El Mosquito

Dei fremste utøvarane har evna til å skape noko som eksisterer av noko som ikkje eksisterer. Erik Mykland var ein slik fotballspelar.


Tekst: Nils Henrik Smith
Foto: Sebastian Ludvigsen

Erik Mykland er no 47 år gamal, noko Josimars audmjuke skribent, som er 38 år gamal, har litt vanskeleg både å forholde seg til og for å forstå at kan vere mogleg. Sett bort frå litt gråstenk i skjegget, ser han omtrent ut som han gjorde i glansdagane som spelar, då han briljerte på midtbanen til først og fremst Start, Panathinaikos og det norske landslaget (og, i noko meir varierande grad, diverse andre lag, noko vi kjem tilbake til, ver trygg). Vi møtest ei solfylt morgonstund på Sparebanken Sør Arena, dagen etter at Idrettsklubben har sikra seg tre viktige poeng borte mot Bodø/Glimt, poeng som kan, men som vi i skrivande stund ikkje veit om vil, syne seg avgjerande i botnstriden i årets norske Eliteserie for menn. Erik har jobba som spelarutviklar i klubben han tente som spelar i perioden 1989-96, samt eit kortare intermezzo i 2008-09, sidan tidleg i august. Samtalen skal gå føre seg i eit VIP-lokale som heiter «Start-vippen», eit namn eg umiddelbart innrapporterer til Politiets Spesialeining for Suspekte Ordspel. «Her er det sikkert ingen som kjem til å forstyrre oss», seier Erik, noko det skal syne seg at han får rett i. Deretter tilbyd han seg å gå og hente kaffi. Eg takkar ja (det finst situasjonar kor eg takkar nei til kaffi, men ingen slike situasjonar kan finne stad klokka ni måndag morgon), men kjenner samstundes på eit diffust ubehag, som, når alt kjem til alt, ikkje er så vanskeleg å forklare. Hadde Kongen, Paven eller Lionel Messi tilbode seg å hente kaffi til meg, ville eg ikkje hatt noko problem med det, men når Erik Mykland tilbyr seg å gjere det, kjennest det som ei total omsnuing av alle etablerte hierarki, og det er ikkje berre fordi det er eg som har bede om å få møte han, og ikkje omvendt (før eg bad om å få møte han, ante han jo ikkje at eg eksisterte). Noreg er heldigvis eit nokså egalitært samfunn, men det finst likevel menneske som, i kraft av alt dei har gjort for vår nasjon, bør ha visse privilegium, og i mitt hovud er Myggen ein av dei. Strengt tatt burde det altså vore eg som henta kaffi til han, men eg veit jo ikkje kor kaffien på Sparebanken Sør Arena er lokalisert. Medan Erik er borte, funderer eg på om dette diffuse ubehaget-ved-kaffihenting er eit uttrykk for noko som kan verte problematisk under samtalen. Eg er jo ingen journalist, men er like fullt her i journalistisk ærend, og under slike ærend skal ein, ifølgje gamal sed og skikk, ideelt sett opptre nokon lunde nøkternt og objektivt. Men eg veit ikkje om eg kan opptre objektivt i forhold til Erik Mykland, ganske enkelt fordi eg ikkje har noko objektivt forhold til han. Tvert imot. Erik er ein av mine heltar.

La Pausa
Då eg var tolv år og spelte fotball, ville eg helst av alt vere Roberto Baggio, men viss eg skulle velje ein norsk spelar å vere, ville eg vald Myggen, og eg ville ikkje ei gong trengt å tenkje meg om (Børre Meinseth hadde trass alt gått til Viking på dette tidspunktet, og var såleis uaktuell). Kanskje var det fordi han, som meg, var liten. Kanskje fordi han, ikkje som meg, var teknisk briljant. Kanskje var det fordi han ofte vart framstilt i media som ein bohem, noko han kanskje eller kanskje ikkje var, men som eg under alle omstende definitivt ikkje var, men til gjengjeld hadde ein brennande ambisjon om ein dag å verte. Uansett var han den nordmannen som best representerte det eg for å for ei gongs skuld verte litt høgstemt må omtale som mine ideal, både som fotballspelar og som person (sjølv om den mediepersonen eg og alle andre i Noreg kjente til på 90-talet, ikkje naudvendigvis var identisk med den verkelege Erik Mykland). Særleg på landslaget, som på denne tida, som kjent, hadde stor suksess, men som først og fremst var eit iherdig arbeidskollektiv basert på fotballprofessor Egil Olsens analytiske evner og iherdige utdeling av offensive og defensive minus og pluss, framstod det ofte som om Myggen rett og slett… chilla. Det gjorde han sjølvsagt ikkje, han var ein hardtarbeidande spelar, som, trass i at han først og fremst var kjent og populær for sine offensive kvalitetar, driblekunstar og kreativitet, regelmessig var ein av dei som noterte seg for flest defensive pluss i fotballprofessorens bok, men det som gjorde han til ein særmerkt, ja bortimot unik spelar i norsk samanheng, var evna til å skape ei slags revne i tid-rom-kontinuumet, slik at han hadde eit ekstra tidels sekund, som ganske enkelt ikkje eksisterte for dei øvrige spelarane på banen, til å orientere seg og slå sine presise gjennombrotspasningar. Det klassiske eksempelet på dette er den norske 2-0 scoringa mot England på Ullevaal i juni 1993, då han, etter ein engelsk sjanse som omsidert vert klarert etter ein møljeaktig omgang fotballtennis med hovudet djupt inne på norsk halvdel, plutseleg befinn seg heilt åleine i midtsirkelen, og slår ein lang, låg, lynrask og presis ball til Øyvind Leonhardsen, som slår vidare til Lars Bohinen, som plasserer ballen bak ein forfjamsa Chris Woods, og i nettet. Finfine prestasjonar av både Leo og Bo, men det er Myggens pasning som legg grunnlaget for det heile. Men det magiske, i den grad det er lov å bruke dette omgrepet når ein skriv om fotball, er ikkje sjølve pasninga – som var glimrande, men som han ikkje naudvendigvis er den einaste spelaren i norsk fotballhistorie som kunne slått – men augneblinken umiddelbart før, i det han, før alle andre, innser at han, gjennom å ubemerka for alle dei engelske spelarane under omstilling frå angrep til forsvar løpe seg fri, har skapt situasjonen som kan føre til målet. Ulike fotballkulturar har ulike tradisjonar for å setje ord på ting, og som så ofte finn vi at denne typen augneblink er mest presist formulert i argentinsk fotballkultur, kor La Pausa, pausen, er det høgast skatta av alt som kan inntreffe på ein fotballbane. La Pausa er både ei handling og ein evne, og evnen til handlinga finst ofte hjå spelarar som manglar det heller ikkje Erik Mykland hadde, nemleg høg toppfart, og som utvidar fotballens muligheitsrom gjennom å kompensere for denne mangelen. La Pausa er, kort forklart, augneblinken umiddelart før ein plutseleg, frigjerande pasning vert slått, kor ballførar – ofte ein klassisk tiar viss tanke er kvikkare enn føter, for eksempel Ricardo Bochini (Diego Maradonas store idol) eller Juan Román Riquelme – på eit vis som ikkje er mogleg fullt ut å fatte for oss vanlege dødelege, skapar rom som ikkje frå før eksisterte gjennom ei ørlita forseinking av spelet. Fotball er ikkje kunst, og det er farleg å samanlikne dei to sfærane, men det dei har til felles, er at dei fremste utøvarane har evna til å skape noko som eksisterer av noko som ikkje eksisterer, eller, som min kollega Tomas Espedal formulerte det i ein annan samanheng, å sjå det vi andre ikkje ser når dei ser det same som oss. Ut frå alt dette vågar eg følgjande påstand: Erik Mykland var ein norsk argentinar, den einaste argentinaren i norsk fotballhistorie. (Hypotesen vert støtta av at ein annan kollega, Karl Ove Knausgård – viss mangebandsverk Min kamp lenge hadde arbeidstittelen «Argentina», og som ved fleire høve har skrive om argentinsk fotball – har uttalt at Mykland er den nolevande personen han beundrar mest.)

Eit annleis julespel
Uansett, nok digresjonar (for ei stund). På tide med litt harde fakta: Erik Mykland er født i det Herrens år 1971 i Risør. Han har 78 A-landskampar (2 mål) for Noreg. Saman med Stig Inge Bjørnebye er han den nordmannen som har spelt flest internasjonale sluttspelkampar, nemleg 9 (av 10 moglege). På klubbnivå representerte han Bryne og Start i Noreg, Utrecht i Nederland, LASK Linz i Austerrike, Panathinaikos i Hellas, 1860 München i Tyskland og FC København i Danmark. Klubbkarriera starta imidlertid i Risør FK då han var seks år gamal, og fotballkarriera starta endå fleire år før det igjen. Urforteljinga om Erik Mykland er forteljinga om ein liten gut som tilbringja heile tilværet i triangelet mellom heimen, skulen og løkka ved Risør FKs klubbanlegg på Kjempesteinmyra, som stakk av frå 17.mai-toget for å spele fotball i einsam majestet, og som knapt hadde sett sin fot i Risør sentrum før han nådde puberteten. Myggen er truleg gjenstand for fleire myter enn nokon annan norsk fotballspelar, og han er ikkje like begeistra for alle, men akkurat denne myten har han ingen problem med å stadfeste. «Det var akkurat sånn det var», seier han. Han tok skulearbeidet alvorleg og passa alltid på å gjere leksene kvar dag, men straks han var ferdig, bar det rett ut med ballen under armen (eller, dei aller første åra, bakpå trehjulssykkelen). På Kjempesteinmyra spelte dei på eit smalt og humpete stykke gras ved sidan av hovudbanen, noko Erik gjev mykje av æra for at han erverva sin eminente teknikk i ung alder. Kor mange som var med og spelte, varierte, men dei kunne vere opptil tjue stykk på den vesle løkka, Myggen var som oftast yngst og alltid minst, og dette, i kombinasjon med den vanskelege speleflata, gjorde at han tidleg utvikla gode mottak, vendingar etcetera. Men sjølv om han ikkje hadde noko problem med å uttrykke seg med ballen i beina, var han ein stille og sjenert gut utanfor banen, og første gong han prøvde seg på trening med miniputt-laget til Risør FK, opplevde han situasjonen som så overveldande at han sprang heim. Han gjorde eit nytt forsøk nokre månader seinare, og då gjekk det betre, i det han, første gong han fekk ballen, drog Cruyff-finta på ein motspelar, til allmenn forbløffelse. «Den gongen visste eg sjølvsagt ikkje at finta var oppfunnen av Cruyff», seier han: «Eg handla berre på instinkt». Etter kvart skulle han utvikle dette instinktet for fotball, både med ballen og utan, yttarlegare. Han seier at han minnest barneåra i Risør FK med stor glede, og at han framleis kan hugse mange detaljar frå denne tida, ofte fleire enn han hugsar frå den profesjonelle karriera, hevdar han. Som eksempel nemner han ei gong Risørs smågutelag skulle spele ein prestisjefylt finale mot eit lag frå Kristiansand, ei anledning som vart vurdert som så viktig at byens lokalavis var til stades for å dekke kampen. Men på grunn av deadline måtte reporteren forlate arenaen før kampen var over. Ved pause var stillinga 1-0 til Risør, og Erik og lagkameratane vart fotografert jublande på indre bane før reporteren sette seg i bilen og kjørte attende til redaksjonen for å skrive ferdig gladsaka om lagets triumf i Sørlandets hovudstad. Dei tapte 1-2, men kunne i det minste lese forteljinga om seg sjølv som sigerherrar i avisa neste dag. Ei anna anekdote som illustrerer kor sentralt fotballen stod i livet hans under oppveksten, handlar om då klassa hans på barneskulen skulle øve inn og framføre eit julespel. Erik hadde ikkje noko lyst til å gestalte verken Josef, gjetar eller ein av dei tre vise menn, så han føreslo for læraren at han kunne trikse litt i staden. Som føreslått, så gjort. Myggen gjekk på scena, hæppa litt med ballen, og gjekk av scena igjen, korpå klassekameratane framførte historia om Frelsarens fødsel. Personleg er eg viljug til å spandere ein øl på den personen i teater-Noreg som sørgjer for ein repetisjon av dette stuntet.

«Eg ville berre spele fotball»
Faren til Erik, Oddvar, vann i ungdomen eit Sørlandsmeisterskap i rock, og var kjent i heile landsdelen under artistnamnet Little Bust. I yrkeslivet var han journalist/redaktør i Bladet Risør, Aust-Agder Blad og Agderposten. Langt viktigare i denne samanheng er imidlertid at han i ti år var Eriks trenar i Risør FK, samstundes som mora, Siri, ofte var med som sjåfør til bortekampar. I denne samanheng nedla Erik eit særmerkt forbod: Foreldra måtte under ingen omstende skryte av prestasjonane hans under kamp før alle lagkameratane var ute av bilen! Dels skuldast nok dette rett og slett sjenanse, eit naturleg ubehag ved å verte gjenstand for merksemd, men samstundes fortel det óg noko om tidleg forståing av at fotball er eit lagspel, hjå ein av dei individuelt sett fremste spelarane norsk fotball har fostra. Han var ærgjerrig på banen og kunne godt anerkjenne at han var best, men han syntest ikkje det var så hyggjeleg for mindre talentfulle lagkameratar å verte minna på det heile tida. Mange år seinare, etter at Noreg hadde slått Spania i sin første kamp under Euro 2000 og Myggen vart kåra til banens beste spelar, kom den same haldninga til uttrykk. Erik hadde under meisterskapet ein spalte i Fædrelandsvennen, fortalt til og ført i pennen av journalist Ernst Ravnåsen. Etter Spania-kampen var tittelen på spalta «Jeg er stolt av laget mitt!» Dette verkar jo i utgongspunktet lite kontroversielt, men spaltisten sjølv var irritert, fordi han meinte overskrifta burde vore «Jeg er stolt av laget vårt

Den unge Erik Mykland var både god og engasjert, og spelte i løpet av barne- og ungdomsåra i Risør gjerne på både to og tre lag samtidig. Sjølv samanlikna med sine jamnaldringar var han liten av vekst, og når han spelte for juniorlaget medan han framleis var i lillegutt-aldar vart han rimelegvis veldig liten vis-a-vis både lagkameratar og motstandarar. Han meiner sjølv at dette vart avgjerande for at han utvikla det han sjølv vurderer som si sterkaste side som fotballspelar, nemleg speleforståinga. For å kompensere for sin manglande storleik (og relative mangel på fart), vart han nødt til å lære seg å lese spelet betre enn alle andre, noko som kom til nytte både defensivt og offensivt. Han lærte seg å dekke ekstraordinært store rom, å lese kor ballen ville kome, og, viss og når han erobra den, ha oversikt over kva konstellasjon med- og motspelarar befann seg i, noko som mogleggjorde effektiv igongsetting av angrep. Kombinert med den grunnteknikken han hadde erverva seg gjennom løkkefotballen, gjorde dette han til ein meir eller mindre komplett sentral midtbanespelar – ikkje trass i, men på grunn av dei fysiske føresetnadene. Som senior hadde han ein opplagt mangel, nemleg at han sjeldan scora mål, men under oppveksten var ikkje dette noko problem. Han meiner den personlege rekorden var ti scoringar i ein og same kamp, men, som han sjølv påpeiker: Kvaliteten på motstanden i lokalfotballen i Aust-Agder var variabel. Unge Erik var, på sitt eige vis, ein ambisiøs fotballspelar, både når det gjaldt eigne og lagets prestasjonar, men hadde ingen av dei karriereambisjonane mange små fotballspirer har. «Eg gjekk ikkje rundt og drøymte om å verte proff eller kome på landslaget», seier han. «Det var aldri i tankane mine. Eg ville berre spele fotball.» Det er freistande å spekulere i at denne ambisjonsmangelen kan ha samanheng med at han vaks opp i nettopp Aust-Agder, eit av kun to norske fylke som aldri har hatt ein klubb i norsk fotballs øvste divisjon, og kor landslag og proffspel såleis kanskje verka fjernare enn for unge gutar som vaks opp i meir tradisjonelle fotballfylke. Men som elleveåring skulle han treffe ein mann frå nabofylket Vestfold som var både landslagsspelar og proff, i det han og far Oddvar laug på alderen hans for å få han inn på Hallvar Thoresens fotballskule i Larvik, kor aldersgrensa var tolv år. Thoresen var på denne tida alment anerkjent som landets beste fotballspelar, kaptein både på landslaget og for PSV Eindhoven i nederlandsk Æresdivisjon (ein liga kor han stadig er den utlendingen med flest scoringar gjennom historia). Sidan Erik var så liten, vart aldersjukset sjølvsagt oppdaga, men Thoresen såg stort på det. «Du har unik ballferdighet. Da betyr ikke størrelsen noenting», fortalde han sin protesje. Under fotballskulen vart det tatt eit berømt bilde kor landslagskapteinen løftar vesle Erik i sine faderlege armar. Ti år seinare, då Thoresen hadde lagt opp og Myggen debutert på landslaget, vart det føretatt ein rekonstruksjon av dette bildet: Sistnemnte har vakse ein god del, men førstnemnte ser likevel ut til å ha små problem med løftet.

Den berykta Kinoplassen
Trass i den sjølverklærte mangelen på ambisjonar, kom Erik utover i tenåra til å bruke så mykje tid og energi på fotballbanen at pappa Oddvar etter kvart meinte det var på tide med ein far-og-son-prat om kor viktig fotballen eigentleg var for sonen. Resultatet av samtalen var at Erik bestemte seg for å søke seg inn på fotballgymnas når han var ferdig med ungdomsskulen. Den gongen fanst det to gymnas i landet som tilbaud fotball som ein del av undervisningsopplegget – Norsk Toppidrettsgymnas i Bærum og Bryne Gymnas på (du gjetta det!) Bryne. Erik valde sistnemnte, og byrja både på fotballinja og på Bryne sitt juniorlag i august 1987, og var til stades på Ullevaal nokre månader seinare, då A-laget vann klubbens første og (hittil) einaste tittel i norsk seniorfotball med 1-0 over Brann i cupfinalen etter Kolbjørn Ekkers uendeleg vakre scoring. Perioden han tilbringja på Bryne har ofte – ikkje minst i Håvard Rems Mykland-bok frå 2000 – vore framstilt som nærast dickensk miserabel, ei tid kor han stort sett sat einsam og forlaten i ein trekkfull kjellarhybel, ikkje fekk i seg tilstrekkeleg næring og aldri vart invitert heim til nokon. Sidan eg er frå Bryne sjølv, har denne framstillinga alltid ergra meg, både fordi det er trasig viss Bryne FK verkeleg mista det største talentet klubben nokon gong har hatt fordi dei ikkje klarte å ivareta han sosialt, og fordi det gjer meg genuint trist å tenkje på at at folk på min eigen heimstad skal ha vore så lite greie. Eg har ingen problem med å skjøne at Bryne på seint 1980-tal ikkje var den enklaste staden i verda å kome til for ein introvert tenåring som ikkje kjente nokon der frå før, men kan det verkeleg ha vore ille? Heldigvis var det ifølgje Erik ikkje det. Han vedgår at han lengta heim til Risør, men meiner (og har sjølvsagt rett i) at det er heilt naturleg for ein ung gut som bur heimefrå for første gong. Han opparbeida seg relativt høge telefonrekningar (då det jo på denne tida var den einaste måten å halde den daglege kontakten med familie og vener heime), og reiste ofte til Risør i helgene, men seier at det første året i Bryne var fint. Han spelte på eit godt juniorlag kor det var tøffe tak på treningane, noko han både syntest var gøy og meiner bidrog til å utvikle han mykje som spelar, og opparbeider seg ekstrapoeng (som om han trong det!) i mi bok ved å hugse at dei vinterstid trente både på banen til Rosseland Ballklubb – som, slik han heilt korrekt påpeiker, på denne tida var dekt av kvit grus – og på Planen, eit gamalt danselokale i tre like ved Bryne stadion, kor ein (eg har òg trent mykje der) brukte veggane som vant og såleis oppnådde treningsøkter med svært høgt tempo og nesten utan dødperiodar. Han vedgår at kostholdet kanskje ikkje var optimalt – Rem fortel at den tre år yngre syster hans fleire gonger tok toget til Bryne med sekken fylt med gryter og kar for å lage mat til han – men påpeiker samstundes at hybelvertinna serverte han vaflar og blåbærsuppe. På det sosiale plan var han med klasse- og lagkameratane både på konsertar og på Kinoplassen, som på denne tida var berømt og berykta som den viktigaste møteplassen for ungdom på Jæren på denne tida. Den som studerer Jærbladets arkiv frå denne tida, vil finne at det raste ein hissig debatt om kva tiltak som kunne setjast i verk for å få ungdomen vekk frå Kinoplassen, då denne var kjent som ein arnestad for fyll & vald. Kor vidt det som gjekk føre seg på Kinoplassen verkeleg var så ille som ansvarlege vaksenpersonar ville ha det til, skal eg ikkje ta opp til diskusjon her, men det var definitivt ein stad kor du kunne få bank for mindre brotsverk enn å vere frå ein annan landsdel. Likevel – Erik ser ut til å ha unnsleppt sine Kinoplass-ekskursjonar utan mén.

Spiller med brodd
Frustrasjonane han etter kvart opplevde på Jæren, var såleis knytt til det sportslege. 1988 var eit traumatisk år for Bryne FK. Klubben var kjent landet over som eit mønsterbruk, med Rune Hauge som marknadsdirektør hadde dei byrja rette seg inn mot profesjonell drift, og, i eit svært tidstypisk trekk, var dei den første klubben i Noreg som bygde VIP-tribune på stadion. Men året etter cup-triumfen på Ullevaal rykka laget på uforklarleg vis ned, etter å ha tapt den avgjerande kvalik-kampen mot – ironisk nok, sett i ettertid – Start, ein kamp som vart spelt på Stavanger stadion ettersom grasmatta på Bryne var gravd opp fordi klubben, i tråd med sine ambisjonar, skulle installere undervarme. Erik minnest at han og lagkameratane på juniorlaget var ballgutar på denne kampen, men berre nokre månader seinare befann ballguten seg i A-stallen, klar for ein lang, hard sesong i 2. divisjon. Han debuterte i første seriekamp borte mot Fyllingen. Bryne var rekna som soleklare opprykksfavorittar, men tapte 0-4 for brødrene Ludvigsen & Co. Erik fortel at han har vorte fortalt at han har 17 offisielle kampar og 5 mål for Bryne, men kan ikkje hugse verken å ha spelt så mange kampar eller scora så mange mål. Før sesongen hadde han imidlertid spelt tjue minutt som innbytar (på venstre midtbane) i ein treningskamp mot Start, og desse tjue minutta var visstnok nok til å overbevise den legendariske Karsten Johannessen – som hadde trent klubben til deira to seriegull i 1978 og 80 – om at dei burde signere han. Kor vidt Start verkeleg tok avgjerda kun basert på denne cameoen er uvisst – han hadde, trass alt, vore kjent som eit talent i Agder-fotballen alt før han gjekk til Bryne – men iallfall ringte klubbleiinga til både Erik og Oddvar Mykland i løpet av sommarferien 1989. Dei ville gjerne hente Erik tilbake til Sørlandet, sa dei, men dei var – ifølgje Frode Nakkim i boka Stang inn!(1993) – ikkje meir overbeviste enn at dei kravde at Oddvar måtte garantere for halvparten av overgangssummen på 50 000 kroner, i tilfelle sonen ikkje slo til. Erik fortel at den dåverande Bryne-trenaren, klubblegenden Arne Larsen Økland, gjerne ville behalde han, og sågar henviste til eit kapittel i sin eigen sjølvbiografi(!) for å understreke verdien av tolmod og sjølvdisiplin, men då hadde han alt bestemt seg for at han ville til Start, som i tillegg til å vere lokalisert nærare heimstaden, jo spelte i ein høgare divisjon. Han debuterte mot Vålerenga (eller Vålerengen, som klubben på det tidspunktet framleis vart kalla), stadig på venstre midtbane snarare enn sentralt, kor han hadde spelt gjennom heile oppveksten, vart kåra til banens beste og kom på rundens lag i VG. Ei stjerne var født. Kort tid etter gav ein journalist (eller ein kvinneleg journalist, som Nakkim av ein eller annan grunn spesifiserer det) i avisa Sørlandet han kallenamnet han skulle kome til å bere for all framtid, med overskrifta «Myggen stikker igjen!» (Det er her interessant å merke seg at journalistens motiv for å samanlikne han med ein mygg ikkje først og fremst ser ut til å ha vore at han var liten, men at han hadde brodd.) Det viste seg raskt at Myggen (snarare enn Erik Mykland) var ein figur som eigna seg godt for eksponering i media, trass i eller kanskje delvis på grunn av sin berømte sjenanse. Sidan han både såg annleis ut enn fotballspelarar flest – Han var liten! Han hadde langt hår! – og spelte annleis enn (norske) fotballspelarar flest, kunne det kanskje vere at han var annleis enn fotballspelarar flest, ser journalistane ut til å ha tenkt. Svein Mathisen, Starts største spelar gjennom tidene, som både under og etter karriera jobba som sportsjournalist, skreiv eit portrett i Fædrelandsvennen som var illustrert med eit bilde av Myggen som låg i ei seng og las Ingvar Ambjørnsens Hvite niggere. Etter dette vart han kjent som norsk fotballs «intellektuelle bohem». (Då han seinare vart invitert til å dele ut ein litteraturpris til Jan Kjærstad, hevda han at Ambjørnsens roman var den einaste boka han hadde lese. Det var nok ei betydeleg underdriving, men fortel samstundes noko om hans ubehag ved alle mytene som vart bygd kring hans person.)

Ved inngongen til 1990-talet hadde Start eit ungt og talentfullt lag, med mellom andre forsvararane Claus Eftevaag (som i tenåra hadde vore nær ein kontrakt med sjølvaste Liverpool, inntil han på nærast parodisk sørlandsk vis skada seg då han sklei på eit glatt svaberg) og Pål Lydersen (som var fast inventar på Drillos landslag fram til George Graham kjøpte han for å plassere han på Arsenals benk eller Highburys tribune), og angriparane Tore André «Totto» Dahlum og Frank Strandli. Dei tok bronse i serien i både 1991 og 92, og spelte, under Johannessens etterfølgjar Brede Skistad, tidvis glimrande fotball. «Skistad var eit geni», seier Erik Mykland, heilt uoppfordra. «Han er definitivt den trenaren som var viktigast for karriera mi.» Skistad hadde spelt i 1. divisjon for Mjøndalen på 1970-talet, i lag med tvillingbroren Boye, ein rennesansemann som seinare vart både Mjøndalen-trenar (to seriesølv), landslagssjef i bandy, generalsekretær i Bandyforbundet og dagleg leiar i Norsk Toppfotball. (Begge brørne vart for øvrig òg noregsmeistrar i bandy med Mjøndalen.) Som trenar hadde Skistad tatt Stord frå 3. til 2. divisjon, og var nær eit sensasjonelt opprykk til 1. i 1989. (Ein av spelarane han trente i Stord var noverande Brann-trenar Lars Arne Nilsen, som hylla han i eit intvervju i førre utgåve av Josimar.) Etter dette vart han henta til Start, kor han skapte «makrellfotballen», så kalla fordi spelarane angiveleg bevega seg på banen som var dei makrellar i stim. «Vi spelte ein slags totalfotball», seier mannen som alt som seksåring hadde dratt Cruyff-finta på trening med Risør FKs miniputtlag. Skistads spelesystem – ein bevegeleg 3-5-2 med vekt på fikst kombinasjonsspel – synte seg perfekt for Myggen, som no fekk ei meir sentral rolle i laget, kor han briljerte. I 1992 vart han kåra til årets spelar på VG-børsen og fekk Kniksen-prisen som landets beste midtbanespelar.

Med flagget på brystet
Erik hadde vore på ei talentsamling i NFF-regi som 14-åring, men høyrte deretter ingenting frå forbundet før dåverande U21-landslagssjef Egil Olsen ringte våren 1990. I sin første kamp spelte han, ifølgje seg sjølv, elendig, då han ikkje var komfortabel med Drillos taktiske tilnærming, som jo stod i sterk kontrast til den han var van med frå Start. Ikkje desto mindre var fotballprofessoren ein ihuga beundrar av Myggens kvalitetar, og, etter at han hadde tatt over som A-landslagstrenar etter Ingvar Stadheim, gav han han debuten for våre beste menn i sin andre kamp som sjef (Erik sjølv kan ikkje erindre kven dei spelte mot, men han fekk altså tolv minutt som innbytar i bortesigeren (3-1) over Tunisia). Men fram til 1992 var han først og fremst U-landslagsspelar. Laget han spelte for, først under Drillo, deretter under Benny Lennartsson, var dominert av den såkalla 69-generasjonen, med spelarar som Eftevaag, Henning Berg, Roger Nilsen og Lars Bohinen, som altså alle var to år eldre enn Erik. Det var, med all respekt for U21-EM-bronsevinnarane frå 1998 og 2013, truleg det beste aldersbestemte landslaget Noreg nokon gong har hatt. 5. juni 1991 slo dei Italia – som stilte med Dmitrio Albertini og Dino Baggio sentralt på midtbanen – 6-0 på Stavanger stadion, samstundes som A-laget triumferte over same motstandar (2-1) på Ullevaal, det første resultatet som verkeleg bar bod om at fotballprofessor Olsen var i ferd med å iverksette eit fotballmirakel (Dahlum og Bohinen scora måla, sistnemnte etter å ha finta sjølvaste Franco Baresi på rumpa). Dei ville kvalifisert seg til OL i Barcelona med uavgjort borte mot italienarane i siste kamp – noko ein kanskje skulle tenkje seg at ville vere ei smal sak mot ein motstandar dei hadde utklassa heime – men tapte 1-2. Erik hevdar imidlertid at resultatet av den kampen var bestemt på førehand. Han vil ikkje gå i detalj, men meiner at dei høge herrar heller ville ha Italia til OL fordi dei var ein større og meir prestisjefull fotballnasjon. Å vurdere denne påstanden når påståaren ikkje vil utdjupe er sjølvsagt vanskeleg, men det er verd å merke seg at lagkamerat Berg heilt uoppfordra hevda nøyaktig det same då eg intervjua han i 2014. «Det var kjipt», seier Erik. «Det ville jo vore kult å ha spelt OL i Barcelona.» Det italienske laget – som gjekk vidare med negativ målforskjell – tapte i kvartfinalen mot vertsnasjonen, anført av ein viss Pep Guardiola. (Verda måtte vente på meistermøtet mellom Pep og Erik heilt til Euro 2000, då Noreg slo Spania 1-0 i Rotterdam og Myggen vart kåra til banens beste spelar.)

Vårsesongen 1992 var Erik på banen i dei fleste av Noregs landskampar, men med unnatak for 3-1-sigeren over Bermuda var han alltid innbytar. Mot Sverige på Ullevaal i august det året (2-2) spelte han imidlertid frå start, og sidan var han fast inventar på laget (så framt han var skadefri) fram til våren 1995. Han scora sitt første landslagsmål i 10-0-sigeren over San Marino og feira med den berømte Myggdansen, og spelte samtlege kvalik-kampar, unntatt heimekampen mot Polen, då Noreg kvalifiserte seg til VM i USA foran Nederland og England. Kontrasten mellom landslaget og Start var imidlertid stor på fleire måtar. I ei tid då stadig fleire norske trenarar, inspirert av Drillos’ suksess, omfamna kampanalyse på video som verktøy, gjekk Brede Skistad sine eigne vegar. Då han vart spurt av Bladet Fotball om kor mange av 1992-sesongens Start-kampar han hadde sett på video, svarte han: «Jeg ha’kke sett en eneste en. Jeg prøver å samle alt rotet i hue!»

«Effektiv fotball»
I Drillos 4-5-1-formasjon var det alltid Kjetil Rekdal som var midtbaneankeret, med Erik og lagets andre kreative ballkunstnar, Lars Bohinen, i indreløparroller. Våren 1994, under oppkjøringa til VM, syntest imidlertid landslagssjefen at Rekdal hadde vist noko suspekt form, og bestemte seg difor for å teste Myggen i den sentrale rolla i den siste oppkjøringskampen på Ullevaal, mot Danmark. Dette funka så bra at Drillo valde å behalde han i rolla i Noregs første VM-kamp på 56 år, mot Mexico i Washington D.C.. Mot fotrappe mexicanarar i nesten førti graders varme på RFK Stadium kom han imidlertid aldri heilt til sin rett, og utover i andre omgang byrja han å hinke og måtte bytast ut, korpå ein amper Rekdal kom inn og scora vinnarmålet. Det er ingen som hugsar VM 94 som eit stort meisterskap for Erik Mykland, men alt kunne vore annleis. Det var nemleg han som slo den røvargløgge gjennombrotspasninga då Øyvind Leonhardsen lurte Italias offside-felle og kom åleine gjennom med Gianluca Pagliuca, noko som førte til at sisteskansen redda Leo si avslutting med hendene utanfor straffefeltet, og vart utvist. Viss Noreg hadde scora i den situasjonen, eller eventuelt klart å utnytte den fordelen det jo burde vore å spele med ein mann meir i 70 minutt, er det mogleg, til og med sannsynleg, at Noreg ville vunne gruppa og møtt Bulgaria i åttedelsfinalen, og kven veit kva som då ville hendt? Men i staden for at Myggens skarpe blikk for spelet vart avgjerande, var det den andre spelaren på laget med Bryne-fortid, høgreback Alf-Inge Håland, som var uheldig og indirekte forårsaka resultatet. Alfie var rask, men hadde problem med å temme den lynkjappe Giuseppe Signori, og kom etter kvart til å pådra seg gult kort for å ha rive ned Lazio-vingen. Frå det påfølgjande frisparket heada Dino Baggio – som hadde vore kaptein for det Italienske U21-laget som tapte 0-6 for Noreg i Stavanger tre år tidlegare – inn kampens einaste mål. I neste og siste kamp, mot Irland, var Rekdal tilbake i startoppstillinga og Erik returnerte til rolla som indreløpar, utan at det gjorde nokon avgjerande skilnad. 0-0. Noreg endte på same poengsum (4) og med lik målforskjell (=) som alle andre lag i dødens gruppe, men rauk ut fordi dei hadde scora færre mål (1) enn dei andre (3 eller 2). Reint resultatmessig hadde Noreg likevel gjort ein brukbar prestasjon – dei var, trass alt, i praksis meisterskapsdebutantar og hadde dessutan ein av dei yngste troppane i turneringa –  men laget hausta kritikk for måten resultata vart oppnådd på, særleg i kampen mot Irland, kor det etter kvart vart klart at dei måtte vinne for å gå vidare, men i liten grad makta å skape sjansar. At internasjonal fotballpresse raste mot Drillos’ direkte spelestil var ikkje noko nytt, men i Noreg hadde omgrepet «effektiv fotball» i fleire år vore bortimot synonymt med Drillo-stilen (trass i at den, sett i ettertid, opplagt berre var ein av mange måtar å spele effektiv fotball på). Men etter VM oppstod ein debatt om spelestil, kor Øyvind Steen Jensen, redaktør i Bladet Fotball (Noregs Fotballforbunds eige medlemsblad!) var den sentrale antagonisten. Steen Jensen var mellom anna kritisk til den, slik han såg det, overdrivne vekta Drillo la på kampanalyse: «Vi må satse på spilleren, ikke videospilleren», skreiv han. For spelarar som Mykland og Bohinen var nok likevel eit meir pertinent spørsmål kor vidt landslagets spelestil, med sitt (i VM) noko einsidige fokus på bruk av langpasningen (frå Stig Inge Bjørnebye mot Jostein Flo) mot etablert forsvar, hindra dei i å prestere på sitt ypparste, då dei i for liten grad fekk ballen og følgjeleg heller ikkje kunne skape sjansar for laget. Men i løpet av overraskande kort tid gjekk spørsmålet frå å vere om Myggen presterte på sitt beste på landslaget, til om han skulle vere på landslaget i det heile tatt.

3000 kroner i måneden
Medan dei fleste av landslagskameratane i løpet av den gloriøse V-kvalifiseringa hadde signert lukrative proffkontraktar med utanlandske klubbar, først og fremst i England, spelte heile Sørlandets kjæledegge i 1994 framleis heime i Noreg, for Start. Då han kom til klubben fem år tidlegare, hadde verken dei eller nokon annan norsk klubb ein einaste heiltidsproff på laget, og, ettersom han jo hadde droppa ut av gymnaset då han forlot Bryne, måtte han finne seg ein jobb. Han jobba mellom anna på ein bensinstasjon i nærleiken av Kristiansand stadion, kor innehavaren, i eit forsøk på å benytte seg av sin arbeidstakars popularitet, lanserte ein eigen «Myggen-pakke» med bilvask og stell, med hovudpersonen sjølv iført ein altfor stor kjeledress i avisannonsen. Han tente 3000 kroner i månaden på bensinstasjonen og det same i klubben, kor løna framleis vart utbetalt kontant i små konvoluttar av kasseraren. Alt var sjølvsagt billegare i 1990 enn i dag, men etter skatt var inntekta likevel så pass mager at det av og til hende at Oddvar Mykland måtte bidra litt til sonens husleige. I 1992 vedtok NFF å tillate fulltids proffkontraktar i norsk fotball, men Erik tente stadig sjølvsagt mykje mindre enn kameratane som hadde reist ut. Likevel var det ikkje privatøkonomien som var grunnen til at han òg gjerne ville reise, men at han var ærgjerrig og gjerne ville bevise for seg sjølv og andre at han kunne prestere i ein annan, fortrinnsvis betre liga enn den norske. Vinteren 95 fekk han sjansen i form av eit låneopphald i nederlandske Utrecht. For ein teknisk, kreativ spelar som sjølv hadde sagt at han ville passa betre i det nederlandske landslaget enn det norske (samstundes som han erkjente at han neppe ville vore god nok), burde Æresdivisjonen vore eit perfekt steg. Men nei. Problemet var, ifølgje Erik, for det første at han vart plassert på høgre kant på midtbanen, og for det andre at han vart pålagt defensive markeringsoppgåver han, liten og spinkel som han var, ganske enkelt ikkje hadde fysikken til å utføre. Etter eit trenarskifte hamna han på benken, og var tilbake i Kristiansand i tid til seriestart i Tippeligaen. Sesongen vart spesiell på fleire måtar. Brede Skistad hadde trekt seg som trenar etter å ha vorte diagnostisert med leukemi, og assistent Erik Ruthford Pedersen tok over. Etter at Ruthford Pedersen trekte seg midt i sesongen, gjorde ein friskmeld Skistad eit kort comeback (3 kampar), men sjukdomen blussa opp igjen og han døydde 25. august, kun 47 år gamal. Kvil i fred. Samstundes hadde Erik, under ein viss indre tvil, takka ja til å verte gjenstand for ein dokumentarfilm i regi av Thomas Robsahm. Myggen meiner at han framstår som «ein drittunge» i filmen, noko eg for min del er heilt ueinig i, men det interessante er at grunnen til at han meiner dette er at han synst han verkar uinteressert når han ser fotball på TV. «Men eg er jo kjempeinteressert i fotball!», påpeiker han. Grunnen til at han ser fotball på TV er for øvrig at han, same vår, vart vraka frå landslagstroppen for første gong på tre år, og eit gjennomgangstema i filmen er at han vert filma kvar gong han venter på å få vite om han er teken inn i varmen igjen, samt altså når han ser dei landskampane han sjølv ikkje får ta del i. I tillegg til ujamne prestasjonar på banen, var sesongen òg prega av ein viss utanomsportsleg brudulje, særleg etter at Erik uttalte til ein VG-journalist at han ikkje rekna seg som toppidrettsutøvar, noko som førte til ein hissig debatt om fotballen som toppidrett i landets avisspalter. Forholdet hans til tobakk og alkohol vert òg eit tema i filmen. Han vert ikkje filma medan han røyker, men det er kjent at han gjer det, og under kampane han ser på TV befinn det seg øl på bordet, noko ein eller annan medierådgjevar kanskje ville sett ned foten for i dag. Drillo, ein ihuga røykemotstandar, vert intervjua, og seier at han aldri ville vraka ein spelar frå laget kun fordi han veit at han røyker, men viss han hadde valet mellom ein røykar og ein ikkje-røykar kanskje ville vald ikkje-røykaren viss han elles vurderte dei likt. Landslagssjefen seier òg at han meiner at Myggen, viss han vil, kan verte den beste fotballspelaren i landet, men at han tvilar litt på om han vil det nok. Når det gjeld røykinga, seier Myggen i dag at journalistane som omtalte denne, hadde visst at han røyka i tre år, men først byrja skrive om det då han opplevde ein problematisk sesong på banen. Han fortel òg at han sa til ein av dei aktuelle journalistane at han gjerne skulle sett at dei ikkje skreiv så mykje om denne røykinga. Dagen etter var overskrifta: «Myggen ber VG å ikke skrive at han røyker!» Sesongen (og filmen) ender for øvrig med at han kjem tilbake på landslaget, men Noreg taper 0-3 for Nederland og mislukkast i å kvalifisere seg til EM i England, noko det, utruleg som det kan synast i dag, nærast var tatt for gitt at dei skulle gjere på førehand.

Erik ville gjerne rette opp inntrykket både frå den vanskelege 95-sesongen for Start og det mislukka proffeventyret i Nederland, og før sesongen 96/97 fekk han ein ny sjanse i austerrikske LASK Linz. Der gjekk det betre. Austerrisk liga var kanskje ikkje den aller mest prestisjefylte i Europa, og LASK endte på nedre halvdel av tabellen, men personleg hadde han ein god sesong under den tyske trenaren Friedel Rausch, som elles er mest kjent for ein bisar episode frå spelarkarriera i Schalke 04, då han vart biten av ein schäfer under Revierderbyet mot Borussia Dortmund. Han var tilbake på landslaget og briljerte i maktdemonstrasjonen mot Brasil i mai 1997, ein kamp kor assistenttrenaren til Panathinaikos praktisk nok var til stades for å kikke på Frank Strandli. Følgjeleg signerte klubben begge dei to sørlandskameratane. Myggen mistenkjer framleis at den nytilsette trenaren Vassilis Daniil først og fremst ville ha han fordi han tenkte at Strandli trong ein norsk kompis, men om så var tilfelle, brukte han ikkje lang tid på å overbevise både sjefen og lagkameratane om at han sjølv var ein spelar med betydelege kvalitetar. Den avgjerande situasjonen kom, slik han hugsar det, under ei treningsøkt kor han skulle slå ein pasning til klubbens polske spisslegende Robert Warzycha, som hadde ryggen mot mål og ein forsvarar i ryggen. Følgjeleg måtte Myggens pasning både vere i perfekt høgd og slått med perfekt kraft for at Warzycha skulle kunne vende opp og kome seg forbi sin markør, og det var den. «Etter det var eg godtatt», seier Erik. Han etablerte seg raskt som ein sentral spelar på eit lag som spelte fotball slik han gjerne såg den skulle spelast – gjennom midtbanen, langs bakken, med mange kombinasjonar. Panathinaikos vann ingen titlar i løpet av dei tre sesongane Myggen var der, men, som han gåtefullt seier det: «Vi ville gjort det viss alt var som det skulle.»

Overfallet på Roberto Carlos
Noreg hadde kvalifisert seg til VM i Frankrike 1998 og skulle møte Marokko, Skottland og Brasil. Først skulle det imidlertid spelast oppkjøringskampar, og den første gjekk mot VMs vertsnasjon på Stade Velodrome i Marseille. Erik seier at han berre nokre få gonger i løpet av spelarkarriera møtte spelarar han opplevde at var av ein heilt annan klasse enn seg sjølv, men denne dagen gjorde han det. «Zinedine Zidane», seier han, beundrande. «Han var sinnssjukt god.» Trass i Zizous briljans endte kampen likevel 3-3. «Noreg er visst eit veldig effektivt lag», observerte målvakt Fabien Barthez. Sjølve VM vart ei variabel oppleving for Noreg generelt og Erik Mykland spesielt. Det var, iallfall i heimleg opinion, forventa at Noreg skulle slå Marokko, men laget måtte nøye seg med 2-2 etter to gonger å ha henta opp marokkansk leiing, og i etterkant av sitt berømte barbesøk med Henning Berg vart Myggen, for første gong i sluttspelsamanheng, sett ut av laget. Ein grufull kamp endte 1-1. Mot Brasil starta han like fullt atter på benken, men kom inn for Roar Strand etter pause og bidrog til Noregs aller største dag på fotballarenaen. Symptomatisk er det likevel at den Myggen-handlinga som først og fremst vert hugsa frå denne kampen ikkje er eit suverent dribleraid eller ei genial gjennombrotspasning, men derimot eit praktfullt overfall på Roberto Carlos, som han sendte flygande fleire meter gjennom lufta langs Brasils venstre sidelinje, og vart beløna av domar Esfandiar Baharmast med eit gult kort. Etter 0-1 for Italia i åttedelsfinalen, kor han var tilbake i startoppstillinga, trekte Myggen seg frå vidare landslagsspel, men gjorde comeback under Nils Johan Semb eit halvt år seinare, under venskapskampen mot same motstandar i Pisa (0-0). Etter ei noko trøblete start på EM-kvalifiseringa gjennomførte Noreg ein suveren 1999-sesong, kor dei vann samtlege kvalifiseringskampar og toppa gruppa suverent, og kun leid nederlag i årets aller siste venskapskamp, mot Tyskland, ein kamp kor dei faktisk i stor grad spelte ut sine ærverdige motstandarar, og kor Mehmet Scholl scora vinnarmålet i siste speleminutt. Laget tapte òg kun ein av oppkjøringskampane før EM, heime mot Belgia, og avslutta oppkjøringa med å for første gong sidan 1991 slå Italia, 1-0 på Ullevaal. Det same vart resultatet i den første kampen i EM, mot Spania, kor Noregs tradisjon for direkte fotball vart understreka av at målvakt Thomas Myhre slo den målgjevande pasninga til Steffen Iversens matchvinnarscoring. Ikkje desto mindre var det den greske fotballguden Erik Mykland som vart kåra til Man of the Match, etter å ha leika seg med dei små maestroane på den spanske midtbanen. Alt såg dermed svært lovande ut, men neste kamp, mot Jugoslavia, vart ein fadese. Savo Milosevic – kjent som «Miss-a-lot-evic» under sitt variable opphold i Premier League med Aston Villa – scora etter sju minutts spel, og deretter bestod «kampen» i all hovudsak av jugoslavisk uthaling av tid. Likevel, alt Noreg trong å gjere for å garantert gå vidare var å slå Slovenia i siste kamp, eit lag vi hadde slått borte og heime i kvalifiseringa, og kor særleg heimekampen baud på så glimrande spel at ordspelkongane i VG lanserte omgrepet «SEMB-A-FOTBALL!» Problemet var berre at så lenge Spania ikkje slo Jugoslavia, visste Noreg at dei ville gå vidare sjølv med uavgjort, og den norske lagleiinga valde difor å spele svært forsiktig, og sjølv om Myggen atter briljerte, skapte laget få sjansar. Då klokka passerte 90 minutt, var stillinga stadig 0-0, samstundes som Jugoslavia leia 3-2 over Spania. Trass i at Noreg unekteleg hadde prestert ei traurig førestelling, var alt tilsynelatande såre vel. Men då domaren bles for full tid i Brügge, hadde Spania slått Jugoslavia 4-3, og gjekk vidare som gruppevinnar, medan Noreg var ute av turneringa. Semb-a-fotballens skapar, Semb, sokk saman på alle fire i midtsirkelen då han fekk høyre resultatet, vel vitande om at det ikkje først og fremst var spanjolar eller jugoslavar, men tvert imot hans eigne taktiske disposisjonar, som hadde forårsaka nedturen.

To små menn
Etter EM trekte Erik seg frå landslaget for andre og siste gong, Håvard Rem gav ut si kontroversielle Mykland-bok, og hovudpersonen flytta til München for å spele for 1860, ikkje fordi han mistreivst i Hellas, tvert imot, men fordi han hadde lyst til å prøve seg i ein større europeisk liga medan han framleis var på topp. Det var, seier han, ein tabbe sett i ettertid. Personleg har eg alltid tenkt at La Liga på det tidlege 2000-talet ville vore ein perfekt arena for Erik Mykland, og han fortel at han hadde tilbod derfrå, sjølv om han ikkje hugsar kva klubb det dreide seg om. På det tidspunktet tilbodet kom, hadde han imidlertid alt takka ja til kontrakten med 1860. Han meiner han vart delvis villeia av klubben når det gjeld kva slags fotball dei spelte og skulle spele, men vedgår at han òg kunne sjekka dette grundigare sjølv. Trenaren, Werner Lorant, var «gal, men på ein god måte», men han sverga til markeringsfotball defensivt, noko som passa Erik dårleg. Den første tida i klubben var likevel ok, München var ein fin stad å bu og han var fast på laget, sjølv om han stadig vart pålagt oppgåver han var lite eigna for, som å markere den 1,90 høge (og mykje raskare) Michael Ballack. Stjernespelaren i 1860 på den tida var veteranen Thomas Hässler (som var endå mindre enn Myggen). Han var stadig ein framifrå spelar, men Erik, som var glad i å setje i gong angrep gjennom å ta raske frispark, opplevde det like fullt noko frustrerande å heile tida måtte sjå opp for å sjekke om lagets dødballkonge var i humør for å jogge ned for å ta det. Etter kvart kom det for ein dag at klubben hadde økonomiske problem, og Erik, som var ein etablert spelar det hadde knytt seg prestisje til å signere, hadde relativt høg løn. Han opplevde difor at klubben, i eit forsøk på å redusere sine utgifter, freista å fryse han ut, og dét i temmeleg bokstaveleg forstand. 1860 hadde på denne tida eit treningsanlegg med to banar, korav den eine, for A-laget, hadde undervarme og følgjeleg var snøfri sjølv vinterstid, og den andre, for reservar og juniorar, som ikkje hadde undervarme og følgjeleg ikkje var snøfri. «Eg måtte jogge rundt åleine på snøen i fleire månader medan resten av A-troppen trente på gras», fortel han. Redninga kom i form av FC København, som trong ein erstattar for Ståle Solbakken, som måtte leggje opp som følgje av hjarteproblem. Myggen vart verande i Danmark i tre sesongar, og vann i 2003 omsider sin første og einaste tittel som fotballspelar, då København gjenerobra Superligatittelen etter å ha mista den til erkerivalane Brøndby i Eriks første sesong. Dei forsvarte tittelen året etterpå, men då var Myggen, på grunn av skade, for sjeldan på banen til å få medalje, og etter sesongen la han opp. Han er glad for tittelen han vann i Danmark, men det er typisk for mannen at han ikkje først og fremst er oppteken av titlar, men av kor vidt han verkeleg fekk vist kva han var god for på fotballbanen, og i så måte var opphaldet i København ikkje optimalt. Under Hans Backe spelte dei det han kalla «typisk svensk fotball», altså den engelsk-inspirerte modellen som vart etablert av Bob Houghton og Roy Hodgson i Malmö FF og Halmstad på 1970-talet, og seinare vidareutvikla av Sven Göran Eriksson i IFK Göteborg, med 4-4-2, soneforsvar og ei relativt direkte og pragmatisk tilnærming til angrepsspel. Sidan hans fremste evne, ifølgje han sjølv, var evna til å lese spelet, passa soneorientert fotball Erik godt, men han var ikkje alltid like ellevilt begeistra for kva laget gjorde med ballen. Dessutan, vedgår han, var han ikkje lenger fullt så god som han ei gong hadde vore, takka vere skadeproblemet. Ærgjerrigheita var alltid drivkrafta hans som spelar, han ville leve opp til sin eigen standard, vise at han ikkje først og fremst var den mytologiske figuren Myggen, men fotballspelaren Erik Mykland, ein av dei fremste (mine ord, sjølvsagt, ikkje hans) Noreg nokon gong har fostra.

Intervjuet har vart i nesten tre timar, og Erik kikkar på klokka. Han må skjøtte sitt arbeid som spelarutviklar, dessutan, seier han, vert han litt sliten av å prate så lenge om seg sjølv. Han er den første (tidlegare) fotballspelaren eg har intervjua som har sagt noko slikt, og eg ser at han meiner det. Eg takkar så audmjukt eg kan for at han tok seg tid til å stille opp, medan vi reiser oss og går mot VIP-lokalets utgongsdør. Som det vonleg går fram av denne teksten, kan ein samtale med Erik Mykland handle om så mangt, men ein av dei tinga den ofte vil handle om, er at han er ganske liten. No kikkar han på meg med eit lurt blikk og utbryt: «Du er ikkje så jævla høg sjølv!» Eg er, ifølgje det som står i passet mitt, 1 meter og 72 centimeter høg. Det same er, ifølgje alle tilgjengelege kjelder, høgda til Erik Mykland.

 

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.