VM-blogg: United Colors of Bundesliga

Blogg
18 grunnar til at tysk klubbfotball er den festlegaste i Europa.

Tekst Nils Henrik Smith

Frå eit notidsperspektiv er det vanskeleg å fatte, men ein gong i tida var Bundesliga ein liga med eit rykte som keisam, trist og grå. Ein lagringsplass for fotballens radioaktive avfall – mann-til-mann-markering, 5-3-2 og Stefan Effenberg. Det bør understrekast at dette ryktet truleg aldri har vore heilt fortent, men når ein først har fått eit rykte, kan det som kjent vere vanskeleg å kvitte seg med, og såleis er det, diverre, ikkje heilt utenkjeleg at det framleis finst fotballinteresserte nordmenn som lever sine sørgjelege og altfor korte liv under vrangførestellinga om at Bundesliga er ein arena for velorganisert gledesløyse. I så fall er det på tide med ei realitetsorientering.

24 av 32 deltakarnasjonar i VM har ein eller fleire Bundesliga-spelarar i troppen. Tyskland har sjølvsagt flest – 19 i bruttotroppen – etterfølgt, kan hende ikkje overraskande, av nabolandet Sveits som har ni (eller ti viss vi reknar med Valentin Stocker, som per i dag er Basel-spelar, men som har signert ein fireårskontrakt med Hertha og kjem til å ta plass langs Olympiastadions venstre krittlinje frå og med neste sesong.) Uansett: det er utlendingane det skal handle om her, og Bundesliga er heimstad for spelarar frå samtlege kontinent Ein del av desse spelarane – slik som Bayern-sekstetten Dante, Arjen Robben, Franck Ribery, Javi Martinez, Xherdan Shaqiri og Mario Mandzukic, Wolfsburg-ankeret Luiz Gustavo og det tatoverte rivjernet Kevin-Prince Boateng frå Schalke – er (truleg) kjente for alle. Difor har eg til hensikt å ignorere dei her. I staden skal eg freiste å ta ut eit drøymelag beståande av mindre namngjetne spelarar, som, med mykje hardt arbeid og litt flaks, kan kome til å setje sitt preg på den føreståande fotballfesten i Brasil. Velbekomme!

Målvakt: Daniel Davari, 23, Eintracht Braunschweig/Iran.
Vaks opp i Hessen som son av ei polsk-tysk mor og ein iransk far, og starta si karriere hjå Mainz. Då han var 18, gjekk han til Braunschweig, kor han etter to sesongar med reservane fekk sjansen på A-laget og straks etablerte seg som førsteval. Davari hadde ein tøff debutsesong i Bundesliga som sisteskanse for eit nederlagsdømt mannskap, men imponerte likevel. Då Løvene trefte Borussia Dortmund i januar, mottok han lovsong frå ingen ringjare enn Jürgen Klopp: «Davari hadde minst fem redningar i verdsklasse», sa Dortmund-sjefen, «Iran kan glede seg over å ha ein fantastisk landslagsmålvakt». 23-åringen – som har gjort det klart at han ynskjar å forlate Eintracht etter nedrykket i vår – er ein moderne keepertype: han er ein røsleg kar (1.92) og flink til å skaffe seg rom i feltet, samstundes som han er smidig nok til å vere ein god skotstoppar. Han er dessutan kjapp og les spelet godt, og er såleis kanskje aller best i ein-mot-ein-situasjonar. Irans landslagssjef Carlos Queiroz gav han debuten i november i fjor, og trass i at han i skrivande stund kun har tre A-landskampar, har han ein meir enn brukbar sjanse til å vakte buret for Team Melli under VM. Klubbdirektørar på keeperjakt bør følgje nøye med.

Venstreback: Ricardo Rodriguez, 21, Wolfsburg/Sveits
Sannsynlegvis – nei, heilt sikkert – den beste venstrebacken i Bundesliga denne sesongen. Rodriguez vaks opp i Zürich, men har spansk far og chilensk mor, og innehar såleis ein fin kombinasjon av germanske og latinske kvalitetar. Uhyre energisk og disiplinert, men samstundes særs god ven med ballen: flink til å slå presise crossballar frå djupe posisjonar, og har dessutan ein fin-fin dødballfot. Kom til Wolfsburg i januar 2012 og fekk straks plass på laget til (dåverande Vfl-trenar) Felix Magath. Har ikkje sett seg attende sidan, og gjekk ikkje glipp av eit einaste speleminutt i sesongen som var. Sveits er kanskje ikkje den nasjonen dei fleste har størst forventningar til, men få lag i VM kan by på eit backpar av høgare klasse enn Stephan Lichtsteiner (Juventus) og Rodriguez.

Høgreback: Gotuku SakaiOdds, 23, Stuttgart/Japan
Dei blå samuraiane har, imponerande nok, heile tre høgrebackar som for tida tenestegjer i tysk fotball: Sakai, namnebroren Hiroki Sakai (24, Hannover) og Atsuto Uchida (26, Schalke 04). Uchida er det sannsynlege førstevalet i VM, men med all respekt for Schalke-backen er Sakai ein meir spennande spelar. Han vart født i New York med japansk far og tysk mor – og kunne såleis, i teorien, representert tre ulike VM-nasjonar – men flytta med familien attende til Japan som ung gut. Kom til Stuttgart frå Albirex Niigata i januar 2013. Det finst raskare backar, men Sakai er anvendeleg – Japans landslagssjef Alberto Zaccheroni har nytta han som venstreback når Yuto Nagatomo (Inter) har vore utilgjengeleg – plasseringssikker og ein svært god taklar. Stuttgart har ein tung sesong bak seg, og Sakai har litt av kvart å bevise. Ingen bør verte overraska viss han gjer det.

Midtstoggar: John Anthony Brooks, 21, Hertha BSC/USA
Født i Berlin, men har amerikansk far: Brooks Sr. var ein av dei siste allierte soldatane som var utplassert i den noverande tyske hovudstaden i etterkant av den kalde krigen. Har gjort kometkarriere denne sesongen, for eit Hertha-lag som tidvis imponerte i comebacket i toppdivisjonen. Brooks er lang og hengslete, smart i duellane, ein god pasningsspelar og etter eiga utsegn «ikkje så treig som han ser ut til». USA-sjef Jürgen Klinsmann er jo ein slags tysk-amerikanar sjølv, og har følgjeleg teke med så mange slike som mogleg i troppen (Fabian Johnson, Jermaine Jones og Julian Green, i tillegg til Brooks). Dermed vart det ingen plass til Noregs-venen Clarence Goodson (San José Earthquakes, tidl. Start). Tough luck, Clarence.

Midtstoggar: Sokratis Papastathopolous, 26, Borussia Dortmund/Hellas
Ettersom kjempebabyen Kyriakos Papadopolous (22, Schalke) diverre er ute med skade, vert det kollegaen frå erkerivalen Dortmund som får ansvar for å binde ihop det greske forsvaret i sommar. Heldigvis har Papastathopolous vore ute ei vinternatt før. Han var kaptein for AEK i gresk Superliga som nittenåring, og fast inventar for Genoa i Serie A eitt år seinare. Deretter gjekk han til Milan, kor det ikkje lukkast han å etablere seg på laget – litt merkverdig, når ein ser på kor mange elendige forsvarsspelarar klubben til bongo-bongo-festfiksar Berlusconi har hatt i stallen dei siste åra – men to svært solide sesongar som einsleg kvalitetsforsvarar i Werder Bremen var nok til å overbevise Dortmund om at han var ein mann dei trong. I utgongspunktet var Sokratis tiltenkt ei rolle som back-up for Mats Hummels eller/og Neven Subotic, men dei var begge mykje plaga av skadar i sesongen som no er over, og vår greske ven fekk difor over 40 kampar, inkludert åtte i Champions League. Papastathopolous er ein stoggar av den typen som meiner at viss ei takling ikkje gjer vondt, er det ikkje ei takling. Han er like tøff som han ser ut til å vere, og han ser faktisk ganske tøff ut. Dessutan er han rask: han var friidrettsutøvar i ungdomen, og sesongen 12/13 var han ein av kun seks Bundesliga-spelarar som fekk målt ein toppfart på over 35 km/t (mellom dei fem andre var, oppsiktsvekkjande nok, vår gamle kjenning Mame Biram Diouf). Uansett, Sokratis er ein mann som lever etter mottoet: If you see me coming, you´d better step aside. A lot of men didn´t, and a lot of men died. Hellas´ motstandarar i VM er hermed åtvara.

Defensiv midtbane: Christoph Kramer, 23, Mönchengladbach(Leverkusen)/Tyskland
Eigentleg er det jo ingen adgang for tyske spelarar på dette laget, men eg vel å gjere eit unnatak for Kramer. Guten frå Solingen er Leverkusen-eigedom, men har tilbrakt dei siste tre sesongane på lån, først i Bochum i 2. Bundesliga, sesongen som var i Gladbach. For eit år sidan var det ingen som ville vurdert Kramer som nokon aktuell kandidat til Tyskland sin tropp, men han har gjort sakene sine så bra at han no er ein seriøs kandidat til å starte opningskampen mot Portugal. Rett nok er dette i stor grad fordi Tyskland for tida opplever ei høgst uventa midtbanekrise – Ilkay Gündogan og Bender-tvillingane er ute, Bastian Schweinsteiger og Philipp Lahm er begge usikre, Sami Khedira har nettopp gjort comeback etter skade og Toni Kroos er ikkje i sin beste form. Men det er óg fordi Kramer er ein vordande klassespelar: han har stor aksjonsradius, les spelet godt og gjer – trass i si relative mangel på erfaring – sjeldan taktiske feilval. Dessutan har han sagt – i eit intervju med det tyske fotballmagasinet 11 Freunde – at Torsten Mattuschka er favorittspelaren hans, og for dette åleine fortener han eit VM-gull. (Viss du ikkje veit kven Mattuschka er: skam deg! Han er kaptein, kulthelt og playmaker for Union Berlin – eit arbeidsjern og kreativt geni som ville tilhøyrt kontinentets fotballelite viss han ikkje var så ubegripeleg tjukk og treig.)

Venstre indreløpar: Ivan Perisic, 25, Wolfsburg/Kroatia
Alle som var vitne til Champions League-oppgjeret mellom Dortmund og Arsenal hausten 2011, vil hugse denne mannen. I siste speleminutt smelte innbyttaren til med ein usannsynleg volley frå tjue meters hald, og ballen fauk over hovudet til Per Mertesacker og opp i vinkelen bak ein forfjamsa Wojchiec Sczezny. Seinare presterte Perisic imidlertid det like utrulege kunststykket å verte uven med den uhyre omgjengelege Jürgen Klopp – ein mann som er så sympatisk at han, då han vart bortvist frå sidelinja under bortekampen mot Napoli denne sesongen, fann vegen til vaktmeisterbua på Sao Paolo, introduserte seg for vaktmeisteren og såg resten av kampen på TV derfrå. «Perisic burde halde kjeft», sa Klopp etter at kroaten hadde kravd ein betre kontrakt og dessutan fast plass på laget. Det gjorde han ikkje, og dermed gjekk vegen til Wolfsburg for den talentfulle midtbanemannen. Der har han spela utmerkt for eit ganske godt – men frustrerande ujamt – lag: elleve mål og sju målgjevande vart fasit i sesongen som gjekk. Den kroatiske landslagssjefen Niko Kovac – født og oppvaksen i Berlin – har mange gode midtbanealternativ (vis meg den som påstår at det finst mange betre spelarar i La Liga enn Ivan Rakitic og Luka Modric, og eg skal vise deg ein løgnar). Likevel skal ein ikkje utelukkje at Perisic kan få speletid, og iallfall ikkje at han vil gripe sjansen viss han kjem.

Høgre indreløpar: Sejad Salihovic, 29, Hoffenheim/Bosnia & Herzegovina
Hoffenheim er ikkje det mest populære laget i Bundesliga. Det faktum at dei aldri ville vore i toppdivisjonen utan sjekkheftet til IT-milliardæren Dietmar Hopp, gjer at mange ser på klubben til Tarik Elyounussi som eit uvelkome framandelement i tysk fotball. Likevel: den som likar gladfotball, burde elske Hoffenheim. I sesongen vi har lagt bak oss, vart dei nr. 9, med den heilt ubegripelege målforskjellen 72-70. Kun Bayern og Dortmund (som, slik eg reknar med dei fleste veit, vart nr. 1 og 2) scora fleire mål, og kun Nürnberg (som rykka ned) og Hamburg (som nesten gjorde det) sleppte inn like mange. Kven som har ansvaret for at for at Hoffenheim-forsvaret er ein vits, skal eg ikkje diskutere her, men det som er heva over tvil er at den venstrebeinte elegantiaren Salihovic har ein stor del av æra for lagets potente offensiv. Bosniaren kom til Tyskland som krigsflyktning i 1992, spelte som ung for Minerva Berlin, byrja proffkarriera hjå Hertha og gjekk til Hoffenheim i 2006. Der har han vore brukt i alle tenkjelege midtbanerollar (og dessutan av og til som venstreback), men uansett kor på bana han befinn seg, skin kreativiteten, gleda over å overraske, evna til å finne uventa løysingar i trengte rom, alltid gjennom. Salihovic er ikkje den jamnaste spelaren i verda – viss han ikkje har dagen, er han eit trist syn – men når han er i form, gjer han ting som får ein til å tenkje at det er ubegripeleg at han ikkje spelar for ein meir merittert klubb. Bosnia & Herzegovina er det einaste landet som VM-debuterer denne sommaren, og etter alt denne vesle, men tapre nasjonen har gjennomlevd dei siste 25 åra, er det umogleg (iallfall for meg) å late vere å ynskje at Salihovic, lagkameratane hans og folket dei representerer får oppleve litt velfortent suksess.

Venstre ving: Son Heung-Min, 22, Bayer Leverkusen/Sør-Korea
Heilt sidan den uforliknelege Cha Bum-Kun – tidenes asiatiske spelar, så god at Leverkusen kjøpte han som erstattar for ballgeniet Arne Larsen Økland – leia Eintracht Frankfurt til siger i Uefa-cupen i 1980, har Bundesliga vore ein ynda destinasjon for sør-koreansk balltalent. Son er siste skot på stammen. Han kom til Hamburg som sekstenåring, etablerte seg på førstelaget to år seinare, og var så magnifik i fjor at laget frå BayArena betalte ti millionar euro (ny klubbrekord) for namnetrekket hans. Son er kjapp, fysisk sterk, bevegar seg uhyre smart og kan spele overalt i angrep. Etter at Park Chu-Yeung møtte veggen i Arsenal, er han det nye koreanske ungjenteidolet, og vil vere heilt avgjerande for at mannskapet til landslagssjef Hong Myung-Bo – tidenes nest-beste asiatiske spelar – skal kunne oppleve framgong i Brasil.

Høgre ving: Shinji Okazaki, 28, Mainz/Japan
Helst vil nok Okazaki spele spiss – og for Japan i VM får han truleg ynskjet oppfylt – men i dette laget får han finne seg i å ta plass ute på flanken, kor han óg er høgst kompetent. Den tidlegare S-Pulse-angriparen kom til Stuttgart i 2011, men etter to lite imponerande sesongar lét klubben han gå for å gjere plass til Mohamed Abdellaoue. Med all respekt for Moa: det var nok ikkje så lurt. I ligadebuten for Mainz seinka Okazaki, naturlegvis, sin tidlegare klubb, og han endte sesongen med femten fulltreffarar (meir enn nokon Stuttgart-spelar). Japans to største stjerner, Keisuke Honda og Shinji Kagawa, har begge overmåte skuffande sesongar bak seg på klubbnivå: dei bør vere revansjelystne, og viss det lukkast dei å skape sjansar, er Okazaki mann for å omsetje sjansane i teljande resultat.

Spiss: Josip Drmic, 21, Nürnberg(Leverkusen)/Sveits
Det Josip Drmic gjorde i sesongen som var, burde ikkje vere mogleg. Han er 21. Han hadde aldri spela i Bundesliga før. Han representerte eit heilt elendig lag, som ikkje vann ein einaste av sine 17 første kampar, og som, sjølvsagt, rykka ned. Likevel: den tidlegare Zürich-spelaren, som har kroatiske anar, vart nummer tre i skyttarligaen, kun slått av Robert Lewandowski og Mario Mandzukic. Ein utruleg prestasjon. Drmic er ikkje særskilt rask, teknisk, eller god i lufta, men han har dette udefinerbare talentet – a la Filippo Inzaghi, Gerd Müller eller Oberliga-fantomet Joachim Streich – som gjer at han ganske enkelt scorar mål, trass i at det ikkje finst nokon logisk grunn til at han skulle gjere det. Leverkusen-sportssjef Rudi Völler, ein mann som veit ein ting og to om effektivt angrepsspel, lét seg ialfall imponere: han tok toget til Nürnberg med ein koffert innehaldande sju millionar euro, og sikra seg kontrakt med sveitsaren før andre beundrarar (Arsene Wenger er ein av dei) fekk tid til å reagere. Sveits har eit brukbart mannskap – intelligent, energisk og velorganisert – men har leita etter ein stabil målscorar i årevis. Drmic bør vere løysinga, og vert uansett ein svært spanande mann å følgje i sesongane som kjem.

På benken:

Mitchell Langerak, 25, Borussia Dortmund/Australia
Langerak er ein uheldig fyr. Beviseleg ein god keeper – i debuten for Dortmund briljerte han då laget vann 3-1 borte mot Bayern München – men diverre for australiaren vert Roman Weidenfeller berre betre og betre med åra. Har vore reserve for laget frå Westfalenstadion i fire sesongar, og kjem truleg til å halde fram med det til den dagen Tysklands nr. 12 hamnar i rullestol.

Joel Matip, 22, Schalke 04/Kamerun
Bochum-født gigant som, trass i sin unge alder, allereie har VM-erfaring. Er ikkje noko opplagt førsteval i nokon posisjon for Schalke, men det faktum at han, i tillegg til si føretrekte rolle som midtstoggar, kan spele både defensiv midtbane og back, gjer at han får plenty med speletid likevel. Har over 130 kampar for laget frå Gelsenkirchen, og bør ha ein brukbar sjanse til å ta plass ved sida til Nicholas N´Kolou under VM.

Paul Verhaegh, 30, Augsburg/Nederland
Den som vil ha bevis for at det lønar seg å aldri gje opp, kan med fordel studere karriera til høgrebacken frå Limburg. Var i PSV som tenåring, men fekk aldri sjansen der, og trass i at han var ein del av den nederlandske U21-troppen som vann EM-gull i 2006, måtte han på klubbnivå ta til takke med spel for høgst uglamorøse lag som Apeldoorn, Den Bosch og Vitesse. I 2010 gjekk han til Augsburg i 2. Bundesliga, var med å spele laget opp i eliten, og har denne sesongen vore kaptein for eit mannskap som oppnådde ein sensasjonell 8. plass. Debuterte for Oranje i august i fjor og har tydelegvis lukkast i å imponere Louis van Gaal – ein mann det, som kjent, er særs vanskeleg å imponere. Respekt.

Junior Diaz, 31, Mainz/Costa Rica
Erfaren og ekstremt anvendeleg forsvars/midtbanespelar. Den einaste costaricanaren – går eg nøkternt ut frå – som har spela på toppnivå i Belgia, Tyskland og Polen, og såleis eit framifrå case-study for alle som interesserar seg for fotballens globalisering. Vann tre polske ligatitlar under tida med Wisla Krakow. Storvokst og sterk i duellane. Har vore inn og ut av laget i Mainz, men viktig for Costa Rica.

Ebenezer Afriye Acquah, 22, Parma(Hoffenheim)/Ghana
Strengt tatt er dette juks, men kven seier at eg ikkje kan jukse viss eg vil? (I´ve got the keyboard, so I make the rules.) Acquah har aldri spela ein einaste Bundesliga-kamp, men må likevel få vere med her. Dels fordi han har det utan samanlikning kulaste namnet i VM, men mest fordi han er eit overmåte spanande talent. Ghanesaren er under kontrakt med Hoffenheim, men har tilbrakt det siste halvtanna året på lån hjå Parma, kor han tidvis har imponert med styrke og kløkt for eit lag som – under forstandig leiing av Roberto Donadoni – sette ny klubbrekord i antal kampar på rad utan tap i Serie A og kvalifiserte seg for Europaligaen. Det er all grunn til å håpe at den stilfulle midtbanegeneralen får speletid i VM, og ikkje minst at han returnerer til Hoffenheim og etablerar seg i tysk fotball neste sesong.

Granit Xhaka, 21, Mönchengladbach/Sveits
Ein av fire albansk-ætta spelarar i den sveitsiske troppen. (Dei som vil stenge grensene til alpelandet, har iallfall ikkje landslagets beste i tankane: kun fem mann av dei som reiser til Brasil, har ingen innvandrarbakgrunn.) Liten og sped, men har til gjengjeld eit silkemjukt touch, rik fantasi og svært stor arbeidskapasitet. Kan spele overalt på midtbanen og på kanten i angrepet. Førebels mindre namngjeten enn sin tidlegare Basel-kollega Xherdan Shaqiri, men vurdert som eit endå større talent enn Bayern-vingen av landslagssjef Ottmar Hitzfeld.

Maxim Choupo-Moting, 25, Mainz/Kamerun
Herleg direkte, vågal ving med eit fantastisk steg. Født og oppvaksen i Hamburg og gjekk gradane i HSV, men ettersom sistnemnte er ein klubb som har som sin fremste spesialitet å kaste bort fotballtalent, lét dei han gå til Mainz, for kven han fann nettet ti gonger i løpet av sesongen vi har bak oss. Formspelar som scora eit praktmål mot fødelandet Tyskland i oppkøyringa til VM, og vil truleg ta plass ute på venstrekanten i den kløktige Kamerun-sjefen Volker Finke sin føretrekte 4-3-3-formasjon.

Adrian Ramos, 28, Hertha BSC/Colombia
Har hatt ein tung veg til toppen, men etter fem år i Berlin opplevde den tidlegare America Cali-spissen endeleg ein stor sesong, og fekk løn som fortent for sine 16 scoringar i form av ein overgang til Dortmund, kor han får i oppgåve å erstatte Robert Lewandowski. Før den tid skal han dog til Brasil, kor han anten skal slite benken – viss Radamel Falcao vert frisk og kjem i form i tide – eller vere stand-in i fall Monaco-stjerna må gje tapt for det kranglete kneet sitt og kaste inn handkledet. Har sjeldan overbevist på landslaget, men er i sitt livs form, og VM er som kjent ein arena kor mindre gåverike formspelarar brått kan stele rampeljoset (sjå: Salvatore Schillaci).

Det var dét. Ingen kan, naturlegvis, vite kva som vil hende i framtida, men viss ikkje minst ein av desse spelarane skapar sensasjon i Brasil, skal eg – sann mine ord – til neste VM i Russland.

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.