf Dassler, grunnleggjar av Adidas og velgjerar for FC Herzogenarach sine erkerivalar, ASV Herzogenaurach. For ASV Herzogenaurach spelte ein av Lothar sine klassekameratar, ein viss Günter Güttler, som trass i sitt unekteleg urkomiske namn seinare fekk kontrakt med Bayern München. Som unge, ambisiøse bayerske ballspelarar flest drøymte Lothar utan tvil om det same, men trass i den umåtelege innsatsvilje han la for dagen på Rudolf-Dassler-Sportveld – kor han som regel spelte kamp for førstelaget laurdag og juniorlaget sundag – synte Fristatens mektigaste klubb liten eller inga interesse for den iltre energibunten. Viss han skulle opp og fram i fotballverda – og det skulle han – hadde han såleis ikkje anna val enn å forlate Bayern: I 1979 signerte Lothar Matthäus sin første proffkontrakt, med klubben som gjennom heile 70-talet hadde vore Bayerns nasjonale erkerival, Borussia Mönchengladbach. Hans eigne ville ikkje ta imot han, og han vart tvingja til å fare i eksil, men han svor at han ein vakker dag skulle kome attende i triumf!

Treningstalentet
Borussia Mönchengladbach vann faktisk fleire Bundesliga-titlar (fem) enn Bayern München (tre) på 1970-talet. I tillegg henta dei heim ein DFB-pokal og to UEFA-Cup-trofé i løpet av vest-tysk fotballs største tiår. Men ulikt rivalane i sør lukkast det aldri laget frå Bökelbergstadion å nå heilt til topps i den gjevaste europeiske turneringa: Det næraste dei kom, var ein tapt finale mot Liverpool i 1977, i det som for øvrig var Kevin Keegans siste kamp i heilraudt. Gladbach var heller aldri nokon rik klubb, og var såleis i ein sårbar posisjon når glade herrar med bart og striesekkar fulle av pesetas kom på vitjing: Storspelarar som Günter Netzer (Real Madrid), Allan Simonsen (Barcelona) og Rainer Bonhof (Valencia) forlet alle klubben til fordel for sol, varme, vin og fagre, fyrrige señoritas. Og trass i at klubben hadde den beste ungdomsverksemda i heile Vest-Tyskland, tufta på prinsippa til trenarlegenden Hennes Weisweiler, lét det seg diverre ikkje gjere i lengda å erstatte etablerte superstjerner med kortreiste spelarprodukt frå eige drivhus. Lothar slutta seg såleis til ein klubb viss gullalder gjekk mot sin uunngåelege, bitre ende. Etter tre strake titlar frå 1975-77 sank dei no utan nåde mot den store gløymsla kring midten av tabellen. Fasit etter den unge Lothars lidingar i debutsesongen var ein skuffande sjuandeplass. Som tittelforsvarar tok klubben seg rett nok til finalen i UEFA-cupen – ei turnering som denne sesongen demonstrerte Bundesligaens styrke ved at samtlege semifinalistar (Gladbach, Bayern, Stuttgart, Eintracht Frankfurt) var frå Vest-Tyskland – men det heile endte med eit bittert nederlag på bortemål mot den humørsjuke divaen frå Waldstadion. Likevel hadde landslagssjef Jupp Derwall sett noko han likte, noko som imponerte han nok til at han tok jyplingen med i EM-troppen. Dét vart, som nemnt, ingen personleg suksess, men han var trass alt ein etablert Bundesliga-spelar og del av eit europeisk meisterlag i ein alder av nitten år. Korleis kan så eg, ein sjølvtilfreds skribent som aldri har spelt ein einaste profesjonell fotballkamp, hevde at han aldri var særskilt talentfull? Her må vi hugse at målestokken er den aller ypparste av alle elitar, andre spelarar som i løpet av Lothar si lange karriere vart kåra til den fremste spelaren i Europa eller verda: Michel Platini. Marco van Basten. Roberto Baggio. Ronaldo. Zinedine Zidane. Vis meg ein person som i fullt alvor hevdar at Lothar Matthäus var eit balltalent av same kaliber som desse, og eg skal vise deg ein person i nær familie med Lothar Matthäus. Men i tillegg til balltalent finst treningstalent, og treningstalentet Lothar er mellom dei største verda har sett. Han var (enno) ikkje best til noko, men tvingja seg sjølv til å verte stadig betre til alt. Og han var altid på banen: I løpet av tida i Gladbach gjekk han kun glipp av åtte (av 170) Bundesligakampar. Trenar Jupp Heynckes brukte han både sentralt på midtbanen og på høgre kant, og trass i opplagte offensive kvalitetar (ti Bundesligamål i 80/81-sesongen) kunne han like gjerne finne på å klistre det unge arbeidsjernet som frimerke på motstandarlagets playmaker, ei rolle kor aggressiviteten hans kom til sin rett. Alt dette var vel og bra, men det tyda at Lothar i mange år var ein spelar på jakt etter ei klart definert rolle, og utan ei klart definert rolle på klubblaget, får du heller ikkje fast plass på landslaget. Lothar var i troppen til Spania-VM i 1982, men måtte nøye seg med to korte innhopp i gruppespelet. Det vest-tyske laget var middelmåtig samanlikna med 70-talets storslagne årgangar, gjekk vidare til andre runde etter den berykta skandalekampen mot Austerrike, og sleit seg heilt til finalen takka vere ein god porsjon flaks, målvakt Harald Schumachers skandaløse overfall på Patrick Battiston, og dei magiske evnane til den halvskada innbytarkongen Karl-Heinz Rummenigge. I finalen vart dei dog utklassa av eit like kynisk, men betydeleg meir talentfullt Italia, og tyske fotballentusiastar byrja innsjå at nasjonen ikkje lenger produserte like gåverike spelarar som i glansdagane. Framfor alt, lét veropet få kneiper og pressetribunar, mangla landslaget ein dirigent, ein pasningssentral à la Netzer eller Wolfgang Overath, ein stilfull sjef som kunne styre spelet frå sentral midtbaneplass. Men ettersom Bernd Schuster hadde synt seg å vere ein kranglevoren og ustabil primadonna, fanst ingen slik sjef. Alle erkjente problemet, men viss det var nokon som meinte at Lothar var løysinga, sa dei det ikkje høgt. Ikkje enno. Gjennom sesong etter sesong med motløyse i Mönchengladbach utvikla han stadig sitt offensive register, men framleis var han først og fremst eit arbeidsjern, eit uromoment, ein Perpetuum Mobile i kortbukser. Ein god, og stadig betre, spelar, men ingen nasjonal strateg.

Pølsemakar frå Fredrikstad
Sesongen 1983/84 vart likevel hans beste i Gladbach-trøya, og fordi det var den beste, vart det (sjølvsagt) óg den siste. Slik er lova. For første gong sidan Lothar kom til Bökelbergstadion, var klubben med i kampen om den vest-tyske meistertittelen: I den målrikaste av alle Bundesligasesongar oppnådde tre lag – Gladbach, Hamburg, Stuttgart – alle same poengsum (48) og måtte såleis skiljast frå kvarandre ved hjelp av målskilnad. Gladbach hadde – ikkje i liten grad takka vere Lothars langskotvilje – scora flest, men kva hjelpte vel dét, mine damer og herrar, når dei óg hadde sleppt inn soleklart flest, og difor endte bak både regjerande meister Hamburg og ny meister Stuttgart? Akk! Svaret er at det hjelpte ingenting. Men Lothar og lagkameratane kunne i det minste trøyste seg med at dei var klare for cupfinalen, og Lothar personleg kunne trøyste seg med at han omsider hadde oppnådd sitt store, personlege mål: Før finalen vart det gjort kjent at han, frå og med neste sesong, var klar for Bayern München, som, tilfeldigvis, óg var Gladbachs motstandar i finalen. Kampen, som fann stad på Waldstadion i Frankfurt, endte 1-1 etter ekstraomgangar, og gjekk til straffekonkurranse. Det var første gong ein tysk cupfinale gjekk til straffekonkurranse, og alle nerver sto i heilspenn. Jupp Heynckes peika på Lothar Matthäus. Han, mannen med stålnervene, skulle ta det første straffesparket i sin siste kamp for Mönchengladbach. Vel? Lothar blés straffen høgt over tverrliggjaren. Jean-Marie Pfaff, den belgiske sjarmøren i Bayern-buret, kunne puste letta ut, og det hjelpte ikkje at pølsemakar Kai-Erik Herlovsen frå Fredrikstad og fem andre Gladbach-spelarar på rad scora på sine straffespark, ei heller at Klaus Augenthaler mislukkast for Bayern, for når innbytar Norbert Ringels brente Gladbach-straffe nr. åtte, kunne Michael Rummenigge, Karl-Heinz’ yngre og mindre talentfulle bror, roleg sikre sigeren for Udo Latteks menn. Såleis spolerte Lothar sin siste sjanse til å vinne ein tittel med Borussia Mönchengladbach. Men talrike var dei onde tunger som hevda at han i staden hadde sikra sitt første trofé for Bayern München.

I kamp mot Diego Maradona. El Pibe de Oro erklærte seinare at Lothar var den fremste spelaren han møtte i si karriere.

Madjers magi
Sommaren baud på ein ny nedtur. Tafatte tyske tittelforsvararar rauk ut i gruppespelet i EM, etter på særs u-tysk vis ha tillate Spania å score det avgjerande målet i siste og avgjerande kamp i siste speleminutt. Landslagssjef Jupp Derwall måtte sjølvsagt gå av i skam, og inn kom ein mann med runde briller, grånande manke og den rakaste ryggen i internasjonal fotball: Kaizer Franz Beckenbauer. Han var det som omsider skulle innsjå at Lothar Matthäus var lagnadsbestemt til å styre Vest-Tysklands midtbane, men framleis befann denne openberringa seg fleire år inn i framtida. I mellomtida hadde Lothar ei klubbkarriere å sjå til. Endeleg var han hamna på det han sjølv alltid hadde meint var rett hylle i livet. Han hadde alltid sett på seg sjølv som ein vinnar, men hittil i karriera hadde han ikkje vunne noko som helst, sett bort frå eit EM-gull han knapt bidrog til. No, i München, omgjeven av betre lagkameratar – Pfaff, Augenthaler, Rummenigge, Søren Lerby – kunne han i større grad enn tidlegare konsentrere seg om sitt eige spel, og resultatet var, paradoksalt nok, kanskje, at han vart ein dyktigare lagspelar: stadig like energisk, stadig involvert i alle spelets fasar, men ikkje lenger like manisk oppteken av å vise at han, Lothar, kunne gjere alt på eiga hand. Resultatet vart suksess: Bayern München vann Bundesliga tre år på rad. Langskyttaren Lothar hadde gode kår, og noterte seg for over ti ligamål kvar sesong. I 1987 var Bayern i finalen i Europacupen for serievinnarar, for første gong sidan 70-talets trippeltriumf. Dersom nokon skulle leve under den vrangførestelling at gamle dagars veg til Europacupfinalen var ein enkel veg, bør det nemnast at Bayern undervegs slo ut Hallvar Thoresen og Ruud Gullits PSV, Herbert Prohaska og Toni Polsters Austria Wien, Enzo Scifo og Frankie Vercauterens Anderlecht og, sist men på ingen måte minst, Emilio Butragueño, Carlos Santillana, Hugo Sánchez og Míchels Real Madrid. Finalemotstandar var Porto, som mellom anna hadde slått ut demontrenar Valeryi Lobanovskiy sitt legendariske Dynamo Kiev i semifinalen, og hadde offensive klassespelarar som elegantiaren Paulo Futre og den algirske ørkenreven Rabah Madjer i stallen. Bayern var like fullt favorittar, og tok oppskriftsmessig leiinga ved Ludwig Kögl etter elleve minutts spel. Lenge rei dei på det eine målet, men med eit kvarter igjen utlikna Madjer med eit av dei frekkaste hælspark i heile hælsparkets frekke historie, før den brasilianske innbytaren Juary sette inn nådestøtet. Kaptein Matthäus kunne ingenting gjere, framleis var han, trass i sin veldokumenterte jernvilje, ein mann som kom til kort når det gjaldt som mest, som ikkje tola samanlikning med vest-tysk fotballs store triumfatorar frå fordums år.

Hvor var Lothar?
På landslaget var det same soga. Trass i at Lothar no var etablert som førsteval, var Beckenbauer framleis ikkje hundre prosent overbevist om at laget burde byggjast kring han, og reisverket var uansett skrøpeleg: Under México-VM i 1986 kom Vest-Tyskland nok ein gong til finalen, noko der Kaiser meinte var eit «mirakel» når ein såg på kva spelarar han hadde til disposisjon. Vest-Tyskland var i den såkalla «dødens gruppe» i lag med Danmark, Skottland og Uruguay (ja, barn, dette var ei svært hard gruppe i 1986, stol på onkel Nils Henrik, han veit kva han talar om), men sjangla vidare på utrygge føter, slo Marokko i åttedelsfinalen etter eit Matthäus-frispark i siste minutt, måtte ha straffekonk mot ein nevrotisk vertsnasjon i kvartfinalen – Lothar scora(!) – og vann deretter overraskande enkelt semifinalen mot eit i overkant sigersikkert eller/og revansjelystent Frankrike. I finalen skulle dei møte Argentina. Eller, rettare sagt: dei skulle møte Maradona, som hadde gjort nett slik han ville mot England og Belgia og lét til å vere ustoppeleg. Beckenbauer tenkte ut ein meisterplan for å stoppe han. Meisterplanen var fem mann i forsvar og Lothar som i rolla som Maradona sin skugge. (Vest-Tysklands playmaker var, tru det eller ei, Brede Hangelands osteglade ven Felix Magath.) Planen funka sånn passe. Etter ein time leia Argentina 2-0. Det første målet, ved Brown, kom etter at Lothar hadde laga frispark. Det andre, ved Valdano, etter at Lothar hadde neglisjert sine markeringsplikter eit fatalt, tidels sekund. Det såg ut til at Argentina hadde vunne verdsmeisterskapet, men den som avskriv (Vest-)Tyskland, gjer vanlegvis ein tabbe. Veteranen Rummenigge reduserte etter ein corner, den glade krølltoppen Rudi Völler utlikna etter ein corner, Argentina var diverre ikkje så flinke til å forsvare seg på corner. Vest-Tyskland hadde nådd finalen ved eit mirakel, skulle dei no vinne den ville det vere alle miraklar si mor. Lothar kjende eit sus i sitt indre. Kanskje var det han som skulle skape mirakelet? Han forlét Diego, gjekk framover på banen i jakt på ein magisk augneblink. Og den magiske augneblinken inntrefte, men diverre for Lothar inntrefte den på feil banehalvdel. Diego, frigjort frå sin skugge, mottok ballen, føretok ein piruett og slo ein genial gjennombrotspasning til Jorge Burruchaga, som scora. Vest-Tyskland vart såleis det første laget som hadde tapt to VM-finalar på rad, og Beckenbauer vart den første personen til å tape ein VM-finale både som spelar og trenar. Vest-Tyskland var nest-best, og det har aldri eksistert nokon nasjon kor det å vere nest-best har vore meir frustrerande og fortærande enn i Vest-Tyskland.

Hevn i Hamburg
Men betre tider var i vente. Mot slutten av tiåret tok det til å dukke opp talent av eit kaliber som hadde vore fråverande tidleg i Lothar si landslagskarriere, eit oppsving som tydelegast kan avlesast i det faktum at Bundesliga brått vart svært attraktiv for oppkjøparar frå Serie A. Både Roma (Thomas Berthold, Rudi Völler, Thomas Hässler) og Juventus (Jürgen Kohler, Stefan Reuter, Andy Möller) sikra seg tyske trioar kring tiårsskiftet, medan Inter responderte på byrival Milan si anskaffing av dei tre flygande hollendarane Ruud Gullit, Frank Riijkard og Marco van Basten ved å signere Jürgen Klinsmann, Andy Brehme… og Lothar Matthäus. Overgangen skulle finne stad sommaren 1988, men først skulle Vest-Tyskland spele europameisterskap på heimebane, og dét europameisterskapet skulle vinnast. Det var berre eit problem: Dei før nemnte flygande hollendarane. Nederland hadde lengta etter hemn over Vest-Tyskland heilt sidan nederlaget i VM-finalen fjorten år tidlegare. No, i semifinalen, var revansjens time endeleg komen. Kampen fann stad i hamnebyen Hamburg, som på denne tida var kraftsentrum for ei venstreorientert politisk rørsle som vanskeleg lét seg kombinere med den nasjonalismen som skal til for effektivt å støtte sitt lag i ein avgjerande kamp på heimebane. Heimefansen var apatiske, medan nederlendarar i tusental strøyma over grensa og farga Hamburg oransje: Dei ropte «gje oss tilbake syklane våre!» – ein referanse til det faktum at den nazistiske okkupasjonsmakta under krigen hadde konfiskert alle syklane i Nederland – og stilte med eit banner som stolt proklamerte «Ein Reich. Ein Volk. Ein Gullit.». Som den vest-tyske reserven Frank Mill påpeikte: «Det ville kanskje vore betre viss vi hadde spelt kampen i Tyskland.» Lothar gav Vest-Tyskland leiinga på eit tvilsamt idømt straffespark. Ronald Koeman utlikna på eit endå meir tvilsamt idømt straffespark, før Marco van Basten avgjorde kampen to minutt før slutt. Nederlendarane gjekk bananas. Koeman byta til seg drakta til Olaf Thon, for deretter å late som om han tørka seg i rumpa med den. Vaksne mannen! Den unge Aron Winter håna Matthäus på gebrokkent tysk: «Haha, Lothar! Du tapte, Lothar! Synd og skam, Lothar!» Nokre dagar seinare vann Nederland finalen mot Sovjetunionen etter van Bastens legendariske volley, men det var semifinalesigeren over Vest-Tyskland som var den eigentlege triumfen både for nederlandske spelarar og fans.

Revansjen
Lothar fór til Italia, kjøpte seg eit hus ved Comosjøen og tok til å dominere Serie A som om han aldri skulle ha gjort noko anna. Milan hadde sine flygande hollenderar, Napoli hadde Maradona, Alemão og Careca, men sesongen 88/89 var det ingen i verdas hardaste liga som kunne matche Inters teutoniske trio. Dei blåsvarte vann lo Scudetto med elleve poengs avstand til Maradona og hans menn, ein heilt usannsynleg prestasjon i ei tid med kun to poeng for siger. Lothar hadde omsider bevist at han kunne vere best i kamp med dei aller beste. Som det beste laget i den beste ligaen var Inter sjølvsagt favorittar til å triumfere i neste sesongs Serievinnarcup. Dei fleste rekna med at det kun var byrival og tittelforsvarar Milan som kunne gje dei kamp om troféet med dei store øyrene. Ingen var iallfall det minste engstelege då dei trekte dei allsvenske meistrane Malmö FF – trent av ein viss Roy Hodgson – i første runde, og sjølv om dei tapte 1-0 på Malmö stadion i Malmö rekna dei fleste med at det skulle vere ei smal sak å gjere kort prosess med svenskane på heimebane. Men Hodgsons mannskap – som, i Patrik Andersson, Stefan Schwarz og Martin Dahlin hadde tre talentfulle unggutar som alle skulle spele sentrale roller då Sverige vann VM-bronse i USA fem år seinare – klarte 1-1 på Giuseppe Meazza, og Inter, som hadde venta i ti år på sjansen til å vise seg fram i den gjevaste klubbturneringa av alle, var ute. Takk og farvel! Skaka av nedturen i Europa avga Inter ligatittelen til Napoli, og Lothar gjekk inn i VM i sitt nye heimland under ei sky av uvisse. Men kanskje var denne nedturen nettopp det han trong for omsider å syne sitt aller beste i vest-tysk landslagsdrakt? Då meisterskapet tok til, var han meir motivert enn nokon gong: I opningskampen mot Jugoslavia (4-1) scora han to praktfulle mål i det som kanskje var den aller beste av alle hans 150 landskampar. Ulikt andre tittelkandidatar som Nederland og ikkje minst Argentina overbeviste Vest-Tyskland frå første stund, og sigla opp som ein av dei fremste meisterskapsfavorittane. Og trass i at menn som Brehme, Võller, Klinsmann og den skandaløst undervurderte Guido Buchwald alle spela sentrale roller i det vest-tyske laget, var det ingen tvil om at lagets viktigaste spelar heitte Lothar Matthäus. Endeleg var han kapteinen, leiaren, strategen – meisterhjernen han alltid hadde drøymt om å vere. Sommaren 1990 var den mest storslagne i moderne tysk historie: DDR hadde kollapsa, nasjonen skulle gjenforeinast med seg sjølv, og i Italia leia Lothar med sikker høgrefot landslaget mot finalen på Olympiastadion i Roma.

Presangen fra México
Italia 90 er sjølve omdreiingspunktet i ei kvar forteljing om Lothar Matthäus. Historia viser at han var lagets kaptein og beste spelar då Vest-Tyskland etter to tapte finalar på rad omsider erobra sin tredje VM-tittel. Men kor stor var den prestasjonen, eigentleg? På den eine sida var dei det klart beste laget, var strengt tatt kun truga i den klassiske semifinalen mot England og kan, på mange vis, hevdast å vere den mest suverene verdsmeisteren sidan Brasil i 1970. Ingen andre lag kunne posere som turneringas «moralske» vinnar, slik Nederland i 74 og Brasil i 82 gjorde. Vest-Tyskland var best og vann fortent, dei utklassa dei nederlandske førehandsfavorittane og ein uhyre talentfull jugoslavisk generasjon. Dette er kjensgjerningar ingen kan argumentere mot. På den andre sida var Italia 90 eit av dei kvalitativt svakaste VM-sluttspel i historia, prega av defensivt, ja destruktivt spel, og Vest-Tyskland bidrog når sant skal seiast óg til denne negativitetens fotballfestival. Frå kvartfinalen og ut scora dei tre mål – to på straffe, eit på frispark (eller sagt på anna vis: ingen spelemål). Dei hadde (viser det seg i etterpåklokskapens ljos) hamna på rett side av trekninga og unngjekk såleis dei laga som kunne utfordra dei: Brasil og vertsnasjonen Italia, som begge, på nærast uforklarleg vis, vart slått ut av finalemotstandar Argentina. Maradona og marionettane hans var ille plaga av suspensjonar og gjorde få eller ingen forsøk på å angripe, Vest-Tyskland dominerte totalt, men klarte kun å score vinnarmålet på eit straffespark så tvilsamt at sjølv vest-tysk fjernsyns ekspertkommentator Karl-Heinz Rummenigge kalla det «ein presang» frå den meksikanske dommar Codesal, etter at filmkunstnaren Völler hadde late seg falle i feltet. Andy Brehme, rolig som ein pensjonist på sundagstur, sette straffesparket i mål. Lothar kunne løfte det gilde, gullforgylte VM-troféet medan Maradona gret av sorg. Vest-Tyskland var verdsmeister, og Matthäus var meisterlagets kaptein. Nitten menn har vore kaptein for eit verdsmeisterlag i fotball – Giuseppe Meazza, Inter-legenden som Lothars heimebane i Italia var oppkalla etter, vann, som den einaste i historia, VM som kaptein to gonger: Det er med andre ord ein enorm prestasjon i seg sjølv, men kor står Matthäus samanlikna med andre verdsmeisterkapteinar som Obdulio Varela, Bobby Moore, Franz Beckenbauer (som i og med Vest-Tysklands triumf i 1990 vart den første som vann VM-gull både som kaptein og trenar) eller Dino Zoff? Dette vert diskutert til denne dag. Eit kuriøst element i diskusjonen er (den udokumenterte) påstanden om at Lothar nekta å ta straffesparket som førte til vest-tysk triumf. Han var, trass alt, lagets faste straffeskyttar, hadde scora mot Tsjekkoslovakia i kvartfinalen og i straffekonken mot England i semifinalen. Men no, når finalen skulle avgjerast, gjekk Andy Brehme fram. Alle visste at Brehme var ein framifrå straffeskyttar – han er den einaste som har scora straffemål i VM med både høgre og venstre fot – men likevel: Lothar var sjefen på laget. Sømer det seg for Tysklands kaptein å leggje ansvaret over på andre? Og viss han verkeleg gjorde det: Kvifor? Tenkte han framleis på missen for Gladbach i cupfinalen seks år tidlegare? Vart Lothar Stålnerve rett og slett nervøs? Det er vanskeleg å tru. Men, viss ryktet er sant, er det like vanskeleg å tenkje seg noko anna forklaring.

Heim til Bayern
Uansett: Lothar kunne, med ein viss rett, seie som Thomas Müller gjorde då han etter finalen i Rio i 2014 vart spurt om han var skuffa over å ikkje ha fått Gullballen som turneringas beste spelar: «Kven bryr seg? Vi er verdsmeistrar!» Lothar fekk Gullballen, og seinare same år gav France Football han nok ein Gullball som årets beste spelar i Europa. Dessutan vart han, for første gong, kåra til årets spelar i Tyskland. Han gjekk inn i den nye klubbsesongen med grenselaus sjølvtillit og scora seks mål på tolv kampar då Inter vann Uefa-cupen. Lothar hadde omsider eit europeisk klubbtrofé å vise til. Han var tretti år og sto på høgda av si makt. Men neste sesong vart, oppsiktsvekkjande nok, ein jublande fiasko både for klubben og Lothar. Inter endte på ein ubegripeleg åttandeplass i Serie A, og forsvaret av Uefa-cuptittelen tok slutt alt i første runde. Matthäus verka sliten og umotivert, og klubbleiinga planla å skifte han ut med Spartak Moskva-playmaker Igor Sjalimov. Ein skade fråtok han høvet til å delta i EM i Sverige, kor det sameinte Tyskland sensasjonelt tapte finalen mot ukvalifiserte Danmark. Deprimert og med vondt i kneet fór Lothar heim til Bayern. To år etter at han sto på høgda av si makt, meinte mange at han var ferdig. Dei tok feil. Lothar gjenoppfann seg sjølv i rolla som libero, den tyskaste av alle roller, skapt av Kaiser Franz himself, og heldt fram med å styre FC Hollywood, sesong etter sesong. I sin andre periode i Bayern München vann han fire Bundesliga-titlar, to DFB-pokalar og eit Uefa-cup-trofé. Han reverserte tilsynelatande sin eigen aldersprosess, og var sprek som ein ungfole til langt oppi trettiåra, trass i (eller kanskje på grunn av) at han ope vedgjekk at han likte godt å vere seint oppe om kvelden og kose seg med opptil fleire glas vin. Etter Uefa-cutriumfen i 1996 bestemte Bayern-leiinga at han måtte gje frå seg kapteinsbindet til Thomas Helmer: Han var, trass alt, 35 år og kunne ikkje rekne med å spele toppfotball særleg mykje lenger. Vel? Lothar var fast på Tysklands beste lag i fire sesongar til. Ein kan spørje seg kva som dreiv han? Var det ganske enkelt slik at å spele fotball var det kjekkaste Lothar Matthäus visste, og at han, som så mange fotballspelarar, ikkje ante kva han skulle finne på når karriera ein dag var over? Eller følte han, trass i alle sine talrike triumfar, at han framleis hadde noko å bevise, og kva kunne dette noko i så fall vere? Svaret på det siste er enkelt: Lothar hadde aldri vunne den turneringa som no heitte Champions League. Han brann av begjær etter dette troféet, og ville ikkje gje seg før han hadde sikra seg det. I 1999 var Bayern München i finalen for første gong på tolv år. Finalemotstandar var eit trippeljagande Manchester United. Som i 1987 tok Bayern ei tidleg leiing. Bråkebøtta Mario Basler briljerte. Lothar styrte forsvaret med fast hand. Tida gjekk slik tida har for vane. Bayern lét til å ha full kontroll. No vel. De veit alle kva som hende. Eg skal ikkje plage lesaren med detaljar. Football, bloody hell. Lothar Matthäus må for all framtid leve med vissa om at han, nest etter sin ven og beundrar Maradona, er den fremste spelaren som aldri erobra verdas mest forjetta klubbtrofé.

Rekordmannen
Landslagskarriera post-Italia 90 var strengt tatt ein rein fiasko. I 1994-VM i USA rauk eit aldrande tysk lag ut i kvartfinalen mot Hristo Stoichovs bulgarske bandittar. To år seinare vann dei EM i England – etter ein heldig siger over eit klart meir talentfulkt tsjekkisk lag i finalen – men då var Lothar erstatta på liberoplass av den tidlegare DDR-strategen Mattias Sammer. Han fekk ingen landskampar på tre år, men før Frankrike-VM i 1998 var han tilbake. Med 25 kampar i VM-sluttspel sette han rekord, men den siste endte med kvartfinalenederlag mot Kroatia etter at Rune Pedersen frå Sprint/Jeløy hadde vist ut Christian Wörns. Dermed burde Lothars landslagssoge truleg vore over, men den nye landslagssjefen Erich Ribbeck valde, som nemnt, å satse på han fram mot Euro 2000. Mange, underskrivne inkludert, har latterleggjort denne avgjerda, men vi skal ikkje gløyme at Lothar, i ein alder av 38, vart kåra til årets spelar i Tyskland så seint som i 1999. Dét fortel kanskje noko om mangelen på nye talent i tysk fotball kring tusenårsskiftet, men det fortel óg ein god del om Lothar Matthäus.

Denne forteljinga kunne slutta der den byrjar, med det audmjukande Euro 2000. Men den gjer ikkje dét. Ikkje heilt. Vi skal nemleg spørje, nok ein gong: Kor god var eigentleg Lothar? Viss ein målar merittar mot naturtalent, går det fint an å argumentere for at ingen spelar i verdshistoria har oppnådd meir. Ingen. På den andre sida går det óg an å hevde at han var ein uheldig spelar. Bevismateriale A: Våren 2001, eit år etter at Lothar Matthäus hadde forlate klubben for å avslutte si tjueto år lange proffkarriere i New York Metrostars (i lag med Roberto Donadoni, Tab Ramos og ein ung Tim Howard), vann Bayern München, klubben han elska, omsider Champions League.

Teppefall.

Støtt kritisk og gravende journalistikk. Send EDER til 2199 og gi 50,- til vårt arbeid. 
(Beløpet blir belastet din telefonregning)

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.