Kalenderluke 9: Fotball, motorvegar og popmusikk – ei soge om det moderne Leeds

Leeds-01
Leeds United, Leeds United

From Wakefield to the Ridings
To the ground at Elland Road
At Leeds United they’re chanting vengence,
it’s a 13-0 defeat on the front page of the Post
A last minute substitution but we didn’t have the talent
I was beaten we were gutted I was sick as a parrot
Leeds United, Leeds United

(Luke Haines, 1. refreng av ”Leeds United”,
frå Off My Rocker at the Art School Bop, 2007)

Tekst Even Smith Wergeland

Året er 1975. Leeds United har akkurat tapt finalen i Serievinnarcupen mot Bayern München på Parc des Princes i Paris, der det tyske laget vann 2-0 etter ein knallhard batalje. For Leeds United er det ikkje kun eit bittert finaletap, men eit realt paradigmeskifte. Dei såkalla ”Glory Years”, som starta med opprykket til toppdivisjonen i 1964 og kulminerte med den storstilte pokalsankinga til Super-Leeds på 60- og 70-talet, er over. Den neste tida skulle by på feilslåtte trenarar, mislykka spelerkjøp og økonomisk nedgang for klubben, som rykka ned frå toppdivisjonen etter 1981/82-sesongen.
Men det var ikkje berre fotballklubben som opplevde nedturar i andre halvleik av 70-talet. Bystyret i Leeds hadde akkurat fullført eit av dei mest ambisiøse byplanprosjekta i moderne britisk historie, den gigantomane Leeds Inner Ring Road. Prosjektet omfatta eit stort nett av urbane motorvegar i det sentrale Leeds, kor av storparten vart anlagt i perioden 1964-75. Den indre ringvegen var hovudårsaka til at bystyret valde å satsa på ’Motorway City of the Seventies’ som bymotto. For å forsterka promo-effekten vart all utgåande post frå Leeds frankert med dette slagordet. Framtida såg lys ut:

“Exciting flyovers and splendid roads twist and spiral their course around the City Centre and run out to join the great motorways. Everywhere there are signs of improvement and progress. Leeds is surging forward into the Seventies.”

Men akk, slik skulle det ikkje gå, korkje for byen eller fotballaget. ”The great surge” varte berre fram til midten av tiåret, då Leeds tapte mot Bayern og første ledd av ringvegen var ferdig. Den enorme framtidsoptimismen som fotballtriumfane og det megalomane motorvegprosjektet hadde skapt, slo brått over i desperasjon og krisemaksimering. Sjølv om Leeds United nådde finalen i europacupen i 1975, var det mange som meinte at laget ikkje hadde kome heilt i gjenge etter at trenarlegenden ’Big Don’ Revie takka for seg i juli 1974, for å ta over det engelske landslaget. Den første som freista seg som erstattar for Revie var sjølvaste Brian Clough, som hadde vore ein ihuga Leeds-kritikar i perioden før han vart tilsett. Trass i Clough sitt udiskutable managertalent, fekk han aldri aksept hos spelarane, som saman med styret skøyv han ut dørene på Elland Road etter kun 44 dagar ved roret. Clough sitt korte men intense opphald i Leeds er for øvrig skildra på fabelaktig vis i boka The Damned Utd av David Peace (2006) og i spelefilmen basert på boka, The Damned United (2009). Jimmy Armfield, mannen som overtok etter Clough, karra seg fram til europacupfinalen og påfølgjande semifinalar i FA- og ligacupen, men klokka tikka uunngåeleg mot kollaps.

Parallelt med fotballklubben sitt gradvise fall, synte det seg at det kanskje ikkje var så genialt å ha ein gigantisk motorveg midt i byen. Leeds hadde vorte eit monotont bylandskap. Støy, trafikkorkar og forureining gjorde den indre ringvegen til eit forhatt objekt. Ein kan trygt seie at Leeds gjekk frå Autopi til Autogeddon, frå bilbasert optimisme til bilbasert undergang. 1975 var dessutan året for det første av tre store opprør i Chapeltown, ein multikulturell bydel i Leeds der seinare storspelarar som Brian Deane og Aaron Lennon vaks opp. I 1975, 1981 og 1987 protesterte ungdom i Chapeltown mot diskriminering og rasisme; eit tilbakevendande problem i Leeds, til dels med forgreiningar til fotballklubben.

Men all von var likevel ikkje ute. Ut av den negative malstraumen kom det ei energisk bølgje av ny musikk, laga av unge menneske med base i Leeds. Band som Delta 5, The Mekons og ikkje minst Gang of Four var hovudeksponentar for ei mørk, men funky nyveivscene som fekk stor merksemd over heile England. Leeds var altså ikkje noko unntak frå regelen om at nedgangstider har ein tendens til å generera spanande kunst og musikk. Dessverre var det slik at den mest kjende låten frå denne tida, ”Damaged goods” av Gang of Four, var direkte overførbar på Leeds United, som minna meir om eit skipsvrak enn eit fotballag då 70-talet slo over i 80-talet.

Leeds United Leeds United
There but for the grace of God we go
Leeds United Leeds United
Bad season after season at Elland Road
Leeds United Leeds United
(Luke Haines, 3. refreng av ”Leeds United”, frå Off My Rocker at the Art School Bop, 2007)

Nye opp- og nedturar   
Etter åtte sesongar med klamme basketak og lange sklitaklingar på nest øvste nivå gjekk mørketida endeleg over, då Leeds rykka opp til 1. divisjon etter 1989/90-sesongen. Og når laget først hadde returnert til toppdivisjonen skulle det ikkje gå lang tid, faktisk berre to sesongar, før klubben kunne rydda plass til eit nytt trofé i pokalskapet. Med Howard Wilkinson som manager og Eric Cantona som kreativ maestro varta Leeds opp med eit spel som i alle fall tidvis kunne minna om Super-Leeds. Cantona var god, men den verkelege drivkrafta bak triumfen var Gordon Strachan, som saman med Gary Speed, David Batty og Gary MacAllister utgjorde ein formidabel midtbanekvartett. Strachan var nok rimeleg nøgd med å vinna tittelen framfor nasen på Manchester United, som gladeleg hadde seld han til Leeds to år tidlegare. Etter sesongen vart det imidlertid klart at Eric Cantona gjekk til Manchester United, som dermed kunne glisa kontinuerleg utover 90-talet.

90-talet var eit ujamt tiår for klubben, som like gjerne hamna i botnen av tabellen som i toppen. Så fylgde åra då Leeds verkeleg svinga seg opp, for dernest å enda opp i ein sporstleg og økonomisk bakrus av nedslåande format. Men det byrja bra. Laget nådde semifinalen i UEFA-cupen i 1999/2000 og semifinalen i Champions League i 2000/2001. Imponerande nok var det spelarar frå klubben sitt eige ungdomsakademi, stortalent som Jonathan Woodgate, Harry Kewell og Lee Bowyer, som utgjorde stammen i laget. Utanfrå hadde ein inntrykk av at Leeds gjorde sunne prioriteringar, at det absolutt var ein klubb for framtida.

Men lagnaden ville det ikkje slik. For det første var dette ei tid prega av uheldige episoder, til dømes den då Woodgate og Bowyer var under til-
tale for rasistisk motivert vald. Woodgate vart dømd til 100 dagar med samfunnsteneste medan Bowyer gjekk fri. Klubben hadde uansett fått ei ripe i lakken. Det kom dessutan for ein dag at Leeds slett ikkje var klubben for sunne prioriteringar. At Rio Ferdinand vart handla inn for eit stort beløp, er no éin ting. På det aktuelle tidspunktet, i 2000, var han den mest ettertrakta britiske spelaren i omløp. Men dersom rykta om at den høgst ordinære midtbanespelaren Seth Johnson fekk 35.000 pund i vekeløn er sanne, seier det alt om kor ille økonomistyringa var. Den britiske sportsjournalisten Anthony Clavane skildrar det slik:

“And then came the Fall. Football’s most notorious financial collapse. Having borrowed heavily to live the dream, the brand imploded. Panic set in and confidence nosedived. The club were devoured from within by a toxic combination of excessive debt, self-doubt and bitter in-fighting. They plummeted, like a stone in the well, until they hit rock bottom.”

Og dermed måtte Leeds United ta den vonde turen ned i ’rock bottom’, også kjend som League One, der dei skyfla retningslaust omkring frå 2007 til 2010.

Flyfoto av Inner Ring Road fra 1981.
Flyfoto av Inner Ring Road fra 1981.

Tilbake mot gamle høgder?
”Someday, someday Leeds United”
(Amanda Palmer, ”Leeds United”, frå Who Killed Amanda Palmer?, 2008)

Sesongen 2010/11 er godt i gong, med Leeds United tilbake i Championship. Laget har hatt ein grei start på sesongen og ligg i skrivande stund på 16. plass på tabellen. Midtbanespelaren Jonathan Howson er kanskje ingen Harry Kewell, men han er ein ekte Leeds-gut; visekaptein og nøkkelspelar.

Det var nettopp Howson som scora det forløysande målet då Leeds sikra opprykk i siste serierunde i fjor, då han på elegant vis skrudde ballen til venstre for Bristol Rovers-keeperen frå 20 meters hald. Skal Leeds venda tilbake til Premier League med økonomien i vater, må nok klubben få fram fleire som Howson i åra som kjem.

Medan Leeds United som smått har fått vind i segla igjen, har det blese friskt i sjølve byen dei siste åra. I 2008 vart endeleg den siste biten av det urbane motorvegnettverket gjort ferdig, ei hending som fekk bystyremedlem Andrew Carter til å by på følgjande utrop i Yorkshire Evening Post:
“Now we will see thousands of motorists benefiting on daily basis from free-flowing traffic around Leeds as well as allowing scope for further public transport improvements. Not only will it relieve pressure from city centre streets and congestion in surrounding areas, but the enhanced road network will help attract further development and investment in the city as part of the city’s regeneration.”

Atter ein gong var altså motorvegen gjenstand for visjonære tankar om Leeds si framtid. Men samtidsversjonen av motorvegnettverket er annleis enn det ein bygde på 60- og 70-talet. I dag er sentrum av Leeds eit mekka for fotgjengarar, med luftige gågater og eit yrande nærings- og handelsliv. Den indre ringvegen ligg der, som ein snikande skugge frå etterkrigstida, med det er det nyrenoverte elveløpet og liknande forskjønnings-
tiltak som pregar den urbane topografien. Musikkscena har dessutan aldri vore betre, med band som Kaizer Chiefs og The Music i tillegg til ein rik undergrunn av elektronisk musikk.

Den nye entuasiasmen i byen for øvrig har også smitta over på Leeds United. Det ligg føre planar om ei storstilt ombygging av Elland Road i samband med England sin VM-søknad til 2018 og tunge aktørar jobbar med å utvikla Leeds Arena, eit stort idretts- og næringskompleks. Planen for dette prosjektet er ikkje endeleg stadfesta, men finansiering er på plass og bystyret er i ferd med å utarbeida ei tomt midt i sentrum, mellom Leeds Inner Ring Road og Claypit Lane. Når ein legg desse tinga saman, kan ein kanskje byrje å tru på at byen og fotballklubben endeleg kan leva opp til merkelappen ”Leeds, the Promised Land delivered”, som det ein gong sto skrive på jernbanestasjonen i sentrum. Berre tida vil syna om det faktisk vert slik, men Leeds United er uansett eit lag å sjå opp for i åra som kjem.

Kjelder:
Clavane, Anthony, Promised Land – the Reinvention of Leeds United, London: Yellow Jersey Press, 2010.

Peace, David, The Damned Utd, London: Faber & Faber, 2006.
Leeds City Council, Project Leeds: Leeds Motorway City of the Seventies, Leeds: LCC, 1971.
Marsh, David, “The rocky road that took Leeds over forty years to finish”, i Yorkshire Evening Post, 29. Oktober, 2008.
(http://www.yorkshireeveningpost.co.uk/news/The-rocky-road-that-took.4639585.jp)

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.