Kjem den neste Messi frå Jemen?

Jemen-01

Fotballtalenta har vanskelege kår i det fattigaste landet på den arabiske halvøya. Grasmatter, ballar og fotballstøvlar er mangelvare, men lidenskapen og draumane lever.

Tekst og foto Raymond Lidal

Ti-elleve mann stua inn i ein sliten 5-dørs Hyundai Elantra. Ein taxi til vanleg. Me leitar etter noko. I tillegg til meg sjølv og ein brite, er det minst ni stammemedlemmar frå Mareb i bilen. Den kanskje mest berykta staden i heile det allereie berykta og belasta Jemen. Mareb er AQAP-land. Al-Qaida in the Arabian Peninsula. Terror-land. I alle fall dersom me skal tru vestleg media. Stort anna kjem ikkje ut av Mareb. Den rike historia vert ignorert. Det faktum at så og seie alle derfrå hatar al-Qaida vert ignorert. AQAP. Fire bokstavar som er vanskelege å kome forbi når ein pratar om Mareb, eller til og med Jemen. Og fotball er kan hende det ein siste ein tenkjer på når Jemen vert teke opp. Dette fattigaste landet i den arabiske verda, heilt på sørspissen av Den arabiske halvøya. Som eit norsk fyrstesideoppslag, med minst tre born under 13 år i bagasjerommet, driv me gjennom gatene i hovudstaden Sana’a på leit etter ein fotballbane. Dette er jemenittisk breiddeidrett på sitt, tja, beste.

– Dette hadde vel ikkje gått i Noreg? spør spelande trenar Mohamed Khamis frå sjåførsetet. Han er også grunnleggar, kaptein, oppmann og sjåfør. Han ler fordi han veit kva svaret er. Dagens trening er ikkje planlagd på førehand. Laget som kallar seg Saba Corinthians trener eigentleg ikkje. Men sidan eg hadde med meg eit kamera, og ville fortelje ei historie om fotball i Jemen, så samla dei ein gjeng. Ei slik ad hoc-tilnærming er forteljande for jemenittisk fotball.

Haltande fotballkultur
Ein liten arabiskleksjon fyrst: howas. Eit ord som tyder noko mellom galskap og lidenskap. Hans Wehr, den berømte arabisten og ordbokmakaren, listar opp denne imponerande rekka av tydingar: foolishness, folly, craze, madness; dreaminess, visionariness, rapture, ecstacy; wild fancy, fantasy; raving madness, frenzy; infatuation, blindness, delusion. Kvart semikolon markerer eit lite skilje i tyding. Uansett, howas, med trykk på fyrste staving, er det perfekte ordet til å skildre fotballgalskapen i dette landet.

Fordi, sjølv om den nasjonale fotballkulturen haltar og strevar seg bortover dei sandfylte gatene i Sana’a, så er landet fullstendig fotballgalt. Jemenittane tek det til eit nivå ein sjeldan ser.

Men ein liten nyanse trengst: landet er fullstendig Barcelona- og Real Madrid-galt. Fotball er religion her, og Messi og Ronaldo kongane. Dei to klubbane dominerer alt. Deira flagg, og plakatar av stjernespelarane, dekorerer utallige restaurantar, internett-kaféar og taxiar. Og kvar einaste kamp er ei høgtid. Den posisjonen som dei to klubbane har tileigna seg internasjonalt, har eksplodert i Jemen til uante proporsjonar.

Sjå for deg at du går gjennom Sana’as gater. Eg veit, det er eit vanskeleg bilete. Men prøv. Overfylte av både menneske og køyretøy. Kaotiske, bråkete gater. Mange butikkar, med generatorar som driv straumen halve dagen. I dette biletet vil du minst kvart minutt sjå eit eller anna som er relatert til Barcelona, Real Madrid, Lionel Messi eller Cristiano Ronaldo. Det vere seg i form av ein gut som går med Barça-drakt, eller eit klistermerke på ein bil. Eller heile internettkaféar med eit fullt Real Madrid-interiør. Dei mest diplomatiske har delt interiøret likt mellom dei to storklubbane.

Lidenskap og reklame hand i hand
– Kundane likar det, seier Khaled al-Hamaati. Det er umogleg å unngå å leggje merke til den statusen som Barcelona og Real Madrid har. Praktsymbolet er ein butikk som ligg midt i hovudstaden. Beit el-farawla, eller Jordbærhuset på norsk. Khaled al-Hamaati og hans bror Mohamed sel jordbær, ganske enkelt. Egyptiske jordbær i desse dagar. Sesongen for jemenittiske er over. Det meste med denne vesle butikken er nøysamt. Ein enkel benk som viser fram dei raude jordbæra for eventuelle kundar. Og bakerst i butikken eit lite lager. Interiøret er jordbærprega, men enkelt. Dei har nemleg sett sine pengar i andre prioriteringar: eit gigantisk skilt på om lag tre gonger to meter. Heilt unødvendig for eit utrena auge, men i Sana’a kanskje det beste reklamestuntet i heile byen. Kvit og rosa bakgrunn, med namnet på butikken øvst, Beit el-farawla. Under ser me to relativt kjende fotballspelarar, Lionel Messi og Cristiano Ronaldo. Dei held begge på kvart sitt gigantiske jordbær, sjølvklart. Historia bak forklarer Khaled:

– Eg har vore Real Madrid-supporter i mange år, og eg ville fyrst ha eit skilt med berre Ronaldo på. Men min bror, Mohamed, er ein Barcelona-mann, og han ville ha eit skilt med eit Barcelona-motiv. Me krangla litt fram og tilbake, men vår eldre bror, som ikkje er spesielt interessert i fotball, kom med løysinga. Dermed fekk både Ronaldo og Messi pryde skiltet.

Brørne drøymer om at dei to spelarane får vite om reklamestuntet ein gong. khaled trur dei hadde likt det.

– Og kanskje Ronaldo vil støtte oss økonomisk dersom han ser det, seier han og ler.

Skiltet har ikkje vore billeg. Rundt to månadsløner har gått med. Og i Jemen er det stort sett berre éin person, mannen, som tener pengane i ein stor familie. Skiltet har altså kosta dyrt. Men gjennom året som har gått, har Khaled ingen tvil om at skiltet har hjelpt dei økonomisk. eit jemenittisk fotballmotiv hadde ikkje gjort det same.

– Unge i Jemen bryr seg ikkje om jemenittisk fotball i det heile. Det finst inga interesse for det, meiner Khaled al-Hamaati.

Fotball på kino
Ein litt tvilsom arabiskleksjon til: barcaloni og reali. Særleg som ein del av det spesifikke spørsmålet ent barcaloni aw reali? Er du ein Barcelona- eller Real Madrid-fan? Til ein utlending kjem det gjerne som spørsmålet etter sivilstatus, nasjonalitet og religion.

– Dei beste stundene i livet mitt er når eg ser fotball.

Tawfiq al-Harazi. 23 år. Han er ein typisk jemenittisk ung mann. Han har jobba sidan han var 16 år i ein butikk som fører jemenittiske skjerf og manneskjørt. Det er ein jobb han er god til, og han likar det til ein viss grad. Men han har større draumar. Han vil reise. Kor som helst eigentleg, seier han. Men aller helst til Frankrike eller Japan. Butikken han jobbar i ligg midt i turistleia i Sana’as eventyrlege gamleby, og her har han møtt folk frå heile verda. Det er det som har vore hans inspirasjon til å ville reise. Men om han kan reise er eit større spørsmål. Det skortar på pengar, nesten heile tida. Som det gjer for dei fleste i Jemen. Han studerer, men med få moglegheiter for relevant jobb etter franskstudia. Fotball vert hans tilflukt. og han er Barcelona-gal.

– Lionel Messi er hovudgrunnen til at eg heiar på Barcelona. Og eg såg at Barcelona verkeleg knuste alle andre lag. Eg ville heilt enkelt halde med det beste laget, seier han.

Han kunne aldri ha valt det andre aktuelle laget, seier han. Ja, Real Madrid altså. Det følgande er Tawfiqs skildring av forholdet mellom ein barcaloni og ein reali før El Clásico:

– Det startar ei veke før kampen. Og det utviklar seg heile tida fram mot kampstart. Me seier til kvarandre «du skal få sjå; me kjem til å vinne garantert. Etter kampen kjem de til å vere det dårlegaste laget i verda». Og om det finst eit problem utanfor fotballen, så vert hans klubbtilhøyrsle et viktig ankepunkt for eller imot denne personen. «Han er ein reali, han er sjuk!» Og ein reali vil seie det same om meg. Og så, eit par timar før kampstart, er alle livredde. Derfrå og inn er det spelarane som bestemmer.

Han og hans venegjeng veddar om resultatet i El Clásico. Ikkje med pengar sjølvsagt, dei er trass alt gode muslimar. Men med lunsjar, middagar og andre uskuldige ting. Somme gonger kan det ta fleire dagar før den tapande part dukkar opp, i rein, men ikkje særleg alvorleg, skam. Og til slutt må han hoste opp lunsjen han er skuldig.

– Men eg går ikkje til kinoen og ser El Clásico, seier Tawfiq.

Her må ein kanskje stoppe opp litt. Jemens hovudstad har to kinoar. Ingen av dei lenger i offisiell bruk. Den eine, fortel rykta, vart stengd etter at styresmaktene fann ut at menn gjekk dit berre for å sjå lettkledde damer i amerikanske filmar – og for tilfredsstille seg seksuelt på radene lengst bak. Men el-cinema el-ahliye, den nasjonale kinoen, er framleis open, på sett og vis. Privat eigd og drifta, men på eit heller lågt nivå. Det er stort sett berre piratkopierte indiske filmar som når den slitne DVD-spelaren i maskinrommet, og dei har så som så med publikum. Men éin ting trekk folk meir enn noko anna: fotballkampar. Og særleg El Clásico. Eigaren av kinoen fortel at så mange som 2 000 trenger seg inn dørene når Barcelona møter Real Madrid. og 2 000 menn (nei, ingen kvinner) i eit såpass lite rom kan skape trøbbel.

– Gjennom kampen er det folk som yppar til bråk heile tida, og etter kampen bryt det laus. Gjengar ventar på bråk på utsida, og difor går eg aldri dit for å sjå El Clásico. Eg likar ikkje stemninga der, seier Tawfiq al-Harazi.

Kundar bryt opp samtalen vår heile tida. Han sel skjerf frå den vesle butikken og pratar fotball om kvarandre.

– Uansett om du likar fotball eller ei, så må du velje anten Barcelona eller Real Madrid, seier han, og peikar bort på mannen i nabobutikken.

– Han der til dømes, el-motawa, bryr seg ikkje om fotball. Men når El Clásico kjem, så heiar han på Real Madrid.

Og el-motawa – lett nedsetjande og spøkande om religiøse menn med skjegg – er ikkje åleine om det. Ingen er likegyldige til dei to klubbane. Ein jemenitt har ei meining om Barcelona og Real Madrid, uansett om han er interessert eller uinteressert i fotball.

Fellestrening i utkanten av Sana’a. Høg intensitet, men alt skjer på frivillig basis, utan noko form for støtte. Når ungdomane vert eldre må dei byte ut fotballsko med arbeidssko. Svært få har råd til å ha ein fotballspelar i familien.
Fellestrening i utkanten av Sana’a. Høg intensitet, men alt skjer på frivillig basis, utan noko form for støtte. Når ungdomane vert eldre må dei byte ut fotballsko med arbeidssko. Svært få har råd til å ha ein fotballspelar i familien.

Jemen-03

Kva så med jemenittisk fotball?
– Jemenittisk fotball, både landslaget og ligaen, er på eit nullnivå. Ingen bryr seg. Det finst ingen grunn til å ha ein favorittklubb i Jemen, fortel Tawfiq.

179. plass – og det går nedover
Denne negative innstillinga til jemenittisk fotball har eg møtt på mange gonger tidlegare. Ein arabisklærar reagerte slik då eg fortalde at eg hadde kjøpt den raude jemenittiske landslagsdrakta i julegåve til min bror: «Då vert han ein dårlegare fotballspelar.» Sagt med ei alvorleg mine.

Og det står dårleg til. Per desember 2013 ligg landslaget på 179. plass på FIFA-rankingen (bak til dømes Liechtenstein, men føre San Marino og Andorra). Meir enn 500 poeng bak Noreg. I 2013 spela dei ni offisielle kampar, og gjekk tapande ut av alle. Stort sett ikkje med altfor graverande siffer, men så spela dei ikkje mot veldig sterk motstand heller.

Hovudproblemet ligg hjå styresmaktene, og ikkje minst den situasjonen dei rår over i Jemen. Landet har lenge vore det fattigaste i heile Midtausten, og det ligg djupt nede i ei politisk krise dei ikkje ser ut til å kome ut av. Dei mest skeptiske åtvarar mot borgarkrig, sjølv om det er usannsynleg. Men landet er utan tvil i krise. Økonomisk, politisk og kulturelt. Opprøret og optimismen som fylgde i 2011 gav ikkje dei resultata ein håpa på. Terrorhandlingar, drap på politiske leiarar og ein stadig mislukka og skjult kamp mot al-Qaida er dei stikkorda som skrik høgast. Og dermed er det desse problema som får størst merksemd både av jemenittiske styresmakter og deira allierte. Men òg den gjennomsnittlege jemenitt nedprioriterer fotball og idrett.

179. plass på FIFA-rankingen vert ikkje så ille dersom ein tek 160. plass på FNs Human Development Index med i reknestykket. Som sagt, jemenittar slit på alle tenkelege måtar. Dersom ein er så heldig at ein er i arbeid – arbeidsløysa kan vere så høg som 50 prosent – så er det ikkje uvanleg å ha to jobbar. Å få plass til fotball vert dermed vanskeleg. Landslagspelarar tener ikkje pengar lenger, og sjølv om du er best i mange år, så er det ingen som støttar deg fram til du når dei største laga i den øvste ligaen. Fyrst då kan du vente deg litt løn der- som du er blant dei beste, og dersom klubben din har ein rik onkel. Det finst ingen Olympiatoppen som tek vare på deg. Inga basisløn. Slike utsikter er lite attraktive for familiar som ofte må sende 12-åringar ut i arbeid. Både for folk flest og styresmaktene vert det dermed vanskeleg å prioritere fotball og idrett i desse dagar. Det er for dyrt.

– Jemenittar vil bry seg om jemenittisk fotball når styresmaktene byrjar å bry seg.

Det er orda til jordbærseljar Khaled al-Hamati. Ord han nok kan ha rett i, men det ser ikkje ut til å verte slik i nær framtid. Eit besøk til Sports- og ungdomsdepartementet var nedtrykkande, men opplysande.

– Situasjonen for jemenittisk idrett er vanskeleg, innrømmer Khalid Saleh, viseministerens assistent, før han korrigerer seg sjølv litt

– Nei, situasjonen er veldig vanskeleg.

Eg fekk eit overraskande møte med viseministeren etter litt om og men. Hans kontorsjef hadde sagt til meg at viseministeren eigentleg ikkje ville stille opp. «Han er gamal, og vil helst unngå alt av media og eventuelle kontroversielle saker før han går av med pensjon» var grunngjevinga. Forståeleg nok, tenkte eg. Og heilt ok så lenge eg fekk intervjue nokon som kunne prate om korleis Jemen prioriterer idrett i desse dagar. Men då eg kom for å møte hans assistent, så sat han der, visesportsminister Abdul Hamid al-Saidi. Heilt rett, han var ein gamal, sliten mann. Og han lot assistenten gjere unna alt som kunne oppfattast som kontroversielt.

– Både denne regjeringa og den førre [til Ali Abdullah Saleh, som styrde Jemen med jernhand i 33 år før han måtte gå av som følge av opprøret i 2011] har plassert idrett heilt nedst på prioriteringslista. Me jobba fram ein offisiell handlingsplan for idrett i 2000, men denne har dei konsekvent ikkje fylgd.

Dei peikar på at dette ikkje er eit nytt problem, og at idrett i Jemen har vorte nedprioritert sidan unionen mellom sør- og nord-Jemen i 1990. Og det er pengar – mangel på pengar – som er hovudproblemet.

– Det me får av regjeringa rekk ikkje eingong til løningar, og i alle fall ikkje til å støtte idrettar og klubbar på ein skikkeleg måte. Klubbar leitar etter pengar på alle moglege måtar no, seier Saleh. Han er opprørt, og pratar engasjert om sitt felt. Han kunne like gjerne vore sjefen i denne duoen. Han snakkar òg ut om korrupsjon, utan å verte for spesifikk. I Jemen er det ingen løyndom at statlege midlar ofte går i lommene på dei allereie rike og mektige. Eit samfunnsproblem som ingen ser ut til å klare, eller ville, stogge.

Så er det sjefen sjølv sin tur. Men han skuffar. Alt eg får er ein leksjon i jemenittisk fotballs historie av viseministeren. Det kjennest som eit pliktløp, både for meg og han. Datoar på når klubbar vart oppretta, og korleis ulike byar hadde sine lokale byderby som folk faktisk brydde seg om. Ikkje som no. Han verkar ikkje orke å bry seg med dagens utfordringar. Som er forståeleg, men like fullt litt skuffande. Men, passande nok, når me tek opp det evig-aktuelle emnet «Barcelona eller Real Madrid?« så lyser begge dei to eldre herrane opp.

– Eg er barcaloni og han er reali, seier assistent khaled saleh, og begge to ler. God stemning, og me tek eit bilete saman.

Khaled al-Hamaati (til venstre) og hans bror Mohamed al-Hamaati. Ein reali og ein barcaloni. Ingen av dei har noko til overs for jemenittisk fotball.
Khaled al-Hamaati (til venstre) og hans bror Mohamed al-Hamaati. Ein reali og ein barcaloni. Ingen av dei har noko til overs for jemenittisk fotball.
Sana’a-klubben Al-Wahda ein gong på 70-talet. Da jemenittisk fotball stod for noko. No er ingen interesserte – og Al-Wahda er å finne påniva 2.
Sana’a-klubben Al-Wahda ein gong på 70-talet. Da jemenittisk fotball stod for noko. No er ingen interesserte – og Al-Wahda er å finne påniva 2.
Gretne, gamle gubbar. Men visesportsminister Abdul Hamid al-saidi (til høgre) og hans assistent Khaled saleh lyser opp når emnet vert Barcelona og Real Madrid.
Gretne, gamle gubbar. Men visesportsminister Abdul Hamid al-saidi (til høgre) og hans assistent Khaled Saleh lyser opp når emnet vert Barcelona og Real Madrid.

Stolt(are) fortid
– Det var mykje folk på kvar einaste landslagskamp. No er det ingen.

Mohamed al-Faqih, som ein kvar jemenitt hadde gjort, byr meg på te i gamlebyen. Blant vener er han berre kjend som el-captain. Han har vore med på mykje, og opplevd ei tid då jemenittar var stolte av sitt lokale fotballag – òg landslaget. Som viseminister Abdul Hamid al-Saidi var inne på, så har det ikkje alltid vore slik at jemenittisk fotball nesten er noko skamfullt.

– Eg hugsar spesielt éin kamp på 90-talet, mot Kina. Me vann mot dei i Asia-meisterskapen. 1-0. Og alle var glade. Me hadde faktisk eit bra landslag ein gong.

Ei lita fotnote til dette: Det er vanskeleg å spore opp minne frå over 20 år tilbake når ein berre har eigen husk å gå etter. Etter litt research, så er det næraste eg kjem denne spesifikke kampen ein 1-0-siger i 1988 mot India i kvalifiseringa til Asia-meisterskapen. Og det var før unionen, så det var Nord-Jemen som spela. Dei spela faktisk òg mot Kina i same kvalifisering, men klarte berre 0-0. Ikkje kvalifiserte dei seg til meisterskapen heller. Så ja, det er til ein viss grad feil, men eg tek det med likevel. Fordi poenget vert det same: Jemenittisk fotball var betre før. Ikkje minst fordi det betydde noko for folk.

I dag er Mohamed al-Faqih ein av trenarane til topplaget al-Wahda i hovudstaden. I tillegg til ein lang karriere som spelar for same klubb, har han spela på det militære landslaget til Jemen. Han var heldig som hadde ein far som støtta han som liten. Det ser han lite av i dag.

– Folk elskar fotball i dette landet, men når alt kjem til alt, så er det få som let borna utvikle seg til å verte fotballspelarar. Og det handlar om pengar. Det er i dag inga framtid i fotball, og det kostar mykje å vere med, sjølv på eit lågt nivå. Drakter kostar pengar, sko kostar pengar, transport kostar pengar.

Pengar som foreldre oftast ikkje har i Jemen.

El-Captain viser fram bilete frå hans og Jemens glansdagar. Det er lett å verte nostalgisk med kornete bilete frå 70-talet framfor seg, og seie at alt var betre før. Men i Jemen er nettopp det tilfelle.

– Sport samlar heile verda
Me er på veg til ein kamp i den same Hyundaien. Litt færre folk i éin bil, fordi trenar Mohamed Khamis har spora opp ein bil til. Luksus, men framleis med born sitjande i eit ope bagasjerom. Denne dagen møter dei eit anna samansett lag frå Mareb. Mareb mot Mareb. pluss ein brite. Mohamed Khamis er sjef frå start til slutt. Han set opp laget, deler ut dei heilgule draktene, han bestemmer kven som er kaptein – ikkje han sjølv denne gongen – og tek rolla som midtbanesjef. Og i denne kampen briljerer han på den forblåste grusbanen. Dei vinn lett, 6-3. Klubben, Saba Corinthians, er hans hjartebarn, og han håpar å kunne føre dei til tredje nivå i ligasystemet. Ingenting er organisert under tredje nivå, og å kome opp handlar om pengar.

Kampen er over etter berre ein dryg time. Dei har heller ikkje tid til å juble særleg mykje. Det er Champions League-kveld.

Mohamed Khamis har teke imot oss i heimen sin etter kampen. Ei stor stove, pent møblert med teppe og armputer, ingenting meir. Ei jemenittisk stove av god standard. Det er Champions League-kveld, og han er den einaste med ei stove som passar til 20 menn, og eit abonnementskort med sportskanalane til Al Jazeera.

– Skal me sjå Chelsea?

Murring i stova. Det er nesten berre jemenittar hjå Mohamed denne kvelden, men med eitt unntak. Ein brite. Ein londonar som har vakse opp eit lite steinkast frå Stamford Bridge. Ein ihuga fan frå før han kunne prate. Som gjerne vil sjå sitt lag denne kvelden. Briten, Anthony Biswell, er Saba Corinthians’ einaste spelar som ikkje er frå Mareb, og ein del av gjengen. Han står på sitt, og får éin omgang med Chelsea. Jemenittar er høflege til det ekstreme overfor gjestar. Barcelonas kamp mot Celtic kan ikkje gå heilt upåakta hen, og jemenittane får «sin» kamp òg, om enn berre andre omgang.

Fotball er viktig i Jemen, men det er viktig-are å sjå på fotball enn å spele sjølv. Det tykkjer Mohamed Khamis er trist. Det som sparka i gang klubben var det faktum at han var vorten lettare korpulent.

– Denne Barcelona-drakta hadde eg aldri fått på meg for nokre år sidan, fortel han.

Men det er vorte større enn eit helseprosjekt no. Han har sett kva effekt idrett kan ha i ein barndom i Jemen. Han meiner fotball kan samle ungdom i noko positivt, i eit land med få moglegheiter for nettopp det.

– Men me treng støtte frå styresmaktene til å ta vare på talenta våre. Og dei må slutte å stele pengar som høyrer til folket.

* * *

I 1997 skreiv Thomas B. Stevenson og Abdul-Karim Alaug ein forskingsartikkel om fotball i Jemen for tidsskriftet International Review for the Sociology of Sport. Deira artikkel opnar med eit spørsmål, som i dagens kontekst er på grensa til tragikomisk: «Why do nations invest so heavily in sport?» Dei kom fram til at fotball i Jemen, då, fungerte som opposisjonsmiddel og identitetskapar. I dag, rett nok etter store samfunnsendringar, er det få som vil hevde at det stemmer.

Ved departementet er dei optimistiske trass alt. Overgangsperioden som Jemen gjekk inn i etter opprøret i 2011 er i avsluttingsfasen. No skal dei mellom anna leggje fram ei ny grunnlov. Khaled Saleh, assistenten, håpar dei får inn endringar som gjer at dei får betre arbeidsvilkår i framtida. Som får slutt på korrupsjonen og skaper meir stabilitet.

– Dette landet er fotballgalt. For å få i gang ungdomen treng dei støtte allereie når dei er i skulen.

– Ser me ein jemenittisk Messi i nær framtid?

– Dersom situasjonen vert betre, så vil me sjå dusinvis av Messi-ar!

* * *

– Eg drøymte mykje då eg var ung. Eg drøymte om å spele i utlandet. Kvar vart det av draumen?

Han smiler. Det vart med draumen for Mohamed al-Khamis, og det visste han tidleg. Men han gjer alt han kan, både i ord og handling, for å skape moglegheiter for borna som veks opp no. Saba Corinthians er eit prosjekt han håpar skal rekke ut til mange.

Den profesjonelle fotballsesongen i Jemen er akkurat i gang. Trenar for al-Wahda, Mohamed al- Faqih, el-captain, er spent, men det er ikkje mange som er med han i det. Alle andre ventar på neste El Clásico, den 23. mars. Datoen var det Tawfiq al- Harazi som gav meg. Verken eg eller du behøver å dobbeltsjekke han.

 

 

 

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.