VM-blogg: Mysteriet Mironaldo – Ein middelmåtig målmaskin?

Germany's Klose celebrates his goal during their friendly soccer match against Armenia in MainzTekst Nils Henrik Smith

Han har 70 mål på 134 landskampar for Tyskland. Kun Lothar Matthäus har fleire kampar, og ingen – ikkje ein gong den uforliknelege Gerd ”der Bomber” Müller – har like mange mål. Tyskland har aldri tapt ein kamp når han har teikna seg på scoringslista. Han var toppscorar under VM på heimebane 2006. Han er ein av kun tre spelarar – dei andre to er Uwe Seeler og Pelé – som har scora i fire ulike VM-sluttspel. Han har spelt tre semifinalar i VM, og to i EM, noko som naturlegvis óg er rekord. Kun ein gong i løpet av landslagskarriera hans har Tyskland mislukkast i å verte nummer to eller tre – under det katastrofale Euro 2004 var han, symptomatisk nok, halvskada og fekk kun to kampar som innbytar. Die Nationalelf har aldri tapt ein kamp kor han har laga mål. Han var toppscorar i Bundesliga 2005/06, og har vore med å vinne to tyske ligatitlar (begge, nær sagt sjølvsagt, for Bayern München), og tre DFB-pokalar (to med Bayern, ein i Werder Bremen). I tillegg har han vunne Coppa Italia med Lazio. Han manglar rett nok ein internasjonal tittel, men bortsett frå det er karriera hans nær sagt komplett.
Likevel: fotballverda er, av ein eller annan grunn, full av folk som ikkje synst Miroslav Klose er noko særleg tess, og at han difor heller enn å vere stolt burde skamme seg over alt det han har oppnådd. Då han på typisk vis kasta seg fram etter ein corner og tuppa inn ein bakoverflikk frå Benedikt Höwedes i kampen mot Ghana 21. juni, og såleis utlikna rekorden til Ronaldo på 15 VM-mål totalt, kokte globale media – sosiale og konvensjonelle – over i ei besynderleg blanding av vantru, irritasjon og openlys forakt. Kven trur han eigentleg han er? Ein ulenkeleg narr med blasse auge, ein nase som ser ut som om den har vore utsett for mykje uvitig eksperimentering i ungdomen, og tilsynelatande langt fleire albogar og kne enn eit vanleg menneske, vågar å tangere rekorden til den store Ronaldo? Sistnemnte gratulerte rett nok Klose på Twitter, men for mange i Tyskland var dette ikkje nok: dei har ikkje gløymt at O Fenomeno knuste draumen om VM-gull med to finalescoringar i 2002, og han vart ikkje akkurat meir populær då han – etter at Marco Reus skada seg under oppkøyringa til årets turnering – visstnok uttalte at han skulle ynskje det var Klose i staden. I tillegg er mange tyskarar av den oppfatning at målet til Ronaldo mot Costa Rica i gruppespelet for tolv år sidan ikkje var noko mål av Ronaldo, men derimot sjølvmål av ein costaricansk back, og at Klose såleis no skulle vore rekordhaldar åleine, men at ein ond konspirasjon beståande av Fifa, det brasilianske fotballforbundet og mektige marknadskrefter har forhindra dette.

Kort sagt: I Tyskland er alle einige om at Klose er ein stor spelar. Resten av verda betraktar mannen med djup skepsis. Dette er ei forenkling, naturlegvis: fornuftige fotballfolk i alle land anerkjenner prestasjonane hans, men det påfallande er at så mange ser ut til å vere ute av stand til å beundre dei. Det lét til å eksistere eit slags konsensus som kort forklart går ut på at sidan Klose ikkje er like talentfull som Ronaldo, burde han óg hatt vit til ikkje å tangere rekorden hans. For det må seiast: Klose er ikkje i nærleiken av å vere like god i fotball som Ronaldo var. Sistnemnte hadde eit tempo, ein nærteknikk og ein naturleg eleganse i spelet som førstnemnte berre kan drøyme om. Men dette er jo sjølve poenget: Klose er ingen drøymar. Han er ein fotballarbeidar. Han manglar heilt alle dei kvalitetane som krevst av eit moderne, globalt sportsikon. Spelet hans er ikkje særskilt vakkert, og han er heller ikkje – det må seiast – særskilt vakker å sjå til. Men i staden for å dagdrøyme om slike stjernekvalitetar, har mannen frå Opole konsentrert seg om å gjere det beste ut av dei kvalitetane han faktisk har. Enkelt forklart er han ganske god til alt. Han er sterk i lufta, bevegar seg smart, er flink til å delta i det oppbyggjande spelet. Som ung var han til og med relativt rask.  Og han er lur. Nesten alle Klose-scoringar ser svært enkle ut, men – paradoksalt nok  – få ting i fotball er meir krevjande enn å score tilsynelatande enkle mål.

Det som krevst for å utvikle denne sjeldne evna, er framfor alt konsentrasjon. Viss Klose har ein ekstremkvalitet, er det denne: når han befinn seg i nærleiken av gras og ein ball, er han alltid 100% konsentrert. Uansett kor på banen ballen befinn seg, bér han seg åt som om ein målsjanse vil kunne oppstå kvar augneblink. Det blasse, blå blikket kvilar aldri. Han ventar, og ventar, og ventar, men tillét seg aldri ein augneblinks ro. Dette særmerkte talentet for tólmod har si naturlege forklaring: unge Miroslav lærte seg kunsten å vente fordi han ikkje hadde noko anna val. I motsetning til den bråmogne Ronaldo, som vann VM-gull (dog utan å spele) før han hadde fylt atten, vart toppscorar i den nederlandske Æresdivisjonen medan han framleis gjekk med tannregulering og hadde vore kåra til verdas beste spelar to gonger i ein alder av tjueein, måtte Klose gå vegen om amatørfotball og spel i dei lågare divisjonar før han fekk sjansen han venta på.

Sommaren 1998, då den to år eldre Ronaldo scora sine fire første VM-mål – før han som kjent kollapsa før finalen Brasil tapte mot vertsnasjonen Frankrike – forlét Klose moderklubben SC Blaubach-Diedelkopf  til fordel for Homburg på det regionale nivå tre.  Året etter signerte han for Kaiserslautern, kor han tilbrakte den første sesongen på reservelaget, før han i 2000 vart flytta opp i A-stallen.  Ikkje mange hadde enormt store forventingar til den polsk-fødte angriparen, men sjølv synst han opplagt at han hadde venta lenge nok. Han var 22, og klar for å vise Bundesliga kva han kunne. Rett nok scora han kun ni mål den første sesongen, men han imponerte likevel nok til at Rudi Völler gav han landslagsdebuten i VM-kvaliken mot Albania i mars 2001: at han scora sigersmålet med ei heading to minutt før full tid og feira med sin no legendariske salto, overraskar vel ingen?

Den gongen for tretten år sidan overraska det nok kanskje likevel det polske fotballforbundet, og landslagssjef Jerzy Engel: polakkane hadde vore i kontakt med Klose og prøvd å overtale han til å representere fødelandet, men dei var ikkje raske eller ivrige nok – Engel var visstnok ikkje overbevist om kvalitetane hans,  og valde difor heller å satse på Emanuel Olisadebe, som jo seinka sjølvaste Noreg i den same VM-kvaliken. I ettertid er det sjølvsagt mogleg å hevde at dette var ei feilvurdering: Olisadebe stagnerte, og i 2006, då Klose vart toppscorar i VM på heimebane for Tyskland, spelte det nigeriansk-polske hurtigtoget for Skoda Xanthi (seks kampar, null mål) i Hellas. Det mest bisarre er likevel at så mange Klose-foraktarar trekk fram dette valet som eit argument for ikkje å anerkjenne prestasjonane hans: viss han hadde spela for Polen – hevdar dei – ville han ikkje ha scora så mange VM-mål som han har gjort for Tyskland. Det stemmer nok. Men kva så? Ronaldo ville ikkje hatt like mange VM-mål viss han hadde spelt for Paraguay eller Venezuela heller.

Uansett: sesongen 01/02 noterte Klose seg for 16 Bundesligamål og var sjølvskriven i troppen Rudi Völler tok med til Japan og Korea. Trass i hard konkurranse frå mellom andre superveteranen Olivier Bierhoff og den uhyre grasiøse Carsten Jancker, fekk han tillit frå start i opningskampen mot Saudi-Arabia, og takka for tilliten ved å score det første hovud-hat-tricket i VM sidan tsjekkiske Thomas Skuhravy i åttedelsfinalen mot Costa Rica under Italia 90. Symptomatisk nok er óg dette eit faktum anti-Klose-falanksen brukar for å underminere han: ettersom Saudi-Arabia var eit svakt lag (Tyskland vann 8-0) er desse tre måla irrelevante, påstår dei. Kva skal ein seie til slike folk? Lag tre mål mot Saudi-Arabia sjølv!

No vel. Resten er historie, og trass i at det – absurd nok – finst mange som gjerne skulle omskrive VM-historia slik at Klose ikkje lenger var ein del av henne, er det til alt hell ikkje mogleg. I kveld spelar Tyskland mot Frankrike, ein kamp med så mange historiske under- og overtonar at ein kan verte hovudgalen av mindre. Eg er på ingen måte sikker på at Tyskland kjem til å gå vidare – tvert om held eg vel Didier Deschamps og legionærane hans som knappe favorittar – men ein ting eg er heilt sikker på, er at på benken vil det sitje ein djupt konsentrert 36-åring og vente, vente, vente på sjansen til å kome inn og avgjere kampen. Ein annan ting eg er heilt sikker på: Tyskland vinn ikkje VM-gull i år om ikkje Klose scorar igjen.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.